Klimaaktivistar verda rundt: – Aktivisme fungerer, sjølv i Russland

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 26.12.2021 23:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er over to år sidan Greta Thunberg sette seg ned framfor den svenske riksdagen for første gong. Ho har inspirert tallause unge i andre land.

Framtida.no har snakka med nokre av dei, om kvifor dei framleis streiker og kva utfordringar dei møter i heimlandet.


Anna (18) frå Nord-Irland

«Politikarane snakkar med meg som eit PR-stunt.»

Namn: Anna Kernahan
Alder: 18 år
Frå: Belfast, Nord-Irland
Første streik: For 1,5 år sidan.

Anna Kernahan (nr. 3 frå venstre) får ikkje håp frå politikarane eller dei som sit med makta, men ho får håp frå andre unge klimaaktivistar verda over som er modigare enn ho sjølv, og som motiverer ho til å halde fram å streike. Foto: Privat

– Vanlege folk som går forbi streiken tek nokre gongar bilete av meg, og klappar for meg, men nokre ropar og at eg må «gå tilbake på skulen» eller «du kastar vekk tida di», fortel Anna Kernahan på e-post til Framtida.no.

18-åringen frå Belfast har streika i 60 veker på rad, og seier ho vil halde fram heilt til juridisk bindande planar for å halde den globale temperaturauken frå å overstige 1,5 grad er på plass.

Kearnahan fortel at folk flest i Irland ikkje veit stort om menneskeskapte klimaendringar, fordi irske elevar ikkje lærer om det på skulen og avisene skriv heller ikkje om det.

På det politiske plan er det, ifølgje Kernahan, ein og annan klimafornektar – særleg i partiet som haustar flest stemmer, Democratic Unionist Party

Northern Ireland Democratic Unionist Party-leiar Arlene Foster (t.v.) og Westminster-leiaren i partiet, Nigel Dodds, på lanseringa av partiprogrammet i Belfast i november 2019. Foto: Brian Lawless/PA via AP

Dei fleste andre politikarane trur likevel på klimaendringane og vil gjere noko med dei, men er for fokuserte på stemmer og popularitet til å endre noko.

– Politikarar eg har møtt lyttar til kva eg seier. Dei fortel meg at eg er modig og inspirerande. Men dei handlar ikkje ut ifrå det dei har høyrt. Dei snakkar meg meg som eit PR-stunt, fortel Kearnahan. 

Hovudproblemet er at dei ikkje forstår kor alvorleg krisa er, og kor mykje klimahandling hastar, sjølv ikkje Green Party er radikale nok, meiner 18-åringen. Fokuset må vekk frå små, isolerte tilpassingar som sykkelvegar og grøntområde, og over på store overordna endringar på nasjonalt nivå. 

Den 2. mest luftforureina byen i Storbritannia

– Kva er viktigaste klimasaka i heimlandet ditt? 

– Der er to hovudutfordringar for klimasaka i Nord-Irland. Luftforureining og at havnivået stig, fortel Kearnahan. 

18-åringen fortel at i heimbyen Belfast er det ulovleg høge nivå luftforureining – nummer to på verstinglista i Storbritannia når det kjem til svevestøvet PM2.5. 1 av 24 dødsfall i byen er knytt til langvarig eksponering for luftforureining kvart år, og i fjor var det 178 personar som miste livet av det.

Samstundes er Nord-Irland ein øynasjon, og allereie råka av stigande havnivå. Innan 2050 vil delar av hovudstaden Belfast og byar som Derry vere under vatn.  

– I 2050 vil eg vere 48 år gammal. Dette er ikkje eit problem for framtidige generasjonar lenger – vi er den generasjonen og vi er klare for å stå opp for oss sjølve.


Arsjak (26) frå Russland

«Om du risikerer å streike i Russland, så er det definitivt alvorleg»

Namn: Arsjak Makitsjian
Alder: 26 år
Frå: Moskva, Russland (fødd i Jerevan, Armenia)
Første streik: 15. mars 2019.

