Partiet Unge Pirater vil gi meir makt til folket med flytande demokrati

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 22.09.2020 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du ein av dei heldige som fekk stemma i stortingsvalet i 2017, men som no angrar som ein hund på partivalet ditt? 13. september 2021 er neste stortingsval. Det er nesten eit heilt år til. I mellomtida kan dei folkevalde gjera det dei vil med stemma di.

Og angrar du på kva du stemte i lokalvalet i fjor haust? Vel, då må du venta heilt til lokalvalet 11. september 2023.

– Demokratiet handlar om å delegera stemma di til folkevalde, eller å stemma sjølv. Me i Piratpartiet og Unge Pirater ønsker å legga til rette for at folk skal få bruka stemma si i alle saker, seier William Thanoothong Svendsen (19).

Han er admiral for Unge Pirater. Admiralen er leiaren i ungdomspartiet til Piratpartiet i Noreg. Ungdomspartiet har berre sju medlemmar i Noreg, men i Europa er fleire Piratparti representert i både nasjonalforsamlingar og i Europaparlamentet.

Vil la veljarane bruka stemma si mellom val

Piratpartiet og Unge Pirater ønskjer å gi folk høve til å bruka enkeltstemma si også utanom vala som er kvart fjerde år. Viss ei sak er viktig, så skal veljarane få disponera stemma si på eigenhand, og ikkje la partiet du stemte på i valet få bestemma for deg.

– Viss det til dømes er snakk om å bygga ti vindmøller i ein kommune, og folk har stemt inn parti som er for desse vindmøllene, medan det er fleirtal i folket mot, så skal folk ha noko å seia, og dei skal kunne få bruka stemma si sjølv, seier William Thanoothong Svendsen.

Folk skal ha noko å seia, og dei skal kunne få bruka stemma si sjølv

Han kjem sjølv frå Ringerike, der det har vore ei stor sak om ein skulle legga ned fleire skular. Her meiner han folk kunne få vera med på å bestemma om skulane skule leggast ned gjennom å ta tilbake stemma si frå partia som dannar fleirtal.

– Både Stortinget og kommunestyra har ikkje uavgrensa med pengar å bruka. Kven skal ta ansvaret viss ingen vil kutta i tilbod som ein ikkje har råd til?

– Det blir nok det vanskelegaste, men då må ein sjå på kva folk flest vil. Viss folk vil bruka meir pengar på for eksamepel eldreomsorg enn forsvar, så må dei bli høyrt på, seier han.

Stortingsfleirtal mot folkefleirtal

For å bli attvalde, så vil dei politiske partia prøva å følgja interessene til veljarane sine. Men folkemeininga kan skifta syn, og nokre nye saker kan plutseleg oppstå i løpet av dei siste åra som ingen ante noko om før siste stortingsval.

Hadde korona-pandemien endra noko på korleis du stemte i 2017? Abortsaka blei plutseleg brennaktuell igjen då KrF blei lokka inn i Solberg-regjeringa. Hadde det gjort noko med korleis du stemte? Eller kva med IS-kvinna som blei dråpen som gjorde at FrP gjekk ut av regjeringa? Og kva med Moria-barna? Skal Noreg berre ta i mot 50?

Internett vs. folkerøystingar

William Thanoothong Svendsen meiner det er mest demokratisk at veljarane til ei kvar tid kan forvalta stemma si som dei vil. Er dei usamde med partiet dei stemde på ved sist val, så må dei få lov til å trekka stemma si tilbake i denne saka.

Partileiaren er opptatt av at det må gjerast på ei trygg måte. Ideelt sett bør det vera mogleg å gjera dette på nettet.

– Det er dessverre ikkje sikre nok digitale løysingar som sikrar mot valfusk og sikrar anonymiteten til den enkelte no i dag, men eg håpar det vil koma.

Me må legga opp til mange fleire folkerøystingar i Noreg, særleg lokalt

I mellomtida meiner han det må leggast til rette for fleire folkerøystingar i saker som har stor innverknad på mange folk.

– Me er ikkje vande med det i Noreg, men me må legga opp til mange fleire folkerøystingar i Noreg, særleg lokalt. Sentraliseringa har fått veldig langt i Noreg, og lokalsamfunna må få meir å seia, meiner Unge Pirater-leiaren.

Fleire døme på flytande demokrati

Det finst fleire døme på bruk av flytande demokrati. Google har eksperimentert med det gjennom det interne sosiale nettverkssystemet deira Google Votes. Internettgiganten har blant anna bestemt kantinemat gjennom bruk av flytande demokrati.

Den internasjonale fagorganisasjonen Industrial Workers of the World flytande demokrati som ein av fleire måtar å avgjera saker på. I regionen Friesland i Tysland har ein innført ein form for flytande demokrati, gjennom tenesta LiquidFriesland. Men bruken her har vore begrensa.

– Ikkje alle har tid til politikk

William Thanoothong Svendsen understrekar at det ikkje er alle som har tid til å driva med politikk.

– Dei færraste har tid til å gå gjennom fleire hundre sider med sakspapir til kvart kommunestyremøte, seier han.

På denne måten fungerer det representantive demokratiet godt ved at det gir dei folkevalde i oppgåve å styra mellom kvart val. William Thanoothong Svendsen synest òg det er greitt med val kvart fjerde år.

– Det er ikkje så lenge at det blir problematisk, og det gir partia litt tid på seg til å gjennomføra politikken, seier han.

Leiaren for Unge Pirater meiner likevel det representative demokratiet kan bli betre ved at at det blir meir flytande, og folk får bruka stemma si mellom val.

– Det vil gi folk høve til å seia meininga si mellom vala, og føra til at politikken blir meir gjennomsiktig, understrekar han.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Fakta: Flytande demokrati

  • Flytande demokrati (liquid democracy) er ein form for demokrati som tar opp i seg sider frå både representativt demokrati og direkte demokrati.
  • I ei kvar sak som er til politisk behandling, vil veljarane i eit flytande demokrati få høve til å velja om dei skal stemma sjølv (direkte demokrati) eller gi stemma si til ein representant eller eit parti som stemmer for dei (representativt demokrati).
  • Piratparti i fleire land tar til orde for flytande demokrati.
  • Det finst fleire døme på bruk av flytande demokrati. Google har eksperimentert med det gjennom det interne sosiale nettverkssystemet deira Google Votes. Den internasjonale fagorganisasjonen Industrial Workers of the World bruker flytande demokrati, og i regionen Friesland i Tysland har ein prøvd flytande demokrati.