50 ting du kanskje ikkje visste om dronning Elizabeth II?

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 19.09.2022 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blei nesten hundre

Dronninga blei fødd 21. april 1926 i London. Ho er eldste dotter av kong George 6 og dronning Elizabeth (kjent som dronningmora).

Dronninga blei døypt Elizabeth Alexandra Mary.

Hertugen og hertuginna av York med prinsesse Elizabeth. Foto: Offentleg eigedom

Dronning Elizabeth II gjekk ikkje av med AFP for å seie det sånn, men var på jobb til siste slutt, 96 år gamal.

Takka nei til oldis-pris

I oktober 2021 prøvde magasinet Oldie å kåre dronning Elizabeth II til Oldie of the Year, men ho takka nei.

I eit brev til utdelarane skriv ein av sekretærane til dronninga at  «Hennar majestet trur på at du berre er så gammal som du kjenner deg.»

Dronninga meinte difor ho ikkje oppfylte kriteria, og ynska dei lukke til med å finne ein meir passande mottakar.

Skulle eigentleg ikkje bli dronning

Visste du at dronning Elizabeth II eigentleg ikkje var meint å bli dronning? Faren hennar, kong George, tok nemleg over trona etter at storebroren hans Edward abdiserte. Då rykte Elizabeth fram i arverekkja.

Fekk beskjeden i Kenya

Då Elizabeth vart dronning, var ho ikkje meir enn 25 år gamal. Ho fekk beskjeden om at faren var død då ho var på reise i Afrika saman med ektemannen.

Morgonen faren døydde, var Elizabeth i ei trehytte i Kenya, og hadde sett ein flokk med elefantar leia av matriarkar kome til eit vasshol.

– Det har vore mange spekulasjonar, ikkje minst på grunn av historiske parallellar, om nettopp når Elizabeth blei dronning. Det skjedde utvilsamt då ho var på toppen av det afrikanske fikentreet, som trekker ei romantisk linje til aukeblinken i 1558 då Elizabeth I, som sat ved sidan av eit eiketre i Hatfield House, høyrde at søstera hennar dronning Mary var død, som betydde at ho var monarken, også i ein alder av 25, skriv Sally Bedell Smith i biografien sin om dronninga, ifølgje Washington Post.

Rekorddronning

Dronning Elizabeth II blei krona i Westminster Abbey 2. juni 1953.

I 2015 gjekk Elizabeth forbi dronning Victoria, og blei den britiske monarken som har regjert lengst. Victoria sat på trona i 63 år og 216 dagar.

I sommar feira Elizabeth 70 år på trona!

Det skal mykje til for at Charles (73) slår den rekorden…

Offisielt kroningsportrett frå 1953. Foto: Offentleg eigedom

Fekk fire barn

Apropos Charles, dronning Elizabeth II fekk fire barn: Charles, Anne, Andrew og Edward.

Charles tek no over som konge under tittelen Charles III.

Familiebilete i samband med dåpen til Charles. Foto: Anefo, offentleg eigedom, via Wikimedia Commons

Dei siste åra har det storma rundt prins Andrew, som har blitt skulda for seksuelle overgrep.

Første TV-sende kroning

Kroninga av dronning Elizabeth II blei send på TV, for første gong i britisk historie. Seremonien varte i nesten tre timar. Om lag 27 millionar britar følgde med på TV, og 11 millionar på radio.

2000 journalistar og 500 fotografar frå 92 nasjonar var til stades for å dekkje kroninga.

Imperiet som forsvann

Då dronning Elizabeth II tok over som monark, var Storbritannia eit av dei største imperia i verda. I løpet av hennar lange regjeringstid, har dei fleste lausrive seg frå krona.

Då ho døydde, var ho framleis dronning og statsoverhovud i Canada, Australia, New Zealand og 11 andre land som vart uavhengige under hennar tid som monark.

Ho var òg sjef for Samveldelanda, ein mellomstatleg organisasjon av 54 suverene statar som i stor grad er Storbritannia og tidlegare britiske koloniar. Desse anerkjenner den britiske monarken som overhovud.

Gift med firmenningen sin

Dronning Elizabeth II gifta seg i 1947 med prins Philip. Han var faktisk firmenningen hennar.

