Supernytt vann mangfaldspris – programleiar og rullestolbrukar Sally kom seg ikkje opp på scenen

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 30.08.2022 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fekk panikk og gjekk derifrå med ei veldig vond kjensle, fortel Kamara.

Saman med resten av NRK Supernytt og BlimE-redaksjonen fekk Kamara NRK sin interne mangfaldspris. Prisen vart delt ut torsdag 25. august under NRK sin fagdag, der alle tilsette var inviterte til kantina.

Det som skulle vore ei gledeleg feiring, vart i staden audmjukande og skuffande.

All gleda forsvann

– Då me først fekk antydning til at me skulle vinne vart eg så glad og kjempegira! fortel Kamara på telefon til framtida.no.

Men på utdelinga byrja ho kjapt å leggje merke til at alle som vann, steig nokre centimeter då dei skulle gå fram og ta imot prisen ved mikrofonen. Dette stressa programleiaren som brukar rullestol.

– Eg skjønte at det måtte vere ein scene der. Då forsvann all gleda, eg byrja å stresse og bli nervøs.

Ho såg ingen rampe, og ingenting rundt scenen tyda på at ho kunne kome seg opp dit med rullestolen. Å bli boren var uaktuelt, fortel 26-åringen.

Salamatu Kamara (25) blir programleiar og profil i Supernytt og NRK Super. Ho har allereie jobba for Supernytt på Marienlyst i fleire månader. Foto: Geir Evensen, NRK

– Ein føler seg jo utanfor

Ho fortel at ho ikkje klarte å glede seg og sa til kollegaane at dersom det var ein scene ville ho ikkje bli med opp, men bli igjen i publikum.

– Ein føler seg jo utanfor, og føler at ein ikkje er teken med i rekninga. Me gjer så mykje bra for å fremje mangfald, men eg hadde ikkje eit fnugg av glede i magen fordi eg berre var nervøs for korleis eg skulle kome meg opp.

Ho rosar redaksjonen sin som tok situasjonen på strak arm. To stilte seg på scenen, og ein stilte seg på golvet framfor scenen saman med Kamara.

– Det var veldig spesielt å ta imot ein mangfaldspris på den måten og tok vekk mykje av gleda for alle oss i Supernytt. Eg følte at eg var med i ein South Park-episode, det er heilt vilt, seier Kamara.

Blei flau

Alle tilsette i NRK var inviterte, og programleiaren følte seg først skamfull over at alle hadde sett det som skjedde. Likevel er ho også litt glad for at det skjedde framfor alle, for no kan ingen seie at det ikkje faktisk er eit problem.

– Samstundes er det kjipt at det skjer på kostnad av den med funksjonsnedsetjing. Eg blei jo veldig flau.

Ho meiner dette reflekterer korleis samfunnet er, og viser kor lite ein tenker på universell utforming og tilrettelegging:

– Med mindre ein skal ha ein med funksjonsnedsetjing til noko spesielt, så tilrettelegg ein ikkje. Ting burde alltid vere tilrettelagt og tilgjengeleg for alle. Ein veit jo aldri kven som kjem og skal delta.

Kringkastingssjefen: – Dette var veldig uheldig

Ifølgje arbeidsmiljøloven § 4-6 skal arbeidsgjevarar sørge for at forholda på arbeidsplassen er slik at også folk med funksjonsnedsetjingar kan byrje i ledige stillingar.

Det er ikkje første gong Kamara opplever å hamne utanfor grunna for dårleg tilrettelegging i NRK, men ho håpar det no er ordentleg endring i emming.

– Dette var veldig uheldig. Det blei ein veldig vond situasjon som blei ein viktig vekkar for oss alle, seier kringkastingssjef Vibeke Furst Haugen på telefon til framtida.no.

Kringkastingssjef Vibeke Furst Haugen. Foto: Anne Liv Ekroll

Ho delte ut prisen og såg at det ikkje var tilrettelagt då prisvinnarane var på veg opp mot scenen. Sjølv kommenterte ho det frå scenen:

– Dette er eit veldig godt døme på at me ikkje er i nærleiken av der me skal vere, det er ikkje godt nok.

– Ingen som lurer på om dette er viktig

No har ho invitert Kamara, redaktør i NRK Super og tilgjengelegheitssjefen i NRK for å diskutere kva ein kan gjere framover for å unngå at det same skjer igjen. Mellom anna vil dei arbeide fram ei sjekkliste for å passe på at interne arrangement tek omsyn til tilgjengelegheit.

– Kva signal sender det når ikkje alle vinnarane kjem seg opp på scenen for å ta imot ein pris på grunn av dårleg tilrettelegging?

– Eg trur mange kan kjenne seg att i at me snakkar om mangfald og tilgjengelegheit, og så er det mange ting i kvardagen som gjer at det glepp og gjer det vanskeleg å ha ei funksjonsnedsetjing.

Ho fortel at mange fekk seg ein vekkar under arrangementet.

– No er det ingen som lurer på om dette er viktig, eller om me er i mål for det er me ikkje. Me fekk verkeleg statuert eit eksempel, og det var ei veldig effektiv avsløring. Det var ein veldig uheldig situasjon.

Kunne ikkje vore journalist på lik linje

– At ho ringde meg og orsaka synest eg var heilt fantastisk, seier Kamara.

Ho meiner likevel at heile mediebransjen har ein lang veg å gå og peikar på at fleire og fleire ynskjer mangfald blant sine tilsette.

– Eg trur mange mediehus har ein tanke om at dei ynskjer meir mangfald inn, men kanskje ikkje tenker så mykje på korleis ein skal vareta desse folka. Ein må gjere arbeidsstaden tilgjengeleg, viss ikkje er det ikkje vits i å jobbe for å tilsette fleire med mangfald.

Ho foreslår å ha ei sjekkliste med ting som må vere på plass for å sikre at produksjonar og arrangement er universelt tilgjengelege.

I NRK har dei til dømes ikkje ein tilrettelagt bil, noko ho viser til som litt av problemet.

– Viss ikkje eg hadde hatt eigen bil eller taxi-kort, kunne eg ikkje vore journalist på lik linje som andre.

Mediehus sitt ansvar

Særleg viktig trur ho det er for å unngå at den eine med minoritetsbakgrunn på ein arbeidsplass må ta alle kampane sjølv.

– Eg lever jo alltid mi kampsak. Eg kan ikkje berre reise meg og gå i morgon. Når det berre er éin med mangfald i avdelinga, kan det vere ganske tungt. Heldigvis har eg ei avdeling med masse kjærleik.

Ho meiner at dersom mediehus vil strekke seg mot mangfald, er det deira ansvar å sørge for at den tilrettelegginga som trengst finst.

– Då er det heller ikkje så mykje å justere når dei kjem inn, og så slepp dei å vere den kamppersonen.


Morten Marius «mort1rulle» Skau kjempar mot fordommar mot funksjonshemma i skulen i ein ny kampanjevideo. Foto: Skjermbilete/Unge funksjonshemmede. Kollasj: Framtida.no