Deltakande budsjettering – vegen vidare for det norske demokratiet?

Andreas Brattåker Støyva
Publisert
Oppdatert 04.01.2021 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak Aktivitetshuset i Kolstadsgata 1, ligg Sørli leikepark. Leikeparken er eit resultat av arbeidet med å skapa nye byrom på Tøyen, gjennom områdeløftet. Parken er friska opp, og innbyggarane på Tøyen har vore involverte i prosessen.

Den tidlegare gjengrodde og mørke parken har fått nytt liv, etter innspel og idear frå dei som bur i området, og som ynskjer å nytta byrommet. Parken har fått eit enormt klatrestativ, med eit virrvarr av tau og stolpar. Sklier og bordtennisbord er det også funne plass til.

Rundt sjølve leikeplassen er det plassert benkar, og eit amfi der bebuarane kan treffast. Leiken kan også halde fram etter at det har vorte mørkt – det har nemleg kome ny belysning. På veggen til ein av murbygningane som rammar inn den vesle oasen, er eit gigantisk måleri av ein astronaut.

Dette er deltakande demokrati i praksis – å la innbyggarane ta del i beslutningane om sine nærmiljø.

Motivert av Tøyen-løftet

Aswad Iqbal meiner dei unge si utvikling heng saman med utviklinga av bydelen. Foto: Privat

– Tøyen no, og Tøyen for fem år sidan er to heilt ulike ting.

Det seier ungdomsambassadør for områdeløfta Aswad Iqbal (19) på telefon til Framtida.no.

Han meiner gode resultat frå områdeløftet på Tøyen motiverer fleire til å delta.

– Når dei unge på Grønland ser endringane som har funne stad på Tøyen, får dei trua på at liknande endringar kan skje på Grønland også. Eg trur det er viktig å bruka ressursar på fritidstilbod, og skapa aktivitet for barn og unge.

Meir radikale politiske løysingar

Nye utfordringar som krev meir radikale politiske løysingar, gjer det naudsynt å styrka demokratiet, meiner Einar Braathen, forskar ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet.

Ein måte å styrka demokratiet på, er ved hyppigare bruk av deltakande budsjettering.

Braathen syner til den brasilianske byen Porto Alegre som skuleeksempelet og opphavet til
det demokratiske verkemiddelet. I Porto Alegre er det innbyggarane direkte som bestemmer kva ein stor del av byen sine pengar skal brukast på.

Gjennom utstrakt bruk av deltakande budsjettering har dei fattige fått betre levekår.

Dei fattige områda i byen har fått betre infrastruktur og transporttilbod, samstundes som helse- og utdanningstilboda har vorte betre.

Det har også vorte langt mindre korrupsjon i den offentlege forvaltninga. Denne spesielle forma for deltakande demokrati, kallar dei orçamento participativo.

Å skapa engasjement

– Deltakande budsjettering handlar om å invitera innbyggarane til møte tidleg i
budsjettprosessen, kor forslag kring budsjett og budsjettprioriteringar vert stemt
over. Alle kan koma med forslag, innanfor rammene kommunen har sett for
prosjektet, forklarar Braathen over telefon til Framtida.no.

På desse møta vert det valt delegatar, som utformer eit heilskapeleg budsjettforslag utifrå
vedtaka på dei lokale møta. Desse delegatane fungerer som ei mellombels folkevald forsamling, likestilt med til dømes eit kommunestyre, i det året det tek å utforma eit budsjett for kommunen.

Den brasilianske byen Porto Alegre vert løfta som eit godt døme på deltakande budsjettering. Dette biletet er teke i 2010. Foto: Adreson Vita Sá, Flickr.com

Modellen har fungert særs godt i Porto Alegre. Så godt, at fleire byar verda over har innført liknande ordningar. Sjølv om mange har henta inspirasjon frå den brasilianske byen, er likevel ikkje ein blåkopi av modellen der ei berekraftig løysing alle stadar, påpeiker Braathen.

– Brasil er ikkje like gjennomregulert og styrt av nasjonal lovgjevnad som til dømes Noreg. Kommunane, eller det lokale nivået, har større autonomi i Brasil.

Frå Brasil til Noreg?

Braathen forklarar vidare at modellen spreidde seg til Europa gjennom aktivistar, og at mange av dei store byane sør i Europa brukar deltakande budsjettering. Ein finn også døme på det i mange mindre kommunar, opp til Nederland og Tyskland. Så stoppar det. Det er ikkje same utbreiinga i Skandinavia.

Det er det fleire grunnar til. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar i dei nordiske landa, og det føregår meir på det kommunale nivået i Skandinavia enn i Europa elles.

Det er også tette band mellom dei sentrale styresmaktene og kommunane. I velferdsstaten Noreg er budsjetta store og regulerte.

Forskar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet, Einar Braathen

– I Noreg er det såpass lite frie middel i kommunane, at kommunepolitikarane set ned foten. Den vesle fridommen dei har i budsjettarbeidet, vil dei styra sjølve. Det handlar om måten vår offentlege økonomi er skrudd saman på. Det er ei stukturell barriere, seier Braathen.

