Klimakamp, antibitikaresistens og rasisme – desse sakene gjorde inntrykk på redaksjonen i 2020

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingvild Eide Leirfall, journalist i Framtida.no:

Norsk kvardagsrasisme: «Hald kjeft, jævla negerungar!»

I samband med Black lives matter-demonstrasjonane i juni vart det for mange klart at rasisme også er eit problem i Noreg. Samstundes vart det også tydeleg at ikkje berre er det veldig vanleg å oppleve kvardagsrasisme i Noreg, men veldig mange kvite ser det ikkje, trur det ikkje, og har ikkje høyrt om det.

Så eg byrja å samla inn historiar frå folk om deira opplevingar med kvardagsrasisme i Noreg. Sjølv om eg var smerteleg klar over at dette skjer også her til lands – var det slåande trist å oppdaga kor lett ein finn desse historiane. Det er ikkje noko som berre skjer ein sjeldan gong. Det er små mikroaggresjonar som omlag alle som ikkje er blonde og kvite i huden har opplevd minst éin gong.

Bilde av rasistiske utsegner

I biletet over ser du direkte sitat som har blitt sagt til nokre av dei eg prata med. Sjølv då dei var barn.

Ei viktig påminning om at ein er privilegert om ein trudde kvardagsrasisme ikkje var eit problem i Noreg.

Generelt har sakene om diskriminering og urettferd sete hardt i i år, og både Malin (18) som ikkje fekk leige fordi ho er bifil, Edvin (22) som vart slått ned fordi han er homofil, og Amanuel (19) som ikkje fekk leiga fordi han kjem frå ein etiopisk familie er også verd å nemna.

Sjå dei utrulege bileta av verda i korona-karantene

Dette året har sjølvsagd vore det raraste mest absurde året på lenge. Det lengste og kortaste året eg kan hugsa. Det er rart å tenka på at me i februar sat og lurte på om me skulle oppretta knaggen #korona i sakene våre. Me kom vel ikkje til å skriva så mykje om dette viruset i Asia?

Tidleg på året hadde me ei vekentleg spalte kalla: Veka i bilete. Me sat på biletebanktenesta Scanpix og tråla oss gjennom bilete frå heile verda, for å samla dei mest interessante. I januar dukka bileta frå Wuhan og Kina opp, med for oss, heilt uvande mengder smittevernutstyr og drastiske smitteverntiltak. Alle i gatene gjekk med munnbind, eit heilt merkeleg syn for oss som aldri har teke i eit munnbind før. På flyet måla dei temperaturen på alle passasjerne. Enno skjønte me ikkje at dette skulle koma til å spreia seg langt utover Asia sine grenser, også til oss. I bilete-saka frå januar har eg skrive at: Folkehelseinstituttet melder at nordmenn ikkje treng vera uroa.

Foto: Zsolt Czegledi/MTI via AP

Men dei absurde bileta vart fleire og fleire, og nokre veker seinare laga eg saka: Sjå dei utrulege bileta av verda i korona-karantene, med folketomme tribunar, gater, trikkar, butikkar og meir. Det er ei heilt eiga stemning over desse bileta frå oppstarten av den globale pandemien og tiltaka for å stagge den.

Berre nokre månadar seinare opna eg eit nytt dokument for å skrive: Alt du må vita om munnbind. Det er både trist og fint at den har lege på topplista over lesne saker i fleire veker i haust.

CV-ane til statsrådane: Oljeminister Tina Bru (33) har jobba på Carlings

Før verda gjekk til helvete skreiv me faktisk også ein del om andre ting, og å laga CV-ane  til dei nye statsrådane var ei litt kjekkare å sak å lage.

Du har kanskje allereie gløymt det, men på starten av året hadde me faktisk ei lita regjeringskrise her i landet. Frp gjekk ut av regjering, og gamle statsrådar måtte erstattast og inn kom sju nye.

Me gjorde som seg hør og bør og sjekka kva kvalifikasjonar desse maktpersonane har, ifølgje CV-en.

Visste du til dømes at Abid Raja (V) har master i vitnepsykologi? At Sveinung Rotevatn (V) spelte piano og tverrfløyte i garden eller at Henrik Asheim (H) har vore leiar i styret for Sex og samfunn?


Bente Kjøllesdal, journalist i Framtida.no: 

Dei risikerte livet for demokrati: – I det augeblikket vi stoppar er alt bortkasta

I mai snakka eg med Lindah, Sait og Mostafa, som alle har vore ein del av programmet Students at risk, som let forfølgde aktivistar fullføre utdanninga si i Noreg.

Zimbabwiske Lindah (25) protesterte mot thigh for a mark-systemet i heimlandet, der forelesarane kravde sex av dei kvinnelege studentane, og gav dei strykkarakter om dei nekta.

