Valerija (20) dokumenterer livet krigen i Ukraina gjennom TikTok

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til vanleg er Valerija Sjasjenok (20) fotograf, men då krigen inntok heimlandet byrja ho dokumentere korleis det er å leve i krigen i Ukraina.

Når bygningane rundt ho i Tsjernihiv vart raserte, laut ho flytte inn i ein bunker saman med mor, far og hunden Tory, ifølgje CNN.

@valerisssh Living my best life ??? Thanks Russia! #ukraine #stopwar #russiastop ♬ Che La Luna – Louis Prima

– Det har knust meg innvendig

I videoane viser ho – med alvor men også galgenhumor og ironi – korleis dei får dagane til å gå. Ho viser alt i frå «ein typisk dag i eit bomberom», korleis ein koker kaffi i bomberom, at ho kokar pasta og latar som ho er i Italia og feiring av kvinnedagen.

20-åringen tek også med sjåarane ut utanfor bunkeren, og syner korleis krigen herjar i heimlandet med bomba bygningar og tomme butikkhyller.

@valerisssh Third Word War! Putin, thank u #ukraine #stopwar #russiastop ♬ Je te laisserai des mots – Patrick Watson

Fleire av videoane er sett mange millionar gonger. I kommentarfelta er det fleire som samanliknar korleis Valerija fortel om kvardagen sin i krig på TikTok med dagbøkene til Anne Frank frå 2. verdskrig.

– Kvar dag, frå den første dagen, har eg håpt at det skal ende i morgon. Kvar dag seier eg: «I morgon blir det betre». Men nei, alt bli verre, sa ho til Brut førre veke.

– Eg prøver å gjere noko anna. Eg vil ikkje fokusere tankane mine på krigen, for det har knust meg innvendig. Når eg alltid høyrer om det, er det sjokkerande for min 20 år gamle hjerne.

@valerisssh Run away from Putin! Simple day, simple life? Nothing special! #ukraine #stopwar ♬ original sound – Valerisssh

– Målet mitt er å vise heile verda at det skjer no

På spørsmål frå CNN om kvifor ho deler desse videoane, svarer Valerija at ho føler det er hennar oppdrag å vise folk korleis det er på ekte. At det er det verkelege liv, og at ho er der.

– Mange russiske folk skriv til meg at «me er med deg». I Russland er det mykje fake news, og dei fleste trur ikkje på at det er krig i landet mitt. Målet mitt er å vise heile verda at det skjer no, i det verkelege liv, og at ein kan sjå krigen på TikTok.
@valerisssh I spent my childhood here, thanks Russia ??? #stopwar ♬ ylang ylang – solartunne

– Dette er den beste måten å støtte Ukraina. Eg veit mange frå heile verda har donert pengar og send klede og hjelp. Eg tenker dette er min vesle måte å bidra til landet mitt på, sa ho til spansk CNN.

Evakuert til Polen

I fleire dagar har det vore forsøk på å opne humanitære korridorar som skal gjere det trygt og mogleg for sivile å flykte ut av byane og Ukraina. Torsdag 10. mars vart det endeleg semje om å opne fem humanitære korridorar, mellom anna Tsjernihiv – byen ho bur i.

14. mars posta ho ein ny video etter tre dagar utan aktivitet: «How I evacuated from Ukraine».

Valerija fekk sitje på med eit ungt par i bil i sju timar til togstasjonen i Kyiv, der ho tok toget til Lviv og så vidare til Warszawa, hovudstaden i Polen.

Der bur ho no hos ei veninne frå heimbyen Tsjernihiv, ifølgje Instagram-storyen hennar.

@valerissshIt’s the most horrible trip! Thanks Russia♬ Celebrate the Good Times – Mason

Foreldra er att i bunkeren, skriv ho i ein kommentar under videoen og på Instagram. Menn mellom 18-60 år får ikkje lov å forlate landet, og mor til Valerija vil ikkje reise frå mannen sin.


Andrey Goncharuk (68) frå det ukrainske forsvaret ser på skadane eit hus vart påført av eit russisk luftåtak, ifølgje lokale, i Gorenka. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda