Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 04.01.2021 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er 67 millionar innbyggarar i Frankrike. Om hausten 2019 blei eit representativt, men tilfeldig utval av desse plukka ut til eit heilt spesielt eksperiment. 150 franske borgarar skulle komma med ei rekke framlegg for å nå målet om 40 prosent kutt i franske klimagassutslepp innan 2030 – i ei «ånd av sosial rettferd».

Ein av desse 150 er Sylvain Burquier. Vald ut blant 67 millionar. I sju ulike sesjonar som strekk seg tilbake til oktober 2019 har Burquier og resten av forsamlinga blitt kjend med kvarandre, sett seg inn i klimasaka, drøfta, diskutert og prioritert.

I sommar presenterte dei omsider eit felles framlegg til ny, fransk klimapolitikk.

– Ei ekstraordinær oppleving

I eit e-postintervju med Framtida.no skildrar Burquier oppdraget sitt som ei ekstraordinær oppleving.

– I byrjinga var det vanskeleg å ta innover seg oppdraget vi var tildelt, og at vi kanskje skulle endra politikken til landet vårt. Eg er veldig glad for røynsla eg har fått rundt temaet klimaendring, og eg er veldig stolt av å ha vore blant dei 150, skriv Burquier til Framtida.no.

Den franske presidenten Emmanuel Macron, til høgre, og no avgått statsminister Edouard Philippe på veg til eit møte med medlemer av den franske klimaforsamlinga. Macron, som annonserte at han skulle «gjera planeten storslått igjen» har møtt sterk motstand og store demonstrasjonar mot delar av klimapolitikken sin. Etter at Dei grøne gjorde eit svært godt lokalval i sommar er Macron ute etter å vinna tilbake tillit i klimapolitikken. (Christian Hartmann/Pool via AP)

– Kjendest det som eit stort ansvar?

– Utover ansvaret vårt for klimasaka oppdaga vi eit ytterlegare politisk ansvar, og at avgjerdene våre ville ha innverknad på alle franskmenn. Dagen eg fann ut at vi skulle endra den første artikkelen av den franske grunnlova gjorde stort inntrykk på meg.

Endringa Burquier snakkar om dreier seg om å styrka det rettslege vernet av klima og biologisk mangfald i den franske grunnlova.

Kunsten å velja representantar

For å plukka ut dei 150 medlemene blei først 255,000 vilkårlege franske telefonnummer trekt ut. Dei som sa seg einige i føremålet – å gå lenger og raskare i kampen mot klimaendringar med større grad av deltaking frå franske borgarar – blei med vidare.

Deretter skjedde ein meir omfattande utvalsprosess basert på følgjande kriterium: For å spegla det franske samfunnet, skulle forsamlinga bestå av 52 prosent kvinner og 48 prosent menn. Seks ulike aldersgrupper blei definert frå 16 år og oppover. Talet på medlemer frå kvar kategori skulle spegla den franske befolkninga.

På utdanningsnivå var det seks ulike kategoriar, som igjen skulle spegla det franske samfunnet, men med spesiell vekt på representasjon av folk utan høgare utdanning.

Sylvain Burquier jobbar til vanleg med kommunikasjon og marknadsføring i Paris. Forsamlinga skulle òg spegla mangfaldet av yrke i det franske samfunnet, og folk som opplevde ekstrem fattigdom skulle vera representert i forsamlinga.

I tillegg skulle sjølvsagt alle franske regionar vera representert, og at det var representantar frå franske oversjøiske område. Det skulle òg vera jamn fordeling av folk som bur i ulike område, slik som storby, forstad, bygd, eller tettstad.

Tidsnaud lærer naken kvinne å spinne

– Kva var, etter ditt syn, det mest positive ved borgarforsamlinga?

– Det mest positive var innføringa vi fekk i klimasaka, i tillegg til arbeidet lagt ned av ulike folk med variert bakgrunn, som greidde å meisla ut 149 sterke politikkforslag for den franske republikken og for våre felles borgarar.

