Alt du må vite om munnbind

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 01.12.2020 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis brukar eg det?

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Framtida.no (@framtida.no)

Det florerer heldigvis med informasjon på dette området, men her er steg for steg:

  1. Vask hendene med såpe og vatn i 20 sekund/bruk antibac
  2. Ta munnbindet over nase og munn. Har den strikk festar du den bak øyrene, du kan slå ein knute på for å få det stramare. Er det band, knyter du dei rundt hovudet.
  3. Trykk ned kanten over nasa di og langs med kinna, for å tette toppen
  4. Dra munnbindet under haka di, så det er tett frå topp til botn
  5. Ikkje ta på munnbindet når du brukar det. Unngå også å ta på ansiktet ditt. Dersom du tek på det er det viktig å vaska seg med ein gong
  6. Ikkje flytt på munnbindet når du brukar det
  7. Når du skal ta det av: anta at munnbindet er fylt med virus og smitte, så ta det av ved bruk av tråden bak øyrene
  8. Kast det rett i bóset
  9. Vask hendene med såpe og vatn i 20 sekund/bruk antibac

Bytt munnbind om det er fuktig, øydelagd eller skitna til.

Om du brukar tøymunnbind gjeld dei same råda. Hugs også å legge tøymunnbindet rett i ein lukka pose når du tek det av, og at det må vaskast på 60 grader før du kan bruka det igjen.

OBS: Tar du på munnbindet for å rette på det til dømes, hugs å vaska deg på hendene igjen! Gjenbruk og å ta på munnbindet, aukar risikoen for å smitte seg sjølv spesielt, så pass på å reingjere hendene.

Det er viktig å reingjera hendene før ein tek på munnbind, og etter ein har teke det av. Illustrasjonfoto: Jason Jarrach /Unsplash

Kor ofte må eg skifte?

Eit munnbind kan fint brukast i fleire timar og forsking har vist at medisinske munnbind blir meir effektive når dei har vore i bruk ei stund.

Ein heil arbeidsdag utan munnbind-bytte kan likevel vere vanskeleg å få til.

Blir den veldig fuktig, øydelagt eller skiten må du skifta. Skal du ta den av deg for å eta til dømes, må du også skifta.

Medisinske munnbind skal kastast etter bruk.

Tøymunnbind må leggast i ein lukka pose og vaskast på minimum 60 grader før ny bruk. Dersom ein oppbevarar det i ein lukka tøypose kan det brukast fleire gonger i løpet av dagen, men det beste er å ha fleire tøymunnbind med og ikkje bruke dei om igjen før dei er vaska.

Hugs å vaska hendene både før og etter du har tatt på eller av munnbindet.

Kva type munnbind skal eg bruka?

Dersom ein vil ha best mogleg effekt, må ein skaffa seg medisinske munnbind, og det er per i dag medisinsk munnbind klasse I som vert anbefalt av FHI.

Helsedirektoratet fortel at tøymunnbind er eit godt alternativ til kirurgiske munnbind, dersom dei oppfyller standardkrava.

Ifølge FHI sine råd bør medisinsk munnbind klasse II eller IIR og FFP-masker (åndedrettsvern) vera sett av til folk i helsetenesta.

Det er viktig at munnbindet dekker til både nase og munn, held seg inntil naseryggen og under haka og ligg tett inntil ansiktet samtidig som du lett kan pusta.

Det finst både medisinske munnbind og tøymunnbind. Dei medisinske har ulike standardar dei må oppfylle for å kunne vere godkjende, medan det ikkje finst slike standardar for tekstilmunnbind og dei fyller dimed ikkje krava til beskytting.

Illustrasjonsfoto: Mika Baumeister /Unsplash

Medisinske munnbind

Klasse I: er dei vanlegaste munnbinda, som er anbefalt for folk flest. Desse stoppar dei store dråpane om ein nys eller hostar og har høg filtreringsgrad. Dei er likevel ikkje heilt tette, slik at smitte kan koma både inn og ut gjennom maskene. Desse maskene beskyttar dimed mest frå å smitte andre, og mindre frå å bli smitta sjølv.

