Får USA ein ny førstehund i november?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.11.2020 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Any man who does not like dogs and want them about does not deserve to be in the White House».

Sitatet er henta frå republikanaren Calvin Coolidge, som sat som president i USA frå 1923-29. Familien på fire skaffa seg collien Rob Roy, som vart sagt å vera presidentens favoritt blant alle kjæledyra han hadde, mellom anna ein vaskebjørn.

Calvin Coolidge og Grace Coolidge fotografert med favoritthunden Rob Roy i 1924 og 1925. Rob Roy vart innlagt på grunn av magesmerter i 1928, noko han ikkje overlevde. Foto: The National Pet Museum

Trump har ingen hund

Journalist og politikar Carl Rowan skal ha sagt: «Mitt råd til alle diplomatar som vil ha positive medieomtale er å ha to eller tre ungar og ein hund».

Hundar i det kvite huset har lange tradisjonar. Visste du til dømes at Donald Trump er den første presidenten på over eit århundre som ikkje har ein førstehund – såkalla FDOTUS – i det kvite huset?

Ifølgje the Presidental Pet Museum har alle presidentar tilbake til 1901 hatt minst éin hund. Då sat republikanske William McKinley i det ovale kontoret. Som kjæledyr hadde han ein dobbel gulhovuda amazonpapegøye, ein angorakatt og nokre hanar. Men altså ingen hund.

Komikar og aktivist Dick Gregory meinte alle presidentkandidatar burde ha ein hund, sidan folk syntest å tenkja at om ein hund elska presidentkandidaten, så kan han ikkje vera så ille.

Trump vs. Chappy

Media har i fleire år lurt på kva Trump synest om hundar og rykta skal ha det til at han har sagt: «I never understood why people like dogs. Dogs are disgusting». Dette er fake news, då påstanden er blitt tilbakevist av faktasjekknettstaden Snopes.

Men for å hive bensin på bålet til alle som meiner at personar som ikkje liker hundar er fæle folk, så kan det nemnast at Trump si ekskone Ivana har skrive i sine memoirer om kor dårleg eksmannen og puddelen Chappy kom overeins.

Donald Trump og hans dåverande kone Ivana Trump er fotografert på sin nye yacht«The Trump Princess» 4. juli 1998 i New York. Ifølgje Ivana Trump kom ikkje Donald og hunden hennar Chappy overeins. Foto: AP Photo/Marty Lederhandler, File

Men det er minst ein hund Trump har sansen for, nemleg den belgiske fårehunden Conan som var med spesialstyrkane på raidet som resulterte i Isis-leiar Abu Bakr al-Baghdadi sin død. Presidenten var full av lovord om hunden, som fekk heider og ære på vegner av alle dei involverte.

På veg inn etter pressemøtet der både visepresident Mike Pence og presidentfrue Melania Trump var til stades roper ein journalist: «Melania, vil du adoptera hunden til Barron?!» til latter frå både journalistar og presidenten.

Og der er han inne på noko. Barron William Trump er nemleg Donald og Melania sin felles son. Og på same måte som resten av familien i Det kvite hus, er hunden ein del av pakken.

Barack og Michelle Obama med hundane Sunny og Bo i Det blå rommet i Det kvite huset. Foto: Pete Souza, Det Kvite Huset

Sunny og Bo

Det skapte overskrifter verda over då Barack Obama og familien nokre månadar etter innsettinga viste fram førstehunden Bo Obama, som var ei gåve frå demokraten Ted Kennedy. Fire år seinare fekk den portugisiske vannhunden selskap av Sunny, som var av same rase.

Då Obama gjekk av i 2017 tok The Washington Post farvel med Sunny og Bo Obama. Ja, seinast i januar i år hadde The Oprah Magazine ei mimresak med bilete av den lodne duoen.

Danske Jens E. Kjeldsen er professor i retorikk og visuell kommunikasjon ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Formidlar familieverdiar

Retorikar Jens E. Kjeldsen åtvarar om å laga ein «cause and effect» mellom hund og retorisk suksess i amerikansk politikk.

– Men det er heilt openbert at ein hund, familie, kone eller mann og barn bidreg til å skapa eit inntrykk av kven du er. Hund er eit veldig sterkt reiskap for å formidle kjensler og verdiar som familie, truskap og tryggleik, seier Kjeldsen på telefon til Framtida.no.

Men det viktigaste av alt er: gjenkjennelegheit og alminnelegheit, at presidenten (eller kongelege for den saks skuld), som er skal vere heva over oss, framstår som meg og deg.

Kjeldsen vil ikkje definera seg som ein hundeekspert og i denne samanhengen kan det vere relevant at han ikkje har nokre dyr – verken hund eller katt, men han kan eitt og anna om amerikansk politikk og det som rører seg i Det kvite huset.