– Fekk du også auge på negative sider?

– Tidsnaud var eit reellt problem, men på same tid er det gjennom avgrensingar at ein kan skapa tilstrekkeleg kreativitet til å svara på eit så stort prosjekt. Den andre store utfordringa, for alle 150, var å legga ned arbeidet og overlata framlegga til politikarane.

Det første møtet var eit realt slag i fjeset for alle deltakarane

Forsamlinga hadde tilgang til klimaekspertar som informerte forsamlinga grundig om fakta i klimasaka. 46-åringen meiner dette gjorde utvalettilstrekkeleg informert til å komma med politiske framlegg.

– Kunnskapsnivået vi oppnådde var veldig imponerande, takka vera deltaking frå forskarar, vitskapsfolk, faktasjekkarar og ulike fagfolk på høgt nivå. Vi har møtt 150 til 200 interessentar. Det første møtet var eit realt slag i fjeset for alle deltakarane.

Trur Frankrike kan bli leiestjerne i klimapolitikken

Borgarforsamlingar er eit døme på «deliberativt demokrati», der ideen er at politiske løysingar blir til gjennom utveksling av kunnskap, argument og erfaringar i ein open, inkluderande dialog. Dette meiner Burquier fungerte òg i praksis.

– Erfaringa av deliberativt demokrati har vore eksepsjonell og nyskapande, men det er først og fremst ein demonstrasjon av at kollektiv intelligens gjer det mogleg å oppnå sterke, ambisiøse og moderne resultat med svært ulike folk. Ikkje på noko tidspunkt blei vi manipulert: snarare bestemte vi for oss sjølv, og oppnådde eit stort resultat for vår felles framtid. Frankrike kan på ny bli ei leiestjerne.

Kollektiv intelligens gjer det mogleg å oppnå sterke, ambisiøse og moderne resultat med svært ulike folk

Burquier trur at borgarforsamlingar kan bidra til å overkomma polariseringa som veks fram fleire stader i verda.

– Deltakande demokrati og debatt borgarar imellom vil bli dei nye reiskapa i moderne demokrati for å unngå mistillit og separasjon mellom folk og folkevalde. Ein unngår sanneleg ekstrem røysting, og ein styrkar demokratiet. Større borgardeltaking er ein god måte å sørga for kraftfulle politiske framsteg som er i samråd med befolkninga.

Fekk aksept for 146 av 149 forslag

Arbeidet til utvalet viste seg å vera fruktbart, sidan dei etter mykje arbeid fekk aksept for heile 146 av 149 forslag.

– I starten visste vi ikkje korleis det kom til å gå. Politikarar var ikkje nødvendigvis for denne ordninga – det var president Macron som sette i gong og støtta forsamlinga. Til slutt blei 146 av forslaga våre akseptert og støtta av presidenten. Og no tilbyr han oss å delta i å skissera lova.

Ein demonstrant held opp eit banner med teksten «Gilets Jaunes» – dei gule vestane – under ein demonstrasjon i mars 2019 i Paris. (AP Photo/Christophe Ena)

Det er framleis få land som ligg an til å oppfylla eigne klimamål etter Paris-avtalen, og mange stader har politikarar sine forsøk på klimatiltak blitt møtt med skepsis. Då den franske presidenten ville auka drivstoffavgiftene, førte det til store opptøyer frå dei såkalla «gule vestane», og påfølgande politisk stillstand.

Det er mot denne bakgrunnen av aukande mistru til politiske elitar at mange håper klimaforsamlingar som den franske vil lukkast. Framlegg frå tilfeldig utvalde borgarar vil kunne oppnå langt høgare legitimitet fordi folk i større grad kan identifisera seg med forslagsstillarane, er tankegangen, som Burquier i stor grad stiller seg bak:

– Dei nylege krisene har gitt oss ei reell moglegheit i miljøsaka. Borgarforsamlinga har alltid arbeidd med sosial rettferd som rettesnor. Borgarforsamlingar må avgjort gjera det mogleg å bringa folket nærare leiarane. Covid-krisa var ei øving, og viser at vi må finna konsensus og gjera refleksjonar som tillét oss å ta kraftfulle avgjerder, slik som dei som trengst i klimakrisa.