Klasse II og IIR: er rekna som kirurgiske munnbind og bør ifølgje FHI vera atterhaldne til helsepersonell. Desse kan brukast ved kontakt med personar med stadfesta eller mistenkt smitte med koronasjukdom (covid-19).

FFP-maske: Andedrettsvern er klassifisert som verneutstyr og er ansiktsmasker med filter som forhindrar inhalering av støv og partiklar i lufta. Desse er først og fremst for helsepersonell med nær pasientkontakt og som er utsett for smitte med luftbårne virus og bakteriar. Om dei ikkje har ventil beskyttar dei både den som har på seg maska og dei rundt, om den har ventil beskyttar den framleis den som har på seg maska svært godt, men dei som er rundt litt mindre.

Illustrasjonsfoto: Bára Buri /Unsplash

Tøymunnbind

Sjølv om medisinske munnbind er anbefalt, kan tøymunnbind også vera nyttige. Særleg i meir kortvarige situasjonar som kortare bussturar eller T-baneturar.

Brukar ein tøymunnbind er det viktigaste at den dekker til både nase og munn, held seg inntil naseryggen og under haka og ligg tett inntil ansiktet samtidig som du lett kan pusta.

I lys av koronautbruddet har den europeiske standardiseringsorganisasjonen CEN utvikla krav til ikkje-medisinske munnbind. Dei kan du lese her. I Noreg er det Standard Norge som har dei offisielle krava.

Munnbind i tøy gir ikkje like godt vern som medisinske munnbind, og er difor ikkje anbefalt til sjuke personar eller personar som har nær kontakt med sjuke personar.

FHI anbefalar kun munnbind som er sertifiserte og ferdigproduserte. Helsedirektoratet fortel at tøymunnbind er eit godt alternativ til kirurgiske munnbind, dersom dei oppfyller standardkrava.

Fungerer tøy-munnbind like godt?

I motsetning til medisinske munnbind, er det ikkje knytta standardar til produksjonen av tøymunnbind, og filltreringsevna (beskyttelsesgraden) er dimed ukjend.

I tillegg kan tøybind vera laga på mange ulike måtar, med ulik grad av vern mot smitte og ein reknar at det gir mindre vern enn medisinske.

FHI anbefalar difor kun munnbind som er sertifiserte og ferdigproduserte.

Så sjølv om tøymunnbind har ein viss effekt for å minska dropespreiing (dersom ein brukar det rett), er det viktig å hugsa at denne effekten er avgrensa, og at ein bør vera påpasseleg med å oppretthalda «einmeteren».

Sidan tøymunnbind ikkje er regulert på same måte som medisinske munnbind, er desse først og fremst mest effektive for å redusere risikoen for å smitte andre.

I ei ny studie har forskarar ved Duke University prøvd å samanlikna effektane av ulike typer masker og tildekkingar.

Maska som gjorde det best var andedrettsvern-maske, så kom dei medisinske munnbinda med tre lag, og på «tredjeplass» kom tøybind.

Plagget hals eller buff var minst effektivt, med fare for å gjera smittespreiing verre om ein har dette over munnen.

OBS: Dette er likevel ein liten studie, og dei aller minste partiklane i lufta er heller ikkje tekne med.

Illustrasjonsfoto: Gabriel /Unsplash

Kva må eg tenke på om eg vil sy eige tøymunnbind?

Om du skal sy ditt eige eller kjøpa tøymunnbind, kan du betra effekten ved å sikra at det kan ligge så tett som mogleg til ansiktet, ved bruk av streng i toppen (nasebøyle).

Mange syr inn filterlommer til utskiftbare filter, men smittevernoverlege i Kristiansand, Dagfinn Haar, meiner eit eventuelt filter ikkje vil gjere noko frå eller til, sidan tøy-munnbinda uansett er lite effektive.

