Studie: Tenåringar sin hjerne vart fortare eldre under pandemien

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 12.12.2022 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei som deltok i studien rapporterte også meir alvorlege symptom på angst, depresjon og tungsinn, låg sjølvtillit, frykt og vanskar med å regulere kjenslene sine, etter det første året med pandemi.

Stor uro og sosial distansering

Det er ikkje første gong forsking viser at tenåringar og unge vaksne si psykiske helse har lidd under pandemien. Ein studie Verdshelseorganisasjonen har utført, viser at talet på påviste tilfelle av alvorleg depresjon auka med 27,6 prosent i det første året med pandemi.

Også i Noreg har fleire rapportar vist at unge har hatt det tungt under pandemien. I ei undersøking frå Mental Helse Ungdom svara 10 prosent at dei hadde opplevd psykiske utfordringar for første gong.

I Røde Kors sin hjelpetelefon for unge var det 40 prosent fleire som ringde i 2020 enn året før.

Både i Noreg og USA opplevde tenåringar å bli tekne ut av skulen, bort frå vener og sosialt nettverk, og måtte leve med frykta og usikkerheita som kom med koronaviruset. Mange foreldre mista jobben, og i USA opplevde fleire millionar barn å mista foreldre og besteforeldre til sjukdomen.

I tillegg til å uroe seg for sjukdom, isolering og økonomi var  det også ei auke i vald i heimen.

Tre år eldre hjernar

Studien, som vart publisert torsdag, er den første som har sett på dei fysiske endringane i hjernen som vart forårsaka av stresset og angsten som kom med pandemien.

Dei samanlikna MR-bilete frå 163 unge som var tekne før pandemien med bilete tekne i slutten av 2020, nesten eitt år inn i pandemien.

Forskarane såg at hjernen til borna som hadde levd gjennom det første året med koronapandemien og lockdown var endra. Pandemien hadde elda hjernen med nesten tre år.

Ian Gotlib, professor i psykologi ved Stanford Universitet. Foto: Stanford University

– Dette var berre ei nedstenging på eitt år, så me visste ikkje at effektane på hjernen ville vere så tydelege etter ein så kort periode med stress, seier Ian Gotlib, professor i psykologi, til CNN. Han er hovudforfattar av studien.

Hjernane som hadde vore gjennom starten på pandemien, hadde vakse i amygdala – området av hjernen som skal kontrollerer frykt og stress – og i hippocampus, som er området i hjernen som kontrollerer minna våre.

Hjerneborken (cortex) hadde fått tynnare vev. Dette er den delen av hjernen som kontrollerer funksjonar: som å planlegge, fokusere, hugse ting, problemløyse, personlegdom, merksemd og meir.

Problem for psykisk helse på sikt?

Barn sine hjernar endrar seg naturleg over tid, men forsking viser at desse fysiske endringane kan gå fortare når ein person går gjennom stor motgang i barndomen. Til dømes har ein sett at unge som er utsett for vald, omsorgssvikt, fattigdom og familieproblem har ein hjerne som eldast fortare enn normalt, og kan få problem med den psykisk helsa etter kvart.

Ein veit ikkje endå om hjerneendringane dei fann i den nye studien vil påverke desse ungdomane seinare i livet. Forskarane sin plan er å følgje opp dei same barna for å følge hjerneutviklinga deira.

– Det er mogleg at hjerneendringane berre var ein umiddelbar respons på ein stressfaktor, og vil normalisere seg over tid, seier Gotlib til CNN.

10 av barna dei tok MR av hadde sjølv korona, og forskarane meiner det var ei noko større endring hos desse.


For fire år sidan prøvde Petter Aaberg (28) å avslutte livet, no debuterer han og medregissør Sverre Kvamme (26) med dokumentar om psykiske lidingar. Pressefoto.