Framtidas årsrapport 2023

Framtida.no lanserte sin nye debattportal og nye nettsider i 2023.

Framtida
Publisert

Framtida og Magasinett-redaksjonen tel i 2023 fire årsverk, i tillegg til dyktige vikarar og sommarvikarar.

Framtida.no har i 2023 hatt 802 719 brukarar. Trafikken frå læreplattformer har halde fram med å auka og syner behovet for gode nynorske tekstar til bruk i undervisning.

20. juni 2023 gjekk Framtida.no over til Google Analytics 4, som erstatta Universal Analytics.

Om Framtida

Framtida.no er ei nynorsk nyhende- og debattavis på nett for unge i alderen 14-25 år. Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar, men er redaksjonelt uavhengig. Framtida.no dekkjer heile landet, men fokuserer på saker som er viktige for unge, som ungdomsengasjement og politikk, samfunn, klima, miljø og identitet. Målet er å løfta og styrka engasjementet til unge, samstundes som me er eit nynorsk lokomotiv på nett.

Etter overgangen til Google Analytics 4 har 60,5 prosent av trafikken kome frå mobil, medan det resterande kjem frå desktop og nettbrett.

  • 47 prosent av treffa våre kom som resultat av organiske søk.
  • 25 prosent av brukarane vart vist vidare til sida frå ei anna kjelde. Her ligg mellom anna siteringar frå andre medium og trafikk frå læringsplattformer.
  • 19,4 prosent av trafikken kjem direkte frå framsida til Framtida.no.

Framtida-redaksjonen. Bak frå venstre: Språksjef Birgitte Vågnes Bakken, journalist Eirik Dyrøy Lotsberg. Framme frå venstre: Journalist Marie Knutsen Bruntveit, redaktør Andrea Rygg Nøttveit og Kort forklart-journalist Åshild Slåen.

I september fekk Framtida.no nye nettsider, designa av Blåis AS. Desse er utforma for å betre treffa unge i alderen 15 til 25 år og gjera journalistikken vår meir tilgjengeleg for ulike typar lesarar.

Oppdateringa er ein del av prosjektet «Nye måtar å kommunisera med fleire lesarar». Prosjektet fekk innovasjonsstøtte av Medietilsynet og har resultert i ein ny debattportal for innsending av meiningsinnlegg, meir tilgjengelege nettsider og nyheitsbrevet Vekas viktigaste.

 

Den nye debattportalen til Framtida.no og Magasinett har fått inn 102 innlegg og skrivekonkurransebidrag sidan lanseringa 20. april 2023. I tillegg har me fått inn mange gode meiningsinnlegg via tips@framtida.no

Eitt av dei innsende meiningsinnlegga resulterte i nyheitsartikkelen Reidun (23) avbestilte sjukehustime – fekk Vipps-krav på 1500 kroner, som var den tredje best leste artikkelen på Framtida.no i 2023.

Saka til Reidun Bergland (23) vart òg løfta på Stortinget av Marian Hussein (SV) og helseministeren lova at den varsla evalueringa ville koma.

Skjermdump, meiningsportalen til Framtida.no

Lesarinnlegget som er sendt inn via portalen og har fått flest lesarar er 15 år gamle Elisa Skogrand si tekst om aldersgrenser i sosiale medium: «Å gi tilgang til sosiale medium til ein 10-åring, er som å gi ein hund kattemat. Heilt feil» var blant juryane sine favorittar i Framtida.no, Magasinett og Nynorsksenteret sin skrivekonkurranse «Grenser i ei digital verd».

Her kan du sjå lista over dei 10 mest leste Framtida-sakene i 2023.

Takk for følget i 2023.

Kva vil du lesa meir om i 2024?

Kva vil du lesa meir om i 2024?

Politikk1
Utanriks0
Teknologi og vitskap0
Film og seriar0
Litteratur0
Klima og miljø1
Sport0
Svar totalt: 2

 

Send oss gjerne meiningsinnlegg, tips, ris eller ros:

Tips oss