Fjorten skeive idrettsheltar som har fortalt verda om legninga si

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delar av idretten har blitt trekt fram som ein vanskeleg plass å vere skeiv. Mellom anna skreiv ein Premier League-spelar i 2020 eit anonymt brev som skildrar tilværet som homofil fotballspelar som eit mareritt.

Thomas Berling stod i 2001 fram som den første norske mannlege homofile toppfotballspelaren. Han la opp ei veke seinare, fordi han hadde fått nok av homovitsar i garderoben. I dag er det ingen opent homofile spelarar i norsk toppfotball for herrar.

I løpet av dei siste åra har stadig fleire sett skeive rettar i idretten på dagsordenen, og fleire idrettsutøvarar har stått fram som skeive.

Her er nokre av føredøma som har brukt stemma si for at idretten skal bli meir inkluderande.

Fotballspelar Guro Reiten

– Eg er stolt over den eg er og det skal eg ikkje gøyme på grunn av det her.

Det sa fotballspelar Guro Reiten til VG etter landskampen mellom Noreg og New Zealand laurdag 25. juni. Chelsea-spelaren fortel at masseskytinga i Oslo, som blir etterforska som terror og hatkriminalitet retta mot skeive, går inn på ho. Reiten er sjølv skeiv.

– Nokre meiner eg ikkje fortener å leve på grunn av den eg er. Det er inga god kjensle, det er ikkje sånn det skal vere, sa landslagsprofilen til avisa.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Guro Reiten (@greiten)

Det norske landslaget nytta kampen til å vise til støtte til Pride, og stilte med sørgjeband og regnbogeband. Ada Hegerberg løfta det regnbogefarga kapteinsbandet til Maren Mjelde i lufta etter at ho skåra mål.


Fotballspelar Josh Cavallo

– Eg er fotballspelar, og eg er homofil.

I 2021 kom den australske midtbanespelaren Josh Cavallo ut som homofil, og vart med det den einaste aktive, mannlege toppspelaren i verda som var open homofil.

Han fortalde i ein video at han ville vise andre at det er greitt å vere seg sjølv og at ein kan vere skeiv og spele fotball.

Cavallo hadde følt at han måtte skjule legninga si og sa at han har kjempa mot seksualiteten sin.

– Eg følte eg måtte skjule kven eg er, for å følgje draumen eg har hatt sidan eg var barn. Alt eg vil er å spele fotball, og bli behandla likeverdig.


Snowboardar Šárka Pančochová

Den tsjekkiske snøbrettkøyraren Šárka Pančochová har delteke i fleire OL. Ho har brukt posisjonen sin til å kjempe for LHBT-rettar i heimlandet Tsjekkia.

– Det er alltid ei ære å kunne representere landet mitt i OL, og også representere lhbtq-samfunnet og presse på for homofile ekteskap i Tsjekkia», sa Pančochová til Outsports, ifølgje Blikk.no.

Pančochová gifta seg med kona Kaileen i USA i august i fjor. Ho vil bruke stemma si som open skeiv idrettsutøvar til å kjempe for retten til likekjønna ekteskap i Tsjekkia.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Sarka Pancochova (@sarkasnow)

I årets vinter-OL i Beijing var det minst 35 opne skeive idrettsutøvarar som deltok. Det var det høgste talet nokosinne, og dobbelt så mange som sist vinter-OL, ifølgje Outsports.


Fotballproff Jake Daniels

Blackpool-spelar Jake Daniels er den første mannlege fotballspelaren i England sidan 1990 som fortel at han er homofil medan han framleis er aktiv. Ifølgje Sky News er Justin Fashanu den einaste som har gjort det same, og det var for over 30 år sidan.

I intervjuet med Sky Sports fortel Daniels at han ikkje trudde det var mogeleg å bli fotballproff som homofil. Han trudde han måtte vente med å kome ut til han var ferdig som proff, sidan ingen andre profesjonelle i den engelske ligaen er opent homofile.

– Det å vere homofil, bi eller skeiv i herrefotball er framleis eit tabu. Eg trur det handlar om at mange fotballspelarar har lyst til å bli kjende for maskuliniteten sin. Og folk ser på det å vere homofil som å vere svak, noko du kan bli mobba for på fotballbana, seier han til kanalen.

Jake Daniels spelar i tredjedivisjon i den engelske ligaen. No vonar 17-åringen at ein spelar i Premier League også vågar stå fram.

Fotballproffen Jake Daniels (17) har stått fram som homofil, som den første mannlege spelaren som framleis er aktiv i engelsk liga på over tretti år og den andre nokosinne. Foto: Blackpool FC


Fotballpresident Lise Klaveness

Tidlegare fotballproff og noverande fotballpresident Lise Klaveness fekk nyleg Frydprisen for innsatsen ho har gjort for skeive idrettsutøvarar. Prisen blir delt ut av FRI.

