Dissar bokmålet i fersk nynorsk-rap

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«At nynorsk er vakkert, er sikkert og visst
Uansett kva eg skriv, så blir det eit dikt»

Halvrima sit kanskje laust, men energien er det i alle fall lite å seie på når brørne Iver og Erlend Eide kastar seg inn i språkdebatten med ferske bars.

Duoen Bald Bros legg seg ein plass mellom Side Brok og Songar frå Nyheitene. I låten Nynorskmann er dialektene lekre, nynorsk er vakkert og bokmål er dansk.

Videoen er spelt inn på Firda Gymnas, også kjend som Lovleg-skulen.

– Kjekt å skape furore

Nynorskmann følger ei rekke låtar der Bald Bros mellom anna syng om aktuelle tema som blokkfløyte, Jens August frå Hotel Cæsar og 40-årsjubileet til Gaute Grøtta Grav. Og sjølvsagt det å miste håret før ein fyller 30.

Erlend Eide, den eine av dei skalla brørne, fortel til Framtida.no at Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, sjølv oppmoda duoen til å lage ein låt om nynorsk. Mållagsleiaren og dei to Eide-brørne er nemleg oppvaksne i same bygd – Sandane i Nordfjord.

– Vi synest at det er ei viktig sak, og det er kjekt å skape litt furore og engasjement rundt mållaget og nynorsken, fortel Eide.

Han understrekar at duoen har laga låten heilt frivillig og utan noko slags godtgjersle frå Mållaget.

Bald Bros parodierer Peder Lofnes Hauge i Nynorskmann. Foto: Skjermdump, Jannica Luoto / Noregs Mållag

Lokal forankring

Dialekt og nynorsk er viktig for brørne, og dei lèt seg ofte inspirera av det lokale. Tidlegare har dei mellom anna hjelpt sogelaget i Gloppen med engasjement rundt ei historisk jekt.

– Vi likar å ha lokal forankring i prosjekta våre. Då er nynorsk ein viktig identitetsmarkør for oss. Engasjementet for språket er viktig, og vi må kjempe for likestilling, seier Erlend.

Samstundes er han oppteken av å ha sjølvironi med inn i prosjektet. Dei parodierer Hauge og leikar med at nynorsken er underrepresentert i litteraturen.

– Det er viktig å gjere litt narr av seg sjølv, seier han.

Heitt tema

Då Noregs Mållag delte videoen på Facebook-sida si onsdag, vart det fort tydeleg at nynorsken framleis er i stand til å provosere.

Ein Facebook-brukar i kommentarfeltet meiner at nynorsk burde vore forbode, medan ein annan kallar målfolket for miljøterroristar(!). Ei tredje kallar det religiøs fanatisme.

Brørne rettar skytsen mot bokmålet i låta. Foto: Skjermdump

Erlend Eide har notert seg at nynorsk framleis er eit heitt tema.

– Vi tillèt oss å sparke oppover og tøffe oss på ein humoristisk måte. Det ser ut til å fungere ganske bra, basert på kommentarfeltet. Det er framleis ganske mange som føler for å seie frå om at nynorsk er sånn og sånn, slår han fast.

Ellers fortel han at responsen har vore utelukkande positiv. Det har komme mange meldingar som har skrytt av videoen og sangen.

– Nokon meiner det er det beste vi har laga. Eg var mest spent på om Peder kom til å synast at den var morosam. Slik eg kjenner han set han pris på ein spøk. Det verka som om han var nøgd, seier Eide.

 – Mange flinke kvinner

På Framtida.no-kontoret, der underteikna er omringa av kvinnelege kollegaer, vart det uttrykt fortviling over at songen dreiar seg om å vere nynorskmann. Det tek Eide sjølvkritikk for.

– Låten tek utgangspunkt i Peder som nynorskmann. Men vi skulle gjerne hatt ein meir inkluderande tekst. Vi har veldig mange flinke kvinnelege nynorskbrukarar, både blant forfattarar, diktarar og andre, slår han fast.

Erlend Eide fortel at brørne er opptekne av nynorsk som identitetsmarkør. Foto: Skjermdump

– Ingen ambisjonar

Bald Bros er eit hobbyprosjekt for brørne Erlend og Iver. Erlend har ansvar for film, regi og tekst, medan Iver driv med det musikalske.

– Det er ei greie vi driv med når vi heng i lag, men vi har ingen ambisjonar, seier Erlend.

Duoen har mellom anna opptredd på Sandanedagane og russetreff.


Slik ser det nye Adele-albumet ut. Foto: Columbia Records via AP/ NTB