Philip var fødd prins av Hellas og Danmark. Dei to var firmenningar gjennom slektsskapet med dronning Victoria.

Sat aleine i gravferda til mannen

Prins Philip døydde i 2021, 99 år gamal. Dette var under pandemien, og som resten av verda, fekk dronning Elizabeth II merke konsekvensane av unntakssituasjonen.

Biletet av ei sørgjande og svartkledd dronning som sat heilt aleine i kyrkja under gravferda i St George’s Chapel på Windsor Castle gjekk verda rundt. Dei var gift i 73 år.

Tremenningen til kong Harald

Dronning Elizabeth II er òg i slekt med våre eigne kongelege. Noregs dronning Maud var britisk, og kong Harald var dimed tremenning med den britiske dronninga. Det gjer kronprins Haakon til firmenningen til noverande kong Charles.

Morofakta: Kong Charles III (altså den nye kongen) er faktisk kalla opp etter vår kong Haakon, som blei kalla uncle Charles i den britiske familien.

15 statsministrar

Berre to dagar før ho gjekk bort, tok dronning Elizabeth II imot Storbritannias nyaste statsminister, Liz Truss. Ho er dimed oppe i 15 britiske statsministrar i si regjeringstid. Statsministrane må stadig gå, men dronninga har fått bestå.

Winston Churchill and Queen Elizabeth II, November 18, 1950

Winston Churchill skal ha vore favoritten hennar. Han var òg hennar første.

Dronninga hadde møte med statsministrane kvar veke.

«Annus horribilis»

Dronning Elizabeth II har vore populær som dronning, men òg møtt motgang i løpet av si lange tid på trona. 1992 skal ha vore eit spesielt vanskeleg år for dronninga. Ho har sjølv snakka om det som eit «annus horribilis», eit forferdeleg år.

Då separerte eller skilde tre av dei fire barna hennar seg, og det var skandalar med utruskap og medieoppslag.

Same år blei Windsor Castle råka av brann.

Hest er best

Dronninga var svært glad i hestar, og fekk sin første hest av bestefaren kong George V. Denne hesten heitte Peggy.

Dronning Elizabeth II på hesteryggen saman med president Ronald Reagan ved Windsor Castle. Foto: Offentleg eigedom

Dronningas beste ven

Det var ikkje berre hestar dronninga var glad i. Ho hadde og ein stor kjærleik for corgiar. Faktisk hadde ho over 30 slike hundar i løpet av livet sitt.

Den første fekk ho på 18-årsdagen, og ho heitte Susan. Resten av korgiane hennar er Susan sine etterkommarar.

Gav ikkje intervju

I motsetning til nokre andre monarkar, som kong Harald, gav dronning Elizabeth II aldri intervju. Ho heldt meiningane sine for seg sjølv, men var oppteken av å møte folket.

Dronninga heldt mange talar i løpet av livet, då.

Var i Noreg fleire gonger

Noreg var faktisk den første staten utanom Samveldet som dronninga besøkte. Ho var på Noregs-besøk først i 1955. Då møtte ho kong Haakon. Seinare besøkte ho Noreg og kong Olav i 1981 og kong Harald i 2001.

Også i 1969 var dronning Elizabeth II i Noreg, men det var ikkje eit offisielt statsbesøk. Då var ho, ektemannen og barna på tur til Vestlandet og Trøndelag med kongeskipet Britannia.

To bursdagar

Dei fleste av oss feirar nok ikkje meir enn ein bursdag, men dronninga av Storbritannia hadde faktisk to bursdagar – dagen ho faktisk var fødd på, 21. april, og den offisielle feiringa.

Visstnok skal grunnen vere det som styrer det meste av liva våre på den nordlege halvkule, nemleg vêret. Tradisjonen blei starta for over 250 år sidan av kong George II. Stakkaren hadde bursdag i november, og då er det jo ikkje så kjekt å ha utandørs parade og greier ein stad som Storbritannia. Difor bestemte han å innføre ei bursdagsfeiring for britiske monarkar om sommaren.

