Dagny Backer Johnsen
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur ikkje det finst ein gud, men fleire gudar og gudinner. Moder jord som ei gudinne er viktig for meg. I tillegg til dei fire elementa og det individuelle i mennesket.

I oppveksten gjekk Maja Ja Jansen (20) på kristen privatskule og las seg opp på religion på fritida. Ho har alltid vore fascinert av det overnaturlege, og religionar med fleire gudar.

I fjor fann ho ei bok om wicca i ein krystallbutikk i Lillestrøm som fanga interessa hennar. No er Maja Ja Jansen paganist og praktiserer eklektisk wicca. Til vanleg studerer ho kunst og formidling på OsloMet, og på Instagram kallar ho seg kunstheks.

– Eg har alltid vore interessert i religionar med fleire gudar, seier Maja Ja Jansen. Foto: Privat

– Det høyrest kanskje banalt ut, men eg trur at å vere takksam og ha gode intensjonar er viktig i alt vi gjer. Det finst så mange måtar å leve livet på. Det er ikkje farleg å prøve noko nytt, for å så finne ut at det ikkje passar for deg. Også når det kjem til tru.

Neopaganisme er ei samlenemning av fleire rørsler som gjenopplivar førkristen naturreligion. Wicca er ein del av den moderne hekserørsla grunnlagt av Gerald Brosseau Gardner. Eklektisk wicca kombinerer ofte gudar frå forskjellige religionar i eit og samme ritual.

– Eg har alltid vore interessert i religion. Spesielt religionar med fleire gudar som representerer ulike sider hos eit menneske. For meg blir det blir ein slags psykologisk tilnærming til tru.

Alle treng ikkje feire jul av samme grunn

For Jansen handlar utøving av tru mykje om å lage trygge omgivnader i heimen. Ho sankar blad og held små ritual på plassar i friluft som betyr noko for henne personleg.

– Eg er sterkt knytt til barndomsheimen min for eksempel. Då hentar eg gjerne blad og kvistar til pynt og ritual derfrå. For meg handlar det mykje om å verdsette det eg har rundt meg og som har forma meg.

Maja Ja Jansen som les tarotkort. Foto: Privat

I wicca følger ein sabbatåret. Det er eit årshjul som er delt inn etter sola. Når det er sabbat feirer ein årstida ein er i, og kvar sabbat har gjerne eit tema som for eksempel at sola snur, eller at det er tid for innhausting. Ein lagar gjerne eit godt måltid med vennar eller åleine, og pyntar med fargar, blad og urter som passar til årstida.

– Det er ganske likt som jul, berre åtte gonger i året, seier Jansen.

– Feirar du jul?

– Eg feirar jul. Eg kjem frå ein heilt vanleg kristen familie, men alle treng ikkje feire jul av samme grunn, seier Jansen.

Ei ny heksebølgje

Fleire medium har skrive om unge som har oppdaga wicca, både nasjonalt og internasjonalt. Aviser som VGThe Atlantic og Wired har alle skrive om TikTok-trenden WitchTok.

Der samlast unge wicca-entusiastar for å dele ritual, lære om mytologien og møte likesinna.

Emneknaggen #witchtok har vorte populær på TikTok: 

@kileymann #MyPlayoffPicks #witchtok #hagstone #folkmagic #fyp ♬ Судно (Борис Рижий) – Molchat Doma

NRK skreiv om dei unge heksene Sandra og Nelly fortalde historikar Rune Blix Hagen at han opplever at det er ei aukande interesse for trolldom og hekseri innan musikk, teater og ikkje minst i litteraturen.

– Vi har opplagt ei ny heksebølgje på gang, sa Blix Hagen til NRK Nordland.

Har vorte meir individualisert

Irene Trysnes er førsteamanuensis hjå Universitetet i Agder. Foto: UiA

Ifølgje Irene Trysnes, førsteamanuensis i samfunnsvitskap og fagdidaktikk ved Universitetet i Agder, er det vanskeleg å svare på akkurat kor utbreidd wicca er. Det er fordi dei fleste alternative rørsler er laust organiserte grupper utan medlemstal.

– Utifrå det eg veit finst det andelege sirklar som praktiserer ei form for wicca på dei fleste større plassar i Noreg.

– Er wicca-bølgja vi ser på sosiale medium no annleis enn tidlegare wicca-bølgjer?

– Sosiale medium har gjort at mange religiøse retningar har endra seg, og blitt meir synlege. Dette gjeld wicca også, fortel ho og held fram:

– Wicca-rørsla vi såg i Noreg på 80- og 90-talet framstod som ein feministisk motkultur og eit opprør mot for eksempel kristendommen. Sånn som wicca opptrer på TikTok og Instagram no tar den inspirasjon frå veldig mange ulike alternativt religiøse trendar, og er meir popularisert og kommersialisert enn tidlegare bølgjer.

– Religionen har generelt blitt meir individualisert: ein set det saman sånn som ein føler det passer best for seg sjølv.

– Kvifor trur du det har skjedd?

– Individualisering er noko vi har sett i Vesten lenge, og sosiale medium handlar om å eksponere seg sjølv. Derfor er det også naturleg at religiøse retningar blir meir individualiserte, avsluttar Trysnes.

Fordommar

Maja Ja Jansen fortel at ho unngår å snakke om trua til gamle familiemedlemmer, og folk som allereie har bestemt seg for at trua hennar er tull.

– Det skadar ingen at folk trur på forskjellige ting. Skepsis er sunt, men ikkje om målet er å bryte ned ein annan si tru. Då synest eg det er mest trist for den personen som ikkje er open for andre, seier Jansen.

Til vanleg studerer Maja Ja Jansen kunst og formidling ved OsloMet, og likar å male. Foto: Privat

I sosiale settingar er «kva trur du skjer når vi døyr?», eit klassisk spørsmål som ofte kjem opp, og som kan føre til interessante samtalar.

– Kva trur du skjer når vi døyr?

– Eg trur ikkje det blir svart. Eg trur på ei form for atterføding, men om ein blir eit menneske eller ein blome, det veit eg ikkje, seier Jansen.

Foto: Guillermo Kahlo/Offentleg eigedom. Kollasj: Framtida.no. (Trykk på biletet, så vert det større!)


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a)framtida.no!