Usikker framtid for unge i Portugal: – Vi lever ikkje, vi overlever

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 04.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ines Palma (24) må bu heime hjå foreldra og fortel om usikre arbeidskontraktar. Foto: Emilie Hansen

– Eg kan ikkje flytte heimanfrå, det er umogleg.

Det fortel Ines Palma (24) til Framtida.no. Ho har studert kommunikasjon på universitetet i tre år, og jobbar no som resepsjonist på eit treningssenter.

Sjølv om ho både har høgare utdanning og fast jobb, tenar ho ikkje nok til å kunne flytte frå foreldra sine.

Aukande forskjellar

Portugal vart hardt ramma av finanskrisa i 2008, men har sidan då fått statsgjelda og arbeidsløysa ned. Likevel har dei sosiale og økonomiske forskjellane i landet auka, ifølgje FN-sambandet.

På fridomsdagen til Portugal var det fleire unge som demonstrerte i Lisboa mot låge lønningar, og høge levekostnadar.

Framtida.no var til stades i Avenida da Liberdade for å snakke med ungdommane om den økonomiske situasjonen i landet.

 Vi tenar lite, og alt er dyrt

Arbeidsløysa blant unge i Portugal i alderen 15–29 var ifølgje Eurostat på 15,9 prosent i 2021, noko som er over snittet for EU-landa.

Palma fortel at det er vanskeleg å finne ein jobb med kontrakt, noko ho trur har vorte meir utbreidd dei siste åra.

– Einaste avtala eg har med jobben no, er at eg må møte opp. Men eg har ingen rettar, ikkje sjukepengar, og ikkje feriepengar, fortel Palma.

24-åringen tenkjer det er mange som oppheld seg i same situasjon som henne, og meiner at den økonomiske situasjonen i landet påverkar dei unge i stor grad.

 Levestandarden er dårleg. Vi tenar lite, og alt er dyrt, forklarar Palma.

Dyrt med høgare utdanning

I skuggen av trea langs Avenida da Liberdade møter vi dei fire venninnene Inês Matos (19), Carolina Alves (20), Beatriz Menício (20), og Carolina Osório (19). Dei er alle studentar, og bur heime med foreldra medan dei studerer. Det å studere er ikkje gratis i Portugal.

På bachelornivå kostar det om lag 900 euro i året på offentlege universitet, medan private universitet kan koste fleire tusen euro i året.

Inês Matos (19), Carolina Alves (20), Beatriz Menício (20), og Carolina Osório (19) er opptekne av å betra kåra for studentar i Portugal. Foto: Emilie Hansen

Dei er avhengige av økonomisk støtte frå foreldra for å ha moglegheit til å studere, og for å få kvardagen til å gå opp.

Ein kan jobbe deltid ved sidan av studia, men ein får lite igjen for tida ein brukar på å arbeide i staden for å studere. Ifølgje Idealista news låg minstelønna i Portugal i 2021 på om lag 4,85 euro i timen. Dette svarar til ei månadslønn på 776 euro, om ein jobbar 40 timar i veka.

Om ein jobbar 20 prosent med minstelønn kan ein tene rundt 155 euro i månaden.

Vi har veldig lite ekstra tid som studentar til å jobbe, seier Menicio.

Palma meiner det er mogleg å jobbe samstundes som ein studerer. Men legg til at ein deltidsjobb ikkje betalar nok til å dekke leiga ein gong. Studentbustadene er litt billigare, men elles så er leiga for eit rom mellom 300–500 euro i månaden.

 Om du ikkje bur heime som student, er det som regel foreldra som betalar for leiga di, fortel Palma.

Få stipend

Dei fire venninnene fortel at det er mogleg å få økonomisk støtte frå staten i form av stipend. Men at det er høg konkurranse om dei få stipenda som blir tilbode, og at pengane ein får av stipendet ikkje er nok til å leve av.

Osório er den einaste av venninnene som mottar stipend. Då det vart snakk om deltidsjobb i tillegg til studium, fortel Osario at dette ikkje nødvendigvis bidreg positivt til den økonomiske situasjonen til dei som tek imot stipend.

Om du har fått stipend, og startar å jobbe, så mistar du stipendet. Og om du jobbar, så får du berre same sum som du hadde fått i utgangspunktet gjennom støtta, fortel Osório.

Musikaren Gui Galão (24) meiner regjeringa må ta tak i bustadprisane. Foto: Emilie Hansen

Går utover den mentale helsa

Lenger nede i gata møter Framtida.no musikaren Gui Galão (24).

Galão meiner den økonomiske situasjonen i Portugal går utover den mentale helsa til dei unge i landet. Han fortel at han alltid er bekymra for om han har nok pengar til å halde ut månaden, utan å spørje foreldra om hjelp.

– Vi lever ikkje, vi overlever, seier Galão.

Galão tenkjer at mykje av skulda for kvifor det er så dyrt i Lisboa ligg hos utleigarane. Han seier at dei har «fucka opp alt» på grunn av turisme, og at dette har gjort alt mykje dyrare.

24-åringen er også oppgitt over regjeringa som ikkje sett grenser for kor mange hus ein kan eige og leige ut.

– For om lag 10 år sidan så betalte foreldra mine 320 euro for eit heilt hus utanfor Lisboa, men no kan du kanskje finne eit rom for same sum her i byen, fortel Galão.

Han peikar på gentrifisering som ei av årsakene til prisauken. Lisboa er ein populær by å bu i, både for portugisarar, men òg for folk frå andre land. Dette har gjort det mogleg å skru opp prisane i byen. 

Demonstrasjonsoppmøtet på den portugisiske frigjeringsdagen 25. april 2022. Foto: Fausto Ferreira

Høyr på dei unge

Galão tenkjer mykje kunne ha betra seg om politikarane i landet starta å høyre på dei unge, og tok omsyn til deira behov.

– Høyr på oss og behova våre, i staden for dei rike, oppmodar Galão.

Matos, Alves, Menício, og Osório meiner at regjeringa må støtte dei unge, få opp minstelønna, og at større delar av statsbudsjettet bør gå til kultur. For slik den økonomiske situasjonen er no, er det vanskeleg for studentane å delta på kulturelle arrangement.

 Eg er ingen politikar, men eg tenkjer at betre lønn, meir støtte til studentane, subsidiar, og lågare levekostnadar hadde gjort situasjonen betre, seier Palma før ho held fram å demonstrere for eit betre Portugal.


Les også om årets val i Portugal: – Dei gamle bryr seg ikkje, det einaste dei bryr seg om er pengar

– Vi blir ikkje høyrt på så mykje som vi burde bli. Eg prøvar å tru at dette vil endre seg, men eg er ikkje så sikker på at dette vil skje, seier Beatriz Luís (23). Foto: Emilie Hansen