Den offisielle feiringa av dronning Elizabeth II sin bursdag har blitt halden den andre laurdagen i juni. I 2022 blei det gjort ekstra mykje ut av feiringa, sidan ho også kunne feire 70 år på trona. Det blei markert med ein folkefest og ein parade med over 10 000 menneske.

Denne feiringa av dronning Elizabeth II blir kalla Trooping the Colour.

Trong ikkje sertifikat

Dronninga var faktisk den einaste i Storbritannia som ikkje trong sertifikat for å køyre. Sjølv om ho ikkje hadde lappen, var dronninga ein habil sjåfør. Mellom anna har tidlegare statsminister David Cameron fortalt at det var fleire gonger han blei plukka opp av dronninga sjølv då han skulle møte ho på landsstaden hennar.

Frivillig under andre verdskrig

Under andre verdskrig var prinsesse Elizabeth frivillig lastebilsjåfør og mekanikar. Ho var dimed den første kvinna i den britiske kongefamilien som tenestegjorde i militæret.

Prinsesse Elizabeth i 1945 ved sidan av ein Austin K2/Y militærambulanse som ho køyrde. Foto: Offentleg eigedom

Offisielle portrett

Det første offisielle portrettet av Elizabeth vart laga i 1933, då ho var 7 år gamal. Sidan har dronninga stilt opp på over 200 offisielle portrett.

Den første e-posten, tweeten og IG-posten

Dronninga sende sin første e-post i 1976 frå ein militærbase. Ho var den første kongelege som sende ein e-post.

Ho heldt seg oppdatert på den teknologiske utviklinga. I 2014 sende ho sin første tweet:

Ho publiserte vidare sin første Instagram-post i 2019.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av The Royal Family (@theroyalfamily)

Kallenamn

Dei som har sett The Crown, har nok fått med seg kallenamnet dronninga har hatt. Ho blir nemleg kalla Lilibet av sine nærmaste. Grunnen var visstnok at ho ikkje greidde å uttale namnet sitt som liten.

Det har òg blitt sagt at prins Philip sitt kjælenamn på kona var «Cabbage». Vi veit ikkje heilt kvar kallenamnet kjem frå, men Town & Country skriv at det kan spele på det franske kjælenamnet «mon petit chou», som blir brukt som «min kjære». «Chou» kan nemleg bety. «kål», men det kan òg vise til eit bakverk.

Vesle prins George har pleidd å kalle oldemora Gan-Gan.

My name is Bond, Elizabeth Bond

I samband med OL i London i 2012 slo to britiske legender seg saman, nemleg dronning Elizabeth II og agent 007.

Dronninga, og corgiane hennar, var nemleg med i ein James Bond-cameo. Bond-skodespelar Daniel Craig hentar dronninga på Buckingham Palace, før dei flyg helikopter gjennom gatene og tilsynelatande hoppar i fallskjerm ut av helikopteret og ned til Olympia-stadionet for opningsseremonien.

Sminkedronning

Dronninga digga Clarins. Det franske merket har vore hoffleverandør av kosmetikkprodukt sidan 2007, ifølgje MinMote.

The Telegraph meiner at det matte mineralpudderet frå Clarins var ein av favorittane hennar. Avisa skriv at har ho nytta Clarins heilt sidan ho blei krona dronning. Då bestilte ho òg ein eigen raud leppestift som matcha kappa ho brukte under seremonien.

Dronninga er elles kjent for å vere svært glad i korallfarga leppestift.

Favorittnaglelakk

Dronninga av Storbritannia skal ha sverja til naglelakk frå merket Essie, nærmare bestemt den lyserosa fargen «Ballet Slippers».

Essie skriv på nettsida si at det var frisøren til dronninga som sende eit brev til grunnleggjar Essie Weingarten og spurde om dei kunne få naglelakk i den lyserosa fargen, for det var det einaste dronninga ville nytte.

Dronningblå

Ein meiner at blå må vere favorittfargen til dronning Elizabeth II, ettersom det er den fargen ho oftast kler seg i. I 2012 presenterte Vouge ein gjennomgang der dei kom fram til at dronninga brukte blå under 29 prosent av arrangementa ho deltok i det året.

