Nyheitsåret 2022 – kort oppsummert

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Januar

Kollasj av framtida. Foto: Peter Mydske/Stortinget, Ron Przysucha/US Department of State, Nils S. Aasheim/Norges Bank (CC BY-ND 2.0), NATO via Flickr (CC BY-NC-ND 2.0)

Bakgrunnsmusikk:

Året 2022 starta med ein Disney-song på toppen av hitlista, og eit håp om at koronapandemien snart var over.

Medan Ingrid Alexandra tredde inn i dei vaksne sine rekker den 21. januar, raste debatten om neste sentralbanksjef.

Samstundes var det ein større politisk kontrovers som eldna opp folk:

Taliban kjem på besøk til Noreg

USA trekte seg brått ut av Afghanistan i 2021, og kort tid etter hadde Taliban teke tilbake makta i landet. I januar var Noreg difor vertsland for samtalar mellom høgståande talibanske menn, representantar frå det internasjonale samfunnet og andre afghanarar.

Det at norske styresmakter møtte med representantar frå Taliban fekk krass kritikk.

Fleire var bekymra for at dei ville bruke møtet i Noreg i propaganda for å legitimere styret sitt. Utanriksminister Anniken Huitfeldt poengterte at det likevel var viktig å opne dialogen for å hjelpe sivile i Afghanistan.

Nokre av sakene våre i januar:

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Artistosteles, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons, Den ukrainske presidentens kontor, Kremlin.ru/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

Bakgrunnsmusikk:

Noreg starta på Eurovision-festen med ein siger til ulvar frå verdsrommet. Jens Stoltenberg vann kampen om å bli sentralbanksjef i Noregs Bank, og skulle slutte som NATO-leiar.

Dei planane vart velta fullstendig om med det som skjedde vidare:

Det blir krig i Europa

24. februar 2022 gjekk Russland til åtak på Ukraina.

Med det starta dei ein krig i Europa som framleis held på.  

Russland gjekk hovudsakleg inn i landet gjennom Krymhalvøya, som dei annekterte i 2014, og opprørskontrollerte område i grenseområdet Donbas. I tillegg forsøkte dei å få kontroll over hovudstaden Kyiv og storbyen Kharkiv.

Russarane lukkast ikkje med å ta over Ukraina. I staden har det blitt ein langdryg krig som har fått følgjer også for resten av Europa.

I tillegg til millionar av ukrainske flyktningar har krigen hatt tyding for både kraftprisar, boikottar og internasjonal politikk.

Nokre av sakene våre i februar:

Mars

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Arbeidarpartiet, Kremlin.ru, CC BY 3.0, via Wikimedia Commons

Bakgrunnsmusikk:

Nyheitsbiletet i heile mars var dominert av krigen i Ukraina. Frykta for atomkrig blussa opp att, og apoteka vart utselde for feil jodtablettar. Samstundes gjekk livet vidare.

Therese Johaug la skia på hylla, Elon Musk fekk ein unge han kalla Sideræl, og Will Smith slo til Chris Rock på Oscarutdelinga.

I mars vart det også hardt vêr for leiinga i Arbeidarpartiet:

Hadia Tajik blir drege inn i pendlarskandalen

Det var ikkje nok politikarar som vart fakka i pendlarskandalen i 2021. I mars 2022 kom det fram at Hadia Tajik heller ikkje var så flink til å halde styr på kvar ho budde, etter det viste seg at ho tidlegare hadde gjeve Skatteetaten feil bustadadresse, og fått skattekutt på grunn av det.

Difor måtte ho gå av både som nestleiar i Arbeidarpartiet og som arbeids- og inkluderingsminister.

Marte Mjøs Persen tok over som statsråd, og Bjørnar Skjæran tok over som nestleiar i partiet.

Nokre av sakene våre i mars:

April

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Georges Biard, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons, Gage Skidmore, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Bakgrunnsmusikk:

Lærarar reiv seg i hårete over at norske Ballinciaga ikkje klarte å skilje mellom «hun» og «henne», og det var 50 år sidan lova mot «utuktig omgang» mellom menn vart oppheva.

