Snø, kjærleiksbrev og Liverpool-drakt – her er politikarane sine julegåveønske

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nærmar seg jul, men korleis er juletida og advent for våre folkevalde? Framtida.no kontakta alle statsrådane i regjeringa og alle stortingspolitikarane for å høyre.

Fire statsrådar har svara i tillegg til stortingspresidenten, (men både statsministeren og justisministeren tok seg tid til å svara at dei ikkje kunne svara), og 38 av dei 169 stortingsrepresentantane har svara.

Dette var spørsmåla:

  1. Kva ynskjer du deg til jul?
  2. Kva er den beste julegåva du har fått?
  3. Kven er det vanskelegast å gi julegåve til?
  4. Når pleier du å handle julegåver?
  5. Kor mykje brukar du på julegåver i år?

Om du berre vil søke etter ein politikar, eit svar eller sjå svara i kortform kan du skrolle heilt nedst i saka.

https://datawrapper.dwcdn.net/92oEi/1/

Her er nokre av svara summert opp i ulike statistiske visuelle representasjonar:

I tillegg til fred på jord og snø, var bøker eit av dei mest populære julegåveynska.

Det er overraskande mange som slit mest med å finne gåve til den dei burde kjenne best. I tillegg kjem dei som har alt, eller foreldre, som dei også vert kalla. Og det er faktisk to stykk som ikkje synest det er vanskeleg å finne julegåve til nokon som helst! Og tre som synest alle er vanskelege å gje til…

https://datawrapper.dwcdn.net/sSrCQ/2/

På spørsmål om pengebruken på julegåver er det ein del politikarsvar, men mange har også prøvd å gje eit realistisk tal. Mange svarar at dei i år brukar mindre enn før, medan andre gjerne slår på stortromma.

https://datawrapper.dwcdn.net/pvczG/1/

Når det kjem til tidspunkt for julegåvehandelen kan det verka som mange må ta det litt på tampen, men det er nokre interessante kjønnsforskjellar her på kven som er ute i verkeleg siste time. Det er berre menn som har svara at dei tek gåvehandelen vesle julaftan, og berre kvinner som har svara at dei ser etter gåver heile året.

https://datawrapper.dwcdn.net/7w1N5/1/

Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap)

Stortingspresident Masud Gharahkhani henger julepynt på juletreet i vandrehallen. Foto: Peter Mydske/Stortinget

👪 1: Eg ynskjer meg berre ro og masse tid med familien min. Det er det beste eg kan få. Kvardagen som stortingspresident er travel, så då blir det ekstra godt når julefreden senkar seg.

🏎️ 2: Det må vere ein bilbane eg fekk då eg var liten. Eg hugsar framleis godt kjensla eg fekk då eg pakka han opp. Det er ei kjensle eg unner alle born.

🧑 3: Det er alltid vanskeleg å gi til vaksne. Dei aller fleste har allereie det dei treng. I tillegg har vaksne som regel ikkje like lange ynskjelister som borna.

🍂 4: Etter kvart har eg lært meg å starte veldig tidleg, slik at det blir litt mindre stress fram mot jul. Så eg brukar å byrje alt i november, og er alt ferdig med julehandelen for i år.

💰 5: I familien vår har vi tradisjon for å berre kjøpe julegåver til borna, og ikkje dei vaksne. Det er ei ordning som passar godt for oss. Det kan bli litt mykje julegåver og det kan koste ein del dersom ein skal kjøpe til både store og små.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp)

Bjørn Arild Gram, forsvarsminister (Sp). Foto: Asgeir Spange Brekke, Forsvarsdepartementet

🌎 1: I år passar det ekstra godt å ynskje fred på jord

🎿 2: Dei første slalåmskia

❤️ 3: Sambuaren min

🎅 4: 23. desember

💸 5: Det blir dyrare jo nærare me kjem jul

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap)

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

❄️ 1: Eg ynskjer meg så inderleg snø og skiføre. Elles ynskjer eg meg alltid ei god bok eg ikkje har lese eller opplevingar saman med vener.

🎵 2: Ein song som nokon laga og spelte inn til meg og sende meg på julaftan for nokre år sidan. Det var veldig fint.

📋🖋  3: Akkurat no lurer eg på kva eg skal gi til dei tre fantastiske folka mine i politisk leiing. Dei er mine livreddarar og grunnen til at alt går rundt, så kva skal ein gi for å vise kor mykje ein set pris på det?

🍂 4: Eg byrjar i god tid, eg orkar ikkje så mykje stress. Eg held på frå midten av november om lag, men det er ikkje så mykje eg skal kjøpe. Folk og verda har nok ting, så eg vil slå eit slag for opplevingar. Det treng også kulturlivet no.

🤷 5: Det er litt umogleg å seie akkurat no, hehe.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap)

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Foto: Ilja C. Hendel

🌎 1: Fred på jorda.

😊  2: Eg blir glad for det meste!

🧒 3: Barna mine, eg opplever at ønskelistene endrar seg heile tida.