Foto: CPOA(Phot) Thomas Tam McDonald (Royal Navy), OGL 3 <http://www.nationalarchives.gov.uk/doc/open-government-licence/version/3>, via Wikimedia Commons

Gjekk ikkje på skule

Dronning Elizabeth II gjekk ikkje på skule, men fekk heimeundervising. Ho og søstera blei undervist av privatlærarar, mora og guvernanta Marion Crawford, som dei kalla Crawfie.

Dronninga hadde altså ikkje formelle diplom, men ho hadde mykje kunnskap. Ho snakka mellom anna flytande fransk og tysk.

Tiaraen knakk

På bryllaupsdagen knakk tiaraen dronninga skulle bruke. Tiaraen det var snakk om, the Fringe Tiara, skulle symbolisere «noko lånt» frå dronningmora, men knakk då frisøren skulle feste han i sløret.

Ifølgje The Telegraph skal dronningmora ha fortalt den opprørte dottera at dei framleis hadde «to timar og det finst andre tiaraar».

Heldigvis var det kongelege smykkehuset Garrard parat i tilfelle noko skulle skje, og tiaraen vart frakta dit med politieskorte. Heldigvis klarte dei å fikse han i tide til seremonien.

Kjøpte bryllaupskjolen med rasjoneringskupongar

Ifølgje British Heritage kjøpte Elizabeth materiale til brudekjolen sin med rasjoneringskupongar. Ho gifta seg to år etter andre verdskrig, og den dåverande prinsessa måtte på grunn av sparetiltaka bruke kupongar for å vise at ho hadde rett til kjolen. Ho fekk 200 ekstra kupongar av regjeringa.

Ho fekk òg hundrevis av kleskupongar frå kvinner rundt om i landet som ville hjelpe ho å skaffe kjolen, men desse blei returnert.

Brudekjolen

Dronninga sin brudekjole blei designa av Norman Hartnell. Han skal ha hatt broderi som sin spesialitet.

Kjolen var laga i kinesisk silke, hadde høg hals og eit forholdsvis kort slep. Det 13 fot (ca. 4 meter) lange slepet skal vere inspirert av eit Botticelli-bilete, og var dekt med krystallar og over 10 000 perler som var importert frå USA.

Verdsvand

Ifølgje kongefamilien si nettside var dronning Elizabeth II den mest reisevande monarken. Berre innanfor Samveldet hadde ho over 150 besøk i løpet av tida som dronning. Ho har besøkt over 120 land.

Dronning Elizabeth II på besøk i New Zealand i 1953/54. Foto: Archives New Zealand, CC BY 2.0 <https://creativecommons.org/licenses/by/2.0>, via Wikimedia Commons

Ville ikkje sitje på jerntrona

Dronninga treng vel ikkje det, ho har jo si eiga trone!

Den mest omtalte trona dei siste åra har kanskje likevel vore jerntrona i Game of Thrones. Dronninga besøkte filmsettet til serien, men takka nei til å prøvesitje trona. Årsaka skal vere at ho etter gamal skikk ikkje har lov til å sitje på ei utanlandsk trone.

Foto: HBO Max

Køyrde den saudiarabiske kronprinsen

Då avdøde kong Abdullah, var på besøk hjå dronninga i Balmoral i Skottland i 1998, overraska dronninga med å sjølv køyre han rundt på sightseeing ved sommarresidensen. Kvinner hadde på det tidspunktet ikkje lov til å køyre i Saudi-Arabia.

Den dåverande prinsen skal ha vore nervøs og bede tolken om at dronninga skulle køyre saktare og konsentrere seg om vegen, skriv Nettavisen.

Irriterande vekkjarklokke

Dronninga hadde ikkje vekkjarklokke på mobilen som vanlege folk eller ei lita digital ei på nattbordet. Nei da, ho hadde ein personleg sekkepipespelar som fekk ho opp om morgonen. Plutseleg høyrest iphone-melodien ut som ein draum å vakne til.

Kvar dag klokka 9 blei det spelt sekkepipe utanfor vindauget til dronninga når ho var ved Buckingham Palace, Windsor Castle, Palace of Holyroodhouse eller Balmoral Castle.

