Dette er årets mest populære studium – størst konkurranse for tollarar og lokførarar
Flest vil studere til siviløkonom hjå NHH, men hakk i hæl følgjer rettsvitskap ved UiO og UiB.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter to år med rekordhøge søkjartal er det i år 12,4 prosent færre som har søkt seg til høgare utdanning enn i 2021.
– Årets søkjartal viser at vi er på veg tilbake til normalen. Vi ser at mange søkjer seg til utdanningar som vil gje dei gode jobbutsikter når dei er ferdige å studere, seier forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding.
Siviløkonomar, tollarar og lokførarar
Utdanninga som fekk flest førstegangssøkarar er siviløkonomutdanninga hjå NHH, følgt av rettvitskap hjå høvesvis UiO og UiB.
Universitet og høgskular: Studia med flest søkjarar
Studienamn | Lærestad | Studiestad | Planlagde studieplassar | Søkarar førsteval |
Siviløkonomutdanninga | NHH | Bergen | 500 | 2 073 |
Rettsvitskap (jus), haust | UIO | Oslo | 224 | 1 748 |
Rettsvitskap | UIB | Bergen | 390 | 1 727 |
Organisasjon og leiing, Rena, deltid, nettbasert* | HINN | Åmot | 200 | 1 382 |
Toll, vareførsel og grensekontroll | UIS | Stavanger | 60 | 1 215 |
Arkitekt | AHO | Oslo | 60 | 1 120 |
Industriell økonomi og teknologileiing | NTNU | Trondheim | 162 | 1 075 |
Medisin, haust | UIO | Oslo | 120 | 1 041 |
Leiing | UIT | Alta | 800 | 970 |
Politiutdanning, Oslo | PHS | Oslo | 96 | 910 |
Også i år er det størst konkurranse om plassane til bachelorgrada i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger, tett følgt av arkitektutdanninga ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.
Blant fagskuleutdanningane er det både flest søkjarar og størst konkurranse om plassane på lokomotivførarutdanninga, med 7,4 søkjarar til kvar av dei 168 plassane. Også i fjor ville rekordmange verte lokførar.
Fagskular: Studium med flest førstevalsøkarar
Lærestad | Studienamn | Utdanningsområde- og type | Studie-plassar | Søkarar førsteval |
Norsk fagskole for lokomotivførere | Lokomotivførarutdanningen | TEKNO – ANNET | 168 | 1242 |
Fagskolen Oslo | Elkraft | TEKNO – ELEKTRO | 56 | 163 |
Einar Granum Kunstfagskole | Visuelle kunstfag | ESTETISK | 75 | 150 |
Fagskolen Vestfold og Telemark | Elkraft | TEKNO – ELEKTRO | 60 | 137 |
Fagskolen i Viken | Ambulanseoperativ leiing og prehosp. pasientbeh.* | HELSEFAG – PLEIE&OMSORG | 30 | 134 |
Fagskulen Vestland | Elkraft | TEKNO – ELEKTRO | 80 | 132 |
Høgskulen på Vestlandet | Yrkesdykking | TEKNO – ANNET | 24 | 120 |
Fagskolen Innlandet | Økonomi og leiing | ØKADM | 50 | 107 |
Fagskolen i Viken | Ambulanseoperativ leiing og prehosp. pasientbeh. | HELSEFAG – PLEIE&OMSORG | 35 | 96 |
Fagskolen Oslo | Elkraft | TEKNO – ELEKTRO | 56 | 92 |
- Lurer du på korleis kvardagen er som lokførar? – Det mest utrulege er kanskje kjensla når ein køyrer tog i snøstorm og ser absolutt ingenting framfor seg, fortel lokførartvilling Halldis!
Rekordmange vil studere på nett
Endå færre har søkt seg til høgare utdanning i år enn i fjor, så har aldri så mange søkt seg til nettstudium. Landets fjerde mest populære studium er det nettbaserte deltidsstudiet organisasjon og leiing hjå Høgskulen i Innlandet.
Søknadstala til nettstudium har auka med 34,2 prosent sidan 2021.
– Vi har sett ei stor auke i søkjarar til nettstudium dei siste åra, noko som heng saman med at fleire ønskjer seg ein fleksibel studiekvardag. Fleire av studiestadane som har tillrettelagt for dette har opplevd ei markant auke i søkjarar.
Det seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, i ei pressemelding.
Universitet og høgskular: Studia med flest førstevalsøkarar per studieplass:
Studienamn | Lærestad | Studiestad | Planlagde studie-plassar | Søkarar førsteval | Førsteval pr plassar |
Toll, vareførsel og grensekontroll | UIS | Stavanger | 60 | 1 215 | 20,3 |
Arkitekt | AHO | Oslo | 60 | 1 120 | 18,7 |
Medisin, Trondheim/Levanger* | NTNU | Levanger | 16 | 295 | 18,4 |
Luftfartsfag | UIT | Tromsø | 12 | 198 | 16,5 |
Medisin, Trondheim/Ålesund* | NTNU | Ålesund | 20 | 312 | 15,6 |
Mat, ernæring og helse, nettbasert* | HINN | Elverum | 25 | 375 | 15,0 |
Ingeniør, bygg, fleksibel | NTNU | Gjøvik | 9 | 124 | 13,8 |
Psykologi, haust | UIO | Oslo | 65 | 865 | 13,3 |
Økonomi og leiing, deltid | OSLOMET | Oslo | 20 | 260 | 13,0 |
Økonomi og leiing | OSLOMET | Oslo | 20 | 248 |