😎 4: Julegåvene pleier eg å handle i grei tid før jul, tidleg i desember. Julekorta derimot, kjem eg alltid litt seint i gang med.

🤷 5: Oi, det veit eg ikkje, for eg har ikkje kome i gang. Men spør meg igjen etter jul, så veit eg svaret! Eg pleier å prøve å legge litt innsats i gåvene, heller enn at dei skal vere veldig dyre. Det er planen min også i år.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap):

Olje- og energiminister Terje Aasland. Foto: Olje- og energidepartementet

🏕️  1: Skulle eg ynskt meg ei gåve så må det vere ei ny skijakke, men aller mest ynskjer eg meg å få feira jul på hytta. Der er det mest truleg brukbart med snø, og kvit jul er fantastisk flott.

⛷️ 2: Det må vere då eg som 12-åring fekk nye hoppski. Det var totalt overraskande og la grunnlaget for at eg i mange år brukte mykje tid i hoppbakken.

❤️ 3: Kona mi. Av ein eller annan rar grunn er det alltid vanskeleg å finne gåver til dei ein kjenner best.

😅 4: Svært seint, diverre. Eigentleg så er det kona som ordnar det meste, som eg er veldig takksam for, men dei få gåvene eg skal ordne blir kjøpt inn i siste liten.

🤷 5: Det veit eg faktisk ikkje, men det burde eg kanskje finne ut. Det viktigaste for meg er at gåvene skal vere nyttige og bli brukt mykje – då er ikkje prisen like viktig.


Stortingsrepresentantane:

Anja Ninasdotter Abusland (Sp):

Anja Ninasdotter Abusland (Sp). Foto: Privat

🧘🏼‍♂️ 1: Massasjepute for nakke!

🎄 2: Det må vere første jula som eigen familie etter dottera vår vart fødd. Ingen gåver eg hugsar spesielt godt, men det var noko med stemninga som sette seg så godt i minnet.

👴👵 3: Svigerforeldra, dei har jo alt!

🍂 4: Byrjar i slutten av oktober, prøver å vere ferdig i løpet av november. Er stort sett ikkje ferdig før starten av desember.

💰 5: Oi, det har eg ikkje rekna på. Men tippar det hamnar på rundt 5-6000 kr til saman.


Maria Aasen-Svensrud (Ap):

Maria Aasen-Svensrud, Arbeidarpartiet, Vestfold

🥃 1: Nokre fine glas eg sparar på.

🪆 2: Ei dokke eg fekk av bestemor. Han heiter Flemming og følgde meg heile oppveksten.

👨 3: Pappa

🎄 4: I desember

🤷 5: Anar ikkje… Burde sikkert hatt eit budsjett.


Lan Marie Berg (MDG):

Lan Marie Berg, MDG. Foto: Privat

1: Masse fin tid med familien min, først og fremst. Det har vore ein hektisk haust. Og viss nokon kjøper gåve til meg, så håpar eg at eg får brukte gåver, eller hyggelege opplevingar.

💻 2: Det året eg hadde blitt vald som førstekandidat for Oslo MDG i 2014, hadde eg ikkje så mykje pengar. Men faren min og kjærasten min Eivind (vi er gift no), spleisa på ein laptop og det føltest som ei overdådig fin gåve, men det var også veldig nyttig.

🤵 3: Eg er alltid litt seint ute med julegåver, så det varierer. Trur eg synest det er vanskelegast å finne noko til mannen min, for han har jo litt forventningar, men i år spleiser me på ein projektor og kanskje ein støvsugar – så då er jo det i boks!

🎄 4: Typ 21. desember og utover. Desember er så hektisk i politikken, og eg har berre vore for dårleg til å få det unna tidlegare på året.

🤷 5: Oi, det veit eg ikkje heilt. Ikkje veldig mykje. Me har starta med ein restriktiv gåvepolicy i familien, så no er det berre dei yngste og dei eldste som får. I tillegg til den støvsugaren som Eivind og eg skal kjøpe til kvarandre då.  


Sivert Bjørnstad (Frp):

Sivert Bjørnstad, Framstegspartiet, Sør-Trøndelag. Foto: Stortinget

⛷️ 1: I år ynskjer eg meg ny skibukse.

🛷 2: Det må vere rattkjelken eg fekk jula eg var 4-5 år.

👩 3: Kjærasten min, Mari.

😅 4: Alt for seint.

💰 5: 4-5000 kr.


Liv Kari Eskeland (H):

Liv Kari Eskeland, Høgre, Hordaland. Foto: Stortinget

🎡 1: Opplevingar, helst med vener og familie

👩‍🍳 2: Matkurs

👪 3: Foreldre – som har alt

🎄 4: Oppunder jul

🤷 5: Usikkert, men det blir moderat. Likar å gje heimelaga gåver (frå skogen og hagen) til dei eg veit set pris på dette. Elles blir det litt heimestrikka, og så kjøper eg gåver dersom det kjem spesifikke ønske frå barn og barnebarn.