Samstundes kom Elon Musk med eit tilbod om å kjøpe Twitter for 44 milliardar amerikanske dollar, som gav eit lite frampeik for resten av året.

Men det var ikkje berre Musk som tok ein sving innom det amerikanske rettssystemet i år:  

Johnny Depp saksøker Amber Heard for ærekrenking

Årets kjendisrettssak må vere Amber Heard mot Johnny Depp. Det amerikanske skodespelarparet skilte seg i 2016, men er framleis i bitter strid. Heard skulda Depp for mishandling, og Depp saksøkte Heard for ærekrenking.

Rettssaka starta i april, men enden på visa kom først i juni. Då vart Heard dømt til å betale Depp 10 millionar dollar i erstatning og 5 millionar dollar i oppreising.

Heard fekk òg medhald i delar av motsøksmålet sitt, som gjekk på uttalar frå agenten til Depp.

Sjølv om rettssaka vart avgjort framfor ein dommar, var det også eit stort publikum som følgde med på kva som skjedde. Timevis med rettsprosedyrar vart dissekert, og det dukka opp analysevideoar av kroppsspråket til begge skodespelarane i retten.

Nokre av sakene våre i april:

Mai

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: EBU, LTV Ziņu dienests, CC BY 3.0, via Wikimedia Commons

Bakgrunnsmusikk:

Heime i Noreg gira opp vi opp til ei skikkeleg sosial 17. mai feiring, Cezinando tilstod at han hadde stelt møblar, og vi høyrde om apekoppar for fyrste gong.

Samstundes vart boikotten av Russland teke opp eit par hakk til, medan Ukraina vann den fullstendig upolitiske låtkonkurransen Eurovision.

Medan det var nok å stri med i Europa, byrja det også å murre i stormakta over Atlanteren:

Den nasjonale retten til abort i USA blir svekka

I mai vart det lekka dokument frå Høgsterett i USA om at dei ville avskaffe Roe v. Wade: Dommen som sikra alle amerikanarar retten til abort.

Dokumenta viste seg å stemme, og i juni stemte Høgsterett ned den gamle dommen. Det gjorde at delstatane sjølv kunne bestemme kva slags abortlovar som skulle gjelde lokalt, og fleire innførte eit tilnærma forbod.

Denne høgsterettsdommen er avgjerande for kva som skal skje vidare med abortrettar i USA, og hadde truleg innverknad på mellomvalet i USA seinare på året.

Nokre av sakene våre i mai:

Juni

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Bakgrunnsmusikk:

Juni vart ein spesiell månad på mange måtar. Stig Millehaugen, som har blitt omtala som Noregs farlegaste mann, flykta frå fengsel og campa i Østmarka i Oslo før han vart fakka att. Netflix-serien Stranger Things prega musikken og flystreiken starta.

Samstundes brukte Språkrådet pride-månaden til å gjere hen til ein offisiell del av ordlista, og Oslo Pride gira opp til feiring for fyrste gong sidan pandemien starta:

Ein mann drep to personar når han skyt mot to utestader i Oslo

Natta før Pride-paraden i Oslo, opna Zaniar Matapour eld mot utestadene London pub og Per på hjørnet. To personar døydde, og fleire vart skadd. Folk på staden klarte å overmanne Matapour før politiet kom til staden.

Etter skytinga innførte politiet høgast mogleg trugselnivå i Noreg.

Trugselnivået gjorde at politiet rådde folk frå å samlast til støttemarkeringar etter skytinga. Trass i dette vart det både eit spontant pride-tog dagen etter, og ei markering på Rådhusplassen i Oslo, i tillegg til fleire mindre markeringar rundt om i landet.

