Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Adrian Lorentsson, kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom. Foto: Mental Helse Ungdom

– Dette er noko ho står i no, og tradisjonelt har «openheita» dreidd seg om ting som ligg i fortida. På same måte som det har blitt enklare å snakke om at ein har kreft og lever med kreft, er det på høg tid at fleire er opne slik Musti er.

Det seier Adrian Lorentsson, kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom, i ein e-post til Framtida.no.

Han rosar den 21 år gamle artisten for å våge å vere open om si psykiske helse her og no.

– Ho skildrar godt og levande korleis det kan vere å ha det vanskeleg og det håpar eg kan bidra til at fleire føler at dei kan oppsøke hjelp når dei har det sånn.

– Eg tok ikkje vare på meg sjølv

Denne veka publiserte Musti (21), som eigentleg heiter Ugbad Mustafa Yusuf Noor, eit innlegg på Instagram. Med tungt hjarte avlyste ho sin komande konsert på Sentrum Scene og all anna jobb framover.

Ho skriv at ho må ta ein pause for å ta vare på seg sjølv, og at det har blitt for mykje dei siste åra.

– Eg tok ikkje vare på meg sjølv, men nekta å innsjå korleis ting eigentleg var. Eg føler meg sjuk no. Å stå opp frå senga er ein siger for meg og å hugse å ete mat er ein siger, skriv ho.

– Eg vil ikkje vakne opp som 30-åring og angre på at eg aldri tok tak i problemet, held artisten fram.

– Eit viktig signal

Adrian Lorentsson frå Mental Helse Ungdom meiner det sender eit viktig signal når artistar, som ofte er førebilete, viser at det er greitt å vere sjukemeld på grunn av psykiske helseplager.

– Det at ein artist avlyser på grunn av ein fysisk sjukdom er heilt normalt, og alle har forståing for det. Dersom Musti hadde hatt halsbetennelse så trur eg neppe det hadde blitt så mykje skriveri om det. Då er det ganske openbert at me har ein veg å gå når det kjem til aksept for psykiske helseproblem.

I kommentarfeltet til Musti er det utelukkande støttande meldingar som har kome inn, med andre artistar og kjendisar som støttar og folk som takkar for at ho er open om dette.

– Dette er så viktig, skriv Aurora.

– Det er dette som er power move, skriv Sondre Lerche.

Stian Blipp skriv at det vert bra, og at han har vore der sjølv:

– Å velje seg sjølv er pokker meg noko av det vanskelegaste å gjere, skriv han.

I 2020 vart Musti tildelt to Spellemannsprisar i kategoriane hiphop og årets nykommer. Same året vart ho også kåra til årets nykommer i P3 Gull.

– Mange endar opp med å skamme seg

Adrian Lorentsson fortel at psykisk helse framleis ligg som ei klam hand over samfunn verda over:

– Mange endar opp med å skamme seg fordi dei trur at det er dei sjølve som ikkje jobbar hardt nok, er flinke nok eller at det er noko grunnleggande gale med dei som person. Me endar opp med å behandle oss sjølve ganske stygt, og det er det ingen som fortener.

Han samanliknar det med fysisk sjukdom: Ingen har problem med å gå til legen om ein har 40 i feber og ikkje greier å stå på beina. Rådet hans er å prøve å spørje seg sjølv om ein hadde behandla ein ven, på same måte som ein behandlar seg sjølv.

– Det viktigaste menneske å overtyde om at det er greit å koble av for å kome seg igjennom ein tøff periode, er ofte ein sjølv.


Illustrasjonsfoto: Daria Nepriakhina ?? on Unsplash
Kollasj: Framtida.no