Enkelte kjenner seg ikkje heime i verken kvinne- eller mannsbunad. No har Embla bunader i Stavanger laga eit kjønnsnøytralt alternativ, og det har skapt debatt.
NPK-Kirsten Offerdal
NPK-Kirsten Offerdal

– For mange betyr det ingenting at vi lagar kjønnsnøytrale bunader, men for nokre betyr det mykje. Eg ønsker at vi skal vere ein stad der folk kan komme med personlege ønske, seier dagleg leiar Marianne Lambersøy til Stavanger Aftenblad.

Styreleiar Barbro Tronhuus Storlien i Norges Husflidslag seier i ein kommentar til Nynorsk pressekontor at dei ikkje kjem til å jobbe aktivt for å få laga ein kjønnsnøytral bunad. Det er opp til kvar enkelt Husfliden-butikk og bunadstilverkarane deira om dei vil utvikle ein slik bunad.

Lambersøy i Embla bunader fortel at dei har merka etterspurnad etter eit kjønnsnøytralt alternativ og vil ha noko å tilby til alle kundegrupper. Dei har brukt tradisjonell bunadssaum og -stoff, og Lambersøy er oppteken av at det er ein bunad, ikkje ei festdrakt.

Det er brukt tradisjonell bunadssaum og -stoff i den nye kjønnsnøytrale bunaden frå Embla bunader, mellom anna rekonstruert kalemank og damask. Det er også laga ei rimelegare jakke i velur frå Tyrihans. Foto: Helle Navratil / Embla bunader

– Ordet bunad er så heilagt. Det synest eg er bra, men det kan også vere dårleg. Vi vil gi dette plagget tyngde ved å seie at vi har laga ein bunad for dei som treng å ha eit anna uttrykk enn det som er standarduttrykket, seier Lambersøy til avisa.

Stygge reaksjonar

Lambersøy la ut ein tiktok av bunaden, som har fått mange kommentarar. Nokre av dei var så stygge at ho måtte slette dei, men det er også mange som hyllar den kjønnsnøytrale bunaden.

@embla_bunader Sett sammen din egen bunad @augustlambersoy0 #lgtbq🏳️‍🌈 #lgbt #pride #lgtbtiktok #bunad #norway #model #models1 #oslo #norge #foryou #foryoupage #bunadstilbehør #silkeskjerf #emblabunader #bunadsølv #fyp #fashion #scandinavianstyle #fashionweek #mensfashion #womensfashion #strikk #gucci ♬ Badman – RMX – Ezzari & Ice Csay & Siyabång

Embla bunader har tidlegare designa hijab til bunader, noko som også førte til kraftige reaksjonar. Lambersøy er ikkje overraska.

– Vi har tatt eit standpunkt. Alles venn er ingens venn, og vi treng ikkje å vere alles venn. Det finst nok av folk som tenker likt som oss, og dei som er sinte på oss, treng jo ikkje å komme hit. Det er jo nok av andre bunadsbutikkar som ikkje gjer dette, seier ho til avisa.

Stavanger Aftenblad fortel også om ikkje-binære Tiril Skår som sjølv ikkje kjende seg vel i Karen-drakta dei hadde fått til konfirmasjonen, og laga sitt eige alternativ med skjorte og sølv frå kvinnedrakta og nikkers, vest og strømper frå festdrakt for menn.

Dei er stor fan av det Embla bunader gjer og meiner også bunaden må følgje med på utviklinga i samfunnet.

Vestane i den nye kjønnsnøytrale bunaden er frå Bunadsstrikk. Foto: Helle Navratil / Embla bunader

Bunadsglede det viktigaste

Styreleiaren i Norges Husflidslag minner om at bunadane er bygd på gamle draktskikkar og at det då var kvinne- og mannsdrakter. Men ho meiner det er greitt om nokon av Husfliden-butikkane og bunadstilverkarane deira tenker at dei vil utvikle ein kjønnsnøytral bunad.

– Det er viktig at folk har bunadsglede og går i det dei er komfortable med, seier Tronhuus Storlien.

Ho er oppteken av at vi skal ha eit ope og inkluderande samfunn, at det er opp til den enkelte å ta eigne val og at ingen skal sette seg til doms over dei vala.

– Eg vil i alle fall ikkje gå rundt å kike under stakken på folk for å sjekke, seier Tronhuus Storlien.

Retting: I ein tidlegare versjon stod det feil pronomen for Tiril Skår. Det er retta opp til «dei». 


– Det er viktig å vere forståelsesfull for at endring kan vere vanskeleg, og at det ikkje nødvendigvis er den penaste prosessen, fortel Robin Leander Wullum.  Foto: Reidar Engesbak
Oppdatert: måndag 2. mai 2022 13.24

LES OGSÅ

ANNONSE