Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag førre veke vart OsloMet-student Edvin Eriksen (22) skalla ned på bussen på veg heim frå eit fadderarrangement i Torshovdalen i Oslo.

– Dei sprang av bussen på neste stopp, og eg låg att med blodet rennande frå ansiktet, fortel 22-åringen på telefon til Framtida.no.

Det var Dagbladet som først omtala denne saka.

– Ingen spurde korleis det gjekk

Eriksen hadde heldigvis to veninner med, men reagerer på at ingen av dei andre på bussen kom bort og spurte korleis det gjekk.

– Eg veit ikkje kva som hadde skjedd om ikkje dei var med. Ingen på bussen spurde korleis det gjekk. Eg føler det er ei menneskeplikt å hjelpe til når ein ser urettferd, og ikkje berre sjå vekk, seier 22-åringen.

Han håpar at det å dele historia kan føre til at nokon neste gong dette skjer, står opp og hjelper til. 

– Sa at sånne personar ikkje er rette

Opptakta til valdsepisoden levnar liten tvil hjå 22-åringen om at det var hatkriminalitet han vart utsett for.

På veg heim frå eit fadderarrangement for nye studentar med tema «himmel og helvete» hadde Oslo Met-fadderen på seg ein regnbogefarga glorie.

På veg mot busstoppet kjem fire personar bort til dei og byrjar å kritisera hovudpynten.

– Dei sa at dei ikkje likte regnboge-glorien og kva den representerte. Eg fortalde at eg er homofil, og dei svara at dei ikkje likar sånne personar, fortel Eriksen på telefon.

Gruppa blir med Eriksen og venene inn på 31-bussen mot Fornebu, sjølv om dei har fortald at dei bur i nærleiken og ikkje hadde tenkt å ta bussen. Der heldt dei hatefulle kommentarane fram.

– Dei sa at sånne personar ikkje er rette, at det er noko gale med dei, at det er gut og jente det skal vera, fortel Eriksen.

Han stod opp for seg sjølv sa at å elske er ein menneskerett

– Eg sa at dette er 2020, la meg elske kven eg vil. Di meir eg stod opp for meg sjølv, di meir aggresive vart dei.

Og så vart han skalla ned.

Edvin Eriksen (22) måtte sy fire sting og fekk lettare hjernerystelse av hendinga. Foto: Privar

Vil visa at det skjer i Noreg 2020

Etter hendinga la han ut ein story på sin Instagram-profil med eit bilete og samandrag av det som hadde skjedd. Sidan då har det rent inn med meldingar frå kjende og ukjende.

Veldig mange skriv at dei er sjokkerte over at dette skjer i Noreg i 2020. Sjølv er ikkje 22-åringen overraska.

– Her i Oslo kjenner eg nesten ingen som ikkje har opplevd liknande valdsepisodar, eller som har blitt trakassering og audmjuka fordi dei er skeive. 

– Kvardagskost

Ifølgje ein politirapport frå 2019 om hatkriminalitet var 20 prosent av dei registrerte straffesakene i 2019 på lesbiske, homofile, bifile eller transpersonar (LHBT). Blant desse viser statistikken at det igjen er flest homofile menn som er ramma.

Eriksen håpar at historien hans kan opne augo for kva som skjer i Noreg anno 2020, slik at ein kan ta tak i problemet

– Norge er kanskje betre enn mange andre land, men me kan ikkje berre late att augo for dette, understrekar 22-åringen

Sjølv har han aldri opplevd fysisk hatkriminalitet før, men fortel at trakassering og stygge kommentarar på gata nærast er kvardagskost.

– Eg har også fått mange meldingar frå skeive som fortel at dei ikkje tør å leie eller kysse offentleg, fordi dei er redde for at dette skal skje med dei. Det er sjukt at det skal vere sånn. 

– Viktigare enn nokon gong å visa at ein er seg sjølv

Veninnene som var med Eriksen på bussen fekk han til legevakta og ringde politiet. Han måtte sy fire sting og fekk lettare hjernerysting.

Politiet har sjølv oppretta sak, og 22-åringen seier han trass alt har vore heldig.

– Det skjedde på ein buss, med overvakingskamera. Ofte skjer dette på open gate, utan noko video eller vitne, og der ein ikkje veit kven gjerningspersonane er.

Éi av dei fire i gruppa som trakasserte han, vart også igjen etter valdshendinga.

– Ho kjende dei ikkje så godt og vart igjen for å fortelje at ho tok sterkt avstand til desse haldningane og handlingane. Ho la også igjen nummeret sitt slik at politiet kunne kontakta ho, fortel han og er takksam for dette.

Politiet fortel til Dagbladet at saka no vert etterforska av hatkrimgruppa ved Oslo politidistrikt. Ingen er sikta i saka så langt.

Hendinga har ikkje ført til at Eriksen vil slutte å gå med synlege Pride-symbol i offentlegheita, tvert om.

– No er det viktigare enn nokon gong å vise at ein er seg sjølv. Om eg no sluttar å gå med Pride-ting eller ikkje tør å leie eller kyssa offentleg, så vinn jo desse her. Ein må ikkje la seg stoppa av dette, ein må vise dei at folk må la oss elske dei me vil. Å elska er ein menneskerett.

Sundag fekk Malin Sollund Jacobsen (18) eit ublidt møte med diskrimingeringa som framleis føregår på leigemarknaden. Foto: Privat