Edith Meek Allern
Publisert
Oppdatert 12.08.2022 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

28. juli nådde verda overforbruksdagen, som inneber at ressursane på jorda for dette året allereie er brukt.

Noreg nådde overforbruksdagen allereie i april. At overforbruket må ned, er ein fasit like klar som han er upopulær, har professor i internasjonal utvikling Anders Breilid tidlegare kommentert i Morgenbladet.

Men er eigentleg ein lågforbrukslivsstil for ei grøn tvangstrøye å rekne?

Laura Sørensen (23) har bygd sitt eiget minihus med omsyn til natur og berekraft, men framfor alt motivert av den økonomiske fridomen som følgjer med ei slik buform.

Skissa: – Det tek vel så lang tid å planleggje som å byggje eit hus, seier Laura Sørensen. Foto: Privat
Gjengitt med løyve

Gjekk på folkehøgskule – fekk hus i København

Etter vidaregåande segla ho «eit par gongar» over Atlanteren. Den svimlande leddsetninga er byrjinga på forklaringa på korleis Sørensen kom til å byggje sitt eiget minihus.

– Eg segla på gamle treskip og oppdaga at det var heilt vilt fint å bruke hendene mine, fortel Sørensen.

For å lære meir om handverk byrja ho på Fosen folkehøgskule. Mottoet til skulen, «flinke hender, grønt hjarte», gir eit frampeik til linjeutvalet: sjølvberging, økologisk landbruk, tradisjonshandverk – og minihus. Eigentleg hadde ho ingen intensjon om å byggje sitt eige hus.

Det endra seg då medstudentar med eigne byggjeplanar delte tankane sine om forbruk og økonomisk fridom.

Med hjelp frå rettleiar og medelevar på skulen har ho hogd tømmer i skogen og funne anna materiale på ein gjenbruksstasjon. Ho har brukt eit år på å byggje huset, og gjennom sosiale medium funne ein gard i utkanten av København der ho får ha huset så lenge ho vil. På denne måten kan ho bu utan månadlege utgifter til bustad i det heile, verken til utleigar, studentskipnad eller eige huslån.

Råd til tid

Målet er å få meir tid, gjennom eit lågt forbruk. Utan buutgifter treng ho ikkje jobb ved sidan av studia. Mindre rom gir meir plass til andre storleikar, forklarar ho.

– Valet om å bu i minihus er nok mest ein reaksjon på økonomisk press. På vidaregåande hadde eg fire jobbar. Eg tente ein del pengar, men jobba så mykje at eg ikkje eingong hadde tid til å bruke dei. Det var meiningslaust, fortel Sørensen.

Ein ønsker å ha råd til noko anna. Ha råd til venner, å gå på tur, segle, alt dette som gjer meg glad. Råd til tid

– Når ein er pressa økonomisk er det ikkje plass til mykje anna i hovudet. Det er mange grunnar til å bu i minihus, men moglegheita til å prioritere eiga tid er verkeleg stort, legg ho til.  

Sørensen meiner det er uhaldbart at unge med dårleg råd ikkje kan bu i ordentlege leilegheiter. Ho understrekar likevel at det ikkje er slik at ein berre bur i minihus fordi ein har dårleg råd:

– Det er meir sånn at ein ønsker å ha råd til noko anna. Ha råd til venner, å gå på tur, segle, alt dette som gjer meg glad. Råd til tid, seier ho.

Ein motreaksjon på seks hjul

Den britiske økonomen John Maynard Keynes såg i 1930 føre seg ein slik lønsauke at han meinte ingen ville måtte arbeide meir enn femten timar i veka hundre år seinare. Medan løna har stige i tråd med det Keynes trudde, tok han grovt feil av kor mykje vi ville jobbe, hevdar Robert og Edward Skidelsky i boka How Much is Enough? Money and the Good Life. Forfattarane meiner mellom anna at Keynes undervurderte kor materielt umettelege menneske kan vere.

Klimaendringane tvingar oss no til å tenkje nytt om buformer og konsum, for å leve gode liv på ein måte planeten toler, meiner Anna Nordahl Carlsen.

Ho er styreleiar i Rethinking Economics Noreg og meiner nye perspektiv er naudsynte fordi dominerande økonomiske idear om vekst og profittmaksimering har medverka til klimaendringar og overforbruk i den rikaste delen av verda.

– Når ein tek utgangspunkt i kva ressursar som er tilgjengelege, er evig vekst heilt enkelt utelukka. Vekstimperativet står i eit umogleg forhold til at vi lever på ein planet med avgrensa ressursar, seier ho vidare.

Anna Nordahl Carlsen er styreleiar i Rethinking Economics Noreg. Dei jobbar for å forandre pensum til økonomistudentar og for å inkludere fleire perspektiv i økonomifaget, som økologisk økonomi. Foto: Morgane Fauconnier. Gjengitt med løyve.

Har større tru på nedvekst enn grøn vekst

I motsetnad til grøn vekst tek Nordahl Carlsen til orde for nedvekst. De-growth, omsett til nedvekst eller motvekst på norsk, er ein modul innanfor økologisk økonomi som tek sikte på kontrollert nedtrapping av produksjon og konsum, forklarar ho.

Å bu i minihus, ha eit minimalistisk forbruk og prioritere interesser som ikkje bidreg inn i økonomien, er ei form for nedvekst, meiner ho.

– Mange misforstår de-growth eller nedvekst som ei form for resesjon, ein økonomisk nedgang. Eigentleg er motvekst rake motsetjinga. Medan ein resesjon er utilsikta, ukontrollert og aukar sosiale forskjellar, er motvekst ein planlagt tilstand som tek sikte på å redusere ulikskap, forklarar Nordahl Carlsen vidare.

Nordahl Carlsen seier de-growth kjem frå det franske ordet décroissance og betyr tilbaketrekkinga av ei elv etter ein kolossal flaum, og legg til:

– De-growth handlar om å finne ein måte som menneske og natur kan leve i balanse på. Det handlar om på eit aller anna tidspunkt å seie eg er mett, eg er forsynt, legg ho til.

– Eg kjenner kvar ein spiker

For å redusere eige forbruk meiner Sørensen ein bør lære å bruke hendene:

– Å skape ting med eigne hender gir ting verdi. Det er verkeleg viktig å forstå kva verdi ting har, om ein ønsker eit lågare forbruk.

Ho fortel at ting tidlegare kunne miste verdi for ho, og meiner det var knytt til at ho ikkje hadde ei forståing av korleis det var produsert eller kor det var laga.

– Men i minihuset, der kjenner eg kvar ein spiker! At eg kjenner huset ut og inn gjer at det får stor verdi for meg. Det er min vesle baby, smiler ho.


Foto: Miljøagentane/Wanda Nordstrøm