Mona Fagerås (SV):

Mona Lill Fagerås, SV, Nordland. Foto: Stortinget

👪 1: Mest av alt ynskjer eg å få vere mest saman med barna mine, familie og vener. Berre ha det hyggeleg og kose oss.

⛸️ 2: Trur det må vere dei kvite isdansskøytene eg fekk av farfaren min som budde i Oslo, då eg var ni. Nesten ingen hadde sånne i Lofoten tidleg på 80-talet.

👨🏼‍👩🏼‍👦🏼 3: Barna mine. Det må liksom vere noko dei treng, føler eg, og samtidig noko fint som dei vil bruke. Og så vil eg jo helst ikkje at dei skal vite kva det er.

🎄 4: Desember. Når me har lange møte til nesten midnatt på Stortinget, då plar eg å snike meg ut på shopping.

💰 5: Trur det blir mindre enn før. Høge renter og dyrtid gjer sitt til at eg må tenke meg godt om denne jula. Slik er det nok for mange. Men jula handlar jo ikkje mest om gåvene føler eg, mest av alt handlar det om å ha tid til kvarandre.


Rasmus Hansson, MDG. Foto: Privat

Rasmus Hansson, MDG: 

❄️ 1: Snø.

🎿 2: Mine første konkurranse-langrennsski, jula 1967 tippar eg. Landsem treski, klimaks av treski-kunsten før plastskia overtok. Nydelege, superlette med balsakjerne og bjørkesole, som eg gjekk og kjælte med heile julekvelden. Forresten så å seie same ski som Magne Myrmo gjekk på då han vart den aller siste verdsmeisteren på treski nokre få år seinare.

🎁 3: Folk som har gjeve meg altfor dyre julegåver og som eg ikkje hadde tenkt å gje så dyre julegåver.

🎅 4: Vesle julaftan

📈 5: Eg brukar ein del til aksjonar som hjelper folk som verkeleg treng det. Det må bli meir sånt no når så mange slit. På pakkar til å ha under tre brukar eg minst mogleg. Sånne julegåver er blitt øydelagde av at folk kjøper alt dei får lyst på med ein gong dei får lyst på det heile året. Forventinga er borte og gåvene blir plikt. Men barnebarn og barn av vener som framleis driv med gåvemaset pressar budsjettet oppover igjen.


Ragnhild Male Hartviksen (Ap):

Ragnhild Male Hartviksen. Foto: Arbeidarpartiet

💌 1: Det aller beste eg kan få er ein skikkeleg god te eller kaffi, og ikkje minst eit heilt ekte kjærleiksbrev (så eg stiller store krav. Det siste og viktigaste ønsket der kan nemleg ikkje kjøpast for pengar, men må kome frå hjartet).

🎁 2: Dei eldste tvillingane mine laga nokre mjuke, kvite ullsauer i barnehagen eit år, og dei yngste tvillingane mine gav meg avstøypingar av hendene sine – som også var laga i barnehagen. Barnehagane er utruleg gode til å lage slike flotte gåver barna kan gi foreldra sine til jul – dei skulle berre visst kor mykje det betyr.

💁  3: Eg er glad i å lage gåver til mine næraste. Den vanskelegaste gåva blir nok til meg sjølv. Å gje seg sjølv i gåve at ein må hugse på å tillate seg sjølv både å lande, og å vere til stades.

🍂 4: I god tid før jul. Gjerne november. I desember likar eg å tenne lys, høyre på julemusikk, vere med familie og vener og bake. Stress frå butikkane høyrer ikkje med i den skildringa om eg ikkje må. No som stortingspolitikar spørst det kor mykje tid det blir til førjulshygge. Me skal nok nesten jobbe døgnet rundt for å lande budsjettet, så me får sørge for litt julestemning på Stortinget.

🚫 5: Feil spørsmål eigentleg. Det viktigaste er å ikkje kjøpe noko berre for å kjøpe. Me pleier ikkje å vege gåver i kroner og øre hos oss, men heller gje nokon det dei verkeleg treng, eller gje kvarandre eit gåvekort på ein ferietur til sommaren eller reisegåvekort. Ei felles oppleving er ei flott gåve som både store og små har pleidd å sette stor pris på, dersom ein har høve til det.


Kristoffer Robin Haug (MDG):

Kristoffer Robin Haug (MDG). Foto: Privat

❄️  1: Eg ynskjer meg snø og ei verd der alle er glade i kvarandre.

🎄 2: Heimelaga julepynt frå niesene mine.

💡 3: Dei som har alt dei treng frå før av.

😅 4: I aller siste liten.

🤏 5: Rundt 5-600 kroner tenker eg.


Silje Hjemdal (Frp):

🌎 1: Mitt største ynskje er at verda skal bli ein litt betre stad og at menneske kan leve i fred. Ein god nummer to er at humøret må opp og krenkingshysteriet ned. Under treet er det stas med god mat og drikke eller ei kjekk oppleving med familie og vener. 

