CV-ane til statsrådane: Oljeminister Tina Bru (33) har jobba på Carlings

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag la statsminister Erna Solberg (H) fram dei nye ministrane, etter at Frp gjekk ut av regjeringa tidlegare i veka.

Sju nye får koma inn i regjeringa som statsråd, medan 13 held fram i regjering, anten i ny eller same statsrådpost som tidlegare.

Det er ein del relativt unge namn på lista, som elles viser tydeleg at Høgre er det største partiet i den nye mindretalsregjeringa med Høgre, Krf og Venstre.

Her er nykommarane i regjeringa:

Abid Raja (V)
– kultur- og likestillingsminister

Abid Raja (44) frå Oslo er jurist og stortingspolitikar for Venstre. Han har vore innvalgt på Stortinget for Akershus Venstre sidan 2013, og er 5. visepresident på Stortinget.

Han har også vore nestleiar i Akershus Venstre (2009-2011), medlem av landsstyret (2009-2013) og har mange ulike verv.

Abid Raja sin CV. Foto: Stortinget. Kjelde: Stortinget.no

Sveinung Rotevatn (V)
– klima- og miljøminister

Sveinung Rotevatn (32) frå Nordfjordeid er jurist og politikar for Venstre.

Frå oktober 2018 har han vore statssekretær for klima- og miljøminister Ola Elvestuen. I januar 2018 vart han statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, først under Sylvi Listhaug, deretter under Tor-Mikkel Wara.

Han vart i 2013 vald inn på Stortinget, som den yngste i historia frå Sogn og Fjordane.

Sveinung Rotevatn sin CV. Foto: Stortinget. Kjelde: Stortinget.no.no

Tina Bru (H)
– olje- og energiminister

Tina Bru (33) frå Moss har vore innvalgt på Stortinget frå Rogaland sidan 2013, og har hatt verv i Høgre frå 2006. På Stortinget har ho vore medlem i Energi- og miljøkomiteen.

Ho er storfavoritt til nestleiarvervet på landsmøtet til Høgre i slutten av mars, når Bent Høie trekk seg tilbake.

Tina Bru sin CV. Foto: Høgre. Kjelde: Stortinget.no

Henrik Asheim (H)
– forskings- og høgare utdanningsminister

Henrik Asheim (36) frå Bærum har vore innvalgt på Stortinget frå Akershus sidan 2013.

Frå 15. september til 26. november 2017 var han konstituert kunnskapsminister.

Sidan januar 2018 har han vore leiar av Finanskomiteen på Stortinget.

Henrik Asheim sin CV. Foto: Stortinget. Kjelde: Stortinget.no

Knut Arild Hareide (KrF)
– samfedsleminister

Knut Arild Hareide (47) frå Bømlo var partileiar i Kristeleg folkeparti frå 2011 til 2019.

I 2009–2013 var han innvalt på Stortinget frå Akershus og leia Stortingets transport- og kommunikasjonskomité og 22. juli-komiteen. Han var også miljøvernminister frå 2004-2005.

Sidan 2013 har han vore innvalt på Stortinget frå Hordaland, og har site i Utanriks- og forsvarskomiteen.

I januar 2019 trakk han seg etter at partiet valde å søka regjeringssamarbeid med Høgre, Frp og Venstre. Han meinte KrF heller burde søka saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Knut Arild Hareide sin CV. Foto: Stortinget. Kjelde: Stortinget.no

Linda Hofstad Helleland (H)
– distrikts- og digitaliseringsminister (ny post)

Linda Hofstad Helleland (42) frå Klæbu har sidan 2001 vore stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag.

Ho var kulturminister i Solberg si regjering frå 2015 til 2018 og barne- og likestillingsminister frå 2018 til 2019. Frå 2017 har ho også vore visepresident i World Anti-Doping Agency.

Denne statsrådposten er heilt ny.

Linda H. Hellestad sin CV. Foto: Stortinget. Kjelde: Stortinget.no

Geir Inge Sivertsen (H)
– fiskeriminister

Geir Inge Sivertsen (54) frå Troms var frå 2011 til 2019 ordførar i Lenvik kommune.

Frå 2020 har han vore varaordførar i den samanslåtte Senja kommune.

I 2017 vart han vararepresentant for Troms på Stortinget, og har elles lang styreerfaring frå partiet lokalt.

Geir-Inge Sivertsen. Foto: NFD. Kjelde: Regjeringen.no

Held fram i regjeringa, med ny statsrådpost

  • Jan Tore Sanner (H) blir ny finansminister (var kunnskaps- og integreringsminister)
  • Trine Skei Grande (V) blir ny kunnskaps- og integreringsminister (var kultur- og likestillingsminister)
  • Iselin Nybø (V) blir ny næringsminister (var forskings- og høgare utdanningsminister)
  • Torbjørn Røe Isaksen (H) blir ny arbeids- og sosialminister (var næringsminister)
  • Monica Mæland (H) blir ny justisminister (var kommunalminister)
  • Nikolai Astrup (H) blir ny kommunalminister (var digitaliseringsminister)

Held fram i same statsrådpost som før

  • Kjell Ingolf Ropstad (KrF) held fram som barne- og familieminister
  • Olaug Bollestad (KrF) held frams om landbruks- og matminister
  • Dag-Inge Ulstein (KrF) held fram som utviklingsminister
  • Bent Høie (H) held fram som helseminister
  • Ine Marie Eriksen Søreide (H) held fram som utenriksminister
  • Frank Bakke-Jensen (H) held fram som forsvarsminister
  • Erna Solberg (H) held fram som statsminister

Går ut av regjeringa

  • Anniken Hauglie (H) går av som arbeids- og sosialminister
  • Ola Elvestuen (V) går av som klima- og miljøminister
  • Jøran Kallmyr (Frp) går av som justisminister
  • Harald Tom Nesvik (Frp) går av som fiskeriminister
  • Ingvill Smines Tybring-Gjedde (Frp) går av som samfunnssikkerhetsminister
  • Terje Søviknes (Frp) går av som eldre- og folkehelseminister
  • Siv Jensen (Frp) går av som finansminister
  • Sylvi Listhaug (Frp) går av som olje- og energiminister
  • Jon Georg Dale (Frp) går av som samferdselsminister