Abort-aktivist (19) vart bodyshama av politikar – samla inn 13 millionar til abortrettar
Då amerikanske Olivia Julianna (19) vart body shama av politikar Matt Geatz som er imot abort-rettar, svara ho med å samle inn over 13 millionar kroner for abortrettar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter å ha blitt hengt ut av den repulikanske, anti-abortrett-politikaren Matt Geatz til hans 1,4 millionar Twitter-følgjarar, bestemte 19 år gamle Olivia Julianna seg for å nytte merksemda til å samle inn pengar til abort-rettar.
På berre 24 timar hadde det kome inn over 214.000 dollar, litt over 2 millionar norske kroner. Etter 72 timar var det 1 million dollar. I skrivande stund er det kome inn nesten 1,4 millionar dollar, som tilsvarar om lag 13,3 millionar kroner.
– Me har no snudd hat til helsetenester, skriv ho i ein pressemelding.
Over 13 prosent av dei totale abortmidlane
Abort-forskar Liza Fuentes forklarar på Twitter at Olivia no har samla inn over 13,8% av dei totale abortmidlane frå NNAF(National Network of Abortion Funds)i 2020, som var 9,4 millionar dollar.
– Det betyr at ei rekke folk som ikkje har fått sine abortar, no vil få dei, skriv ho.
Julianna er aktivist og leiar for Gen-Z for Change. Ho var mellom anna ein av dei som saboterte ein nettstad som oppfordra folk til å rapportere dei som braut abort-forbodet etter seks veker, då lova kom i Texas i september 2021. Ho brukar ikkje etternamnet sitt på sosiale medium av omsyn til eigen tryggleik.
Kalla abort-aktivistar ekle og overvektige
Det heile starta under ein studentkonferanse for organisasjonen Turning Point USA, som kjempar for konservative verdiar i høgare utdanningsinstitusjonar.
Her var den republikanske politikaren Matt Geatz på talarstolen og kalla abort-aktivistar ekle og overvektige, og sa at det er kvinner som er minst sannsynleg at blir gravide, som alltid er dei som er opptekne av abort.
– Ingen vil gjere deg gravid om du ser ut som ein tommel. Desse folka er avskyelege frå innsida og ut. Dei er typ 158 cm og 158 kg tunge.
Gaetz: “Why is it that the women with the least likelihood of getting pregnant are the ones most worried about having abortions? Nobody wants to impregnate you if you look like a thumb.” pic.twitter.com/0qqvun3Pf8
— Aaron Rupar (@atrupar) July 23, 2022
Olivia såg dei bodyshamande kommentarane og svara på Twitter:
– Eg er faktisk 1,80. 1,93 i høge hælar. Eg går med dei så små menn som deg blir minna på sin plass, skreiv ho.
Its come to my attention that Matt Gaetz — alleged pedophile— has said that it’s always the “odious.. 5’2 350 pound” women that “nobody wants to impregnate” who rally for abortion.
I’m actually 5’11. 6’4 in heels. I wear them so the small men like you are reminded of your place
— Olivia Julianna ? (@0liviajulianna) July 24, 2022
Kongressmedlem Matt Gaetz svara med eit bilete av Olivia og teksten dander raised… (at ein har blitt provosert/sint), og utan å ta med kommentaren hennar. Denne uthenginga av den 19 år gamle aktivisten til sine 1,4 millionar følgjarar, førte mellom anna til ei rekke hatmeldingar og hets retta mot Olivia og i innboksen hennar.
Dander raised… https://t.co/3KkGN3fMdB pic.twitter.com/DX7SVf884X
— Matt Gaetz (@mattgaetz) July 25, 2022
50 ulike abort-innsamlingar
Utvekslinga har likevel også gjeve Olivia massiv merksemd og ikkje minst nye følgjarar på sine sosiale medium-plattformar. Over 20 tusen nye følgjarar har funne vegen til abort-aktivisten sine kanalar.
Ho oppmoda følgjarane sine til å donere pengar til abort-rettar, og har altså greid å samle inn enorme summar på få dagar.
Linken ho har delt går til ActBlue (som Spleis i Noreg) og ei innsamling Gen Z for Abortion rights starta like etter opphevinga av Roe VS Wade. Pengane vil bli delt på 50 ulike innsamlingar.
Eit døgn etter innsamlinga starta la ho ut ei takkemelding til Gaetz.
Well @mattgaetz, I have to hand it to you. I didn’t think you cared about us abortion rights activists, but your spotlight on me has helped raise $50K for abortion funds in the last 24 hours! So I made you a special thank you card ❤️
It almost feels like #MattGaetzIsProAbortion pic.twitter.com/sCxGVT4vzz— Olivia Julianna ? (@0liviajulianna) July 26, 2022