Silje Hjemdal (Frp). Foto: Privat

🥤 2: Både små og store gåver har gleda gjennom 38 år. Skal eg nemne to høgdepunkt dei siste åra, er det eit rått bilete laga av niesene mine og ei Coca-Cola-strikkejakke frå ei veninne som hadde sin gåvehandel i USA.

🥺 3: Det vanskelegaste er kanskje tanken på dei som ikkje har råd til julegåver eller som aldri får nokon sjølv.

📅 4: Eg handlar julegåver heile året når noko passande dukkar opp. Dei siste gåvene ordnar eg i Bergen vesle julaftan.

📉 5: Eg fører ikkje noko løpande rekneskap over dette, men vil tru det blir mindre enn i fjor. Eg inviterer heller på middag og hyggeleg selskap enn å til dømes kjøpe til vaksne. Barna eg kjenner og pappa blir prioritert av meg.


Frode Jacobsen (Ap):

Frode Jacobsen (Ap). Foto: Arbeidarpartiet

1: Liverpool-drakt

🇰🇪 2: Då eg var 11 år fekk me i gåve å bli med mor og far på ei reise til Kenya, det var ein minnerik tur.

👦 3: Mine tre søner på 17, 20 og 22 år.

⌛ 4: I passe tid før jul.

💸 5: Til saman brukar kona mi og eg truleg 8000-10000 kroner på julegåver.


Lubna Boby Jaffery (Ap):

Lubna Boby Jaffery (Ap). Foto: Privat

📚 1: Eg ynskjer meg opplevingar, bøker og kjøkenutstyr.

💿 2: Det må ha vore ei gåve eg fekk då eg var lita, 12 år, og det var boka om prinsesse Diana. Eg var veldig oppteken av henne då. Fekk også same jula Absolute Music nr. 6 av min gamle lærar som sende julegåve i posten.

👩‍👧 3: Dotter mi, ho ynskjer seg ingenting.

🎄 4: Eg handlar julegåver i midten av desember.

🤏 5: Ikkje så veldig mykje, for eg kjøper ikkje gåver til så veldig mange. Men det går jo nokre tusenlappar.


Kari-Anne Jønnes (H):

Kari-Anne Jønnes (H). Foto: Privat

❄️ 1: Snø

🎅 2: Då eg var liten hengde bestefar ein bomullsdott på gjerdet og vekte meg tidleg for at me kunne gå i spora til julenissen og prøve å finne han. Det var ei gåve som gav meg spenning som liten og veldig gode minne som vaksen.

🤵 3: Mannen min

4: For seint

🤏 5: Så lite som mogleg, men nok til at dei få som får julegåve frå meg anten kan lese ho, ete ho, drikke ho eller ha ho på seg. Den største gåva får Frelsesarmeen. Dei plar å få dobbelt så mykje som den dyraste gåva eg kjøper.


Birgit Oline Kjerstad (SV):

Birgit Oline Kjerstad, SV, Møre og Romsdal. Foto: Stortinget

👪 1: Godt vêr og gode dagar i lag med familien på øya der eg bur. På Nordvestlandet kan det vere vinterstormar med lyn og tore i jula, og det er litt slitsamt.

🧦 2: Eg har gode minne om nystrikka ullsokkar frå besta i barndommen. Me visste kva me fekk, men det gjorde ikkje noko, for kjensla av å dra på seg nye ullsokkar var like fin kvart år.

🤷 3: Det varierer, alt etter kva idear eg har.

🍂 4: Litt no og då utover hausten, alt etter kva eg kjem på.

🤷 5: Det veit eg ikkje heilt enno. Me har ein avtale om å halde det på eit litt symbolsk nivå oss vaksne imellom, eller me kjøper noko som me uansett treng og nyttar jula til å få gjort det.


Kathrine Kleveland (Sp):

Kathrine Kleveland (Sp). Foto: Privat

🧑‍🍳 1: Endå ei takkebakstbok, denne gongen med oppskrifter frå heile verda. Eg elskar å bake på takke i bryggarhuset vårt.

👜 2: Då mellomstemann gjekk i 10. klasse sydde han ei fargerik og stilig veske til meg som han fekk 6-ar for i kreativitet og utføring. Han hadde brukt mange timar på den. Tormod har aldri sydd verken før eller etter, men denne gåva imponerte mammaen.

3: Eg synest ikkje det er vanskeleg å gje julegåver til nokon. Det er alltid noko dei blir glade for, om ikkje anna så noko eteleg eller gåvekort på opplevingar.

📅 4: Nokre gjennom året om eg treffer blink, men målet er å handle lokalt i Holmestrand, og det gjer mannen min og eg nærare jul. Det er både koseleg og viktig. Nokre gonger blir det nokre ekstra i siste veka, fordi det er så morosamt å gje julegåver.

💰 5: 4-5000 blir det nok.


