Madelen (28) inviterer ein framand til nyttårsfeiring – oppmodar fleire til å gjera det same

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håpar at fleire ser seg litt rundt og ser om ein har nokon som er åleine i eksisterande nettverk. Ein kan ha litt lågare terskel til å invitera, om det så berre er til lunsj eller kva det skal vera desse dagane, seier Madelen Ljosland, og legg til:

– Eg hadde sett pris på det om det var omvendt, for det er skummelt å invitera seg sjølv.

Nyleg la 28-åringen frå Sandnes ut ein Instagram-story der ho spurde: «Ska du eller noen du kjenna feira nyttår aleine i Oslo i år?» 

Tronge økonomiske tider

Ljosland kjem eigentleg frå Sandnes, men har budd dei siste åtte åra i Oslo.

Ho er glad i å arrangera for vener og kjente, difor har bustaden hennar vore ein naturleg samlingsplass på nyttårsaftan dei siste seks åra.

I år har ho bestemt seg for at det er på tide å utvida bordsettinga og inviterer difor ein som ikkje har nokon å feira med.

– Det er noko eg har tenkt på i fleire år. Spesielt under korona vart ein merksam på at fleire var åleine, men då var det ein del restriksjonar på kor mange ein kunne vera og at ein ikkje kunne miksa kohortar.

Bilete frå nyttårsaftan 2021. No har Madelen Ljosland plass til fleire rundt bordet. Foto: Privat

Ho peikar på at restriksjonane er oppheva, men at mange kan ha økonomiske avgrensingar eller mangla nokon å feira med.

– Kanskje det er nokon som ikkje kan dra heim fordi dei er nøydd å jobba, som ikkje har nokon å feira med eller som har litt mindre nettverk, seier Ljosland.

Kalkunmiddag og allsong

28-åringen har fått mange positive tilbakemeldingar på Instagram-historia og fått kontakt med nokon kjenningar, men vil framleis opna for ein utanfrå.

Ho har òg laga ein Instagram-post som har fått over 200 likarklikk og nådd mange fleire etter at det vart delt vidare av P3-profil Nate. 

– Har faktisk fått fire stykker no som ynskjer nokon å feira med. Så om andre ser eit høve til å opne for ein ekstra trur eg det vert sett veldig stor pris på, understrekar Ljosland.

Ho fortel at dei truleg vert 12–13 personar til saman, og at venene hennar er ein triveleg gjeng som er glade i å prata og bli kjent med nye folk.

– Ein styrer sjølv om ein vil drikka på ein slik dag og kor lenge ein er med, presiserer Ljosland.

Det vert tradisjonell kalkunmiddag med hovudrett og isdessert der ein sjølv kan pynta med brownies, cookies og godteri. Og så er det sjølvsagt fyrverkeri.

– Så plar me å ha songhefte på nyttår med songar me har høyrt på jamt utover året. Me har det som tradisjon og håpar at ein ny person synest det er gøy.

Ikkje farleg å spørja

For Ljosland og venene er det viktig at alle er velkomne, anten det er 17. mai, nyttår eller jul, som er dagar ho tenkjer på som viktige å feira med andre.

Ho håpar fleire har lyst til å opne opp eitt år det passar seg slik, og har òg eit råd til dei som ikkje føler dei har ein plass å gå til.

– Eg trur at det å spørja ikkje er så farleg som ein trur, men eg skjønnar at det kan følest som å trengja seg på. Som regel set folk pris på at ein vil koma til dei.

Kygo gav 100.000 kroner til fattige born i jula. Foto: Kim Erlandsen, NRK. Lisens: CC BY NC SA 2.0