15 ting me kjem til å sakne frå pandemilivet

Ingvild Eide Leirfall/Birgitte Vågnes Bakken/Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sjølv om det er mykje vi ikkje kjem til å sakne frå desse åra i unntakstilstand og med strenge restriksjonar, er det nokre ting som kanskje ikkje har vore så aller verst òg…

1. Munnbind = sminkelaus anonymitet

Av og til er det litt fint å vere heilt anonym når ein går ut døra. Med hua trekt ned i panna og munnbind som dekkjer halve andletet kan du snike deg rundt som ein ninja, ingen kjenner deg att. Det har vore deilig på dagar ein helst berre vil ligge på sofaen i pysjen med uvaska hår og inga sminke, men må på butikken for å kjøpe Pepsi Max og potetgull.

For dei som har litt kompleks for til dømes huda eller for å gå utan sminke, har munnbindet vore ein ven på slike dagar. Huda har fått kvile frå sminke både på heimekontoret og bak munnbindet. Vi kjem ikkje til å sakne makne, da.

2. Ingen FOMO!

Den berømte FOMO-en er tilbake. Igjen er Instagram fullt av folk som feirar (den andre) gjenopninga, og så sit du der kanskje med fear of missing out.

I pandemien var det faktisk eit dugnadstak å halde seg heime ein laurdagskveld, med taco og Netflix. No er det fort for at laurdagskosen vert forstyrra av alle andre sine filterfine planar, som du ikkje er ein del av.

3. Exit-strategi for introverte

Den parallelle kjensla til FOMO: Frykta for å måtte delta.

Koronapandemien og oppmodinga om å halde seg heime dersom ein hadde det minste symptom gav dei mest introverte av oss ei unnskyldning for å halde seg heime, dersom kropp og hovud berre ikkje orka tanken på å vere sosial – utan at nokon prøvde å gje deg dårleg samvit.

4. Meteren = mindre tafsing og seksuell trakassering

Har du nokon gong kjent handa til ein tilfeldig person på midja i det vedkomande «berre skal snike seg forbi»? Nokon som lener seg heilt inntil øyret ditt for å kviskre-rope (som det fort vert på utestadar) ein liten replikk? Eller kjent nokon presse seg mot ryggen din medan du dansar med vennar på byen?

Meteren gav mange eit herleg pusterom med avstand til personar ein helst vil halde vel utanfor intimsona si.

5. QR-kodane på bord

Det var ganske praktisk å bestille og betale alt frå bordet i dei periodane i pandemien det var innanfor å ete ute på restaurant eller ta seg eit glas på ein bar.

Ikkje berre får du heile menyen framføre deg og kan bestemme deg i ro og mak, men du får òg betalt for deg og kan forlate staden når du vil.

Det er praktisk, du slepp kø når du skal bestille i baren, du slepp å desperat prøve å få augekontakt med ein servitør når du skal betale, og det har vore lettare å vere fleire som skal bestille og betale. Alle kan betale for seg og bestille det ein vil ha, og ein slepp å plage servitøren med å splitte rekninga eller at ein person må leggje ut for alle for å unngå å vere eit problem.

6. BH- og bokserfri verd på heimekontor

Under pandemien oppdaga mange ei heilt ny verd, nemleg ei verd utan BH eller bokser. Med eit fleirtal som brukar feil BH-storleik, er det ikkje rart det då var deilig å kaste BH-en på heimekontoret. Eller å sleppe ein klam, stram bokser under joggebuksa.

For mange blir no joggebuksa og chille-genseren bytt ut med «normale» klede, og også BH-en får truleg sitt comeback.

Men hei, Emilie Hansen testa ei veke utan BH i fjor – og er du blant dei som har kasta BH-en på heimekontoret, må du ikkje nødvendigvis ta han inn att i varmen.

7. Sove lenger om morgonen

Sjølv om ein har sakna å preike med kollegaane på jobb og medelevar på skulen, er det ikkje til å stikke under stol at det (spesielt for dei som er B-menneske) ikkje har vore feil å få sove ein time ekstra om morgonen. Det har vore nokså behageleg å rulle ut av senga fem minutt før arbeids- eller skuledagen startar (eller til og med ta teams-møtet frå senga).

Det blir ein liten overgang til å stå opp, stelle seg, ete frukost og reise inn til jobb/skule.