Dei viser i grunngjevinga til at Klaveness gjorde inntrykk globalt då ho snakka makteliten i fotballverda midt imot tidlegare i år på FIFA-kongressen i Qatar. Fotballpresidenten retta skarp kritikk mot FIFA og understreka at ein ikkje kan arrangere verdsmeisterskap i eit land dei skeive ikkje har juridisk garanti for tryggleiken sin. I Qatar er homofili ulovleg og ein kan bli straffa med sju års fengsel. Klaveness fekk òg Fritt ords Honnør etter talen.

Klaveness er sjølv open om at ho er skeiv.

– Eg kjenner på det sjølv, eg må sjekke min eigen sikkerheit før eg drar ned og snakkar om desse tinga for open mikrofon, fordi eg sjølv lever i eit homofilt ekteskap, sa ho før ho reiste.

Lise Klaveness på talarstolen i Qatar. Foto: AP Photo/Hassan Ammar


Langrennsløpar Stian Grastveit

I 2018 stod langrennsløpar Stian Grastveit fram som homofil.

Grastveit fortel at han fekk mange positive reaksjonar etter at han stod fram, men at tida etterpå blei tøff. Han møtte veggen og måtte ta ein pause.

Alt i alt synest han likevel det har vore bra å bidra til å vise at idrett er for alle.

– Eg vonar eg når ut til folk som slit med det same. Ein kan halde fram å vere heilt vanleg idrettsutøvar utan at legninga har noko å seie. Og så vonar eg at eg er den siste som treng å gjere dette, sa Heming-løparen til Dagbladet.

I dag held han òg føredrag om psykisk helse der han brukar eigne erfaringar.

I samband med 50-årsmarkeringa for avkriminaliseringa av homofili i Noreg, delte Grastveit nokre tankar om korleis det var for han å stå fram. Han skriv på Instagram at han polerte historia for å inspirere andre til å stå fram, men jo lenger tid som går jo meir ser han utfordringane vi framleis står overfor.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Stian Grastveit (@stiangrastveit)


Handballprofilane Gro og Anja Hammerseng-Edin

Handballspelar Gro Hammerseng-Edin sto ufrivillig fram som lesbisk då TV 2-profil Harald Bredeli kalla ho «den flottaste lesba på Toten», utan å vite at han var på lufta.

I ettertid har handballproffen uttalt at ho er bifil.

Gro Hammerseng-Edin har vore oppteken av å kjempe mot fordommar og tabu rundt seksuell legning i offentlegheita. Ho har vore oppteken av at lesbiske og homofile bør sleppe å skamme seg.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Hammerseng-Edin (@hammersengedin)

Gro Hammerseng-Edin er gift og har barn med handballspelar Anja Hammerseng-Edin. Anja har vore open om at ho ikkje torde å dusje i damegarderoben. Ho var redd for at nokon ville tru at det var ein mann som hadde gått feil eller at dei andre jentene skulle tru at ho stira på kroppane deira fordi ho er lesbisk.

Då dei to fekk barn, har dei teke til motmæle mot dei negative reaksjonane dei fekk.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Anja Hammerseng-Edin (@anjahammersengedin)


Richarlyson Barbosa Felisbino. Foto: Borges_e_Richarlyson.JPG, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons

Fotballspelar Richarlyson Barbosa Felisbino

Brasilianske Richarlyson Barbosa Felisbino stod nyleg fram som bilfil. Med det er han den første landslagsspelaren på Brasil som er open om å vere skeiv. Richarlyson har spelt to kampar for det brasilianske landslaget, og la opp i fjor.

Den tidlegare fotballspelaren fortalde i ein podkast hjå Globo Esporte at han heile livet har blitt spurt om han er homofil eller ikkje, og at han har hatt forhold til både menn og kvinner.

Richarlyson bestemte seg for å fortelje at han er bifil fordi mange seier det er viktig å stå fram. I Brasil står machokulturen i fotballen sterkt.


Friskikøyrar Gus Kenworthy

Amerikanske Gus Kenworthy stod i 2015 fram som den første opne skeive X-Games-utøvaren nokosinne. OL-sølvvinnaren har fortalt at han i forkant grudde seg, og var redd for å miste, fans, venar og sponsorar. I intervjuet med ESPN der han stod fram, fortalde han at han til tider hadde vurdert å ta sitt eige liv.

Til Washington Post fortel han at han med det same kjente ei stor lette, og at ei byrde blei løfta frå skuldrene hans då han fortalde det.

– Eg følte meg som et vrak og gret så mykje, for eg følte så mykje kjærleik. Eg hadde berre førebudd meg på det verste, seier friskikøyraren, ifølgje Dagbladet.

Men han fekk òg meldingar om at han burde ta livet av seg. 

