Tomme gater, tomme seter, tomme fly, tomme bussar, tomme turistattraksjonar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Osaka, Japan

Bilete er teke sundag 8. mars 2020. Foto: Kyodo News via AP
Bilete frå ein kamp mellom sumobrytarar under Spring Grand Sumo Tournament i Osaka, vest i Japan. Turneringa som varar i 15 dagar har gått uten tilskodarar på grunn av koronaviruset.
Milano, Italia
Italia er det europeiske landet som til no er hardast råka av koronaviruset, med over 21.000 personar bekrefta smitta. No er heile landet stengt ned, og vanlegvis folkerike plassar har fort vorte forlatte.

Foto: AP Photo/Luca Bruno
Ein tiggar går i eit tomt og forlatt Galleria Vittorio Emanuele II. Det eldste, aktive shoppingsenteret i Italia, som ligg i Milano og elles pleier vera ein turistmagnet. Bilete er teke torsdag 12. mars 2020.

Foto: AP Photo/Luca Bruno
Det plar kry av folk på Duomo-plassen i Milano, no er den folketom. Bilete av ei dame som einsam kryssar plassen torsdag 12. mars 2020.

Foto: Claudio Furlan/LaPresse via AP
Ein forlatt karusell i Milano, Italia torsdag 12. mars 2020.
Washington D.C, USA

Foto: AP Photo/J. Scott Applewhite
Bilete utanfor Capitolen i USA, der kongressen plar samlast. Bilete er teke tidleg fredag 13. mars 2020. Då var bygget stengt for turistar og ikkje-essensielle besøkande.
Fotball for tomme tribunar

Foto: UEFA via AP
Josip Ilicic (Atlanta) tek straffespark under Champions League-kampen mellom Valencia og Atlanta i Spania. Det var bestemt at kampen skulle gå utan publiku, på grunn av koronaviruset.
New York, USA

Foto: Sarah Vaynerman via AP
Frå ein av daglegvarebutikkane Trader Joe i New York, torsdag 12. mars 2020. Folk hamstrar butikkhyllene tomme. Hugs på: I Noreg er det ikkje nokon grunn til å hamstra! Butikkhyllene blir fylt opp kvar dag.

Foto: AP Photo/Kathy Willens
Josie Robertson Plaza ved Lincoln Center i New York var heilt forlatt torsdag 12. mars 2020. Dei har stengt dørene etter eit forbod mot å samla meir enn 500 personar som gjeld for heile New York.
Muchen, Tyskland

Foto: Peter Kneffel/DPA via AP
Dei siste passasjerane på bagasjeinnsjekkinga på flyplassen i München, torsdag 12. mars 2020. Donald Trump har innført innreiseforbod frå Europa til USA, og fleire europeiske land har innreiseforbod til eige land og frarådar reise til andre land. Dette gjeld også i Noreg.
Boston, USA

Foto: AP Photo/Steven Senne
Folk går gjennom eit nesten folketomt Quincy Market i Boston, onsdag 11. mars 2020. Gata er normalt eit populært turistområde.
Madrid, Spania

Foto: AP Photo/Bernat Armangue
Eit tomt galleri på El Prado Museum i Madrid, Spania. Bilete er teke torsdag 12. mars 2020. Også kulturlivet vert påverka av koronavirus-utbrotet, folk held seg heime og samlingsstadar som dette held stengt. For første gong på 80 år stenger museet, som har verk av mellom anna Francisco de Goya og Diego de Velazquez. Førre gong dei måtte stenge var under den spanske borgarkrigen (1936-39).
Roma, Italia

Foto: Claudio Furlan/LaPresse via AP
Bilete av Spansketrappa i Roma er teke torsdag 12. mars 2020. Trappene er normalt eit populært turistmål for mange. I Italia er det innført strenge restriksjonar og det meste er no stengt.
Debrecen, Ungarn

Foto: Foto: Zsolt Czegledi/MTI via AP
Skular og universitet over heile verda held no stengt, som i Noreg. Her ser me den opne plassen heilt tom på Debrecen universitet, nord i Ungarn. Bilete er teke 12. mars 2020, éin dag etter at ungarske styresmakter beordra universitet om å stenge for å unngå smittespreiing.
Praha, Tsjekkia

Foto: AP Photo/Petr David Josek
Ei dame går einsleg framfor Praha slott i Tsjekkia, onsdag 11. mars 2020. Plassen framfor slottet er eit svært populært turistområde, og er unormalt tomt. Tsjekkia har forbydd alle samlingar med meir enn 100 menneske.
Vatikanstaten

Foto: AP Photo/Andrew Medichini
Ein italiensk politibetent går over eit heilt tomt Petersplassen, etter at Vatikanet barrikaderte utkantane av plassen i Roma. Bilete er teke tysdag 10. mars 2020.
Venezia, Italia

Foto: Anteo Marinoni/LaPresse via AP
Tomme stolar og bord med dukar utanfor Markusplassen i Venezia, Italia, måndag 9. mars 2020. Sundag tok Italia sterke grep og sette 16 millionar menneske i karantene i ein månad. Det er ein fjerdedel av innbyggjarane.
Beijing, Kina

Foto: AP Photo/Andy Wong
Soldatar med ansiktsmasker går over den avstengte inngangen til Den forbudte by i Beijing, Kina. Her plar det vera drøssevis med turistar, men det er no stengt på grunn av koronaviruset. Bilete er frå torsdag 12. mars 2020.
Paris, Frankrike

Foto: AP Photo/Christophe Ena
Sikkerheitskøen utanfor museet Louvre i Paris, 2. mars 2020. Eit ynda turistmål, heilt tomt for folk. Museet er no stengt for å hindra spreiing av koronaviruset.

Foto: Andrea Mantovani/The New York Times
Kanskje eit av verdas mest besøkte turistmål, også på våren. No er det nesten tomt på plassen framfor Eiffeltårnet. Bilete er teke fredag 13. mars 2020.
Mekka, Saudi-Arabia

Foto: AP Photo/Amr Nabil
Kaba er heilagdomen i islam. Ein enkel, firkanta steinbygning dekka av svart tøy som ligg i Mekka i Saudi-Arabia. Kaba er målet for muslimane si pilgrimsferd hajj, og plar vera fylt opp med folk. På bilete frå 6. mars 2020, ser me politibetjentar som voktar Kaba, etter at styresmaktene tømte staden for å sterilisera området.
Bergen, Noreg

Foto: Sigbjørn Kårbø Rasmussen
Også her heime er det mindre folk ute. Dette bilete er frå Bybanen i Bergen, fredag 13. mars 2020. Teke litt før klokka 08.00 om morgonen, på Nesttun, når det pleier vera fullt på banen.
- Les også meiningsinnlegget frå Linn Isabel Eielsen om korona, kunst og krise: – Tenk deg om før du ber om pengane tilbake
