Skeive i Afghanistan: – Taliban fører drapsliste

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var alltid vanskeleg. Men folk hadde funne måtar dei kunne overleve, byggje fellesskap og støtte kvarandre på, og dei håpte at ting skulle verte gradvis betre. 15. august tok alt det slutt.

Det seier Heather Barr frå Human Rights Watch (HRW), ifølgje The Guardian, som først omtalte saka. Ho er assisterande direktør i avdelinga for kvinner sine rettar.

15. august 2021 tok Taliban over makta i Afghanistan, og i ein nylansert rapport kastar HRW lys over korleis maktovertakinga har påverka livet til personar som er LHBT+.

Situasjonen har vorte «dramatisk verre». 

Vald, overgrep og trugslar

OutRight Action International og Human Rights Watch har intervjua 60 skeive afghanarar mellom oktober og desember i fjor til rapporten Even If You Go to the Skies, We’ll Find You”: LGBT People in Afghanistan After the Taliban Takeover.

– Det er vanskeleg å overdrive kor knusande — og skremmande — Taliban sin tilbakekomst har vore for skeive afghanarar, seier J Lester Feder frå OutRight Action International, bidragsytar til rapporten, i ei pressemelding.

Skeive afghanarar fortel at dei vert utsette for valdelege angrep, seksuelle overgrep og direkte trugslar av Taliban-medlemmar på grunn av legninga eller kjønnsidentiteten sin.

Andre fortel at dei opplever mishandling frå familiemedlemmar, naboar og kjærastar som no anten støttar Taliban eller trur dei lyt handle mot skeive for å sikre eigen tryggleik.

Ein 16-åring The Guardian har intervjua fortel at kvardagen som transperson var utfordrande også før, men då Taliban kom til makta kasta familien ho ut.

– Det er midt på vinteren og eg søv i parkar. Eg har vorte angripen. Eg har vorte valdteken. Taliban heldt meg i tre dagar og banka meg. Eg har ingen [til å ta seg av meg], seier ho ifølgje avisa.

Sjå video om rapporten og historiene som vert delte i han: 

Taliban fører drapsliste

Seksuell omgang mellom likekjønna vart forbode i den afghanske straffelova som tredde i kraft i 2018, og grunnlova gjennom sharia-lovgjeving opnar for dødsstraff.

Ifølgje organisasjonen ILGA har ikkje dødsstraff for homofili vore praktisert i Afghanistan sidan Taliban sist var ved makta i 2001.

Men då Taliban regjerte frå 1996 til 2001, kom det meldingar om at menn, skulda for å ha sex med andre menn, vart dømde til døden. Dei skal ha vorte avretta ved å verte knust, då tanksar velta vegger, ifølgje Reuters.

I juli, før Taliban hadde teke over landet, fortalde ein talibansk dommar den tyske avisa Bild at det berre finst to straffar for homofile: “anten steining, eller så må han stå bak ein vegg som vil falle ned på han”

I slutten av oktober sa ein talsmann for Taliban til Reuters at dei ikkje ville respektere skeive sine rettar, fordi LHBT «det er mot vår sharialov».

– Vi veit med sikkerheit at Taliban har ‘drapslister’ som sirkulerer, kor dei identifiserer LHBTQI+-personar, sa Kimahli Powell til FRANCE24 i starten av november.

Han er leiar av Rainbow Railroad, ein internasjonal LHBT+-organisasjon som er til stades i Afghanistan.

Ber styresmakter leggje press på Taliban

Av dei Human Rights Watch har intervjua til den nye rapporten oppheld dei fleste seg framleis i Afghanistan, nokre har flykta til naboland der dei framleis er utrygge, og berre eit fåtal hadde komme seg til eit land kor dei kjenner seg trygge.

– Det er kritisk avgjerande at uroa styresmakter legg press på Taliban med det same til å respektere rettane til LHBT-personar, sikre at bistanden dei gjev Afghanistan når LHBT-personar og anerkjenne at LHBT-afghanarar som søkjer asyl er utsette for ein særleg risiko for forfølging i Afghanistand og nabolanda.

Det seier Heather Barr frå Human Rights Watch i ei pressemelding.


Albanske Xheni stod fram som lesbisk på  TV då ein politikar sa “om sonen min vert som deg, så skyt eg han med ei kule i hovudet” til ein skeiv debattant.

Xheni Karaj kom ut som lesbisk på nasjonal TV, fordi ho ikkje orka vere taus lenger. Foto: Privat