Den norske befolkninga er relativt nøgde med den offentlege forvaltninga. Pressa og sivilsamfunnet fylgjer med på om politikarane gjer jobben sin, og den politiske sfæren er i stor grad gjennomsiktig.

Det som har utgjort drivkrafta for deltakande budsjettering mange andre stader, som korrupsjon og manglande innsyn i politiske prosessar, er det lite av i Noreg.

Men, det kan endra seg. Kommunesamanslåingar gjev større, meir profesjonaliserte kommunar. I tillegg fører innføringa av parlamentarisme i byar som Oslo og Bergen til endå sterkare grad av pasifisering i befolkninga, og større avstand mellom folket og beslutningstakarane. Gjennomsiktigheita vert svekka, forklarar Braathen.

Nye problem krev styrking av demokratiet

– Det er ikkje stor misnøye i Noreg, men det ulmar. Bompengesaka og vindkraft-diskusjonane viser at dette er starten på ei ny tid, kor klimaendringar og klimapolitikk tvinger oss til ganske radikale tiltak. Det er stor usemje kring desse sakene, og dess meir radikal politikken blir, dess viktigare vert det å gje politikken demokratisk legitimitet.

Vidare fortel Braathen at det nye politiske landskapet er eit teikn på at demokratiet i Noreg ikkje er godt nok til å løysa usemja som dukkar opp.

– Det er nokre faresignal for det norske demokratiet. Eit godt demokrati skal løysa konflikter før dei vert uoverstigelege. Det lukkast me ikkje med i Noreg for tida, på mange område.

Han peiker difor på behovet for å styrka nivået under kommunestyret, for å sikra folk medverknad og deltaking. Dette kan gjerast gjennom å oppretta bydelsutval, grendeutval og liknande.

Braathen meiner det er stort rom for å demokratisera kommunane, ved å få aktivisert lokalmiljøa, og styrka påverknad på eigen kvardag.

– Me finn jo døme på deltakande budsjettering, i utvida forstand, på Tøyen og Grønland i samband med områdeløftet. Eit spleiselag mellom kommune og stat.

Innbyggarmedverknad i Gamle Oslo

Kjersti Grut er programleiar for områdeløfta på Grønland og Tøyen. Ho er klar på at det er viktig å involvera innbyggarane.

Programleiar for områdeløfta i Gamle Oslo, Kjersti Grut.

– For det fyrste er det viktig å gje innbyggarane moglegheit til å delta i beslutningprosessane i sine nærmiljø. For det andre er det viktig med deltaking for dei som set i gang noko, dei som skapar får ny kunnskap om det dei jobbar med, seier Grut, og held fram:

– Medverknad skapar kunnskap. Det tredje er at medverknad skapar engasjement, og gjev innbyggarane eigarskap til området sitt.

Målet med områdeløfta, og bruken av deltakande budsjettering er å skapa betre bu- og oppvekstmiljø, og meir engasjerte lokalmiljø.

Grut forklarar at dei vil involvera innbyggarane på to nivå: Med utforming av styringsdokument og programplan, og i enkeltprosjekt i bydelane.

Vil nå ut til «dei stille stemmene»

I år er fokuset på Grønland. På Tøyen har dei alt drive på i fleire år, medan arbeidet på Grønland tok til i 2017. Grut fortel at dei er opptekne av å opparbeida seg kunnskap om fleire tema. Mellom anna uterom, bumiljø og fritidsaktivitetar for barn og unge.

– Me vil få med dei innbyggarane som mange kallar «dei stille stemmene». Me kallar dei målgrupper det er vanskeleg å nå fram til, og som ikkje ytrar seg i offentlege fora.

Grut trur bruk av deltakande budsjettering styrkar det representative demokratiet.

– Det skapar engasjement og interesse for lokalsamfunnet. Det bygger også kompetanse i beslutningsprosessar. Eg trur utvikling av by og lokalmiljø er viktig, då det dannar eit utgangspunkt alle kan forholda seg til. Det gjev innbyggarane moglegheit til å påverka sitt nærmiljø, noko som styrkar medborgarskapet og demokratiet. Deltakande budsjettering gjev nærheit til beslutningane. Vegen frå idé til realisering er kort. Aktivitet skapar engasjement.

Digitalt demokrati

Prosjektet har testa ut ei digital medieplattform, kalla Citizen Lab – Gamle Oslo involverer. Dette er ein nettstad kor innbyggarane kan koma med innspel, forslag og spørsmål om nabolaget.

– Ambassadørane rettleia folk i bruken av den digitale plattforma, og var tilgjengelege om folk trong hjelp.

Resultatet var ei dobling i tal deltakarar i programplanprosessen, samanlikna med i fjor. Då var det fysiske temamøter.

– Me når fram til ein langt større del av befolkninga med den digitale plattforma. Me ser òg at dei som svarte i større grad representerte mangfaldet i befolkninga, seier Grut.

Ambassadørar

For å nå ein større, meir representativ del av befolkninga, må dei nå ut til folk på andre måtar.