Standarden frå CEN og Standard Norge, med krav til ikkje-medisinske munnbind, kjem med desse råda til dei  som vil sy eigne munnbind:

  • Bruk stoff med høg tettleik. Set saman i to eller tre lag.
  • Val av tekstilar: stoff med høg tettleik, lett å pusta gjennom, må vera mjukt nok og smidig nok til å få tett inntil ansiktet, ikkje for varme tekstilar, glatte og ikkje-irriterande. Vask dei før du byrjar kutte og sy, på minst 60 grader.
  • Obs: Sy med to eller fleire lag. Sørg for at stoffet lett absorberer fukt, for å hindra kondens.
  • Ikkje bruk stiftar for å setje det saman, ikkje  bruk  vertikale saumar langs nase, munn og hake, ikkje bruk støvsugarposar, isolasjonsmateriale brukt til bygging, bleier og liknande.

Designar og syerske Tine Solheim seier til Dagsavisen at ho gjer det slik:

– Munnbinda vi lagar kan vaskast på 60 til 90 grader i vaskemaskin. Dei er sydd med tre lag av den tettaste vevde bomullen: to lag i kvit og det yttste laget i eit mønstra stoff, alle stoffa er kokvaska på 90 grader for maksimal krymping. I tilllegg har dei ei bøyeleg nase-wire av messingtråd som ikkje rustar i vask, surra med Vlieseline.

Munnbind skal bytast om det blir skite, veldig fuktig eller du er ferdig å bruka det. Tøymunnbind må då leggast i ein lukka pose, og vaskast på minimum 60 grader før ein brukar det igjen.

Kan eg bruka eit munnbind fleire gonger?

Medisinsk munnbind er til eingongsbruk. Har du teke det av, skal det kastast i bóset og ikkje brukast på nytt.

Har du tøymunnbind, er også regelen at dersom du har teke det av, skal det ikkje brukast igjen før det er vaska. Legg det i ein lukka pose, og vask på minimum 60 grader før du  brukar det på nytt.

Om du , kan tøymunnbind brukast om att, dersom det har vore i ein lukka pose. Det er likevel best å ha med fleire reine, så ein slepp å bruka på nytt før dei har blitt vaska.

Ikkje dra munnbindet ned på haka for så å ta det på igjen. Har du flytta det, skal det skiftast ut.

Beskyttar munnbind meg?

Hovudgrunnen til at ein brukar munnbind er å beskytta dei rundt seg frå smitte frå ein sjølv, om ein snakkar, nys eller hostar.

Medisinske munnbind fungerer begge veier, men er mest effektive til å stoppe dropesmitte frå den som har det på. Helsedirektoratet fortel at tøymunnbind er eit godt alternativ til kirurgiske munnbind, dersom dei oppfyller standardkrava.

Tøy-munnbind vil truleg ikkje beskytte den som har det på særleg godt mot smitte utanfrå, men det vil fange opp dropar frå ein sjølv og dimed redusere smittespreiing frå deg til dei rundt deg.

Om ein brukar munnbind har ein likevel også senka risikoen for å bli smitta av andre, fordi viruset i all hovudsak smittar gjennom dropesmitte.

Om det også smittar gjennom luftsmitte, er enno uklart. Verken vanlege medisinke munnbind (klasse I) eller tøymunnbind beskyttar mot luftbåren smitte.

Illustrasjonsfoto: pixpoetry/Unsplash

Må eg ta vekk skjegget?

Både ansiktsvern og medisinske munnbind må vere store nok til å kunne handtere eit vanleg skjegg.

Har du veldig mykje skjegg og det er i vegen, bør du vurdere å ta det bort slik at munnbindet sit korrekt over munnen.

Må eg skifte hijab kvar gong eg skiftar munnbind?

Nei. Sjølv om hovudplagget går rundt hovudet og over øyro, treng du ikkje skifta hijab når du skiftar munnbind.

Eit tips for å få festa den utanpå hijaben er å bruka ei sikkerheitsnål bak, å feste to nåler på sidene som ein kan festa strikken i, eller legge inn ei utviding til festet (sjå video). Pass på at munnbindet ligg tett inntil ansiktet.

