Klimatoppmøtet etablerer fond for tap og skade: – Endeleg

Changemaker og Spire jublar over ein etterlengta siger på COP27.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter to veker med harde diskusjonar på klimatoppmøtet i Egypt, vart delegasjonane  samde om ei avtale søndag morgon.

Spire og Changemaker er skuffa over svakt språk på 1,5-gradersmålet og at det ikkje vart noko skjerping i språket om å fase ut fossile energikjelder.

Men organisasjonane jublar likevel over ein etterlengta siger: Det vart semje om å etablere eit fond for tap og skade.

Thea Birgitte Erfjord er koordinator for klima- og naturutvalet i Spire. Foto: Spire

– Tap og skade har vore ei kampsak for land i det globale sør i 30 år, og handlar til sist om klimarettferd. Til no har offera sjølv betalt mykje av prisen for klimaendringane, sjølv om dei har minst skuld i dei, seier Thea Birgitte Erfjord frå Spire i ei pressemelding.

Tydelege politiske signal

Klimakatastrofer som flaumen i Pakistan og tørken i store deler av Afrika, har retta verda si merksemd mot følgjene av klimaendringar.

– Endeleg har finansiering til tap og skade fått merksemd på klimaforhandlingane som står meir i stil med kor alvorleg krisa er, seier Changemaker-leiar Naja Amanda Lynge Møretrø i pressemeldinga. Ho held fram:

– Det er tydelege politiske signal ut frå COP27 om at behova for å handtere tap og skade er enorme, og at verda no i større grad vil gjere ein samla og koordinert innsats for å handtere klimaøydeleggingar.

Leiar i Changemaker Naja Amanda Lynge Møretrø. Foto: Changemaker

Framleis spørsmål utan svar

Sjølv om opprettinga av fondet no er vedteke, så er ikkje kampen over. Framleis står viktige spørsmål utan svar, som: kven har mest ansvar for å betale for øydeleggingane som skjer i utviklingsland? Dette kjem til å verte diskutert på framtidige klimatoppmøte.

– Vi er avhengige av at alle land gjer meir for å nå 1,5-gradersmålet, alt anna vil ha enorme konsekvensar og resultere i meir tap og skade. Samstundes vekkjer det mistillit hos land i sør at rike land verken har levert på lovnader om utsleppskutt eller klimafinansiering, og samstundes ber utviklingsland gjere meir, seier Erfjord og held fram:

– Dette viser kor viktig det er for klimasamarbeidet at alle, og særleg rike land faktisk gjer alvor ut av det ein lovar.


Kollasj: Framtida.no.