8. Shopping med færre i butikken

Det er sjeldan ein dreg på shopping i pandemitid, men om ein først måtte innom ein klesbutikk for å kjøpe ny joggebukse (det etablerte arbeidsantrekket i pandemien), så var det rimeleg deilig med talgrense på kor mange som kunne opphalde seg i butikken på same tid.

Ingen som pustar deg i nakken fordi dei skal sjå på ein bluse som heng ved sidan av joggebuksa du vurderer. Ingen kø til prøverommet. Ingen endelaus kø ved kassa. Ah, berre velstand.

No er det tilbake til sild i tønne-kjensla og å måtte skrolle på telefonen medan ein ventar på tur.

9. Gaming blei akseptert som sosialisering

Under pandemien fekk gaming endeleg litt anerkjenning. Plutseleg var det det mest sosiale du kunne finne på, samstundes som du var heilt eksemplarisk i å halde koronareglane.

I tillegg var det til ei kvar tid mange som var pålogga, sidan det ikkje var mykje anna å finne på, så det var sjeldan problem å finne nokon å spele med.

10. Sleppe å sitje med framande på bussen

Ein vanleg buss eller trikk i Noreg ser ofte slik ut: alle vindaugsplassane er tatt, og folk står heller i midtgangen enn å setje seg på det ledige setet ved sidan av nokon – likevel er det uhøyrt å okkupere to seter til seg sjølv, særleg i rushen. Men i to år har det no vore heilt  innanfor å ha veska eller sekken i nabosetet sitt. Det var til og med markert med ein stor X at ingen kunne sitje side om side. Sjølve draumen!

Det er så lenge sidan vi har måtte dele sete på bussen at vi kanskje har gløymt dei sosiale kodane om korleis kommunisere med sidemannen at du skal av heilt utan ord eller kontakt, som vi jo var ekstremt gode på før.

Kanskje endå verre blir det på langdistanse. Å ta toget 6 timar har vore reint idyllisk når ein fekk sitje aleine heile vegen, sidan annakvart sete var stengt av. Turen blir kanskje ikkje like idyllisk sitjande tett i tett med ein framand, livredd for å sovne på skuldra til sidemannen, stressa for korleis ein skal kome seg forbi ein sovande sidemann for å gå på do og redd for å snorke.

11. Å ikkje vere sjuk generelt

Færre sosiale samankomstar betydde ikkje berre færre høve for koronasmitten til å spreie seg, men òg færre høve for andre bakteriar til å helse på nye vertar.

No når vi skal ut for å vasse eit opent samfunn igjen, så er det berre å bu seg på omgangssjuke og forkjøling igjen.

12. Sleppe å klemme folk ein ikkje kjenner så godt

For mange klemmarar har nok saknet etter å klemme medmenneske vore blant dei største under pandemien. Men for ei anna gruppe i samfunnet – ikkje-klemmarane – har pandemien vore ein kjærkomen pause frå eit fenomen dei helst skulle vore utan.

Kor godt skal du kjenne ein person før du går for klemmen? Er dette ein situasjon for klem eller handtrykk? Oi, du gjekk for handtrykket ja, min feil, hehe…

13. Smalltalk: korona var det nye vêret.

Pandemien har blitt det nye vêret i smalltalken. Heile frisørtimar eller møte med gamle kjente har ein kunne fylt med snakk om heimekontor, kor mykje ein saknar å reise til syden, kor mange dosar ein har teke, pfizer eller moderna og kva biverknader ein fekk.

Kva skal vi snakke om no? Må vi tilbake til å snakke om vêret no da?

14. Effektiv lunsjpause

Når ein styrte heile dagen heimefrå, kunne ein fint bruke resten av dagen på å lunsje og småete og heller utnytte lunsjen til å svinge innom matbutikken for å gjere unna middagsinnkjøpet i ro og mak i ein nesten tom butikk, gå ein liten tur, eller sole seg på balkongen og nyte ein is. Få gleder er så store som å kunne bruke lunsjpausen på ein midt-på-dagen-dusj!

15. Betre på treningssenter

For dei av oss som treng litt ekstra motivasjon har restriksjonane vore det sparket i baken ein trong i dei periodane treningssentera var opne. Med talgrense på kor mange som kunne trene på ulike tidspunkt måtte ein melde seg på ulike tidspunkt og timar – og fekk straffesanksjonar om ein ikkje møtte opp. Perfekt motivasjon!

I tillegg var det mykje betre plass på treningssentera. Ingen kø til romaskina eller tredemølla, og høve til å slå ut armane så mykje ein ville på Zumba-time.