Lindah Chido Matsapa, Sait Matty Jaw og Mostafa Elsayed Hussin har alle risikert livet for demokratiet. Foto: Privat/UiB

Då Sait fekk vete at han var føreslegen til programmet, sat han i det berykta Mile 2-fengselet i Gambia. Då han fekk vete at han kom gjennom nålauget, var han på veg heim frå domstolen i Banjul. Kvifor var han i trøbbel med styresmaktene? Fordi han kjempa for demokrati og likskap, og mot skadelege tradisjonar som kjønnslemlesting.

– Vi levde i konstant frykt sidan folk vart arresterte og nokre gongar forsvann, berre for å kritisere styresmaktene, fortalde han.

Egyptiske Mostafa stifta ei studentrørsle som stod opp for menneskerettar og akademisk fridom, men vart straffeforfølgd av militærstyret i landet, som forbaud rørsla.

– Eg veit ikkje kvar eg ville vore no om eg ikkje hadde fått denne mogelegheita, men eg hadde nok vore gløymt i eit egyptisk fengsel, fortalde Mostafa, som framleis ikkje trygt kan reise attende til heimlandet.

Klimaaktivstar verda rundt: – Aktivisme fungerer, sjølv i Russland

Sjølv om pandemien stenger grensene mellom landa, så byr internett på eit hopetal av mogelegheiter for å prate med folk frå andre sida av jordkloden.

I haust har eg prata med åtte unge klimaaktivistar, som kjempar for klimahandling i heimlandet sitt.

– Det er ganske vanskeleg (og farleg) å vere aktivist her, fortalde 26 år gamle Arsjak Makitsjian og la til:

– Om du risikerer å streike i Russland, så er det definitivt alvorleg.

Dei fortalde om korleis aktivismen deira vert møtt, kor vidt folk flest er merksame på klimaendringane og kva hovudutfordring dei står overfor der dei bur.

Visste du at mattryggleiken i Kenya er truga av ørkengrashopper? Eller at ein forlatt oljetankar utanfor kysten av Jemen trugar drikkevasskjeldene i Saudi-Arabia? At luftforureininga i Nord-Irland er på eit ulovleg høgt nivå? Eller kor farleg det er å vere klimaaktivist på Filippinane?

Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no

Mitzi Jonelle Tan frå Filippinane var også ein av ungdommane som stod bak det digitale klimatoppmøtet, etter at COP26 vart avlyst.

– Eg har sett så mykje øydelegging og eg er redd for å drukne på mitt eige soverom, og no fortel de meg at det kjem til å ta eitt år til før de revurderer dei tomme orda og løftene, og planar vert gjort om til handling? sa 22-åringen til Framtida.no.

Antibiotikaresistens: Kva er antibiotikaresistens og kvifor er alle så redde for det?

Midt i pandemien byrja eg å skrive om ei utfordring som kjem til å råke oss mykje hardare, om ikkje vi tek grep no: Antibiotikaresistens.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Allereie i takketala si, då han mottok Nobelprisen i medisin i 1945 for å ha oppdaga penicillin, åtvara Alexander Fleming om farane ved overforbruk av antibiotika. Likevel representerer det no ein av dei største helsetrugslane i verda.

Innan 2050 er det spådd at antibiotikaresistens vil ta livet av 10 millionar menneske kvart år – det er fleire enn kreft!

Nokre av hovudgrunnane til at antbiotikaresistensen har utvikla seg er: overforbruk blant menneske; overforbruk i landbruket; og at legemiddelselskapa har stoppa antibiotikautviklinga.

Alt håp er ikkje ute, men verda må handle no.


Andrea Rygg Nøttveit, journalist og nyheitsleiar i Framtida.no:

Trikkeførar og rockestjerne Thorleif Bratval bur på gamleheim

Under koronapandemien vart det mykje heimekontor og telefonintervju, men heldigvis har me òg fått vore ute og møtt folk – på trygg avstand.

Eit av høgdepunkta var å vitja trikkeførar og framtidig rockestjerne Thorleif Bratval (21) på gamleheimen der han bur.

– Eg føler meg på ein måte heime når eg går ut døra i leilegheita. Skal eg noko så vert eg ståande ein halvtime i resepsjonen å prate. Eg treff på nokon og tek ein kaffikopp, så det er veldig koseleg sånn, fortalde 21-åringen, som flytta inn rett før koronanedstenginga.

I tillegg til spanande personlegdom er Bratval ein talentfull musikar som går i fotspora til namnebror og førebilete Stein Torleif Bjella.

Plateaktuelle Thorleif Bratval (21) trivest på Paulus sykehjem i Oslo, der han bur billig mot frivillig sosialisering og underhaldning.

