Ungdomsorganisasjonane trillar terning på statsbudsjettet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag førre veke la regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet fram sitt forslag til statsbudsjett for 2023.

Framtida.no har spurt ungdomsorganisasjonane kva styrkane og svakheitene med budsjettet er: 

SAIH: – Skuffande og usolidarisk av Noreg

? Største styrke for feltet dykkar: Auken på 40 millionar til arbeid for menneskerettar.

– I ei tid der det er framvekst av autoritære regime internasjonalt, er det viktig med meir støtte til dei som jobbar for å forsvare menneskerettane, seier Hector Ulloa på e-post til Framtida.no.

Han er leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Dei gler seg over at regjeringa i sitt statsbudsjettforslag har auka støtta til arbeid for menneskerettar med 40 millionar.

– Vi veit at diktatorar og andre autoritære leiarar verda over slår hardt ned på studentaktivistar som hevar stemma. Vi ser det i Myanmar, i Zimbabwe, i Iran. Studentaktivistar og andre menneskerettsforsvarar treng all støtte dei kan få, slår Ulloa fast.

Hector Ulloa er leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond. Foto: SAIH

? Største svakheit for feltet dykkar: 0,75 prosent av BNI i bistand, kutt i utdanningsbistand og skulepengar for internasjonale studentar.

– Det er skuffande og usolidarisk at Noreg ikkje held løftet om 1 prosent av BNI til bistand i ei tid der landet profitterer stort på høge prisar på olje og gass, meiner Ulloa.

SAIH-leiaren håpar at forslaget om 0,75 prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) i bistand ikkje vert ståande. Organisasjonen er òg sterkt kritisk til kuttet på 270 millionar kroner i utdanningsbistand:

– Etter to år med stengde skular og universitet, er behovet for utdanningsfinansiering stort.

SAIH er òg blant dei som er motstandarar av å innføre skulepengar for internasjonale studentar, som kjem frå land utanfor EØS og Sveits. Organisasjonen meiner det er ein dårleg idé:

– Med gratisprinsippet er Noreg eit unikt døme på korleis høgare utdanning kan verte brukt til å nedkjempe ulikskap – det er verd å verne om.

Samla terningkast på dykkar felt: 3

– Vi har forståing for at det er krevjande tider, men samstundes:

– Noreg profitterer stort på olje og gass, og pengar vi brukar til bistand vil ikkje gje press i økonomien her heime. Difor er vi svært skuffa over at Noreg ikkje held løftet om 1 prosent av BNI til bistand.


NHFU: – Regjeringa held fram å usynleggjere oss

? Største styrke for feltet dykkar: Satsing på dei som fell utanfor vidaregåande.

– Vi legg merke til at regjeringa igjen satsar på dei som fell utanfor vidaregåande skule. Dette er noko vi i utgangspunktet er glade for, fortel Marianne Knudsen, leiar i Norges Handikapforbunds Ungdom, på e-post til Framtida.no

– Som den gruppa som oftast fell utanfor, håpar vi og trur at dette er bra for vår gruppe, og at dei tek det som ei sjølvfølgje at dei må satse på funksjonshemma her.

– Vi er ikkje fødde for å halde kjeft, seier Marianne Knudsen (20) som vil kjempe for at funksjonshemma sine rettar vert anerkjende og at arbeidslivet sluttar å kaste ressursar ut vindauget. Foto: Privat

? Største svakheit for feltet dykkar: Ikkje løft for ungdomsfrivilligheita, usynleggjering av funksjonshemma.

– Største svakheiten er at vi ikkje ser noko løft på ungdomsfrivilligheita etter ein tung pandemi. I tillegg verkar det ikkje til å vere nokon vilje til å faktisk investere i likestilling av funksjonshemma, seier Knudsen og held fram:

– Regjeringa held fram å usynleggjere oss, vi vert gløymde.

Samla terningkast på dykkar felt: 3

– Det er ingenting med budsjettet som er spesielt bra for vår del, men det er heller ingen store kutt. Dette budsjettet er heilt middels. Ingenting å juble over.


LNU: – Skuffande at dei ikkje leverer

? Største styrke for feltet dykkar: Løyve til portal for frivilligheitslokale.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) jublar over å ha fått 300.000 kroner til å vidare utvikle portalen sin over lokale der frivilligheita kan treffast.

– Dette er ein viktig start, og gjev oss mogelegheit til å begynne å vidareutvikle portalen, seier leiar Margrete Bjørge Katanasho på e-post til Framtida.no.

Katanasho skildrar portalen som ein slags AirBnB for møtelokale, og ein stad der alle kan registrere og finne samlingsstadar. Ho peikar på at mange barne- og ungdomsorganisasjonar i dag brukar mykje tid og ressursar på å finne ein stad å ha aktiviteten sin:

– Det er ein demotiverande tidstjuv for alle som eigentleg berre har lyst til å samle barn og unge for å drive med morosam aktivitet, anten det er til korøving, bannermåling eller dataparty, seier ho.

