300 fleire lærarar ut i streik – dette er krava

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I vår forhandla mange fagforeiningar med arbeidsgjevarane sine om blant anna løn, utdanning og arbeidstid for jobben sin.

Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund og Lektorlaget klarte ikkje å bli einige med Kommunesektorens organisasjon (KS), som er dei som bestemmer arbeidsvilkåra i kommunar og fylkeskommunar i Noreg.

Det er lærarar som arbeider på ungdomsskulen eller vidaregåande skule som streikar. Difor blir ikkje elevar i barneskulen påverka.

Kva vil lærarane?

Fordi mange ting no blir dyrare, seier lærarane at dei får dårlegare råd.

Utdanningsforbundet seier også at det ikkje er nok lærarar med godkjent utdanning, og at lærarstudiet er mindre populært, fordi løna er dårleg.

Difor vil lærarane:

  • ha like stor løn som andre med like lang utdanning som arbeider i kommunen.
  • at skular blir betre på å tilsette lærarar med godkjent utdanning.

KS er ueinige i desse krava, og seier dei har strekt seg så langt dei kan med økonomien dei har, og at dei har gitt gode vilkår til lærarane.

Venta med streik

Skular over heile landet, utanom Oslo, er råka. Det er fordi Oslo har ei eiga ordning for forhandlingar.

Sjølv om lærarane vart ueinige i mai, venta dei med å ta ut veldig mange i streik før sommarferien, sidan skuleåret nesten var over.

Det endra seg ved skulestart. No er det til saman 3500 lærarar som streikar i heile landet. I dag vart det til saman teke ut 300 lærarar i streik. Nokre av dei er i Bærum kommune, der det ikkje har vore streikande lærarar til no.

Kart som markerer dei forskjellige kommunane der lærarane streikar.

Det er ungdomsskular i 15 forskjellige kommunar som er ramma av lærarstreiken.

Fargekart over kor mange vidaregåande skuler er ramma av streik. Vestland er mørkast, sidan dei har flest ramma.

Det er forskjellig frå fylke til fylke kor mange vidaregåande skular som er ramma av lærarstreiken, men alle utanom Oslo er påverka.

    Ein elev søv med hovudet på pulten sin.Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK

Streik

Med jamne mellomrom forhandlar arbeidsgjevarar og arbeidstakarar om jobbvilkår.

Er arbeidstakarane ueinige kan dei gå ut i streik.

Då sluttar dei å gå på jobb for å presse arbeidsgjevar til å bli einig.

Arbeidsgjevaren kan også presse arbeidstakarane, ved å stenge dei ute frå jobb.

Det heiter lockout.