Regjeringa vil gje gratis p-stav, spiral og p-piller til dei under 16 år: – Ei gladsak
Sex og Samfunn jublar over at unge under 16 år får dekt utgifter til prevensjon på lik linje med 16-22-åringane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er ikkje eit vedtak som er lagt opp for at fleire skal få lyst å debutera før dei er 16 år gamle, men at dei som gjer det skal gjera det så trygt som mogleg.
Mellombels leiar for ungdomsgruppa til Sex og samfunn, Rebekka Kvilaas (21), gler seg over at regjeringa har sett av 7 millionar kroner til gratis prevensjon for dei under 16 år.
- Les også: Seks mytar om seksualitet
Gratis prevensjon opp til 22 år
I dag kan unge i alderen 16–22 år få dekka utgifter til prevensjon. Ordninga inneber at ein får dekt 125 kroner per tredje månad, som dekker dei billegaste p-pillealternativa.
I tillegg kan unge i alderen 16–19 år få gratis p-stav eller spiral, som langtidsverkande prevensjon. No blir begge desse ordningane utvida til å òg gjelda unge under 16 år.
I fjor leverte ungdomsgruppa til Sex og samfunn ei liste med 50 krav til helseministeren, der gratis prevensjon for alle var det aller første kravet.
– Både eg og resten av ungdomsgruppa tenkjer at dette er ei veldig gladsak, seier Rebekka Kvilaas på telefon til Framtida.no.
Få uønskte tenåringsgraviditetar
Ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet debuterer 21 prosent av gutane og 24 prosent av jentene før dei fyller 16 år, som er den seksuelle lågalderen i Noreg.
Gratis prevensjon til unge er eit tiltak som først og fremst tek sikte på å hindra uønskte graviditetar.
Dei siste åra har det vore historisk få abortar i Noreg. Gruppa som står for flest abortar er kvinner i alderen 25–29 år. I denne gruppa, som ikkje lenger får gratis hormonell prevensjon, var det i 2021 15,2 abortar per 1000 kvinner.
I den yngste aldersgruppa på 15–19 år var det 4,6 abortar per 1000 kvinner i 2021.
- Les også: Færre klamydiatilfelle i koronaåret 2021
Økonomiske hindringar
Også avdelingsleiar for kommunikasjon og politikk i Sex og samfunn, Ingvild Endestad, gler seg over at unge under 16 år skal få gratis prevensjon.
– Det er eit paradoks at dei som er mest sårbare og har dårlegast råd er dei som har det dårlegaste tilbodet. Dei yngste bør få tilgang til den prevensjonen som er best, ikkje berre den som er billigast, seier Endestad.
Ho fortel at økonomi ofte er eit hinder for dei yngste når det kjem til å velja prevensjonsmiddel.
– Det som er er at unge under 16 år har sex, men per i dag så lukkar me augo for det på grunn av den seksuelle lågalderen, seier Endestad.
Ho meiner det er viktig at helsevesenet i større grad enn i dag kjem i kontakt med dei yngste som er seksuelt aktive.
– Me veit at unge som lærer om sex er dei som tek dei beste vala. Det er ikkje slik at unge under den seksuelle lågalderen som ikkje har tilgang på prevensjon ikkje har sex, men dei har mindre tilgang til å bestemma over eigne reproduktive rettar, seier Endestad og held fram:
– Gratis prevensjon kan vera eit viktig verkemiddel for å koma i kontakt med dei yngste og gje dei kunnskap, oppfølging og helsehjelp.
Departementet
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ellen Rønning Arnesen (Ap), fortel at å utvida ordninga med gratis prevensjon har vore ei viktig sak for Arbeidarpartiet.
– Me ynskjer ei helse- og omsorgsteneste som møter dei unge sitt behov og kor ungdom får hjelpa dei treng. Det er viktig at prevensjon er lett tilgjengeleg for ungdom, skriv ho i ein e-post frå departementet.
Frå 1. januar 2022 fekk helsesjukepleiarar og jordmødrer utvida retten til å skriva ut hormonell prevensjon til alle aldersgrupper. I samband med denne utvidinga kom Helsedirektoratet med nye faglege råd som skal støtte fagfolka i helsetenesta.
Departementet støttar seg på tal frå Reseptregisteret som viser at kring 10–12 000 unge under 16 år hentar ut minst ein resept på prevensjon frå apotek i løpet av eit år. Om lag halvparten av desse fyller 16 år seinare same år.
Forskjellen på gutar og jenter
Kvilaas i ungdomsgruppa til Sex og samfunn trur ikkje det å oppheva aldersgrensa for gratis prevensjon vil føra til auka sexpress blant dei yngste, men gjera det lettare for yngre å ta kontakt med lege eller anna helsepersonell utan å vera redd for å bli avvist.
Så lenge det er trygg, samtykkande sex, utan for stor aldersforskjell, tenkjer ho at det er eit gode.
– Viktig å kartleggja pasienten
Kvilaas meiner at dei yngre jentene ofte har lite medverknad på kva prevensjon dei vert sett på.
21-åringen peikar på at mange unge vert sett på p-piller framfor til dømes spiral, som har lågare risiko for både blodpropp og uønskt graviditet.
– Når ein er inne på kvinnehelse, så er det viktig å uansett alder kartlegga kva som passar pasienten og deira helse, seier Kvilaas, og held fram:
– Det er viktig at ein får god rettleiing frå helsepersonell og foreldre, framfor å skremma dei under 16 år frå å ha sex.