LNU-leiar Margrete Bjørge Katanasho. Foto: Sverre Øygarden Eikill

? Største svakheit for feltet dykkar: Inga auke til grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar.

LNU er skuffa over at grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar ikkje får nokon auke i det føreslegne statsbudsjettet. Katanasho meiner dette er urovekkande, og peikar på at organisasjonane i utgangspunktet lever på marginane.

– Etter to år i pandemi, er det viktigare enn på lenge at barn og unge får vere med på å skape sine eigne møteplassar. Det anerkjenner også regjeringa i Hurdalsplattforma, der dei lovar å styrke grunnstøtta. Det er skuffande at dei ikkje leverer, seier Katanasho og held fram:

– Vi heiar på SV og resten av opposisjonen inn i dei vidare budsjettforhandlingane – og håpar dei er klare til å satse på demokratiske og frivillige fellesskap for barn og unge!

Samla terningkast på dykkar felt: 3

LNU viser til at pandemien har vore beintøff for barne- og ungdomsorganisasjonane, og mange har opplevd å miste både medlemmar og lokallag. Ringverknadane av korona betyr at færre barn og unge får ta del i fellesskap der dei kan drive med det dei elskar, ifølgje Katanasho.

– Difor skulle vi gjerne sett at det vart satsa på fellesskap for barn og unge gjennom ei styrking av grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane. Det ser vi dessverre ikkje i dette budsjettet.


SNU – jublar for «gratis» prevensjon 

? Største styrke på feltet dykkar: «Gratis» prevensjon for dei av oss under 16 år.

Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom gler seg over at regjeringa i sitt føreslegne statsbudsjett for 2023 har sett av sju millionar til prevensjonsutgifter for dei under 16 år.

I dag kan unge i alderen 16 til 22 år få dekka utgifter til prevensjon, som p-piller, p-plaster, p-ring, p-stav eller spiral. Støtta er anten 125 kroner for tre månadar, 250 for seks månadar eller 500 kroner for eitt år.

I sitt budsjettforslag fjernar Senterpartiet og Arbeidarpartiet den nedre aldersgrensa, slik at også dei under 16 år kan få støtte.

Thea-Caroline Zwahlen er ny leiar i SNU. Foto: Privat

? Største svakheit på feltet dykkar: Bistandskutt.

SNU-leiar Thea-Caroline Zwahlen er tydeleg på kva organisasjonen meiner den største svakheita med budsjettet er:

– Store kutt i bistand til internasjonal SRHR.

Seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR) internasjonalt er noko av det regjeringa har uttalt dei vil priroritere i utviklingsarbeidet. Det føreslegne bistandsbudsjettet er på 0,75 prosent av BNI, noko som er under det uttalte målet frå Hurdalsplattforma om éin prosent.

Samla terningkast på statsbudsjettet: 5


Press: – Regjeringa har teke på seg skylappar

? Største styrke for feltet dykkar: Satsinga på skulehelsetenesta.

– Skulehelsetenesta er eit av dei fremste lågterskeltilboda vi har for å vareta helsa til barn og unge. Det har derimot vore eit tilbod med fleire manglar i lang tid, forklarar Press-nestleiar Maja Enerhaug Egge.

At regjeringa no føreslår å auke støtta til helsestasjon- og skulehelsetenesta er difor ein siger for ungdomsorganisasjonen.

– Vi har ein lang veg å gå, men dette er eit steg i rett retning mot eit velfungerande og tilstrekkeleg tilbod for norske elevar, seier Egge.

Maja Enerhaug Egge er nestleiar i Press. Foto: Press

? Største svakheit for feltet dykkar: Bistand.

Press er derimot skuffa over at Senterpartiet og Arbeidarpartiet føreslår å kutte i bistanden til 0,75 prosent av BNI, samstundes som verda står overfor ei rekkje kriser.

Kriser råkar barn og unge hardast, og å kutte i bistanden reflekterer på ingen måte den norske dugnadsånda som vi er så stolte av. Konsekvensane av å halde fram å kutte i bistanden vil verte sett i lang tid framover, og vil føre til ein dramatisk forskjell i livet til barn og unge over heile verda, uttalar Egge.

Samla terningkast på dykkar felt: 3

– Trass i nokre viktige gjennomslag for barn og unge på felt som psykisk helse, har regjeringa tilsynelatande teke på seg skylappar når det gjeld vårt internasjonale ansvar til å bidra når krisa er som verst.


Kvenungdommen: – Ikkje verdig kvensk terning

? Største styrke for feltet dykkar: Støtte til Kvääniteatteri .