På plakaten til Arsjak Makitsjian står det skrive i raudt og utkryssa «Fossilt brensel» og i grønt «Grøn (politisk) kurs». Foto: Privat

Første gong Arsjak Makitsjian (26) stilte seg opp for å streike for klimahandling var han redd.

Han var uroa over at noko så forferdeleg som klimaendringar kan hende utan at nokon prata om det, men var redd for at han skulle verte arrestert.

– Det er ganske vanskeleg (og farleg) å vere aktivist her, skriv 26-åringen på melding til Framtida.no.

– Om du risikerer å streike i Russland, så er det definitivt alvorleg.  

Men dei to timane han stod der via politiet han inga merksemd, den einaste utfordringane var at fingrane hans fraus.

Til no har han streika i over 84 veker, vorte arrestert ein gong, og han har tenkt til å halde fram:

– Fordi aktivisme fungerer, sjølv i Russland. Kanskje vi ikkje er noko stor rørsle her, men vi har påverknadskraft. Og det er interessant, om ein møter mange bra folk og ein organiserer noko saman så kjem ein kanskje til å ha ei leveleg framtid.

 Verda endrar seg, men det gjer ikkje vi

Makitsjian fortel at russiske skuleelevar ikkje lærer noko om klimaendringar i skulen og at det er lite klimamedvite i landet, men han ser nokre endringar:

– Mange i gatene forstår ikkje kva klimastreiken handlar om, men no er medvite mykje betre enn for eit år sidan.

26-åringen fortel at dei sjølvstendige media skriv meir om klimaendringar enn før, men at det på langt nær er nok.

– Dei fleste media er eigde av selskap som driv med fossil energi eller av styresmaktene (og dei fleste fossil energi-selskapa er eigde av styresmaktene). 

Han trur nokre i dei høgare sjikta ser at Europa er i endring og er redde, men ikkje for framtida heller for pengane dei tapar om Europa sluttar å kjøpe fossil energi frå Russland.

Dette bilete skal syne oljesølet utanfor den nordlege industribyen Norilsk, 29. mai 2020. 20.000 tonn diesel skal ha leke ut i den økologisk sårbare regionen. Foto: Vasiliy Ryabinin via AP

– Kva er viktigaste klimasaka i heimlandet ditt? 

– Russland er eit stort land, og her er mange ulike regionar. Vi har mange skogbrannar, oljeutslepp (som i Norilsk), permafrosten smeltar og infrastrukturen i den arktiske regionen står i fare, fortel Makitsjian og legg til:

– Men den farlegaste tingen er at verda endrar seg, men det gjer ikkje vi.

Arsjan Makitsjian peikar på at fornybar energi er mangelvare i landet, og det er mange som ikkje har kjennskap til noko alterantiv. For dei er livet som dei kjenner det i dag, det einaste alternativet.

– Eg er ikkje sikker på at Russland går i rett retning, og det er farleg for oss alle.


Patsy (19) frå Australia

«Gode ord stoppar ikkje karbonutsleppa»

Namn: Patsy Islam-Parsons
Alder: 19 år
Frå: Sydney, Australia
Første streik: 15. mars 2019. Har streika kvar veke sidan september 2019.

Patsy Islam-Parsons peikar på at karbonbudsjettet for å halde den globale temperaturauken til 1,5 grad snart er brukt opp, og at alle har eit ansvar for å kjempe for klimarettferd. Foto: Privat

– I starten var det litt overveldande å ha framande kjefte så mykje på meg, men eg vart vand til det ganske fort.

Patsy Islam-Parsons streika første gong 15. mars i fjor, og har streika kvar veke sidan tidleg september same året.

– Vi hadde ikkje vore nøydde til å streike om alle var samde med oss. Det er bisarr, då, at vaksne føler behovet for å seie fryktelege ting til tenåringar som sit ved gangstien med pappskilt. Dei føler seg kanskje truga?

