Coronaviruset har prega veka i verda, men også grashopper i milliardar, jordskjelv og badefestival i Danmark. Sjå bileta frå verda denne veka:

56 menneske er stadfesta døde av Coronaviruset, som smittar mellom menneske. Det har blitt teke enorme tiltak for å prøva å hindra spredning.

Folk har blitt sjekka for kroppstemperatur på flyplassar, fly og sjekkpunkt inn og ut av Wuhan (byen der det først vart oppdagar).

Dei har også byrja å bygga eit sjukehus som skal stå klart i løpet av seks dagar. Folkehelseinstituttet melder at nordmenn ikkje treng vera uroa.

Jordskjelv i Tyrkia

Eit jordskjelv på 6.8 på Richters skala, traff fredag aust i Tyrkia. Minst 31 er omkomne, og over 1500 skadde.

Redningsarbeidarar leitar etter folk som kan sitje fast mellom husa som er øydelagt etter eit jordsjeld, fredag 26. januar. (AP Photo)

Hagl i Australia

Enorme brannar har ridd Australia i lengre tid. Måndag kom eit sårt tiltrengt regnskur, men også enorme hagl kom frå himmelen. Dei gigantiske haglbitane øydelagde mellom anna bilruter og anna.

Tvilling-samling i Sri Lanka

Eit forsøk på å slå verdsrekorden i flest tvillingar samla på same stad, vart denne veka halde på Sri Lanka.

Men så mange dukka opp, at dei kanskje ikkje møtte dei strenge krava til Guinnes World Records og telte alle i tide. Svaret får dei om to veker. Den førre rekorden var 3961 tvillingpar.

Sri Lankan Twins, arrangørane av hendinga, meiner det var 28.000 som møtte opp på forsøket på å slå verdsrekorden i å samla flest tvillingpar. (AP Photo/Eranga Jayawardena)

Paris-protestar

Ein demonstrant ropar slagord under ein demonstrasjon i Marseille, fredag 24. januar. Franske fagforeiningar held nokre siste streikar og protestar rundt om i landet, etter at styresmaktene la fram eit splittande lovforslag som omhandlar det nasjonale pensjonssystemet. (AP Photo/Daniel Cole)

Motevising i Paris

Denne veka har det vore fullt opp med fashion-shows i mothovudstaden Paris. Som alltid mykje å sperra opp augo for, men dette var kanskje det mest spanande for publikum?

Modellane har på seg klede av designar Franck Sorbier sin Haute Couture sommar-/vårkolleksjon for 2020, tysdag 21. januar i Paris. (AP Photo/Christophe Ena)

Demonstrasjon for våpenlova i Virginia

Over 18.000 protesterte måndag mot at demokratane (som no styrer staten Virginia) vil stramma inn våpenlovene. Guvernør Ralph Northam (D) hadde lagt ned forbod mot våpen i demonstrasjon, men dette vart ikkje fulgt. Protestane gjekk likevel roleg for seg. 

Våpenaktivistar utanfor Virginia State Capitol, måndag 20. januar. Demonstrasjonen var initiert av “the Virginia Citizens Defense League”, men folk frå heile landet deltok. (Mike Morones/The Free Lance-Star via AP)

Australia sin nasjonaldag

Jordan O’Davis, ei aboriginsk kvinner, underhalder med dansetroppen “Buja Buja”, under Wugulora. Urfolka sin morgonsereemoni, som del av nasjonaldagsfeiringa i Australia 26. januar. (AP Photo/Rick Rycroft)

Skagen vinterbade-festival

For niande år på rad vart det arrangert vinterbading på Skagen, og deltakarar frå heile Skandinavia kasta seg i det kalde vatnet Grenen Strand.

Deltakarar i Skagen vinterbading-festival, i kalde bølgjer, 24. januar 2020. Foto: EPA/HENNING BAGGER DENMARK OUT

Grashoppe-sverm i Kenya

Fleire hundre millionar av ørkengrashopper har sverma inn over Kenya frå Somalia og Etiopia. Det er tal så høge som dei ikkje har hatt på 25 år. Insekta øydelegg avlingar.

Ei bonde-dotter spring med sjalet i lufta, for å skremma bort ørkengrashopper frå avlingane. I bygda Katitika, Kenya, 24. januar. (AP Photo/Ben Curtis)
Oppdatert: måndag 27. januar 2020 09.14

Kommentarar

ANNONSE