Kvääninuoret – Kvenungdommen gler seg over at det nyetablerte teateret Kvääniteatteri får 2 millionar i spelemidlar i det føreslegne statsbudsjettet. Men det er med ein sterk bismak:

– Vi hadde forventa å sjå dei på ein eigen post i statsbudsjettet, og spelemidlane vert eit lunkent klapp på hovudet etter ein formidabel innsats frå teateret dei siste åra, fortel leiar Åsne Kummeneje Mellem.

Åsne Kummeneje Mellem er leiar i Kvenungdomen. Foto: Kvenungdommen.

? Største svakheit for feltet dykkar: Inga satsing på kvensk.

For Kvenungdommen står skuffelsane i kø i statsbudsjettforslaget, for kvensk språk og kultur vert ikkje satsa på. Mellem fortel at det vert for lett å seie at ein er skuffa, for dette er noko dei ser år etter år.

– Det vert endå eit år med knappe midlar, der det meste skjer på dugnad utan mogelegheit for seriøs utvikling. Det er utfordrande å engasjere unge kvenar når det er så lite midlar, og eg er redd for at potensielle ressurspersonar snur seg i andre retninga sidan vi ikkje klarar å tilby det dei fortener, seier Mellem og held fram:

– Vi er mange eldsjeler, men kvensaka klarar seg ikkje på blod, sveitte og tårer. Vi forventa meir.

Samla terningkast på dykkar felt: –

– Eg vel å ikkje trille terning i affekt, sidan statsbudsjettet ikkje har vist seg verdig den kvenske terningen. Så får vi håpe at dei kompenserer til neste år.


Elevorganisasjonen: – Elevane er vinnarar av årets budsjett

? Største styrke for feltet dykkar: Utstyrsstipendet aukar med 50 millionar kroner.

– Regjeringa prioriterer og gjev yrkesfag eit godt løft i dette statsbudsjettet, skriv ein fornøgd Aslak Berntsen Husby på e-post til Framtida.no.

Elevorganisasjonen har lenge kravd fullfinansiering av utstyrsstipend i vidaregåande, og i statsbudsjettet fekk dei gladmeldinga om at regjeringa vil auke stipendet.

I dag er det fire satsar etter kor store utgifter yrkesfaglege elevar har. Frå og med 2023/2024 vil kvar sats auke, i tillegg til at det kjem ein femte sats.

– Det er framleis ein veg å gå, men dette åleine vil vere av stor betydning for veldig mange elevar og tilgjengeleggjere yrkesfaga endå meir.

Leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby. Foto: Eivind Lotsberg/Elevorganisasjonen.

? Største svakheit: Kutt i fagfornyinga.

I det føreslegne statsbudsjettet vert tilskotet til fagfornyinga fasa ut på grunnskulenivå, noko Elevorganisasjonen meiner er ein svakheit.

Husby fortel at dei stadig høyrer historier om elevar som ikkje har bøker på skulen, grunna fagfornyinga og digitaliseringa.

– Det er framleis eit behov for fleire læremiddel, og vi er redde for at mange ser til si eiga lommebok om vi ikkje får fylt behovet. Likevel kjem det ein auke i rammetilskotet som kan dekke opp for behovet, om det vert prioritert lokalt.

Samla terningkast på dykkar felt: 5

– Det er tydeleg at skule og ungdom vert prioritert og skjerma i ei økonomisk tøff tid, seier elevleiaren.

Husby peikar på at særleg yrkesfagelevar, bortebuarar og lærlingar vil merke på satsingane som kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) kjem med.

– Det er også nokre kutt vi er imot, til dømes dei mellombelse postane for læremiddel til fagfornyinga, men vi ser at elevane er vinnarar av årets budsjett.


Changemaker: – Kan ikkje fortsetje å sy puter under armane på oljeindustrien

? Største styrke for feltet dykkar: Fokus på mattryggleik og auke i klimatilpassing, nytt klimabudsjett

Changemaker gler seg over at regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2023 har fokus på mattryggleik, og i tillegg aukar løyvingane til klimatilpassing med 150 millionar kroner.

Samstundes meiner leiar Naja Amanda Lynge Møretrø at det er positivt at regjeringa har innført eit nytt klimabudsjett.

Leiar i Changemaker Naja Amanda Lynge Møretrø. Foto: Changemaker

? Største svakheit for feltet dykkar: Berre 0,75 prosent av BNI i bistand, oljesatsing.

Organisasjonen er derimot skuffa over at det i statsbudsjettforslaget er lagt opp til auka oljeproduksjon og høg leiteverksemd i åra som kjem.

– Viss vi skal ha ein sjanse til å nå 1,5-gradersmålet, kan vi ikkje fortsetje å sy puter under armane til oljeindustrien, sa Møretrø då statsbudsjettforslaget vart lagt fram.