Dogs of America

Kjeldsen har sjølv vore og banka på dører for Obama-kampanjen i Wisconsin i 2012. Stort sett vart han møtt med bjeffing, noko som gav han inntrykk av at veldig mange hushaldningar i USA har hund.

Og han finn raskt fram til tala som støttar det. Ifølgje Statista var det i 89,7 millionar hundar i USA i 2017. Det betyr at om lag annakvar hushald har ein hund.

Husdyrhald har auka jamt og trutt dei siste åra, også her i Europa, men trass i at hundar vert stadig meir populære var det framleis flest kattar i Europa og Russland i 2018.

I det kvite huset har det vore mange ulike kjæledyr. Frå 1909-1913 hadde ei ku fast plass på plenen framfor Det kvite huset. Dette gjekk ikkje upåakta hen og The Washington Post intervjua ofte Pauline Wayne. Kua vart mellom anna konfrontert med at ho hadde blitt mjølka av ein framand mot si vilje.

Holstein-kua Pauline Wayne stod i stallen til president William Taft og erstatta den mindre kjente kua Mooly Wooly. Foto: Library of Congress

– Eit tilgjengeleg image

Kevin Cahill er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen, og som namnet hintar om: amerikanar.

Filosofiprofessor ved Universitetet i Bergen Kevin Cahill er sjølv oppvaksen i San Francisco, California. Foto: UiB

– Media spelar ei stor rolle i amerikansk politikk. USA er eit stort land med ei stor befolkning og eg trur både presidenten og senatorane føler dei må visa fram eit tilgjengeleg image, ofte gjennom ein hund, seier Cahill på telefon til Framtida.no.

Han minnast mellom anna korleis Elizabeth Warren tok med seg Bailey på eit valkamparrangement.

– Det kan vera for å framstå folkeleg. Einkvar, i hermeteikn, «normal» familie har ein hund, så kanskje folk tenkjer at det er noko gale med deg om du ikkje har det, seier professoren, som likevel ikkje vil lese for mykje inn i det.

Cahill er sjølv oppvaksen med to hundar i San Francisco og har selskap av flat coated retrieveren Stella på kontoret.

Den amerikanske appellen

Filosofen har ikkje høyrt at Trump ikkje har hund, men er heller ikkje overraska.

– Han er mindre interessert i å framstå folkeleg, mindre interessert i korleis han framstår, nokre likar det og andre likar det ikkje, seier Cahill.

I tillegg til at han ikkje viser fram ein firbeint veg har Cahill merka seg at Trump sjeldan er å sjå på podiumet med armen rundt eit av barna sine.

– Han gjer ikkje noko forsøk på å presentera eit varmt image, understrekar Cahill.

Slik skil Trump seg ut frå tidlegare demokratar og republikanarar som ofte flaggar høgt med både ekteskap, ektemake, barn og hund. Cahill forklarar fenomenet med viljen til å appelera til eit konservativt verdisyn, som i somme tilfelle er religiøst betinga.

– Ein må forsikre veljarane om at du ikkje er trugande. Der speler familie og hund ei rolle. Ein må treffe veljarane i midten og skal ein appelera til over 50 millionar veljarar må ein retta seg inn mot eit gjennomsnitt. Hundar er veldig lite trugande og anten du er kvit, svart, streit eller skeiv, har folk ein tendens til å lika hundar.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

HAPPY BDAY TO MY GRAMPA LOVE YOU ❤️ FORGOT TO GET YOU SOMETHING BUT I WILL SNUGGLE WITH YOU INSTEAD IF THATS OK?! ?

Et innlegg delt av Marlon Bundo (Pence) (@marlonbundo)

Usynlege og lure kattar

Andre interessante dyreval i amerikansk politikk er kaninen Marlon Bundo, som vart adoptert av Pence-familien etter at dottera Charlotte brukte han til eit filmprosjekt på skulen. Kanina har fått namn etter situasjonen der eigaren oppmoda Pence til å: «make me an offer».

Kaninen, som vert kalla BOTUS (Bunny Of The United States), har ein populær Instagram-konto, er første kanin ombord Air Force One og har hovudrolla i fleire barnebøker.

Då har kattane vore mindre synlege.

Retorikar Jens E. Kjeldsen peikar på at trass i at Clinton også hadde ein katt, var det ikkje den ein såg på bileta.

– Det handlar om kva signal ein sender ut. Ein katt er eit dyr som ikkje først og fremst er kjent for å vera familieskapande. Dei går eigne vegar og viser ikkje verdiar som familie og truskap, forklarar retorikaren.