Dersom ein brukar niqab (hovudplagg som også dekkar munn og nase), gir det ikkje nok dekke til å brukast i stadenfor munnbind.

Kan eg bruka briller og munnbind?

Ja! Men mange opplever at det doggar i brilleglasa når ein går med munnbind. For å hindra dette er det viktig å trykke ned bøylen over naseryggen ordentleg.

Om maska er laus kan du legge ein knute på strikken, for å få den tettare inntil ansiktet. Du kan også prøve å dra maska litt lenger opp mot augo.

Eit anna tips er å vaska glaset med såpe og vatn, og tørka av. Såpelaget gjer at dropane i dogget ikkje festar seg på glaset. Elles kan ein testa plaster-trikset frå denne legen:

Er det nok munnbind på lager?

Då det vart klart at det kunne bli råd om munnbind-bruk, var det mange som storma til butikkar og apotek for å hamstra munnbind. Men er det nødvendig?

– Alle hovedgrossistane for apoteka har for augneblinken store lager av munnbind, og kan skaffe større parti til landet om etterspurnaden held fram å auke. Det stadfestar Apotek 1, Vitusapotek og Boots apotek, sa Jostein Soldal i Apotekforeningen til NTB 6. august.

Det kan dimed oppstå kortvarige lokale manglar på munnbind i enkeltapotek, men apoteka vil få fylt opp hyllene i løpet av kort tid, slik situasjonen er i dag. Dei oppmodar likevel ikkje til hamstring, og fleire stader er det avgrensingar på kor mange kvar kunde kan kjøpa.

Helse Sør-Øst opplyser om at dei har nok munnbind til helsepersonell for 5-6 års normalforbruk i tillegg til ekstrabestillingar, ifølgje Nettavisen.

Kvifor meiner nokon at me ikkje skal bruka munnbind?

Frykt for større folkemengder:
Det mest effektive middelet me har for å stansa smittespreiing er å unngå nærkontakt og halda seg heime. Ein fryktar at munnbindet vil gjere terskelen lågare for å oppsøka folkemengder og rom med mange folk, og dimed gjere at færre blir heime og held god avstand.

Feilbruk: I tillegg fryktar ein at feilbruk av munnbind kan føre til større smittespreiing, enn om ein ikkje brukar munnbind.

Mangel: Det er også mange som fryktar at det skal bli mangel på munnbind for dei som treng det mest, som helsepersonell, dersom alle skal bruka munnbind overalt.

Kvifor meiner nokon at me bør bruka munnbind?

Munnbind er ein effektiv måte å redusera mengden smitte i eit rom.

Dersom ein må i lukka rom med fleire folk, er det difor med på å senka risikoen for smittespreiing fordi det stoppar dropar frå den som bruker munnbindet.

Må eg framleis halda ein meters avstand?

Sjølv om du bruker ansiktsmaske eller munnbind, skal du forhalde deg til smittevernreglene, og du skal likevel forsøke å overhalda einmetersregelen.

Bruk av munnbind og ansiktsmaske erstattar ikkje andre smitteførebyggande råd om hand- og hostehygiene, avstand og å halda seg heime ved luftvegssymptom.

Munnbind kun brukast som ein kompensasjon dersom ein må tettare enn ein meter. Avstand er likevel betre for å hindra smittespreiing.

Ny forsking viser at det å halde minst éin meters avstand kan redusere risikoen for smitte med 80 prosent, medan korrekt bruk av medisinsk munnbind reduserer risikoen med 40 prosent.

Dersom ein står over ein meter i frå andre, er ein sikra frå dropesmitte – sjølv utan munnbind. Om dei nys eller hostar, og du ventar nokre sekund før du nærmar deg, har dropane dutte på bakken og treff ikkje deg.

Hygieneråd og sosial distansering er difor framleis det mest effektive for å hindre smittespreiing.

Kjelder: FHI, Apotek1, lege Wasim Zahid og smittevernoverlege i Kristiansand kommune, Dagfinn Haarr.