For første gong har ei hetebølgje fått eit eige namn

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong har forskarar gitt namn til ei hetebølgje. Ho heiter Zoe og skildrar hetebølgja i Sevilla i Spania mellom 24. og 27. juli, der temperaturen kom opp i 44,4 grader.

Tanken er å opplyse folk om dei ekstreme temperaturane og åtvare om farane ved hetebølgjer, seier forskar José María Martín Olalla til USA Today.

I juni innførte Sevilla, som første by i verda, eit nytt system som skal kategorisere og namngje hetebølgjer. Etter Zoe, vil dei neste hetebølgjene bli kalla Yago, Xenia, Wenceslao og Vega.

Få folk til å lytte

Namnet kjem frå pilotprosjektet proMETEO i Sevilla, som har mål om å auke kunnskapen folk har om ekstremvarme og å kjempe fram tiltak for å redusere farane frå hetebølgjer.

Tanken er at å høyre at «hetebølgja Zoe kjem», heller enn «det skal bli ekstremt varmt» kan gjere at fleire lyttar til åtvaringar og informasjon som blir gjeven, og kanskje hindre dødsfall.

Kva er ei hetebølgje?

Hetebølgjer er av Spanias meteorologiske institutt (AEMET) definert som minst tre samanhengande dagar der minimum 10 prosent av vêrstasjonane måler makstemperaturar over 41,1 grader. Det er høgare enn 95 prosent av dei daglege temperaturtoppane for juli til august, mellom 1971 og 2000.

I Noreg har Meteorologisk institutt nyleg innført ein ny definisjon av det dei kallar ei «norsk hetebølgje»: For å kunne kalle noko ei hetebølgje, må det vere ein gjennomsnittleg makstemperatur på 28 grader eller meir over ein periode på fem dagar. I same periode må minimumstemperaturen i snitt ligge på minst 16 grader.

Første namngjevne storm i 1953

Stormar har lenge fått eigne namn: allereie i 1953 byrja National Hurricane Center i USA å gi namn til stormar i Atlanterhavsregionen. No er det ein internasjonal komite ved World Meteorological Organization som har teke over oppgåva.

I Noreg har ekstremvêr fått namn av Meteorologisk institutt sidan 1995. Annakvart namn er eit kvinnenamn og eit mannsnamn, og ein brukar ikkje bokstavane: Q, W, X, Z, Æ, Ø og Å.

Målet med å gi namn til ekstremvêr er å lette kommunikasjonen slik at det er lettare å følgje utviklinga av vêret og få med seg rett informasjon. Det første ekstremvêret som fekk namn i Noreg var Agnar 12. oktober 1995.

Mange tusen daude

Hetebølgjer kan vere farleg mellom anna på grunn av dehydrering og redusert allmenntilstand. I ein studie frå 2018 var det ikkje registrert noko auke i dødsfall i Noreg knytt til hetebølgjer, men klimaendringar og hyppigare hetebølgjer gjere at dette kan vere i endring, skriv Meteorologisk institutt i ei pressemelding.

I Europa har det vore mange tusen fleire dødsfall under sommarens heitebølgjene, enn det elles plar vere.


Foto frå storfilmen «Don’t Look Up». Cate Blanchett og Tyler Perry speler nyheitsankarar. Leonardo DiCaprio og Jennifer Lawrence speler forskarar og åtvarar om at ein meteor vil treffe og øydelegge jorda. Foto: Cr. Niko Tavernise / Netflix © 2021