Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 31.10.2020 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– OL-og VM-medaljer har me i bøtter og spann, denne gongen var det heradet som vann.

Det skriv Voss herad på Facebook, etter at det vart klart at heradet trekte det lengste strået blant finalistane og vart «Årets nynorskkommune».

Samstundes proklamerer heradet at dei no er noregsmeistrar i nynorsk, og legg til:

– Noregsmeister i nynorsk er det same som verdsmeister i nynorsk.

Stolt ordførar

– Det er eit nydeleg, veldig gøy og me er sjølvsagt veldig stolte. Denne prisen heng høgt, seier vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) på telefon til Framtida.no.

Han seier prisen går til alle vossingar og deler prisen med alle som bur i heile heradet.

– Dette med målsak og nynorsk er viktig og noko me er stolte av i heile heradet, seier ordføraren.

Kva kommunen vil bruka prispengene på 100.000 kroner på, veit han enno ikkje. Men han er lydhøyr for gode forslag til gode for nynorsken.

Kulturminister Abid Q. Raja fekk hjelp av klimaminister og nynorsking Sveinung Rotevatn til å lesa opp grunngjevinga for tlldelinga av prisen på nynorsk. Hans-Erik Ringkjøb, Arild M. Steine og stabsleiar Tor Halvorsen tok i mot prisen for Voss herad. Foto: Språkrådet

Ringverknader langt utover kommunegrensene

Margrethe Kvarenes har leia juryen som i år har lagt ekstra merke til kommunar med godt nynorskarbeid i møte med kommunereforma. Foto: Moment Studio

11 kommunar var nominerte som «Årets nynorskkommune», og i finalen tevla Voss herad mot Sunnfjord kommune, Kvinnherad kommune og Hareid kommune.

I Voss herad blir det arbeidd grundig og systematisk for å ta vare på nynorsken som bruksspråk og for å styrkje nynorsken som ein viktig del av den lokale identiteten. Heradet er ein trygg støttespelar for innbyggjarane.

– Heradet syner god praksis og utvikling, og nynorskarbeidet har ringverknader langt utover kommunegrensene, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.

Voss og Kvinnherad publikumsfavorittar

Ei uoffisiell kåring på Framtida.no har skapt eit enormt engasjement. Her kunne lesarane gå inn og stemma på dei fire finalistane til «Årets nynorskkommune». Kring 250.000 har delteke stemt, og både Kvinnherad og Voss fekk over 100.000 stemmer kvar.

– Det er heilt vilt og litt kult med så sterkt engasjementet. Det viser stoltheta folk har til nynorsken og lovar godt for framtida, seier vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) på til Framtida.no.

– Det er utruleg inspirerande å sjå det folkelege engasjementet for prisen og for nynorsken. Det viser at arbeidet kommunane gjer, er viktig for folk. Alle dei fire finalistane er vinnarar på kvar sin måte, og alle fortener ros, seier juryleiar Kvarenes.

LES OGSÅ: Eili Harboe (25) bytta hovudmål: – Det kjennest meir naturleg for meg. Meir personleg på eit vis

Ei bygd for sterke nynorskopplevingar

Voss herad får ros for å spreia nynorsk gjennom næringsliv, reiseliv og spreke kulturtilbod. Prisvinnaren er ikkje berre ei bygd for sterke opplevingar, det er ei bygd for sterke nynorskopplevingar.

Juryen trekkjer også fram arbeidet med og for gode digitale løysingar på nynorsk. Heradet har sagt tydeleg frå til produsentar av digitale plattformer og læremiddel at elevane skal ha nynorske versjonar. Heradet har gjort eit framifrå arbeid som skuleeigar.

– Me vil halda fram me å stilla krav i anbod. Alle nynorskkommunene har innkjøpsmakt. Det handlar om, å vera tydeleg i alle anbod. Di fleire som stiller krav, di lettare er det for leverandørene å få gode læremiddel og hjelpemiddel på nynorsk, seier vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb.

LES OGSÅ: Noreg bruker meir pengar på språk enn vegar og forsvar

Det er enno mogleg å stemma på kven du meiner fortener prisen i den uoffisielle avrøystinga til Framtida.no:

Kven bør verte Årets nynorskkommune?

Kven bør verte Årets nynorskkommune?

Hareid kommune7012
Kvinnherad kommune133623
Sunnfjord kommune3000
Voss herad118243
Svar totalt: 261878

 

Statsrådar i kø for å dela ut prisen

Kulturminister Abid Q. Raja delte ut prisen til Voss herad på Nasjonalbiblioteket i Oslo, fredag 30. oktober klokka 12.30.

– Sjølv hadde eg påtvinga fritak frå sidemålsundervisning, fortalde Raja humørfylt då han skulle lesa opp grunngjevinga frå juryen, og bad om orsak for nynorskuttalen sin. 

Difor hadde kulturministeren invitert statsrådkollega og nynorskbrukar Sveinung Rotevatn til å lese opp grunngjevinga.

– Det er to prisutdelingar alle statsrådar gjerne vil vera til stades på. Den eine er nobelprisen. Den andre er årets nynorskkommune, sa Sveinung Rotevatn då han kom opp på scenen – til applaus frå salen.

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune».

LES OGSÅ: Skreiv Noregs beste eksamen på nynorsk

Herdis Auestad Nergaard (19), Anna Standal Tangen (20) og Jenny Heggheim Myklebust (20) vann Fridthiov Oos’ legat med eksamenssvara deira på nynorsk. Foto: Privat