19-åringen fortel i ein e-post til Framtida.no at ho tidvis prøvar å prate fornuft til dei som skuldar ho for å vere hjernevaska, men at dei stort sett ikkje har noko interesse for fakta og logiske argument.

Heldigvis møter ho også dei som stoppar opp for å rose engasjementet hennar:

– Eg håpar at dei som gjev meg motiverande ord, gjer det om til handling sjølv – for gode ord stoppar ikkje karbonutsleppa, seier Islam-Parsons.

Sjølv har Islam-Parsons tenkt å streike heilt til klimakrisa vert anerkjent og teken på alvor, slik at også meiningsfulle tiltak vert innførte.

– Folk døyr, essensielle økosystem vert øydelagde, og situasjonen vil berre verte verre om vi held fram med «business as usual». Vi treng desperat klimarettferd, og vi treng det i dag. Ikkje i morgon, neste månad eller neste år. I dag, slår ho fast.

Kol-elskande Australia

Patsy Islam-Parsons fortel at dei møter mange klimautfordringar i Australia, og kolproduksjonen er ein av dei. Det syner eit av dei mest omstridde prosjekta i landet  Carmichael-gruva til selskapet Adani.

 Adani vil øydelegge the tradisjonelle heimområde til Wangan-folket og Jagalingou-folket, som er sterkt mot gruva. Gruva vil produsere kol fram til 2080 og vil ha tilgang til kring 270 milliardar liter vatn, fortel 19-åringen.

Patsy Islam-Parsons meiner dei australske styresmaktene er for glade i kol til å ta klimakrisa på ansvar. Bilete frå Whitehave kolgruva, utanfor Narrabri i Australia. Foto: AP Photo/Rob Griffith

Ho peikar på at dersom gruveprosjektet held fram, vil det opne heile Galilee-bassenget for ytterlegare gruveprosjektet.

– Om Adani held fram vil det vere ei katastrofe for heile planeten, ikkje berre Australia.

Samstundes har styresmaktene i landet annonsert at dei skal stable den australske økonomien på føtene igjen etter koronapandemien, ved å prioritere gassprosjekt i landet.

– Ærleg talt, dei australske styresmaktene prøvar ikkje ein gong å møte klimamåla – dei matar berre avhengigheita til kol og gass, seier Islam-Parsons.

– Klimamedvite blant politikarar i Australia er fullstendig ikkje-eksisterande. Regjeringa vår nektar å anerkjenne klimakrisa, for ikkje å snakke om handle tilstrekkeleg. I staden for brukar dei tida si og pengane våre på å støtte fossil-industrien og maksimere mengda kol og gass vi kan ta ut av grunnen.

– Har ikkje peiling på korleis dei får sove om natta

Den australske 19-åringen fortel at klimafornekting ikkje er eit problem berre hjå politikarane som sit ved makta, heller ikkje opposisjonen noko som er i nærleiken av god klimapolitikk.

– Eg har ikkje peiling på korleis dei får sove om natta.

Islam-Parsons seier store delar av landet likevel støttar styresmaktene i mangelen på klimahandling og legg skulda på klimafornekting i media, som ho skildrar som eit enormt problem.

– Sjølvsagt, personar som stadig vert fortalde at klimakrisa er ein bløff av alle mediekanalar dei ser, trur på det. Igjen og igjen vert dei fortalde at Australia treng kol for å overleve.

Minst 33 personar miste livet og over 11 millionar hektar med skog vart øydelagt av dei enorme skogbrannane i Australia i årsskiftet 2019/2020. Foto: Mick Tsikas/AAP Images via AP

Sjølv blant dei som trur på menneskeskapte klimaendringar, trur Islam-Parsons majoriteten ikkje forstå omfanget og alvoret i klimakrisa, og kor mykje det hastar.