Lisa Marie Ness Klungland (Sp):

Lisa Marie Ness Klungland (Sp). Foto: Privat

📚 1: Varme klede og bøker. Mine to favoritthobbyar er å vera ute og å lesa!

📖 2: Vanskeleg å svara på, men eg er alltid glad for gåvene eg får av farmor. Ho gjev meg ofte bøker om sterke kvinner!

❤️ 3: Kjærasten, han er heilt umogleg. Har prøvd å be han om ei ynskjeliste i snart eitt år no.

✍️ 4: Eg følgjer med heile året når familien snakkar om ting dei ynskjer seg, og så skriv eg dei ned. Kjem det på tilbod i løpet av året, så nyttar eg høvet!

🤷 5: Anar foreløpig ikkje kva sluttsummen blir. I år har eg blitt meir enn nokon gong medviten på bruk av pengar i og med at me er i ein usikker situasjon med renteauke og inflasjon.


Mímir Kristjánsson (R):

Mímir Kristjánsson. Foto: Privat/Klassekampen

🛋️ 1: Nips! Eg held hus i ei nitrist pendlarleilegheit, der det manglar ting på både bord og vegger. Så noko å pynte med hadde vore fint (vil samstundes understreke at eg betalar for mi eiga leilegheit heime i Stavanger, eg bur ikkje på guterommet heime hos mamma).

🛼 2: Eg fekk rollerblades av foreldra mine eit år. Det var stort! Me hadde sett Mighty Ducks og hadde ein draum om å spele rollerhockey. Men det blei ikkje all verda av det, altså.

🤱 3: Det er mamma, eigentleg. Som mange andre vaksne folk så har ho veldig mange ting, og kanskje ikkje så mange ynskjer anna enn å få vere med barnebarna sine.

✈️ 4: Det er nesten på flyplassen på veg heim til jul, altså. Om ikkje tek eg ein siste runde på vesle julaftan. Men då blir det Kvadrat, kjøpesenteret utanfor Stavanger.

🤷 5: Altså eg kjøper kanskje fem julegåver. Fire? Hugsar ikkje. Så det blir kanskje to tusen kroner? Litt meir?


Anne Kristine Linnestad (H):

Anne Kristine Linnestad, Høgre, Akershus. Foto: Stortinget

👩 1: Ny hårfønar.

🧒 2: Mi eldste dotter og mitt tredje barnebarn.

🤵 3: Mannen min.

🎅 4: Tett oppunder jul, viss eg ikkje har vore på reise og handla då.

🤷 5: Det veit eg ikkje.


Sylvi Listhaug (Frp):

Sylvi Listhaug (Frp). Foto: Privat

😌 1: Ro og fred, og dessutan tid til å kose meg saman med mannen min og barna.

🧱 2: Har fått masse fine gåver gjennom åra, men ingenting som utmerker seg meir enn Lego då eg var barn.

🤵‍♂️ 3: Mannen min. Det blir som regel kjedelege julegåver fordi han har det meste.

☀️ 4: Startar gjerne på sommaren og prøver å bli ferdig med det meste tidleg. Ligg ganske godt an i år også.

📈 5: Det veit eg ikkje endå, men det blir nok ein del før eg er i mål. Det er gåvene til barna eg brukar mest på.


Tobias Drevland Lund (R):

Tobias Drevland Lund, Rødt, Telemark. Foto: Stortinget

🥾 1: Fred på jorda, at politikarane skal byrje å handle i møte med klimakrisa og at det vert gjort noko med dei 115 000 barna som veks opp i fattigdom i Noreg i dag. Litt meir personleg, så ynskjer eg meg litt pengar til å kjøpe nye fjellsko.

🇹🇿 2: Den beste julegåva eg har fått må vere den gongen eg fekk lov til å bli med farmor og farfar på å feire jul i Tanzania. Då budde me og bidrog på ein barneheim i Ilula, midt i Tanzania, og det er nok den jula som har forma meg mest.

🤷 3: Eg synest eigentleg det er vanskeleg å kjøpe julegåver sånn generelt. Det blir difor ofte litt tilfeldig kva eg faktisk gir dei. Kjærasten min er derimot den enklaste, for då plar eg å gje ei oppleving me kan ha saman.

😅 4: Dei siste julegåvene blir som regel handla på vesle julaftan. Eg er alltid for seint ute.

💰 5: Tja, vanskeleg spørsmål. Men, siktar meg inn på å bruke rundt fem-seks tusen kroner kanskje. I grunn så er jo oppgåva å finne noko ein faktisk treng og ikkje kjøpe noko ræl.


Mari Holm Lønseth (H):

Mari Holm Lønseth, Høgre, Sør-Trøndelag. Foto: Stortinget

🗡️ 1: I år har eg ynskt meg nye skjerefjøler til kjøkenet.

🛴 2: Fekk ein sparkesykkel då eg var rundt 10 år. Hadde ynskt meg det i lang tid, og det var veldig populært den gongen.

❤️ 3: Sambuaren min Sivert, er ei nøtt å kjøpe gåve til.