Førstekatten Socks vart adoptert av Clinton-familien i 1991. Her er han saman med presidentparet Bill og Hillary Clinton under eit arrangement for skuleelevar i Det kvite huset i 1996. Då president Bill Clinton forlot embetet i 2001 flytta Socks til presidenten sin sekretær, Betty Currie, i Hollywood. Der katten budde Socks til han døydde, 18 år gamal. Foto: AP Photo/Ruth Fremson, File

Medan hundar vert oppfatta som hyggelege og trufaste, kan kattar ofte verte oppfatta som litt lure.

President Clinton, førstedame Hillary Rodham Clinton og dottera Chelsea kjem med den nye hunden Buddy ned frå Air Force One 30. desember 1997. Foto: AP Photo/Greg Gibson

Men hovudargumentet for å ha hund er ifølgje retorikaren at presidenten kan vise affeksjon, å stille opp på bilete der han kosar med hunden eller familieportrett der hunden ofte er plassert i midten.

Han peikar på at ein i USA er meir orientert mot karakter enn sak og at politikarane tradisjonelt har vore meir opptekne av det visuelle, samanlikna med til dømes Danmark og Noreg.

Ofte er tilstellingar på Det kvite huset, som spasertur på plenen og benådinga av ein kalkun, tilrettelagt for å ta med både familie og hund.

Han tykkjer særleg Obama har lukkast godt med den visuelle delen då han tilsette ein praktfotograf, som tok bilete av familien og hundane, som mellom anna vart plukka opp av Oprah Magazine.

– Han brukte det som ein retorisk reiskap, men det framsto veldig naturleg, rosar retorikaren.

Faksimile: Oprah Magazine

Checkers-talen

Likevel er favoritthunden i retorisk samanheng Checkers. Den spraglete cocker-spanielen var delaktig i å hjelpe Richard Nixon ut av ei real knipe.

Den tv-sendte talen der Nixon forklarte seg om anklager om snuskete valkampfinansiering har i ettertid vorte kalla Checkers-talen. Presidenten vedkjente seg at han hadde fått Checkers i gåve, men ikkje ville gje han vekk, fordi borna elska han.

Major Biden

– Kunsten er at ein må ha ein hund folk med eitt føler affeksjon for, men dei må ikkje verke svake heller, seier Kjeldsen.

I så måte er Biden sin følgjesven Major eit interessant val. Kjeldsen trur likevel ikkje det er så dumt. Ved å adoptera Major i 2018, framfor å kjøpa ein dyr rasehund fekk Biden kommunisert gode verdiar. Og sjølv om Major ikkje er det ein først tenkjer på som ein koseleg familiehund trur Kjeldsen at det kan ha noko føre seg for ein 77 år gamal presidentkandidat.

– Ein mann i slutten av 70-åra kan ikkje ha ein liten, skrøpeleg hund. Ein stor og sterk schæfer styrkar inntrykket av at mannen som har hunden må klara å halda han, seier Kjeldsen, som også tykkjer Major framstår sjarmerande og gøyal.

Retorikaren har vanskeleg for å sjå føre seg Trump med ein hund, men gjer eit forsøk på kva firbeint som ville formidla imaget til den sitjande presidenten.

– Hans retorikk og politikk handlar om å dominera eller bli dominert, noko som vil tilseie ein kraftig og muskuløs hund, seier Kjeldsen, som likevel åtvarar mot dei tøffaste rasane.

– Om det vert som ein politiangrepshund er det ikkje kult. Han må vise menneskelege kvalitetar og velje ein som er både sterk, hyggjeleg og sjarmerande.

Demokratane sine hundar

Med eit utal folkekjære hundar er det vanskeleg å avgrense denne saka, men det kan nemnast at John F. Kennedy var særleg kjent for å vera ein hundemann. Familien hadde ni hundar, i tillegg til fleire andre kjæledyr.

Blant hundane var den franske puddelen Gaullie, oppkalla etter den franske presidenten Charles De Gaulle, og Pushinka. Pushinka var ein av kvalpane til dei verdsberømte sovjetiske romhundane og var ei gåve få Nikita Khrusjtsjov.

Hundar er også internasjonal storpolitikk og i 2017 gjekk bilete av Russlands president Putin, den tyske rikskanslaren Angela Merkel og Putin sine hundar verda rundt. Merkel skal vere redd for hundar og tolka Putin si avgjerd om å ta med hundane som ein demonstrasjon av eigen mandigheit.

Men tilbake til USA.

Ikkje alle amerikanske presidentar skal ha vore såkalla «hundemenneske». Demokraten Harry S. Truman (1945-53) gav bort cocker spanielen Feller, som var ei gåve frå ein tilhengar, noko som vakte reaksjonar.