Fødestaden hennar husar no ein kantonesisk restaurant

Dronning Elizabeth II var fødd i eit hus med adresse 17 Bruton Street i Mayfair, London.

Foreldra hennar hadde flytta inn i huset berre nokre veker før den framtidige dronninga vart fødd.

Huset vart rive nokre tiår seinare for å gje plass til næringsbygg, og om du dreg til 17 Bruton Street i dag finn du den kinesiske restauranten Hakkasan, kontor og ein butikk som sel luksusbilane Bugatti og Bentley.

Ho fekk sitt første eige hus då ho var 6 år gammal

Allereie som 6-åring, vart dronninga huseigar. I 1932 gav nemleg det walisiske folket vesle Elizabeth eit leikehus i full storleik til bursdagen. Huset hadde kjøken, stove, soverom og bad, og hadde innlagt både vatn og straum.

Huset heiter Y Bwthyn Bach, som betyr den vesle hytta.

Som liten leika Elizabeth og systera prinsesse Margaret i huset, noko dei seinare generasjonane kongelege òg har hatt gleda av.

Ho eig ein elefant, to jaguarar og eit dovendyr

Som dronning reiste Elizabeth II rundt om i verda, og ho fekk ofte også gåver når ho besøkte ulike land.

Ho har mellom anna fått eit dovendyr, to jaguarar og ein elefant på reisene sine. Alle dyra har vorte tekne vare på i London Zoo.

Dei to jaguarane fekk namna Marques og Azitia.

  • Lurer du på kva spenstige gåver dei norske kongelege har fått? Sjekk ut her!

Fest-CD-en hennar selde til gull

Då dronning Elizabeth II feira 50-årsjubileum på trona i 2002, såkalla Golden Jubilee, inviterte ho til ein offentleg konsert i hagen ved Buckingham Palace.

På scena stod mellom andre Elton John, Paul McCartney, S Club 7 og Ricky Martin.

I etterkant selde CD-utgåva av konserten, Party at the Palace, til gull med 100.000 eksemplar. Det har ingen kongelege makta før ho.

Første regjerande monark med siger i hesteveddeløp

Dronninga var som kjend ivrig hesteentusiast, og følgde hesteveddeløp.

Fullblodshestar, eigde av dronninga, har vunne fire av dei fem klassiske hesteveddeløpa: 1000 Guines, 2000 Guineas, Oaks og St Leger. Det er berre Derby-sigeren ho ikkje har.

I 2013 vart dronning Elizabeth II den første regjerande monarken til å vinne Royal Ascot’s Gold Cup med fullblodshesten Estimate.

The Crown

Livet til dronning Elizabeth II har blitt filmatisert i Netflix-suksessen The Crown. Serien har vunne ein haug med prisar.

Her følgjer vi Elizabeth frå ho tek over trona som ung, og seinare i livet. Fleire ulike skodespelarar har difor portrettert dronninga i serien: Claire Foy (sesong 1 og 2), Olivia Colman (sesong 3 og 4), og Verity Russel, som spelte ei ung prinsesse Elizabeth i sesong 1 og 3 av The Crown.

Imelda Staunton skal spele dronninga i den komande sesongen (5).

Ho likte ikkje korleis prins Philip vart framstilt i The Crown

Lite er sikkert om kva dronninga syntest om The Crown, men ifølgje ein tilsett ved slottet skal ho har vore opprørt over måten ektemannen prins Philip vart framstilt i serien. Ho likte ikkje at han vart skildra som ein far som ikkje tok omsyn til korleis sonen hadde det.

Ho såg på Doctor Who

Dronnings Elizabeth II skal ha vore ein fan av Doctor Who! Ho skal ha sett på serien då han opphavleg vart sendt på 60-talet, og òg følgt den nye versjonen frå 2005.

Ho skal til og med ha hatt ein favoritt blant dei mange time lord-reinkarnasjonane. Nemleg Christopher Eccleston som 9.

Ifølgje The Mirror skal dronninga ha spurt BBC om DVD-ar av serien, slik at ho kunne sjå han opp att når ho var på Balmoral i Skottland.

I tillegg skal dronning Elizabeth ha vore ein fan av Downton Abbey og dei britiske såpeseriane Emmerdale og Coronation Street.

