Dette betyr dei ulike regnbogeflagga

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.06.2023 12:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du kjenner nok att regnbogeflagget, men kanskje har du sett andre fargerike flagg vaie i Pride-paradar?

Dette er ein kjapp gjennomgang på nokre av dei vanlegaste regnbogeflagga og kva dei ulike fargekombinasjonane tyder: 

(Psst! Om du synest nokre av orda er vanskelege, sjekk ut denne ordlista frå Skeiv Ungdom eller denne frå Framtida.no-arkivet!)

Regnbogeflagget

Det opphavelege regnbogeflagget kjem frå San Fransisco i 1978, og er eit symbol på stoltheit.

Flagget var skapt av amerikanske Gilbert Baker, og hadde eigentleg åtte horisontale striper i fargane rosa, raud, oransje, gul, grøn, turkis, indigo og fiolett. Det er to meir enn flagget vi oftast ser i dag.

Det progressive flagget

Flagget vart laga i 2018 av den grafiske kunstnaren Daniel Quasar, for å tydeleg inkludere ikkje-kvite skeive og transmiljøet.

Quasar tok utgangspunkt i regnbogeflagget, men la til fargane frå transflagget, samt brun og svart for å representere ikkje-kvite. Den svarte stripa har òg ei dobbelmeining, og skal representere dei som lever med aids og fordommane knytte til sjukdomen.

Flagget for lesbiske

Det finst mange ulike variantar av flagg som syner lesbisk stoltheit, men eit av dei populære flagga vart laga i 2018 og er sett saman av ulike nyansar oransje og rosa. Det finst både med sju striper og med fem striper.

Flagget for bifile

Flagget som heidrer bifile vart skapt i 1998 av Michael Page, som ville synleggjere bifile som ei eiga gruppe innanfor den større skeive rørsla og i samfunnet som heilskap.

 

Flagget for transpersonar

Flagget som signaliserer trans-stoltheit vart skapt i 1999 av Monica Helms. Ho er ei amerikansk transkvinne og marineveteran. Flagget vart først veiva året etter under Pride-paraden i Phoenix.

Det første flagget ho skapte heng no på Smithsonian Natural Museum of American History.

Flagget for dei som er genderqueer

Marilyn Roxie skapte flagget for genderqueer-stoltheit i 2011, for å synleggjere personar som ikkje kjenner seg att i tokjønnsmodellen med mann og kvinne.

Flagget var skapt for å representere alle som er ikkje-binære eller genderqueer, men det har vorte laga fleire flagg i ettertid.

Flagget for ikkje-binære

Flagget som vaier for ikkje-binære vart skapt av Kyle Rowan i 2014. Då var ikkje meint til å erstatte genderqueer-flagget, men for at dei to kunne vaie saman.

Flagget for dei som er kjønnsflytande

Flagget for dei som er kjønnsflytande (genderfluid) vart utforma i 2013 av JJ Poole, for å representere personar som har ei kjønnsidentitet og/eller eit kjønnsuttrykk som er flytande og kan variere frå ulike tider og omstende.

Flagget for dei som er intersex

Flagget for intersex-stoltheit vart skapt av Morgan Carpenter, dåverande leiar av Organization Intersex International Australia, i 2013. Intersex vil seie at ein er fødd med ein kombinasjon av mannlege og kvinnelege biologiske trekk.

Flagget for dei som er aseksuelle

Flagget for dei som er aseksuelle vart skapt i samband med ein designkonkurranse organisasjonen Asexuality Visibility and Education Network hadde i 2010.

Flagget symboliserer både dei som identiserer seg som aseksuelle, dei som er gråseksuelle og dei som er demiseksuelle.

Gråseksuell vil seie at ein som oftast ikkje opplever seksuell tiltrekking, men kan gjere det ein sjeldan gong.

Demiseksuell vil seie at ein ikkje opplever tiltrekking til nokon med mindre ein får ei sterkt emosjonelt band først. Det finst òg eit eige flagg for demiseksuelle.

 

Flagget for dei som er aromantiske

Ein av dei nyare og mest populære variantane av flagg som syner aromantisk stoltheit, vart skapt i 2014 av ein Tumblr-brukar som heitte Cameron.

Det finst òg eit eige flagg for dei som er demiromantiske.

 

Flagget for dei som er panfile

Flagget som syner syner panfil-stoltheit dukka opp på internett i 2010 og ha vorte mykje nytta sidan då. Panfil tyder at ei vert tiltrekt personar uavhengig av kjønn.

Bjørneflagget

Det internasjonale Bear Brotherhood Flag vart designa i 1995 av Craig Byrnes.

Den norske Bamseklubben er for homofile menn. Bamseomgrepet viser til utsjånad og veremåte, men klubben er open for personar i alle aldrar og fasongar. Fargane i flagget refererer pelsfargen til bjørnar verda over.

Illustrasjon: Fibonacci/Flickr (CC BY-SA 3.0)

 



Illustrasjonsfoto: Anete Lusina, Pexels.com