– Eg kan ikkje fortelje deg kor forbløffa vi vart! seier forskar Anna-Lisa Paul.
mm

Visste du at forskarar ein dag håpar å kunne dyrke plantar både til mat og til å produsere oksygen på månen?

– I framtidige, lengre romfartsoppdrag, så kan vi bruke månen som base eller ei oppskytingsrampe. Det gjev meining å ville bruke jorda som allereie er der til å dyrke plantar, forklarar professor Rob Ferl frå Universitetet i Florida i ei pressemelding.

Han er ein av forfattarane i ein ny studie, som no er publisert i tidsskriftet Communications Biology. Han held fram:

– Så, kva skjer når du dyrkar plantar i månejord, noko som er fullstendig utanfor ein planet si evolusjonære erfaring? Kva ville plantar gjort i eit månedrivhus? Kunne vi hatt månebønder? 

No er dei komne eitt steg nærare på veg. For aller første gong har forskarar nemleg klart å dyrke plantar i jord frå månen.

Rob Ferl og Anna-Lisa Paul undersøker korleis det står til med plante-eksperimentet. Foto: Tyler Jones for UF/IFAS

Det var Forskning.no som først omtalte saka i Noreg.

12 gram månejord frå Apollo-ekspedisjonane

Prosjektet i seg sjølv høyrest enkelt ut: plant eit frø i månejorda, tilset vatn, næringsstoff og lys, og sjå kva som skjer.

Det spirer frå månejorda. Foto: Tyler Jones for UF/IFAS

Utfordringa var at forskarane hadde veldig lite månejord tilgjengeleg. Dei fekk ein ørliten mengd månejord frå NASA, berre 12 gram. Det er nokre få teskeier, samla inn på ekspedisjonane til Apollo 11, 12 og 17.

Forskarane i Florida sette saman ein liten månehage med små plastpotter på storleik med fingerbøl. Kvar av pottene fekk eitt gram månejord og frø frå planten arabidopsis, på norsk kalla vårskrinneblome.

For å samanlikne resultata, dyrka forskarane same planten i andre typar jord: ei som berre etterlikna månejord, ei som etterlikna jorda på Mars og ei som etterlikna jord frå dei mest ekstreme miljøa på jordkloten.

– Etter to dagar, så starta dei å spire! Alt spirte. Eg kan ikkje fortelje deg kor forbløffa vi vart! Kvar plante – anten i ei måneprøve eller i kontrollgruppa – såg like ut fram til dag seks, fortel professor Anna-Lisa Paul, som er førsteforfattar i studien.

Avgjerande for framtidige astronautar

Etter kvart som dagane gjekk synte forskinga at plantane i månejorda skilde seg litt ut: dei var mindre, vaks seinare og varierte meir i storleik enn plantane i kontrollgruppene.

Men forskarane feirar likevel det første gjennombrotet, og bur seg på oppfølgingsstudiar for å finne ut korleis ulike typar månejord påverkar veksten.

– Vi ville utføre dette eksperimentet fordi vi i årevis har stilt spørsmålet: Kan plantar vekse i månejord? Svaret viser seg å vere ja, seier Rob Ferl.

Der var tydelege forskjellar på plantane dyrka i jorda som etterlikna vulkansk oske frå månen (til venstre) og dei dyrka i månejorda (til høgre). Foto: Tyler Jones for UF/IFAS

NASA, som igjen vil frakte menneske til månen i Artemis-prosjektet, peikar på at forskingsresultatet kan opne døra til å ein gong dyrka plantar på månen.

– Denne forskinga er avgjerande for NASA sine langsiktige mål for menneskeleg romfart, i og med at vi treng ressursane ein finn på månen og på Mars for å utvikle matkjelder for framtidige astronautar som bur og arbeider i det ytre verdsrommet, seier NASA-administrator Bill Nelson i ei pressemelding.

Han peikar på at forskinga òg kan hjelpe oss forstå korleis vi kan overkome vanskelege vilkår på jorda, på stadar kor det er matmangel.


Eivind Heggset er klar på at han har draumejobben. – Eg håpar eg kan
driva med dette i årevis, seier han.
Oppdatert: fredag 20. mai 2022 13.06

LES OGSÅ

ANNONSE