Arina Aamir som utviklingsminister

Ei anna jente som har gjort inntrykk, både her heime og ute i verda er Arima Aamir. 15-åringen frå Oslo fekk vera utviklingsminister for ein dag Under Plan International Norge sin «Girls Takeover», medan Dag Inge Ulstein var heime i karantene.

Hennar høgdepunkt var omtale frå far til førebiletet Malala, og møtet med Jan Tore Sanner.

– Eg gjekk heilt tom for ord og fekk ikkje fullført setningane mine, fortalde ho om møtet til Framtida.no.

Arina Aamir har òg oppmoda statsminister Erna Solberg til å betra representasjonen i regjeringa gjennom å få ein kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn, og kjem nok til å vera ei me vil høyra mykje frå i framtida.

Tysdag denne veka farta Arina Aamir (15) rundt i statsrådbilen, medan utviklingsminister Dag Inge Ulstein sat heime i karantene. Foto: Plan International Norge

Amerikansk hundepolitikk

Då korona kom og stengde landet måtte eg leggja hjartesaka mi på is. For det var litt kunstig å snakka om hundar i amerikansk politikk midt i ein pandemi som råka USA og valkampen der beinhardt.

Men det er for mange spanande historiar og symbolikk i den amerikanske presidenthistoria til å la det fara. Visste du til dømes at Donald Trump er den første amerikanske presidenten på over 100 år som ikkje har hatt ein hund i Det kvite huset?

– Media spelar ei stor rolle i amerikansk politikk. USA er eit stort land med ei stor befolkning og eg trur både presidenten og senatorane føler dei må visa fram eit tilgjengeleg image, ofte gjennom ein hund, forklarde filosofiprofessor Kevin Cahill til Framtida.no før valet.

I januar får USA både ny president, ny førstedame og nye førstehundar. Joe Biden poserer med familien sitt nyaste medlem, Major, i 2018, medan Jill feira den nasjonale hundedagen med ein hyllest til Champ og Major. Foto: Twitter og Instagram


Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no:

Framtida.no i 10 år!

1. september i år fylte Framtida.no 10 år. Det blei inga storslått feiring på grunn av korona. Men det var gøy å mimra tilbake på historia om starten vår og korleis ei feiloppringing bidrog til at eg blei med på å starta Framtida.no.

Gjennom dei ti siste åra har det vore mange utrulege og morosame saker me har skrive om. Som til dømes rotta Darius som blei internasjonalt kjent kunstnar, Kristoffer Spissøy som hadde gått i shorts heile året i snart fem år (no er det sju år), nazivaskebjørnar eller kva forhold stortingsrepresentantane våre har til Beyoncé.

Kåringa av Årets nynorskkommune tok av

I oktober var det ei sak som klikka heilt på Framtida.no. I alle fall var det nokon som klikka som nokre heltar då eg la ut saka om kva kommunar som var finalistar i Årets nynorskkommune. Den uhøgtidlege avstemminga vår fekk over 260.000 stemmer, og sette ny rekord på Framtida.no.

Spesielt var konkurransen stor mellom Voss og Kvinnherad. Juryen enda med å kåra Voss herad til Årets nynorskkommune. Prisen blei delt ut statsrådane Abid Q. Raja og Sveinung Rotevatn (som begge kjem frå eit parti som fekk under halvparten så mange stemmer som Årets nynorskkommune).

– Det er to prisutdelingar alle statsrådar gjerne vil vera til stades på. Den eine er nobelprisen. Den andre er årets nynorskkommune, sa Sveinung Rotevatn då han kom opp på scenen – til applaus frå salen.

William Thanoothong Svendsen (19) er admiral for Unge Pirater, som vil innføra flytande demokrati. I bakgrunnen er Stortinget samla i mai for å behandla endringar i Bioteknologilova. Foto: Stortinget/Privat

Slutten på demokratiet?

Eit spennande prosjekt å jobba med dette året, har vore artikkelserien som me kalla «Slutten på demokratiet?».

Gjennom dette prosjektet har me undersøkt korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Målet for prosjektet har vore å laga undersøkande journalistikk som set demokratiet på dagsorden, og laga undersøkande journalistikk om radikale idear i vår tid.

Eg har intervjua ungdomspolitikarar frå AUF til Unge Pirater, og ei rekkje andre unge kjelder frå ungdomsorganisasjonar og ungdommar utan tilknyting til politikk eller verv. Eg har òg intervjua stortingspresidenten og klimaministeren.

Elles så har til dømes journalist Andreas Brattåker Støyva undersøkt forsøk på deltakande budsjettering i Noreg. Og Eirik Tangeraas Lygre har skrive om forsøk med borgarforsamlingar og deliberativt demokrati i Frankrike og ein serie med artiklar om korleis ny teknologi kan utfordra og utvikla demokratiet vidare.