Gus Kenworthy tok OL-sølv i slopestyle. Foto: AP Photo/Gero Breloer


Handballspelar Ola Hoftun Lillelien

Handballspelar Ola Hoftun Lillelien fekk tidlegare i 2022 mykje merksemd etter at han delte at han er homofil i eit innlegg på Instagram. Han skriv at han ikkje gjer det for eigen del, men for å vere eit førebilete.

Drammen HK-spelaren skreiv at han «mest sannsynleg ikkje endar opp med ei søt jente, men ein kjekk gut». Til NRK har han fortalt at talen til kong Harald om at Noreg er «gutar som er glad i gutar, jenter som er glad i jenter, og jenter og gutar som er glad i kvarandre» inspirerte han til å stå fram.

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ola Hoftun Lillelien (@olalillelien)


Fotballspelar Megan Rapinoe

Megan Rapinoe er ein av dei største kvinnelege fotballprofilane i verda. Ho er kaptein på det amerikanske landslaget, og har vunne både Ballon d’Or Féminin, OL-gull og to VM-gull.

Fotballstjerna har utmerkt seg også utanfor fotballbana, og har brukt stemma si til å setje rasisme, likeløn i fotballen og LHBT-rettar på dagsordenen.

Rapinoe stod offentleg fram som skeiv i Out magazine i 2012. Året etter vart ho ambassadør for Athlete Ally, ein ideell organisasjon som jobbar mot homofobi og transfobi i idretten.

Rapinoe har kome med på Time Magazine si liste over dei 100 Most Influential People.

eit intervju med Time Magazine sa den amerikanske fotballprofilen nyleg at ho støttar inkludering av transpersonar 100 prosent.

– Vi snakkar om barn. Vi snakkar om folk sine liv. Vi snakkar om at heile statsapparatet slår ned på eitt barn i somme statar, tre barn i somme statar. Dei tek sine eigne liv, fordi dei vert fortalde at dei er ekle og annleis og vonde og syndige, og dei kan ikkje delta i sport med vennane dei vaks opp med.

Megan Rapinoe er kjend for ferdigheitene sine på fotballbana og for å nytte stemma si utanfor. Foto: Lorie Shaull, CC BY-SA 2.0


Rugbyprofil Dan Palmer

Dan Palmer har spelt rugby i den øvste ligaen i Australia og i det internasjonale meisterskapet Super Rugby. I 2020 fortalde han i eit lesarbrev i Sunday Morning Herald at han er homofil.

– Eg sat fast i ei falsk historie og såg ingen utveg. Dei fleste nettene gret eg meg i søvn, og ofte dopa eg meg ned med ei blanding av opiat, skriv Palmer ifølgje TV 2.

I brevet fortel Palmer at han føretrekte sin eigen død over at folk fekk vite at han var homofil. Rugbyprofilen, som la opp i 2015, vonar at han ved å stå fram vil kunne hjelpe andre. Han viser til at berre eit handfull profesjonelle rugbyspelarar har stått fram som skeive.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av CNN Sports (@cnnsport)

I 2019 uttrykte ein annan rugbyspelar, Israel Folau, seg nedsetjande om homofile, og blei kasta ut av både klubb- og landslag. Palmer skriv at Folau-saka bidrog til at han følte ansvar for å seie noko, då utsegnene ikkje berre påførte sporten skade, men kan påverke ungdommar som ser opp til han og som kjempar med seksualiteten sin.


Fotballdommar Tom Harald Hagen

I ein fotballkamp i 2020 kalla Kristiansund-spelar Flamur Kastrati Vålerenga-trenar Dag-Eilev Fagermo «ein sopar».

I etterkant av kampen fortalde dommar Tom Hagen i lokalavisa Glåmdalen at han er homofil.

– Det er jo toppen av ironi at det er akkurat eg som dømmer den kampen, sa dommaren til avisa.

Dommar Tom Harald Hagen. Foto: Ole Martin Wold / NTB

Hagen poengterte at han ikkje med det stod fram som homofil, då det alltid har vore ein naturleg del av livet hans og ingen løyndom. Han fekk likevel mykje merksemd, sidan det ikkje er nokon andre opne skeive verken blant spelarar eller dommarar i norsk herrefotball på toppnivå. Hagen blei hylla både i fotballmiljøet og i sosiale medium for å vere open.

– Det er sjølvsagt ikkje i seg sjølv noko sensasjonelt ved at Hagen er homofil. Men i erkjenninga av at homofile gutar og menn hittil ikkje har funne ein trygg nok arena i fotballen, er det viktig og fint at ein slik profil i toppfotballen vel å fortelje opent om dette, sa Lise Klaveness, til Aftenposten.


– På ein måte var målet med meiningsinnlegget og artiklane at personar i kajakkmiljøet skulle bry seg, og skulle gidde å legge ned arbeidet som krevst for å vere inkluderande på ekte. Men det har ikkje hendt. Det er ganske trist.
Foto: Justine Salvaro