Nokre av sakene våre i juni:

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Picture by Andrew Parsons / No 10 Downing Street, Jay Ruzesky on Unsplash, Andreas Haldorsen, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Bakgrunnsmusikk:

Det var feriestemning, lite vatn i Oslo, Boris Johnson fekk ein kalddusj og nordmenn på internett fekk ein eigen nasjonalsong i møte med söta bror.

Likevel er det ein agurknyheit som trumfar alle andre nyheiter:

Noreg forelskar seg i kvalrossen Freya

Ein svær kvalross som solar seg på cabincruiserar langsmed Oslofjorden var perfekt agurknytt for pressa. Freya hadde reist langvegsfrå og vore oppe i media tidlegare, men då ho kom til Oslo vart det verkeleg jaktstemning for turistane som ville sjå henne.

Høgdepunktet var kanskje då ho gjorde som alle andre Oslo-turistar og tok seg ein tur på taket til operaen.

Dessverre fekk Freya ein tragisk slutt i august, etter for mange nærgåande folk gjorde det tydeleg at folk kunne bli skada. Men sjølv om ho er borte, kan vi likevel vente på ein statue av henne ved Kongens Marina, like ved der ho døydde.

Nokre av sakene vi skreiv i juli:

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Skjermdump via Iltalehti.

Bakgrunnsmusikk:

August fekk ein dyster start, med avlivinga av Freya. Energikrisa i Europa blir endå meir tydeleg, og straumprisane skyt i vêret. Likevel var det ting å glede seg over.

For medan nokre kosa seg med HBO-serien House of the Dragon, hadde andre det morosamt på fest:

Den finske statsministeren får trøbbel etter dansevideo

Sanna Marin, statsminister av Finland, fekk krass kritikk for ein festvideo der ho dansa saman med vener i ein privat bustad.

Nokre meinte ho burde ha betre ting å gjere som statsminister, medan andre meinte kritikken kom fordi ho var ei ung og vakker kvinne i ein maktposisjon. Fleire kvinner la ut eigne dansevideoar i solidaritet med Marin.

Etter videoen kom ut tok ho ein narkotikatest, der ho testa negativt for ulovlege rusmiddel.

Nokre av sakene vi skreiv august:

Kollasj av Framtida med Canva. Foto: privat, Walter Nash papers via Archives New Zealand på Flickr.

Bakgrunnsmusikk:

Det vart punktum for lærarstreiken i september, gassrøyr i Austersjøen eksploderte, og justisministeren fekk kritikk for å vere på TikTok, der Kaizers allereie hadde eit godt tak på norsk ungdom.

Samstundes var det to dødsfall på forskjellige sider av verda som prega hausten vidare:

Dødsfallet til Mahsa Amini utløyste demonstrasjonar i Iran

Mahsa «Jina» Amini, frå den kurdiske delen av Iran, døydde i varetekten til det iranske politiet. Dei påfølgjande protestane er nokre av dei største folkedemonstrasjonane i moderne Iran.

Det er ikkje berre dei strenge lovane rundt klede som blir demonstrert mot, men det iranske regimet som har regjert sidan 1979.

Til no meiner organisasjonen Iran Human rights at minst 448 iranarar har døydd sidan protestane starta.

Dronning Elizabeth døyr

Den lengstlevande britiske monarken, dronning Elizabeth den andre, døydde 8. september 2022. Ho gjekk bort på ferieslottet Balmoral i Skottland.

Sonen hennar, kong Charles den tredje, har no teke over trona.

Dronning Elizabeth var dronning i 70 år, og rakk akkurat å møte 16 forskjellige sitjande britiske statsministrar. Den siste vart Liz Truss, som skulle vare mykje kortare som statsleiar enn dronning Elizabeth.

Nokre av sakene våre i september:

Oktober

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Simon Walker/No 10 Downing Street og Andrew Parsons/No 10 Downing Street via Flickr

Bakgrunnsmusikk:

Nobels fredspris si kåring i år var symboltung då dei utpeikte både ein ukrainsk, belarusisk og russisk vinnar. Medan statsbudsjettet vart klart, måtte Noreg også sjekke ekstra etter dronar rundt omkring forskjellige flyplassar.

