Ebba (16) og Hauk (15) fekk profesjonell hjelp til sexscene

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ebba Lindgren (16) og Hauk Hellestveit Hannemann (15) spelar Sofie og Leo i NRK-serien «Lik meg». I den nye sesongen møter Sofie og Leo kvarandre på fest og har sex for første gong.

Allereie første gong skodespelarane las manuset kjente dei på at sexscena kunne putte dei i ein sårbar posisjon.

– Eg trur vi vart litt sjokka begge to. Eg kjente på mange kjensler, og var spent på korleis det kom til å kjennest ut å bli eksponert på den måten, seier Ebba til NRK

Ebba og Hauk var berre 15 år gamle under innspelinga av Lik meg på NRK. Foto : NRK

Tema seksuell debut

Regissør og manusforfattar Anne Wisløff seier til NRK at ho ønska å vise sex på ein meir realistisk måte. Ho ville vise kor kleint seksuell debut kan vere, i kontrast til det barn og unge i dag ser i porno.

Derfor henta produksjonen inn ein intimitetskoordinator frå Sverige for at skodespelarane skulle føle seg trygge under innspeling.

I resten av Skandinavia har intimitetskoordinatorer lenge vore ein sjølvsagt del av innspelning av sex og nakenheit. Ein intimitetskoordinator skal sørge for at scener med sex og nakenheit er førebudd på same måte som stunts og pyroteknikk framfor kamera.

Intimitetskoordinatoren, Malin B Erikson er spesialist på feltet, og hadde mange samtalar med dei unge skodespelarane før innspeling. Sånn kunne ho finne ut kva dei var komfortable med og ikkje.

Ebba Lindgren (16) trur det var nødvendig å ha ein intimitetskoordinator på sett. Foto NRK

Før inspelninga koreograferte intimitetskoordinatoren ei simulert sexscene. Dette gjorde dei for at handlinga skulle sjå mest mogleg ekte ut, og at skodespelarane skulle vere trygge i situasjonen. På denne måten kunne regissøren fullføre sin visjon, men på same tid sørge for at skodespelarane var varetatt.

– Det er framleis ein veldig vanskeleg jobb å utføre slike scener. Ein koordinator kan vere nødvendig for dei fleste, spesielt når ein er ung, seier Hauk til NRK.

Det er Ebba einig i.

– Eg trur det gjorde at vi begge følte oss veldig trygge på sett, ho til NRK.


Les også: Skodespelar Anne Regine (24) ser heimstaden med nye auge etter Lykkeland