Framtida.no feirar 10 år: Her er dei 10 mest utrulege sakene!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

10. Norske Amalie (22) lærte rotta Darius å måle

Norske Amalie Markota Andersen har hatt rotter som kjæledyr sidan ho var 14 år gamal. Ei av hennar firbeinte vener viste seg å vere særleg talentfull. Her er den kunstnariske rotta Darius, som har fått selt bileta sine til USA.

Den norske rotta Darius vart ein viral hit, og selde kunstverka sine til USA. Foto: Privat

9. Taksidermi gone wrong

Alle er glade i gode dyresaker. Då Twitter viste omsut for dei utstoppa dyra som først blei sett på som for stygge til å vera på utstilling på Naturhistorisk museum i Bergen, kasta Framtida.no seg på saka.

Enden på soga? «De etterlatte» fekk si eiga utstilling og det vart ein real taksidermifest.

For stygge til å få bli med i utstilling. Kollasj av «De etterlatte» som Universitetsmuseet har kalla dyra som ikkje får bli med når museet opnar igjen 14.oktober. Foto: UiB

8. Katten Chester som var med å skriva ein fysikk-rapport

Framtida-redaksjonen er full av nerdar , som elskar dyr og forsking. Historia om katten Chester, som fekk poten sin på ein heilt ekte forskingsrapport var difor eit lite skup.

Chester

7. Vêr-Kristina og Dangfart Tønnessen snakkar ut om kjærleiken

Allereie i 2016 fekk Framtida.no eit intervju med Facebook-fenomenet Dangfart Tønnesen (88).

Nokre år seinare hadde den mystiske pensjonisten ein offentleg nettflørt med vêrmeldar Kristina Kvistad Hustad og Framtida.no var sjølvsagt på saka:

ROMANTISK: Dangfart Tønnessen og Kristina Kvistad Hustad møttest endeleg etter heftig flørting i sosiale medium. Foto: etter løyve frå Dangfart Tønnessen.

6. Meir kriminalitet i bokmålskommunar

Som dei fleste veit, så er me glade i nynorsk i Framtida.no.

Samla indeks for levekårsproblem i 2007 (kjelde: SSB) versus målform i kommunane. SSB/Wikipedia

Ei av dei første sakene våre, var saka om at nynorsk er på frammarsj i Afrika. Etter det har me følgt opp med ei rekkje gladsaker om nynorsk, til dømes at folk lever lengre i nynorskkommunar.

I 2013 avslørte me at folk i nynorskkommunar berre er halvparten så kriminelle som folk i bokmålskommunane.

Kjendisadvokat John Christian Elden uttala at: «Kanskje er det slik at dersom me hadde bytta ut bokmålet med nynorsk ville kriminaliteten i Noreg gå dramatisk ned? Med mogleg unntak for heimebrenning og mindre slagsmål på lokalet.»

5. Dei 20 artigaste finske kommunevåpena

Denne saka er for deg som har eit interesseområde litt utanom det vanlege. Du har nok alltid lurt på kva som er dei artigaste finske kommunevåpena, og her har du svaret:

Illustrasjonsfoto: Heraldry of the World

4. Kristoffer (20) har gått med shorts i snart 5 år

Dette er ikkje saka av deg som frys av å sjå på andre.

– Til alle som frys pleier eg å seia: invester i ein shorts, seier lærarstudenten Kristoffer Spissøy (20) frå Stord.

Framtida.no møtte han på ein parkbenk i februar 2019, som ikkje kvalifiserte til unntak for regelen om å gå med kortbukse året rundt.

shorts Kristoffer Spissøy

– Andre kler seg etter vêret. Eg kler meg etter korleis eg ønskjer at vêret skal vera, seier Kristoffer Spissøy. Foto: Svein Olav B. Langåker

3. Verdas mest unødvendige oppfinningar

Så utruleg at det ikkje skulle vore lov. Om du er like glad i kuriøse saker på internett kjem du til å elske denne lista. (Det er dessutan greitt å orientere seg, slik at ingen har teke din geniale idé før deg).

Alle foto frå Facebook-kontoren til Unnecessary Inventions.

2. Nazivaskebjørnar

Framtida.no likar normalt ikkje å skremma lesarane sine. Men ei av dei mest skremmande sakene våre er kanskje då me i 2014 kunne melda at Noreg kan bli invadert av nazi-bjørnar. Oppslaget fekk Aftenposten til å skriva om underteikna: «Her ligger det an til fast ansettelse på Dagblad-desken».

Nazibjørnar plagar landsbygda. Vaskebjørnane er ettertrakta for pelsen sin, men har blitt ei plage i Tyskland. Foto: Quartl/CC-BY-SA 3.0/Wikipedia

1. Stortingspolitikarane + Beyoncé = <3

Dette er den mest legendariske Framtida-saka, som nokon gong er skrive!

Sommaren 2017 gjennomførte Framtida.no gjorde sommarvikar Martin Årseth ein formidabel jobb då han kontakta 169 stortingsrepresentantar for å avsløra kva forhold dei folkevalde har til Queen B! Saka fekk prisen for Årets agurksak i Noreg.

Foto: Asterio Tecson/CC BY-SA 2.0-lisens

Ap-politikar Hege Haukeland Liadal (Ap) elskar Beyoncé. Foto: Stortinget

To år seinare vart Ap-politikar Hege Haukeland Liadal ferska i å forfalske reiserekningar for å dra på konsert med dronninga i København, og Framtida.no visste kva som var favorittlåta til Beyoncé-entusiasten.

«Jeg digger Beyonce! All night fra den siste skiva er nydelig. Mange favoritter men Irreplaceable som også har norske stargate-gener. PS er også stor fan av søsteren Solange! God sommer-jeg er på vei til Spania med Beyonce på ørene!» skreiv Liadal til Framtida.no to år før ho vart ferska.

Er du like stor fan av Queen B kan du teste deg på quizen: Kjenner du att Beyoncé-songane på nynorsk?

I tillegg kan me jo slenga på tidenes mest lesne sak på Framtida.no, som er soga om det islandske fotgjengarfeltet som gjekk verda rundt

Dette fotgjengarfeltet i Ísafjörður vest på Island får merksemd verda rundt. Foto: Gusti Photographia/Vegamálun GÍH