Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 20.10.2022 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje mykje er kjend om Zacharias Lewala, ikkje eingong når han vart fødd. Han kom frå det sørlege Afrika, og fekk røynsle med diamantar i ei gruve i Kimberley i det som i dag er Sør-Afrika.

I 1908 var han i nabolandet vi no kjenner som Namibia, men som den gongen gjekk under namnet Tysk Sørvest-Afrika, der han arbeidde med vedlikehald på jarnbanen nær byen Lüderitz.

Her kom han over nokre steinar som han meinte kunne innehalde diamant, og sa til sin overordna, den tyske jarnbaneinspektøren August Stauch: «Look, Mister, moy Klip». Det siste tyder «vakker stein».

Oppgang

Stauch sende steinane til analyse, og det viste seg snart at heile området var rikt på diamantar. Dei tyska mynda oppretta eit «Sperrgebiet», avsperra område, langs nesten heile den sørlegaste delen av Namibias kyst, og byrja utvinning av diamantar. Diamantindustrien finst enno i dag i dette området, men i tillegg er det no ein nasjonalpark. 

Nær staden der Lewala fann dei dyrebare steinane – for så å forsvinne inn i skuggane, og overlata både merksemda og rikdommen til andre – oppstod snart byen Kolmanskop.

Namnet kjem frå ein kar ved namn Johnny Coleman, som måtte forlata den oksedregne vogna si her under ein sandstorm. Byen ligg ikkje langt frå kysten, men likevel i høgste grad i ørkenen: Det store, tørre og sparsamt busette Namibia er kjend for dette, at digre sanddyner strekkjer seg heilt ut i vasskanten. Lenger nord i landet ligg den infamøse Skjelettkysten, eit særleg ugjestmildt område. 

I dag har ørkenen slukt – men òg konservert – alle bygningane i Kolmanskop. Går ein inn i husa, vassar ein i sand. Men i nokre fåe år var rikdommen her ekstrem, nettopp på grunn av diamantane.  

Bilete av hamnebyen Lüderitz i Namibia. Foto: SkyPixels, Wikimedia Commons

Nedgang

Til liks med Lüderitz – som i dag er eit slåande døme på tysk kolonialarkitektur – vart Kolmanskop reist i same stil som ein tysk småby.

Snart fekk den vesle byen både sjukehus, ballsal, kraftstasjon, skule, teater, idrettshall, bane for kjeglespel, kasino, iskremfabrikk og den fyrste røntgenmaskinen på den sørlege halvkula, samt den fyrste trikken i Afrika. 

Men allereie etter den fyrste verdskrigen byrja utbytet av diamantgruvene bli magrare. Så vart det gjort eit enormt diamantfunn ca. 27 mil lenger sør, nær Oranjeelva, som er grenseelv mellom Namibia og Sør-Afrika. Her var diamantane lettare å utvinne. Det store rushet forflytte seg altså dit, og etterlét Kolmanskop i bakevja.

I 1956 vart byen heilt fråflytt. 

Eg klikkar

Ein funfact: Kolmanskop ligg i ǁKaras-regionen, den sørlegaste og tynnast busette av provinsane i Namibia. Kva slags teknisk feil er det som gjer at det står to strek framom namnet, spør du deg sikkert no. Men dei strekane er ingen feil; dei viser til den laterale klikkelyden namnet skal seiast med, i høve til det lokale khoekhoegowab-språket

Klikkelydar finst berre i ein del afrikanske språk, og elles ikkje i verda. Khoekhoegowab er òg kjend som nama, og tidlegare hottentottisk. Om du trudde at «hottentott» var eit tulleord, tok du altså feil. Truleg var det nederlandskætta sørafrikanarar (òg kalla boarar eller afrikandarar) som byrja bruke termen, nettopp med tilvising til dei særeigne klikkelydane. Men i dag blir «hottentott» ofte oppfatta som eit nedsetjande ord, så det er kanskje best å styre unna det (vil ein sjikanere nokon, kan ein jo heller kalle han/ho ein hattifnatt). 

Ser ein større på det, inngår khoekhoegowab i den store språkfamilien khoisan. Khoisan er òg fellesnamnet på to store etniske grupper i det sørlege Afrika, san og khoikhoi.  

Fangar frå stammane herero og nama under krigen med Tyskland i 1904-1908. Foto: Der Spiegel, Wikimedia Commons

Overgrep

Langt verre enn innhaldet i alle slags ord, er dei ugjerningane tyskarane utførte i Namibia mellom 1904 og 1908.

Eit opprør frå dei innfødde herero- og namafolka vart slått ned på så brutalt vis at vi i dag må kunne nytte uttrykket folkemord, som riktig nok ikkje var eit etablert omgrep den gongen.

Brotsverka er dokumenterte av tyskarane sjølve (akkurat som under andre verdskrigen var dei grundige i bokføringa si). I den fyrste fasen døydde dei fleste offera av svolt og torste etter å ha vorte drivne ut i ørkenen utan tilgang på mat og vatn. Seinare tok tyskarane i bruk konsentrasjonsleirar. Det er hevda at mellom 24.000 og 100.000 av herero-folket og kringom 10.000 av nama-folket totalt miste livet.  

Ein slags rettferdig historisk dom over tyskarane, var det at dei allereie i 1915, på grunn av den fyrste verdskrigen, miste eigarskapet til Namibia. Men no var det grannen Sør-Afrika, som berre fem år tidlegare hadde vorte sjølvstendig frå Storbritannia, som overtok styringa.

Det sørafrikanske herredømet skulle vare heilt til 1990, gjennom mange år med væpna konflikt, der FN uttrykte klårt og tydeleg at Namibia hadde krav på sjølvstende. 

Trass i den problematiske historia har Namibia greidd seg brukbart som sjølvstendig land, og er i dag eit relativt velutvikla og stabilt demokrati. Så hit er det berre å leggje ferien. For å koma inn i sperreområdet til Kolmanskop trengst det riktig nok eit særskild løyve, men spør du pent, får du det garantert. 


Foto frå McMurdo-stasjonen: Eli Duke/Flickr/CC BY-SA 2.0