Sundag fekk Malin Sollund Jacobsen (18) eit ublidt møte med diskrimingeringa som framleis føregår på leigemarknaden.
mm

– Det er heilt idiotisk at ein ikkje skal kunne bu ein plass på grunn av legning. Eg skjønar ikkje kva det skal ha med noko å gjera, seier Malin Sollund Jacobsen (18) på telefon til Framtida.no

Sundag kveld la ho ut ei annonse på Facebook om at ho søkte etter leilegheit i Trondheim. Det tikka inn ei melding frå ei dame, med skildring av leilegheita og litt om betaling.

– Men så avslutta ho med «eg ser du er bifil, så då er det ikkje aktuelt». Eg blei litt sjokka og skjønte ikkje kva legninga mi hadde med leilegheita å gjera.

Før ho rakk å svara, var ho blitt blokkert av avsendaren og fekk ikkje svart.

Skjembilete av meldinga.

Angra på at ho kom ut offentleg

Dama som leigde ut leilegheita hadde sett gjennom Facebook-profilen til 18-åringen og funne ein post frå sommaren 2019.

Malin Sollund Jacobsen (18) Foto: Privat

– Eg kom ut i fjor og valde å gjera det på Facebook for å få sagt det til alle på ein gong, og sleppe å gå rundt til ein og ein, fortel Jacobsen.

– Angra du då du fekk den meldinga?

– Rett etter eg fekk meldinga angra eg og lurte på om dette kunne vera noko som kunne hindra meg i å få leiga leilegheit eller å få jobb seinare. Men om ein utleigar ikkje vil ha meg på grunn av legninga mi, så vil eg ikkje bu der.

Ulovleg diskriminering

Ho fortel at ho først vart lei seg og skuffa då meldinga tikka inn.

– Ein blir jo lei seg for at folk har slike haldningar, men eg får jo ikkje gjort noko med det. Og i husleigelova står det at det ikkje er lov å diskriminera, mellom anna på bakgrunn av legning. Det er jo ulovleg.

Ho har fått råd om å politimelde saka, noko ho framleis vurderer.

– Dei rundt meg seier at eg burde det, men eg tenker at politiet kanskje ikkje får gjort så mykje uansett. Samstundes er det kanskje bra å gjera om dei får fleire klager på ho. 

Trudde det var betre, før ho sjølv kom ut

18-åringen frå Kvænangen i Troms, fortel at ho har fått mykje støtte etter dette, både frå kjende og ukjende.

Ho fortel at ho sjølv trudde det var betre stilt for skeive, før ho sjølv kom ut.

– Då tenkte eg: Me er i 2019. Det er sikkert ikkje så mange som har sånne fordommar i dag. Eg var også mest stressa for korleis familien skulle ta det, og mindre korleis andre ville reagera. Men eg har merka at det er mange fleire som har desse haldningane enn det eg trudde.

Sjølv har ho opplevd å mista venskap og at folk ikkje ynskjer å bli kjend med ho, på grunn av legninga.

Føler det er lite snakka om

Ho håpar diskriminering på leigemarknaden ikkje er noko som skjer ofte, men at det er vanskeleg å vita.

– Eg føler det er for lite snakk om sånne ting. Det kan jo godt hende andre har opplevd det, men berre ikkje snakka om det. Eg trur det er viktig å snakka om, og ikkje halda det inni seg. 

Ho har likevel trua på at det løyser seg med leilegheit.

– Det finst heldigvis andre som ikkje har dei fordommane og forhåpentligvis løyser det seg. Men eg er så i sjokk over at folk framleis tenker sånn.

Få saker hos diskrimineringsombodet

Jurist og rådgjevar i Likestillings- og diskrimineringsombodet, Shoriz Azari. Foto: LDO

I Likestillings- og diskrimineringsombodet har dei høyrt om slike tilfelle før. Men det er ikkje mange i året.

– Er dette ulovleg diskriminering?

– Utleigarar kan ifølgje § 1-8 i husleigelova, og likestillings- og diskrimineringslova, i utgongspunktet ikkje diskriminere på bakgrunn av legning. Det krevst ei sakleg grunngjeving for at det skal vere lovleg å forskjellsbehandla på grunn av legning. Vår erfaring er at det sjeldan er sakleg grunn til forskjellsbehandling i slike saker, fortel jurist og rådgjevar Shorish Azari i ein e-post til Framtida.

Dersom ein har vore utsett for diskriminering, kan ein sende klage til Diskrimineringsnemnda.

– Vi i ombodet tilrår likevel folk å ta kontakt med oss først for veileding, før ein klagar til Diskrimineringsnemnda, seier Azari.

Ikkje høyrt om det før

Leiar i Skeiv Ungdom, Odd Thomassen. Foto: Privat

Leiar i Skeiv ungdom, fortel at han ikkje har høyrt liknande historiar før.

– Eg vart litt slått tilbake til verkelegheita om korleis verda eigentleg er. Folk treng jo ein stad å bu. Men folk blir diskriminert på alle andre område, så sjølvsagt skjer det på bustadmarknaden også, seier han på telefon til Framtida. 

Han tykkjer det er bra at Jacobsen står fram med si historie og spekulerer i om det kan få fleire til å ta kontakt med likestillingsombodet og stå opp mot diskrimineringa.

– Om folk får diskriminere utan å møta motstand vil dei jo berre halda fram. Kanskje kan dette vera med på å skapa haldningsendringar, og det er positivt.

I 2019 vart Taiwan den første regionen i Asia som opna for likekjønna ekteskap. Til no har 30 av verdas land og regionar opna for at personar kan gifte seg med ein person av same kjønn. Foto: AP Photo/Wally Santana, File
Oppdatert: fredag 28. februar 2020 12.08
ANNONSE