Samstundes heldt Storbritannia fram med å byte ut statsleiarane sine:

Liz Truss går av og Storbritannia får sin tredje statsminister på eitt år

Truss tok over for Boris Johnsen i starten av september, men varte berre sju knappe veker som statsminister. Ho forsøkte å innføre nye skattereguleringar som fekk det britiske pundet til å krasje. I tillegg tok ho upopulære avgjerder når det kom til fracking, som er ein omdiskutert metode for å hente opp olje.

Med kritiske innbyggjarar og minkande støtte i sitt eige parti, valde Liz Truss å gå av som statsminister i oktober.

Rishi Sunak tok over rolla etter Boris Johnson trekte seg og ingen andre kandidatar frå det konservative partiet melde seg. Foreløpig er han framleis statsminister.

Nokre av sakene våre i oktober:

November

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Richter Frank-Jurgen, CC BY-SA 2.0, via Wikimedia Commons

Bakgrunnsmusikk:

Medan Etiopia signerte fredsavtale, Taylor Swift erobra popverda (endå ein gong) og Märtha Louise slutta å representere kongefamilien, var det framleis krig i Ukraina.

Samstundes møttest verdsleiarar i Egypt for å finne ut korleis å løyse klimakrisa:

Verda blir einige om klimakompensasjon til fattige

Klimatoppmøtet vart avslutta på overtid i midten av november, då deltakarane endeleg vart einige om ei slutterklæring. I denne avtalen sto det kva landa skulle fokusere på framover. Den største endringa frå andre år er at dei skal opprette eit nytt fond.

Pengane frå fondet skal gå til dei tapa og skadane som fattige land får på grunn av klimaendringar. Dette har vore ei viktig kampsak for land i det globale sør.

Det er desse som ofte er mest utsette for naturkatastrofar, samstundes som det er dei som bidreg minst til klimautslepp.

I første omgang blir det oppretta ein komite som skal finne ut korleis eit slik fond skal fungere.

Nokre av sakene våre i november:

Desember

Kollasj av Framtida via Canva. Foto: Rune Kongsro / Justis- og beredskapsdepartementet

Bakgrunnsmusikk:

Både barn og vaksne kosa seg med adventskalendrar, Elon Musk prøvde å få kontroll på Twitter og Follobana vart både opna og stengd.

Samstundes vart det ein endeleg dom i det som har blitt kalla eit av dei største justismorda i Noregs historie:

Viggo Kristiansen vart frikjent i Baneheia-saka

I 2002 vart Viggo Kristiansen dømt for drap og valdtekt av Stine Sofie Sørstrønen (8) og Lena Sløgedal Paulsen (10), som vart funne i Baneheia ved Kristiansand i mai 2000. Rettssaka mot både Kristiansen og Jan Helge Andersen, den andre personen dømt for drap og valdtekt, fekk mykje merksemd på denne tida.

Saka mot Kristiansen vart teken opp att i 2021. Kristiansen har alltid sagt at han er uskuldig dømt, og Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker meldte i oktober at dei ville tilrå frifinning etter ny etterforsking.

I desember vart Kristiansen offisielt frifunnen for drapa og valdtektene han har sona 21 år i fengsel for. Han er framleis dømd for mellom anna gjentekne overgrep mot ei mindreårig jente i perioden 1994–1996. For dette fekk Kristiansen ti månader, ei fengselsstraff han allereie har sona.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) kom med ei offisiell unnskyldning på vegner av Regjeringa til Kristiansen etter han vart frifunnen i Baneheia-saka. Dei utnemner eit utval for å undersøke korleis feildømminga skjedde.

Nokre av sakene våre i desember:


Psst! Vil du ha ei anna type oppsummering av året?

Sjekk adventskalenderen vår som er smekkfull med nyheitsrebusar!

Bakgrunnsfoto: Dana Tentis/Pexels. Kollasj: Framtida.no