No kan du få Putin-kondom
SAIH deler ut kondom med Vladimir Putin, Aleksandr Lukasjenka og Xi Jinping – for studentar treng vern mot både diktatorar og gonoré.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
No kan du få Putin-kondom – til vern mot diktatorar og gonoré
– I Noreg har vi fridom til å seie kva vi vil, kle oss som vi vil og ligge med kven vi vil. Sånn er det ikkje for studentar i mange deler av verda der framveksten av autoritære regime utgjer ein stadig større trugsel, seier Hector Ulloa i ei pressemelding.
Han er leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Dei har no lansert kondom med russiske Vladimir Putin, den belarusiske Aleksandr Lukasjenka og kinesiske Xi Jinping.
Kondoma deler SAIH ut gratis for å fremje slagordet Protecting students against d**ktators and other diseases.
For studentar treng vern – fremst mot diktatorar, men òg mot gonoré.

Illustrasjon: SAIH og Brunch Oslo
Fleirtalet bur i autokrati
Tal frå V-dei Institute som syner at 70 prosent av verdas befolkning no bur i autokrati – mange av desse diktatur.

Hector Ulloa er leiar i Studentenes og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond. Foto: SAIH
SAIH peikar på tre kjenneteikn for å kjenne att ein diktator:
- åtak mot media og sivilsamfunn
- auka polarisering og spreiing av feilinformasjon
- åtak på frie val
– Studentar er ofte blant dei som er først ute til å heve stemma når samfunn går i feil retning, seier leiar Ulloa.
Han viser til store historiske demonstrasjonar, som borgarrettskampen i USA og kampen mot apartheid i Sør-Amerika, og til dagens protestar i Russland, Iran og Zimbabwe.
- Les også om SAIH-rapporten frå 2021:
– Studentaktivistar får lite vern og er i mange land fritt vilt for styresmaktene.
Biggest d**k move
Leiarane som vert utnemde som d**ktators og får plass på kondom i denne omgang, vert òg kritiserte for måten dei har handsama studentane i heimlandet sitt.
Den belarusiske presidenten Aleksandr Lukasjenka har fengsla 466 studentar og utvist fleire frå universitetet fordi dei protesterte mot den omstridde valsigeren hans i 2020.
Vladimir Putin sin største d**k move mot studentar er konsekvensane av Ukraina-krigen. Sidan invasjonen har over 1800 skular vorte skadde, over 150 skular øydelagde og studentar vert tvinga til å flykte. I Russland har dusinvis av universitet fått utnemnd nye Kreml-venlege rektorar og FSB, den føderale tryggingstenesta i landet, har overoppsyn med kva studentar som får studieplass.
Xi Jinping, øvste leiar i Folkerepublikken Kina, tillèt ikkje forsking og arrangement på campus som strir mot kommunistpartiet sin ideologi, og skal ha lansert ei telefonteneste ein kan ringe for å varsle om kritiske stemmer i klasserommet.
– Ingen er immune
Den nye kampanjen frå SAIH rettar seg særleg mot studentar i Noreg, og skal minne om både solidaritet og at ein må verne årvakne for eskaleringar.
– Ingen er immune, og difor er det viktig at vi vernar oss og hever stemma for demokrati og menneskerettar, avsluttar Ulloa.
- Les også om studentaktivistane som var villige til å ofre alt for demokrati: – Vi levde i konstant frykt sidan folk vart arresterte og nokre gongar forsvann