 4: Har alltid ein ambisjon om å ta det i byrjinga av desember, men det blir diverre som regel gjennomført dei siste dagane.

🤏 5: Kjøper stadig færre gåver, og bruker heller pengane på opplevingar med venner og familie. Men nokre gåver blir det, og eg vil rekna 3000 kr.


Tove Elise Madland (Ap):

Tove Elise Madland (Ap): Foto: Arbeidarpartiet

📚 1: Bøker.

🎁 2: Gåver frå borna som dei har laga sjølv.

👪 3: Foreldre.

🍂 4: November.

⬇️ 5: Avgrensar det meir og meir, sluttar no å gje til vaksne.


Sofie Marhaug (R):

Sofie Marhaug (R). Foto: Privat

💄 1: Bøker og sminke

✏️ 2: Eg fekk ei tatovering mor mi har teikna. Det er ei gåve som varar livet ut! 

❤️ 3: På éin måte kjærasten, for eg er så dårleg til å halde på løyndomar og får lyst til å seie eller hinte veldig sterkt til kva gåva er.

👌 4: Det kan variere veldig. Nokre gonger er eg tidleg ute med gåvene, men dei siste åra har det blitt travlare. Eg plar likevel å vere ferdig i grei tid, ei veke før kanskje.

🤷 5: Anar ikkje, for eg har ikkje byrja på innkjøpa.


Linda Monsen Merkesdal (Ap):

Linda Monsen Merkesdal, Arbeidarpartiet, Hordaland. Foto: Stortinget

🧳 1: Ynskjer meg ein ny trillekoffert. Den eg har har diverre ikkje meir igjen av hjula, har forsøkt å finne nokon som byter hjul på trillekoffert. Tar gjerne imot tips!

🔩 2: Den beste julegåva eg har fått, er ein metalldetektor eg fekk frå mann og barn!

🤵‍♂️ 3: Mannen min, fordi han seier kva han ynskjer seg til jul, men så har han plutseleg kjøpt det sjølv.

😅 4: Litt for seint opp mot jul.

⬆️ 5: Det veit eg diverre ikkje før etter jul. Håpar å få kjøpt ein del brukt, alle i familien er samde om at det skal vi i år. Men, eg brukar alltid alt for mykje pengar på julegåver, eg elskar jul, blir julecrazy og handlar alt for mykje. I år har eg mål om å roe meg kraftig ned.


Willfred Nordlund (Sp)

Willfred Nordlund, Senterpartiet, Nordland. Foto: Stortinget

✈️ 1: Fleire timar i døgnet og direktefly heimanfrå til Oslo.

🧶 2: Strikkagenser frå svigermor.

👵 3: Bestemor, kva gir du til ei over 100?

🚫 4: Ingen kommentar.

🤷 5: Eg får eit vippskrav frå ho som styrer fortet heime….. Og så må eg legge litt på til det vesle eg har ansvaret for. Så veit ikkje.


Tage Pettersen (H):

Tage Pettersen (H): Foto: Privat

📚 1: Bøker står alltid på mi ynskjeliste.

🎁 2: Det er umogleg å rangere, men gåver som er det er lagt litt personleg innsats i er det alltid hyggeleg å få.

😊 3: Til dei som har «alt». Samtidig er det eit fint høve til å gje bort ei hyggeleg oppleving.

🎄 4: Det blir nok dei siste to vekene før jul.

🤏 5: Så lite som mogleg – prioriterer heller å gjere noko hyggeleg saman med næraste familie.


Sveinung Rotevatn (V):

Sveinung Rotevatn, Venstre, Hordaland. Foto: Stortinget

📚 1: Eg likar godt å få bøker, så har eg noko å kose meg med i romjula. I år ynskjer eg meg den nye biografien om Georg Johannesen. Og så treng eg ei ny regnbukse.

🎿 2: Det er vel dei første par skia eg fekk då eg var, tja, ein 4-5 år? Eg gjekk rundt med dei i stova resten av julekvelden.

👪 3: Foreldre, dei har jo absolutt alt frå før. På den andre sida blir dei glade for det meste. Generelt synest eg ikkje det er så vanskeleg å kjøpe julegåver, det er tanken som tel.

🕒 4: Etter at Stortinget stenger. Det vil seie dei siste par dagane før jul. Mitt julemotto er å starte med julemusikk og julebrus så tidleg som mogleg, og utsetje julehandling så lenge eg kan.

👌 5: Eg har ikkje så veldig stor familie, så det blir nok overkomeleg. Ein 4-5 tusen kroner, tenker eg.


Gisle Meininger Saudland (Frp):

Gisle Meininger Saudland, FrP, Vest-Agder. Foto: Stortinget

1: No har eg blitt så gamal at eg ynskjer meg snille barn og fint vêr.