Difor har dei mellom anna rekruttert eit ambassadørkorps frå området. Lokalstyret peika ut kandidatar, basert på kva tema om område dei var opptekne av. Etter endeleg samanstilling av ambassadørkorpset, har dei jobba for å engasjera innbyggarane i programplanen.

– Desse ambassadørane vert då kontakten til folket, og brukar sine nettverk og kontaktar for å nå fram til grupper me elles ville hatt vanskeleg for å nå.

I ambassadørkorpset, er det også to ungdomsambassadørar.

– Dei er viktige. Ungdommane har store nettverk. Dei bur i og kjenner områda, og har andre kontaktpunkt enn ein etnisk norsk pensjonist, til dømes.

Dei unge er også innbyggarar og deltakarar

Rania Ben Amor jobbar for å få dei unge i Gamle Oslo til å engasjera seg i lokalsamfunnet sitt.
Foto: Privat

Ungdomsambassadørane når ut til eit anna nettverk, og delar av samfunnet som dei vaksne ambassadørane ikkje har same tilgang til.

Rania Ben Amor er i liksap med Aswad Iqbal ungdomsambassadør. Ho meiner det er viktig at dei unge deltek, fordi dei er ei sårbar og underrepresentert gruppe som ofte vert gløymde og nedprioriterte når politiske beslutningar skal takast.

– Unge har rett til å bli høyrde og inkluderte, og ikkje minst vera representantar for seg sjølve og andre unge som kanskje ikkje er dei som ropar høgast, skriv Rania Ben Amor i ein e-post til Framtida.no.

20-åringen trur det vert enklare for unge å finna støtte, og å ta opp ting som angår og opptek dei når dei kan gå til ein ambassadør som sjølv er ungdom.

Mange har engasjert seg, og presentert og kommentert fleire utfordringar i den digitale undersøkinga dei har gjennomført.

– Eg har fått tilbakemeldingar frå både folk på min alder og foreldre, som syntest det var deilig å få letta på tankane og hjarta, fortel Ben Amor.

Også Iqbal har fått tilbakemeldingar. Han har jobba som fotballtrenar i fleire år, og har gjennom denne trenarrolla fått god oversikt over kva behov og ynskje dei unge har. Han meiner tilhøva i lokalsamfunnet er viktige for korleis barn og unge utviklar seg.

– Eg er sjølv eit resultat av utviklinga i bydelen. Og det er noko som har treft meg litt. Kvifor ikkje gjera ein innsats for området? Nærmiljøet er avgjerande for dei unge si utvikling, så då eg fekk moglegheiten til å bli ambassadør, måtte eg takka ja. Det er kjekt å få vera med å forma både området og folka her.

Noko som motiverer innbyggarane til å delta, er resultata frå områdeløftet på Tøyen, trur han.

Språkbarriera ei utfordring

Ambassadørane er samde om at den største utfordringa dei møtar på, er språkbarriera. Mange i bydelen manglar norskferdigheiter, som kan gjera det vanskeleg å kommunisera. Men ungdomsambassadørane er løysingsorienterte.

– Eg snakkar urdu, og kan difor snakka med mange som elles ikkje hadde fått delteke grunna språkbarriera. Mange her snakkar somali, og heldigvis har me somaliske ambassadørar, som kan hjelpa desse å ta del i beslutningsprosessane. Det handlar om å bruka nettverket til å nå ut til flest mogleg, seier Iqbal.

Også Ben Amor peiker på språkbarriera.

– Språkbarriera, og til dels manglande tekniske ferdigheiter som krevst for å kunne besvara den digitale undersøkinga er dei største utfordringane.

Ho er likevel klar på at det er viktig å få engasjert innbyggarane.

– Ingen andre har same engasjement og kunnskap om områda enn bebuarane sjølve. Det er jo heller ikkje slik at bebuarane på Grønland er ei homogen gruppe. Mange får til å uttrykka seg godt på norsk, men det er viktig å ta høgde for dei som kanskje ikkje får det til like bra.

Statsråd Jan Tore Sanner, K1s hussjef Inga Tollerud og byråd for byutvikling Hanna E. Marcussen utanfor aktivitetshuset, før det vart friska opp. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet/Flickr CC BY-NC 2.0

Ei styrking av demokratiet

Ben Amor meiner måten dei involverer bebuarane på i områdetløftet i Gamle Oslo, styrkar demokratiet.

– Demokrati handlar jo i bunn og grunn om å inkludera flest mogleg i beslutningane. Difor er det ekstra viktig at me som ambassadørar når ut til flest mogleg bebuarar, slik at dei me når ut til kan vera representantar for ei større samfunnsgruppe.

Ho peiker vidare på at deltaking er ein viktig og grunnleggande verdi i demokratiet, noko som er fort å gløyma.

– Deltaking gjev auka forståing for at andre innbyggarar kan ha heilt andre synspunkt, meiningar og opplevelsar om og av ting enn ein sjølv. Det er difor eit aktivt samspel mellom bebuarar og politikarar er så viktig når beslutningar skal takast.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Caroline Clausen. Foto: Privat