Blir kalla «Den grøne Khmer»

– Var du nøgd med forslaga til klimaforsamlinga? Trur du dei er tilstrekkeleg ambisiøse?

– Somme miljøaktivistar seier vi ikkje har vore ambisiøse nok. Andre, meir konservative, tar oss for å vera «Den grøne Khmer». Som betyr at vi er i midten, og derfor avgjort på riktig veg.

– Trur du borgarforsamlingar er ein betre måte å ta politiske avgjerder på enn andre demokratiformer, slik som folkerøysting? 

– Folkerøysting kan vera ein annan fasett av deltakardemokratiet. Vi har føreslått ei folkerøysting for å avgjera spørsmålet om grunnlovsendring.

Ein av grunnlovsendringane forsamlinga har føreslått handlar om å kriminalisera «økocid» – alvorlege brotsverk mot naturen. Framlegget er ikkje nytt, men skulle opprinneleg vera del av mandatet til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag ved sida av krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta, men blei til slutt ikkje del av statuttane til domstolen.

Aktivistar har sidan den gong argumentert for å strengare regulera slike miljøbrotsverk, men utan å lukkast nemneverdig før no.

Burquier meiner at økocid er eit komplekst konsept, men naudsynt for å setja visse rettslege grenser når det gjeld alvorlege økologiske katastrofer begått av selskap eller statar.

– Likevel må vi vera varsame med at lovreguleringa ikkje blir strengare for naturen enn for menneskeslekta. Emmanuel Macron gav tilslutning til ei folkerøysting om saka, men framlegget har framleis til gode å bli skrive, debattert og forstått, avsluttar han.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Kring 20 demonstrantar frå aksjonsgruppa Extinction Rebellion blokkerte inngongen til Klima- og miljødepartementet måndag 17. juni.

Fakta om borgarforsamling

  • Ei borgarforsamling er ei vilkårleg utvald gruppe menneske som skal få tid til å læra om og drøfta eit emne, for så å komma fram til politiske tilrådingar og prioriteringar.
  • Borgarforsamlingar er tenkt som eit tillegg til det representative demokratiet vi har i dag.
  • Borgarforsamlingar kan ha vidt ulikt tal på deltakarar, omfang og tidshorisont.

Om utvalet

  • For å plukka ut dei 150 medlemene blei først 255,000 vilkårlege franske telefonnummer trekt ut. Dei som sa seg einige i føremålet – å gå lenger og raskare i kampen mot klimaendringar med større grad av deltaking frå franske borgarar – blei med vidare.
  • Deretter skjedde ein meir omfattande utvalsprosess basert på følgjande kriterium:
  • Kjønn: For å spegla det franske samfunnet, skulle forsamlinga bestå av 52 prosent kvinner og 48 prosent menn.
  • Alder: Seks ulike aldersgrupper blei definert frå 16 år og oppover. Talet på medlemer frå kvar kategori skulle spegla den franske befolkninga.
  • Utdanningsnivå: Også her var det seks ulike kategoriar, som igjen skulle spegla det franske samfunnet, men med spesiell vekt på representasjon av folk utan høgare utdanning.
  • Yrke: Forsamlinga skulle spegla mangfaldet av yrke i det franske samfunnet, og folk som opplevde ekstrem fattigdom skulle vera representert i forsamlinga.
  • Bustad: Det skulle vera jamn fordeling av folk som bur i ulike område, slik som storby, forstad, bygd, eller tettstad.
  • Geografi: Til slutt tok ein omsyn til at alle franske regionar skulle vera representert, og at det var representantar frå franske oversjøiske område.