2: Hmm, det må vere då eg fekk ein SEGA-spelkonsoll i julegåve i 1994. Etter det har eg elska speling, så eg skal så klart bruke juletida på borna, familie, julemat og ikkje minst gaming.. 😛

3: Det er ingen enkle julegåver…

4: Normalt handlar eg vesle julaftan, men i år har eg bestemt meg for å bli ferdig tidleg. Me får sjå om eg klarar det… :/

5: (ikkje svart)


Ingjerd Schou (H):

Ingjerd Schou, Høgre, Østfold. Foto: Stortinget

🧴 1: Denne jula ynskjer eg som vanleg forbruksting. Gjerne eitt nytt dampstrykejern eller ein god body lotion.

🎅 2: Då var eg 4 år og fekk ein julenisse-stol. Den elska eg over alt og omfamna straks. Ingen jul utan den!

🤵‍♂️ 3: Trur det er mannen min. Han meiner å ha det meste. Det blir som regel nokre ynskjer som bøker eller anna til forbruk.

🍂 4: Gjerne heile hausten. Opererer med liste over alle og til kven. Dei fleste av barn og barnebarn, og dessutan mor mi kjem med ynskjelister. Det blir gjerne noko dei likevel treng.

💰 5: Det blir nokre tusen, gjerne innkjøp når eg ser tilbod, og dessutan noko dei elles ville trunge.


Sveinung Stensland (H):

Sveinung Stensland, Høgre, Rogaland. Foto: Stortinget

🛠️ 1: Vinkelslipar

🏗️ 2: D​​å eg var fem år (altså på 70-talet) ynskte eg meg ei lita heisekran med motor. Det fekk eg, og eg heiste leikebilar og anna opp og ned resten av jula. Til dei vaksne sin irritasjon så forstyrra den TV-signala. 

👰 3: Kona mi

4: Når det fell meg inn, veldig lite planlagt og ofte rett før julaftan.

🚲 5: I år blir det ikkje så mykje trur eg, men ein av sønene mine ynskjer seg ny sykkel. Det kostar litt, men sånt er kjekt å gje. 


Alexander Stokkebø (H):

Alexander Stokkebør (H). Foto: Privat

🚴 1: Fred i verda står alltid øvst på lista, men me har ein veg å gå før det ynsket kan bli innfridd. Sånn personleg ynskjer eg meg ein ellipsemaskin eller spinningsykkel, av alle ting. Jogga litt for mykje ein periode og har slite med det eine kneet, så no må det tenkast alternativt for å behalde kondisjonen. 

🎮 2: Den største barnlege og ungdommelege gleda var nok heilt ærleg å få siste utgåve av FIFA til PlayStation. Det har nok blitt litt for mange timar bak skjermen med gode vener. Men gøy var det, då!

👨 3: Far min, som nesten aldri ynskjer seg nokon ting. Det set kreativiteten på prøve! 

🎅 4: Eg er alltid tidleg ute og startar ofte ein heil dag før julaftan! Nokre gonger har eg måtta handle på sjølve julaftan, men det prøver eg å unngå.

🤷 5: Inga aning, for eg har ikkje byrja å handle endå! Håpar berre eg kjem i mål før familieselskapet.


Marit Knutsdatter Strand (Sp):

Marit Knutsdatter Strand, Senterpartiet, Oppland. Foto: Stortinget.

📖 1: Liv Signe Navarsete si bok (Liv Signe Navarsete – eg veit kva eg snakkar om)

💿 2: Platespelar

❤️ 3: Sambuaren

🎄 4: Desember

💸 5: Samla i hushaldninga brukar me nok 10 000 kr


Ingvild Wetrhus Thorsvik (V):

Ingvild Wetrhus Thorsvik, Venstre, Vest-Agder. Foto: Stortinget

🎮 1: Eg ynskjer meg bidrag til ein Nintendo Switch

🖼️ 2: Den beste julegåva eg har fått er eit fantastisk kunstverk av Bjarne Melgaard.

👍 3: Synest ikkje det er så vanskeleg. Gir berre til folk eg kjenner godt, så då veit eg kva som passar bra.

😅 4: Eg plar vere ganske tidleg ute, men i år går det litt til pieces på grunn av høgt arbeidspress før jul.

💰 5: Eg kjem sikkert til å bruke rundt 6000, men prøver å fokusere på opplevingar og tenester og ikkje gjenstandar for å vere så miljøvenleg som mogleg.


Mathilde Tybring-Gjedde (H):

Mathilde Tybring-Gjedde, Høgre, Oslo. Foto: Stortinget

👶 1: Det er litt typisk, men no som eg har blitt mamma, ynskjer eg meg plutseleg berre ting til babyen! I år ynskjer eg meg pulk og beremeis. Og ein baby som søv gjennom natta.

🎟️ 2: Eg er veldig glad i opplevingsgåver. Konsertar, restaurantbesøk, kino, teater. Veslebror og eg gav kvarandre billettar til ølsmaking for nokre år sidan. I fjor gav me kvarandre billettar til Escape room. Då får vi tid saman!

❤️ 3: Det er veldig vanskeleg å finne gåve til sambuaren! Men no har han blitt veldig glad i LP-plater, så det hjelper!