Changemaker meiner òg det er svakt å berre gje 0,75 prosent av BNI i bistand. Om det er eitt år Noreg burde innfri minst éin prosent i bistand, meiner Møretrø det er no.

– Krigen i Ukraina har alvorlege konsekvensar langt utanfor Europa, og dei som har minst blir råka hardast. Noreg derimot, håvar inn på energisituasjonen, og sit att med enorme ekstra inntekter, sa Changemaker-leiaren førre veke.

Samla terningkast på dykkar felt: 3


Norsk Målungdom: – Glade for styrking av samisk

? Største styrke for feltet dykkar: Styrking av samisk.

– Det er flott at statsbudsjettet aukar løyvingane for å styrkje dei samiske språka, seier leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland, på e-post til Framtida.no.

Målungdomen er særleg glade for dei auka løyvingane til samiskopplæring i skulen, noko organisasjonen meiner er viktig og naudsynt for at dei samiske språka skal verte brukte og utvikla.

– Vi er også glade for auka tilskott til Divvun ved UiT, som utviklar og driftar teknologiske språkverktøy for dei samiske språka.

Tobias Christensen Eikeland er nyvald leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom.

? Største svakheit for feltet dykkar: Ingen nye nynorsktiltak.

– I regjeringsplattforma vart vi lova nye tiltak for nynorsken, men dette ser vi ikkje att i statsbudsjettet.

Målungdomleiaren peikar på at det totalt sett er færre tiltak for å styrke nynorsken i det føreslegne statsbudsjettet for 2023.

–  I tillegg har nynorskdelen i kulturbudsjettet aldri vore lågare. Det er skuffande at regjeringa ikkje prioriterer nynorsken, som dermed ikkje tek det særlege ansvaret det offentlege har til å fremja nynorsk, på alvor.

Samla terningkast på dykkar felt: 3

– Vi er misnøgde med at lovnadene i Hurdalsplattforma ikkje blir reflekterte i statsbudsjettet. Men statsbudsjettet er ikkje utan lyspunkt, og vi er glade for styrkinga av samisk.


Spire: – Vi treng avvikling og ikkje utvikling av oljesektoren

Største styrke for feltet dykkar: Klimabudsjett, fordeling.

– At regjeringa legg fram eit klimabudsjett er eit godt skritt på vegen mot å faktisk få ei oversikt over Noregs klimagassutslepp. Dessverre så følgjer ikkje regjeringa opp med tiltak, skriv Spire-leiar Elise Åsnes til Framtida.no.

Ho rosar regjeringa for initiativet, men meiner dagens klimabudsjett berre syner oss kor langt unna vi er frå å nå klimamåla.

Spire-leiaren er òg nøgd med at regjeringa freistar å fordele meir.

– Det er viktigare enn nokon gong å sikra at det ikkje er dei fattigaste som kjem dårlegast ut av krisa, understrekar Åsnes og held fram:

– Samstundes hadde vi òg eit håp om at regjeringa skulle foreslå endå meir rettferdige tiltak, og at ikkje verdas fattigaste kom så dårleg ut av prioriteringane som dei gjer no.

Elise Åsnes er leiar i Spire. Foto: Presse/Spire

Største svakheit for feltet dykkar: Bistandskutt, oljesatsing.

Spire-leiar Åsnes peikar på at verdas fattigaste kjem dårlegast ut av dei alvorlege krisene verda står overfor:

– Regjeringas val om å ikkje følgje opp lovnadene om å gje minst 1 prosent av BNI til bistand på grunn av auka oljeinntekter er derfor verkeleg bak mål.

Åsnes meiner oljenasjonen Noreg forårsakar klimakrisa med den eine handa, og er skuffa over at den andre handa ikkje gjev meir av oljepengane til folk som opplever konsekvensane:

– Regjeringa tener absurde summar på å selje olje og gass på grunn av energikrisa i Europa, men kan samstundes ikkje gi tilsvarande meir til bistand? spør ho. 

Spire peikar òg på den vidare satsinga på olje og gass som ei stor svakheit med det føreslegne budsjettet.

– Vi treng avvikling og ikkje utvikling av oljesektoren i dag, skal vi ha noko håp om å nå utsleppsmåla innan 2030. Regjeringa må stoppe utbygginga av Wistingfeltet – og alle andre oljefelt. 

Samla terningkast på dykkar felt: 2 eller 3.


 

Kva terning trillar du på statsbudsjettet?

Kva terning trillar du på statsbudsjettet?

63
53
43
39
216
115
Eg gjer som Kvenungdomen – trillar ikkje i det heile 3
Har ikkje oversikta til å trille.3
Svar totalt: 55

 


Ungdomspartia. Kollasj: Framtida.no. Foto: Pressefoto/Proxima Studi/Canva