Fire finalistar til Årets nynorskkommune

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire kommunar kjempar om å bli Årets nynorskkommune

Prisen og premien på 100.000 kroner går til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I år har juryen prioritert kommunar og fylkeskommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa.

Juryen noterer seg at alle dei nominerte kandidatane har jobba godt med å tilby innbyggjarane klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. Fleire kommunar har vore kreative i val av informasjonskanalar.

Koronainformasjon på bokmål frå nasjonale styresmakter

Margrethe Kvarenes har leia juryen som i år har lagt ekstra merke til kommunar med godt nynorskarbeid i møte med koronapandemien. Foto: Moment Studio

Nokre kommunar har lagt ned eit særleg stort arbeid i å omsetja informasjon frå nasjonalt hald frå bokmål til nynorsk.

– Dei nominerte nynorskkommunane imponerer med god koronainformasjon i eigne kanalar, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes i ei pressemelding. Ho leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Diverre ser Språkrådet at nesten all koronainformasjon frå nasjonalt hald er på bokmål.

– Det er ikkje god samfunnsøkonomi at mange kommunar må omsetja informasjon frå sentrale styresmakter til nynorsk. Dei færraste har ressursar til det, og til sjuande og sist er det innbyggjarane som tek rekninga i form av brot på rettane deira.

Det er juryen som kårar Årets nynorskkommune, men her kan du stemma på kven du meiner fortener prisen i den uoffisielle avrøystinga til Framtida.no:

Kven bør verte Årets nynorskkommune?

Kven bør verte Årets nynorskkommune?

Hareid kommune7012
Kvinnherad kommune133623
Sunnfjord kommune3000
Voss herad118243
Svar totalt: 261878

 

LES OGSÅ: Eili Harboe (25) bytta hovudmål: – Det kjennest meir naturleg for meg. Meir personleg på eit vis

God praksis på fleire frontar

Hareid kommune og Kvinnherad kommune utmerkjer seg særleg i arbeidet med integrering og opplæring. Kvinnherad kommune er ein føregangskommune i arbeidet med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. I Hareid kommune får arbeidsinnvandrarar no tilbod om gratis nynorskopplæring.

Sunnfjord kommune har vore særs aktiv med nynorsk klarspråksarbeid. Voss herad har sett den digitale røynda på dagsordenen og har arbeidd aktivt for at digitale plattformer og læremiddel i kommunen skal vere på nynorsk. I Sunnfjord og Voss gjer dei også mykje godt nynorskarbeid som når langt utover kommunegrensene.

Koronapandemien fører til danninga av mange nyord. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com