😅 4: Eg har alltid ambisjonar om å vere ferdig så tidleg som mogleg, men så hamnar eg plutseleg desperat, springande rundt på Storo storsenter 22.30, 22. desember.

🤏 5: I år blir det ikkje mykje! Det er ikkje nødvendig med fleire ting. Eg har bakt julekaker til vener, printa ut ulike bilete av babyen til nær familie og eg har kjøpt nokre julegåver som skal donerast til familiar som slit ekstra denne jula.


Lene Westgaard-Halle (H):

Lene Westgaard-Halle (H) pynta av treåringen sin. Foto: Privat

🕒 1: Meir tid! Både til å rekke alt på jobben og til å vere meir saman med familien. Men nytt av året er at eg også ynskjer meg mykje brukt, både fordi det er unødvendig å bruke så mykje pengar på gåver og fordi eg er oppteken av gjenbruk. Bøker til dømes, eller morosame loppefunn som passar i fargane på hytta, er stas.

🧶 2: For nokre år sidan fekk eg ein Mariusgenser som mormor hadde strikka til meg. Mormor lever ikkje lenger, så det er ei gåve eg set ekstra stor pris på.

👨 3: Pappa, fordi han kvart einaste år berre ynskjer seg sokkar.

🗓️ 4: Eg handlar gjennom heile året for å prøve å finne noko eg veit blir sett pris på. Eg har ei eiga «julegåvehylle» i garderobeskapet der eg samlar ting og idear uansett årstid.

📉 5: Mindre enn eg har gjort tidlegare.


Erlend Wiborg (Frp):

Erlend Wiborg (Frp): – Det er ein selfie av meg før eg skal overraske borna mine som julenisse i fjor. Foto: Privat

🥽 1: Meta Quest VR-briller og at russarane stoppar sin brutale krig og trekker seg ut av Ukraina.

🏎️ 2: Det var ein gong eg var liten og ynskte meg skikkeleg ein radiostyrt bil. Hugsar framleis gleda då eg fekk den.

👵 3: Farmora mi på 103 år!

😅 4: Eg bestemmer meg alltid for at neste år skal eg vere tidleg ute, men endar som oftast opp med å ha panikk 1-2 dagar før julaftan.

🤷 5: Veit ikkje endå, det varierer etter kva eg finn. Finn eg ei gåve som kona mi eller borna vil bli veldig glade for brukar eg mykje, men om eg ikkje finn noko spesielt brukar eg ikkje så mykje.


Grete Wold (SV):

Grete Wold, SV, Vestfold. Foto: Stortinget

🥚 1: Eg treng ein ny eggedelar til kjøkenet, så håpar eg får det.

🛫 2: Ei reise med søster mi.

👪 3: Foreldre som jo har det meste allereie.

🎄 4: Etter lønningsdagen i desember.

💵 5: Ofte litt for mykje, får dårleg tid og har lite fantasi.


Morten Wold (Frp):

Morten Wold (Frp).

📚 1: Eg set pris på ei god bok. Og sokkar og truser treng ein alltid. Eg har eigentleg alt eg treng, så det er vanskeleg å ynskje seg ting.

🤷 2: Det har eg eigentleg inga oppfatning av.

🍷 3: Det er vanskeleg å kjøpe til vaksne personar som har det dei treng. Men gåvekort, pengar eller vin funkar alltid.

🙏 4: Eg får gjerne dotter mi eller søster mi til å hjelpe litt. Dei eg kjøper sjølv, vert stort sett handla i løpet av ein halvtime i Vikersund ein dag rett før jul.

🤷 5: Det veit eg ikkje, men eg vil tru ca. fire-fem tusen kroner.


Freddy André Øvstegård (SV):

Freddy André Øvstegård (SV). Foto: Privat

🦜 1: Eg har ikkje eigne barn, så «snille barn» kan eg ikkje seie. Men eg har ein papegøye, så då seier eg «snill papegøye».

🎮 2: Det må vere då eg fekk Gameboy Color og Pokémon Crystal som barn. Akkurat det eg ynskte meg!

🧒 3: Eg synest det er vanskeleg å gje julegåve til onkelbarna mine, som er i barneskule og ungdomsskulealder. Kva er det kidsa synest er kult? Tek imot tips.

🎄 4: Eg handlar som regel det meste den siste veka før julaftan, for då er me som regel ferdige med min del av statsbudsjettet, men me må framleis vere på Stortinget lange dagar medan dei andre komiteane behandlar sine delar. Då blir det innpakkingsverkstad på kontoret.

🤷 5: Veit ikkje endå, men eg plar bruke ganske så lite. Det spørst på kva tipsa om det kidsa synest er kult seier då. Får ikkje håpe det er sånne mopedbilar eller noko anna dyrt.


Søk etter din politikar

https://datawrapper.dwcdn.net/VBvzi/1/


Kva med å finne ei
unik julegåve frå norske småbedrifter i år? Kollasj: Framtida.no