Cocker spaniel-kvalpen Feller var ei julegåve til president Harry S. Truman i 1947, men vart omplassert. Foto: The National Pet Museum

Og så har du Lyndon B. Johnson, som opprørte hundeelsakarar landet over då eit bilete av han som held hunden Him etter øyrene framfor Det kvite huset i 1964.

Biletet skapte furore då det vart publisert i LIFE Magazine og presidenten måtte ut og beklaga offentleg.

President Lyndon B. Johnson held beagelen Him etter øyrene for å få han til å bjeffe for fotografane framfor Det kvite huset i 1964. Foto: AP

Bailey Warren

Hundar kan altså vere god PR, eller dårleg PR. Alt ettersom.

Allereie i fjor sommar kom nettstaden Quartz med saka «Meet the dogs of the 2020 presidential race». Sidan den gong har fleire meldt at dei droppa ut.

Trass i god kampanjehjelp frå sin firbeinte følgesven Bailey Warren, som har sin eigen Twitter-konto med namnet FirstDogBailey, trakk Elizabeth Warren sitt kandidatur i mars.

Same dag som Warren trakk sitt kandidatur vart Bailey filma etter at han hadde snappa ein burrito. Klippet gjekk viralt, men det er ikkje stadfesta at dei to hendingane har noko med kvarandre å gjere.

Warren forklarte ifølgje Huffington Post til tv-programmet MSNBC at Bailey stort sett er ein «good boy». Ho forklarte hendinga med at stresset med å vera førstehund hadde innhenta Bailey:

– Det var berre stress-eting. Han er ein hund som reiser seg og seier: «Eg ventar ikkje på at nokon skal gje meg det, eg ser kva eg vil ha, eg går rett etter det».

Bailey har vore på Twitter sidan 2016 og har i dag 38.800 følgjarar der, men følgjer sjølvsagt berre eigaren sin.

Bailey the Golden reformer

Ein skulle kanskje tru at burrito-steling og det at matmor trakk seg frå presidentkampen ville vera nådestøtet for Bailey si stund i rampelyset, men i løpet av sommaren kom nyheita om at Bailey er hovudkarakteren i ei ny barnebok.

Bailey the Golden reformer skal lære born i alle aldrar å kjempe for positiv endring:

Falske nyheiter om hundemishandling

Heller ikkje Pete Buttigieg fekk nok drahjelp av sine firbeinte vener og droppa ut få dagar før Warren. Hundane Truman og Buddy Buttigieg er aktive på det sosiale mediumet Twitter. Også dei ville gjerne verte førstehundar og har 91.700 følgjarar. Sjølv følgjer dei berre fedrane sine Pete og Chasten Buttigieg, samt Jif peanøttsmør.

Buttigieg-paret adopterte den einauga hunden Buddy i 2018, slik at Truman fekk ein bror.

Men om du gjer eit kjapt google-søk på «Pete Buttigieg dog» er ikkje Buddy og Truman dei første som dukkar opp. Øvste treffet på Google er: «Was a Teenaged Pete Buttigieg Arrested for Killing Dogs?»

Artikkelen på faktanettstaden Snopes kan stadfesta av nyheita er falsk, og at Buttigieg ikkje er den første amerikanske politikaren som har vorte forsøkt sverta med ei slik anklage.

Heller ikkje Biden har gått klar av falske nyhende knytta til menneskets beste ven.

Ein Twitter-brukar la ut ein post der hen åtvarar hundeelskarar mot å stemme på Biden.

 

Brukaren Piss Vortex kallar seg funny online dog og skriv i sin eigen bio at hen er leverandør av misinformasjon på nett, før hen signerer med namnet til ein medarbeidar i faktasjekknettstaden Snopes. Posten nyttar seg også av den visuelle profilen til Snopes for å verifisera nyheita.

Ein annan brukar er raskt ute med å korrigere at Snopes-artikkelen ikkje eksisterer og at biletet er henta frå ein heilt annan artikkel i The Daily Mail, som handlar om ein gravid hund som vert redda.

Dei hundelause kandidatane

Lista over hundar politikken er lang og synleg, men Bernie Sanders skil seg ut. Ifølgje New York Times tok han opp temaet i 2015, då han kjempa mot Hillary Clinton for å verte nominert.

– Folk treng ikkje å vete kva eg handlar i daglegvarebutikkane eller kva namnet til hunden min er. Eg har ingen hund, forresten. Men dei treng å vete kvifor milliardærar vert rikare og dei fattige vert fattigare, sa han ifølgje avisa.

Quartz har ikkje klart å finne ut om Sanders har hund i dag.

Heller ikkje Kamala Harris, som nyleg vart introdusert som Joe Biden sin visepresidentkandidat, har introdusert offentlegheita for nokon hund.

Men trass i at ho ikkje har ein eigen firbeint ven er ho ein sjølverklært hundeelskar.