#NeonAt90

Då dronning Elizabeth II feira 90 år i 2016 hadde ho på seg eit antrekk i limegrøn neonfarge. Motehjarte gleda seg over det vågale fargevalet, og emneknaggen #NeonAt90 trenda på Twitter og Instagram.

Antrekket skal ha ført til ein auke på 137 prosent i salet av neonfarga klede og tilbehøyr i Storbritannia.

Lite fancy frukost

Dronninga likte å starte dagen med frukostblanding, nærare bestemt Kellogg’s Special K. Kellogg’s fortel at dei har levert mat til dronninga i fleire tiår, og at dei har dronninga sitt godkjenningstempel.

Se og Hør skriv at dronninga, ifølgje den tidlegare kokken for den britiske kongefamilien Darren McGrady, har ete frukostblandinga til frukost gjennom heile den 70 år lange dronningkarrieren.

Champagne til kvelds

Ifølgje The Independent skal dronninga ha nytt eit glas champagne kvar kveld. Søskenbarnet til Elizabeth, Margaret Rhodes, skal ha fortalt avisa at ho «tar ein gin og Dubonnet før lunsj, med ei skive sitron og mykje is. Så drikk ho vin med lunsjen og ein dry Martini og eit glas champagne om kvelden».

«London Bridge Is Down»

Kodeordet for at dronninga var død, var «London Brigde Is Down». Dette var ein del av den kongelege handlingsplanen for kva som skjer når ho døyr, og blei kommunisert til statsministeren.

Planen inneheld kunngjeringa av dødsfallet, sørgjeperiode og detaljar om den statlege gravferda, og blir kalla Operation London Bridge. Planen vart først laga på 60-talet, og har blitt revidert fleire gongar fram til ho døydde i 2022.

Foto: Associated Press/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom, Joel Rouse/Ministry of Defence, Endringar av: nagualdesign/ via Wikimedia Commons/OGL 3

Det var òg ein tilleggsplan i tilfelle dronninga skulle døy i Skottland, noko ho også gjorde. Denne fekk namnet Operation Unicorn.

Samstundes som Operation London Brigde går føre seg, er òg Operation Spring Tide sett i verk. Denne handlar om kong Charles III si tiltreding på trona.

Te med Paddington

Tre månader før ho gjekk bort drakk dronning Elizabeth II te med den ikoniske barnebok- og filmkarakteren Paddington. Sketsjen var i samband med markeringa av platinajubileet hennar.

I videoklippet bondar dronninga og den britiske bjørnen over deira felles kjærleik for marmeladesmørbrød.

Sabeldronning

Då dronning Elizabeth II i 2021 skulle skjere opp kake under eit arrangement for frivillige i samband med det komande platinajubileet, insisterte ho å bruke eit sverd for å dele opp kaka.

Då ho blei minna om at dei hadde ein kniv tilgjengeleg, svarte dronninga «I know there is». Det fekk hertuginnene Kate og Camilla til å bryte ut i latter. Dronninga måtte òg få litt hjelp av Camilla, for det var ikkje så lett som det såg ut.

«That looks very good», konstaterte ho etter å ha skore det første stykket. Vidare tok ho imot kniven.

Paradeseng

Kista med dronninga skal bli frakta gjennom London langs ei seremoniell rute. Vidare skal dronninga liggje på paradeseng i Westminster Hall frå onsdag 14. september. Det vil seie at ho ligg på utstilling, til ære og offentleg hyllest. Det er opent for publikum 23 timar om dagen.

Dronninga får måndag 19. september statsgravferd i Westminster Abbey med bisetting i St. George’s kapell ved Windsor Castle, skriv NRK.

Kista til dronninga blir så senka ned i det kongelege kvelvet, med levningane av 25 andre kongelege, mellom anna ektemannen prins Philip. Dronninga blir gravlagt i kong George VI sitt minnekapell i Windsor.

Det siste biletet som blei teke av dronning Elizabeth II, då ho tok imot Liz Truss som ny statsminister i Balmore i Skottland. To dagar seinare døydde ho. Foto: Jane Barlow/Pool Photo via AP, File