Sveinung Rotevatn: – Partia har for mykje makt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 26.08.2020 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit stort fleirtal i vallovutvalet ønskjer å opna for meir personval i stortingsvala på same måte som i kommunevala.

Kandidat til leiarvervet i Venstre og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, helsar dette velkommen.

– Det er å utvida demokratiet, for det gjev veljarane større høve til å påverka samansettinga av Stortinget – ikkje berre utifrå parti, men også utifrå person. Det er heilt umogleg i dag. Det betyr at veldig mykje av makta ligg i partia. For mykje, etter mi meining, seier han i eit intervju med Framtida.no.

– Ikkje i amerikansk stil

Sveinung Rotevatn er også for at ein skal ha opne nominasjonsprosessar.

– I den forstand at ein skal ha opne veljarmøte, gjera kjent kven som stiller og ha debattar og slike ting.

Men Rotevatn er ikkje for ein amerikansk type nominasjon med der alle veljarane kan få stemma over kandidatane i eit parti.

– Eg synest ein skal vera medlem i eit parti for at ein skal kunne stemma i nominasjonen. Eg meiner veljarane skal få meir å seia når det faktisk kjem til valet. Det har me hatt i alle val på lokalt nivå, og det har fungert bra.

Internasjonal kritikk

I dag må over halvparten av veljarane til eit parti gjera den same endringa på stemmesetelen i stortingsval for at det skal ha noko å seia. Det har aldri skjedd før.

Noreg har blitt kritisert for personvalordninga ved stortingsval. Etter sist stortingsval tilrådde Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) Noreg å omgjera den høge terskelen for å endra kva kandidatar som blir valt i stortingsvalet. Alternativt meiner OSSE at ordninga bør fjernast for å unngå at veljarane blir førespegla ei påverknad som dei i praksis ikkje har.

Kan koma endringar i 2025

Arbeidarpartiet sin representant i vallovutvalet, Knut Storberget, er den einaste i utvalet som går i mot å opna for meir personval i stortingsvalet. Arbeidarpartiet har også tidlegare vore mot dette, og argumenterer for at det vil svekkja rolla til partia som viktige demokratiske verkstader på lokalt nivå.

Utgreiinga til vallovutvalet har høyringsfrist til 31. desember. Etter dette skal regjeringa leggja fram forslag til endringar av vallov. Denne vil tidlegast kunne tre i kraft ved stortingsvalet i 2025.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Tore Tennøe i Teknologirådet vil hindre at folk blir lurt på sosiale medium. Arkivfoto: Arbeiderpartiet/CC BY-ND 2.0/Flickr

 

Fakta: Personval

  • I kommuneval kan ein gi ekstra personstemmer til kandidatar. Det gjev veljarane høve til å endra kven på ei valliste som kjem inn i kommunestyret. Veljarane kan også føra opp slengjarar frå andre parti på ei liste.
  • I stortingsval må over halvparten av veljarane på eit parti gjera den same endringa på stemmesetelen i stortingsval for at det skal ha noko å seia. Det har aldri skjedd før.
    Kjelder: Valg.no og Vallovutvalet