Unge aktivistar arrangerer klimatoppmøte: – Dei vaksne kan kopiere heimeleksa vår

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 26.12.2021 23:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge arrangerer eige klimatoppmøte: – Eg er redd for å drukne på soverommet mitt

– Vi kan ikkje vente eit år til, fordi klimakrisa ventar ikkje eit år til, seier Mitzi Jonelle Tan på e-post til Framtida.no.

22-åringen frå Filippinane er ein av dei mange unge klimaaktivistane som reagerte med vantru då årets klimatoppmøte i Glasgow vart utsett til november 2021 grunna koronapandemien.

Fleire hundre unge frå 53 ulike land har difor gått saman og skipa sitt eige klimatoppmøte – digitalt.

– Vi syner verdsleiarane korleis det skal gjerast. No kan dei ikkje seie det er umogeleg, når vi har vore i stand til å gjere det midt i ein pandemi, samstundes som vi går på skule, slår Tan fast.

Mock COP26 er eit heildigitalt klimatoppmøte arrangert av unge. Det starta 19. november og skal halde fram til 1. desember. Alle innlegga, panelsamtalane og workshops er tilgjengelege på nett.

– Eg er redd for å drukne på mitt eige soverom

Mitzi Jonelle Tan har sjølv kjent klimakrisa på kroppen. Heimlandet hennar, Filippinane, er eit av landa som er mest sårbart for klimaendringane og i 2020 har tyfonane herja.

2. november miste minst 30 personar livet og 270 000 hus vart øydelagde, då supertyfonen Goni trefte Filippinane. Det er den sterkaste tyfonen som har treft land noko sinne.

Ti dagar seinare kom tyfonen Vamco, der minst 42 personar døydde, hundretusenvis laut evakuere heimane sine og vegar, bruer og bygningar vart øydelagde.

Fleire menneske mistet livet i tyfonen Vamco og tallause miste heimen sin. Foto: AP Photo/Aaron Favila

– Eg har sett så mykje øydelegging og eg er redd for å drukne på mitt eige soverom, og no fortel de meg at det kjem til å ta eitt år til før de revurderer dei tomme orda og løftene, og planar vert gjort om til handling? spør 22-årige Tan og legg til:

– Det er uakseptablet for meg, for tida har allereie gått ut.

COP26-presidenten: – Unge leiar an

Alok Sharma er næringsminister i Storbritannia, og utnemnd som president for den komande COP26. Foto: Chris McAndrew/Wikimedia Commons/CC BY 3.0,

Då det digitale ungdomsdrivne klimatoppmøte opna 19. november, sende også presidenten for det utsette COP26, den britiske politikaren Alok Sharma, ei videohelsing.

– Over heile verda leiar unge menneske an i kampen for klimahandling, sa Sharma.

Han rosa dei unge aktivistane for å syne styresmakter og organisasjonar verda rundt at unge krev ambisiøs klimahandling, og påpeikte at ungdomsengasjementet er avgjerande for å dytte alle til å gjere endå meir.

– Unge menneske er i frontlinja for global klimahandling og dette er heilt avgjerande for framtida til planeten vår og for at COP26 skal lukkast neste november, sa Alok Sharma.

350 delegatar frå 141 ulike land

Det er nokre utfordringar med å arrangere eit heildigitalt klimatoppmøte, særleg når arrangørane bur i land med ulike tidssonar, er frå ulike kulturar og snakkar forskjellige språk.

Mitzi Jonelle Tan medgjev at det har vore hektisk, men vil likevel ikkje seie det har vore vanskeleg:

– For alle er så lidenskapelege og bestemte på å sikre at arrangementet gjer det det må: sikrar at unge stemmer frå heile verda, spesielt dei frå det globale sør, får plass ved bordet og er med på å ta avgjersler.

– Dette er ein måte å vise at «Hei, klimakrisa skjer enno!», seier Mitzi Jonelle Tan og held fram: – Vi viser verdsleiarane at det er mogeleg å gjennomføre. Vi – ei gruppe ungar! – gjer det, så kvifor kan ikkje dei? Foto: AC Dimatatac

Eit av dei sentrale poenga med Mock COP26 har vore å sørgje for breiare representasjon i klimasamtalane. Tan peikar på at COP26 er leia av menn, og meiner klimatoppmøta dei siste 26 åra har vore ute av stand til å invitere fleirkulturelle, urfolk og ikkje-kvite personar i diskusjonane og avgjerslene.

– Vi er som oftast med som anekdoter, for å snakke om våre triste historier og statistikken i klimakaoset som råkar oss, men vi er ikkje inkluderte i avgjerslene og politikkskapinga, seier 22-åringen.

I Mock COP26 deltek heile 350 delegatar frå over 141 ulike land. Tan understreker kor viktig det er å kople saman hundrevis av delegatar frå ulike land, fordi klimarørsla krev at alle står saman for å krevje endring og klimarettferd, uavhengig av landegrenser.

Spire: – Mykje som burde vore avklart på COP25

Elise Åsnes er Noregs delegat i den pågåande Mock COP26.

Elise Åsnes skulle eigentleg vore i Glasgow i november, men i staden for følgjer ho Mock COP26 digitalt. Foto: Privat

24-åringen er koordinator for klima- og naturutvalet hjå Spire, og skulle eigentleg vore med både på den no utsette COP26 i Glasgow og mellomforhandlingane i Bonn i juni. Ho fortel at ho ganske tidleg forstod at det ikkje ville verte noko av:

– Eg skjønte at det ikkje ville vere forsvarleg å samle heile verda for å forhandle, men det er synd. Det er mange ting som burde vore avklart på COP25 i Madrid som ikkje kom på plass, seier Åsnes på telefon til Framtida.no. 

Åsnes peikar på at det til no ikkje er noko svar på korleis kvoter skal teljast eller kven som skal betale rekninga for tap og skade som følgjer av klimakrisa. Korleis skal land i det globale sør som opplever klimakonsekvensane kompanserast?

– Dei vaksne kan kopiere heimeleksa vår

Elise Åsnes fortel at det er inspirerande å møte flinke klimaaktivistar frå heile verda digitalt, og at ho trur Mock COP26 kan yte reell påverknad – klimastreikarane legg jo kontinuerleg større press på politikarane til å ta meir radikale grep.

– Dette er ein måte å samle skulestreikrørsla på, og det er mykje symbolkraft og slagkraft i å samle ungdom over heile verda om ein felles beskjed, seier Åsnes og peikar på den felles utsegna alle delegatane skal skrive om når Mock COP26 er over.

Her er ho på bølgjelengd med Mitzi Jonelle Tan, som peikar på at delegatane kan ta med utsegna til politikarane i heimlandet og til den ordinære COP26 til neste år.

– Vi kjem til å lage ein traktat som viser kva vi, dei unge, ville gjort dersom vi hadde sjansen til å vise veg og bestemme – det er vår framtid som er mest truga. Til neste år, når dei vaksne omsider kjem til det, kanskje dei kan kopiere heimeleksa vår, fortel Mitzi Jonelle Tan.

– No vil vi høyre frå verdsleiarane kva dei synest. Vi utfordrar dei til å følgje med og lære av oss.


Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no