– Dei er framleis der at dei trur resirkulering og energieffektive lyspærer er nok. Resultatet er at dei ikkje krev handling no, og dei held fram med å stemme inn klimafornektande regjeringar.

Til no har ikkje Australia vore spart for følgjene av global oppvarming. Patsy Islam-Parsons peikar på skogbrannane som råka Australia frå slutten av 2019 og på starten av 2020. Det var dei verste skogbrannane som er målte i landet, og brannsesongen kan verte verre.

Dette er det australske somrar ser ut med berre 1 grad høgare temperatur enn førindustrielt nivå. Korleis vil 1,5, 2 eller til og med 3 grader med oppvarming sjå ut?


Samia (18) frå Saudi-Arabia

«Det startar med oss, folket»

Namn: Samia Makki
Alder: 18 år
Frå: Jeddah, Saudi-Arabia
Første streik: 19. juni 2020.

Samia Makki (18) streikar for klimaet i heimlandet Saudi-Arabia. Foto: Privat

– Eg er bestemt på å nå målet om å gjere rett for naturen, for å bevare og verne om alle levande skapningar, fortel Samia Makki på e-post til Framtida.no.  

18-åringen frå Saudi-Arabia har streika sidan midten av juni, og fortel at ein del av samfunnet tok imot iniativet med opne armar og var oppmuntrande til klimastreik-rørsla.

– Men ein stor del av folket var likgyldige eller gav tomme løfter.

Ei undersøking frå analysebyrået YouGov syner at Saudi-Arabia er blant landa i verda der delen klimafornektarar er størst.

– Uforsiktigheita som vert vist av majoriteten av saudiarabiske borgarar skapar irreversibel skade på det heilage miljøet i Saudi-Arabia, seier 18-åringen.

Makki meiner det er nødvendig å løfte klimautfordringane fram i lyset, slik at saudiarabiske borgarar får eit insentiv til å handle i samsvar med dei islamske verdiane om reinsemd og merksemd.

– Då må politikarane og dei som sit med makta anerkjenne klimakrisa og innføre endringane vi treng for å rette situasjonen. Poenget mitt er at det startar med oss, folket.

Den tikkande bomba i Raudehavet

– Kva er viktigaste klimasaka i heimlandet ditt? 

– Akkurat no ventar vi på den øydeleggande katastrofen utanfor kysten av Jemen, der Safer-oljetankaren trugar Raudehavet og nabolanda med eit oljesøl som ville øydelagt habitat, utsletta hundrevis av artar og stengt store hamneportar. 

Foto: Maxar Technologies via AP / I.R. Consilium via AP. Kollasj: Framtida.no

FSO Safer er ein forlatt oljetankar, og har ikkje vorte vedlikehalden sidan Jemen-konflikta vart tilspissa i 2015. FN er djupt uroa for trugselen det rusta tankskipet utgjer, og fryktar den kan føre til oljesøl, eksplosjon eller brann.

Det vil i så fall føre til ei krise i Makki sitt heimland:

Saudi-Arabia ville vore nøydde til å stenge avsaltingsanlegga sine, noko som ville ført til at millionar av innbyggjarar mister ei avgjerande kjelde til brukbart vatn, fortel Makki. 

Saudi-Arabia er eit av verdast tørraste område, og det er mangel på ferskvatn. Difor er landet fullstendig avhengig av avsaltningsanlegg for å ha drikkevatn.

Safer rommar nesten 1,2 millionar tønner olje. Dersom dette renn ut i Raudehavet vil vere ei katastrofe, både økonomisk, for miljøet og for dei som bur i regionen, slår FN fast.


Corvin (21) frå Tyskland

«Viljen til å handle manglar, sjølv når medvite er skapt»

Namn: Corvin Drößler
Alder:
21 år
Frå: Neuruppin, Tyskland
Første streik: 1. februar 2019.

– Di fleire menneske som vert med i rørsla, di meir press kan vi utøve, seier Corvin Drößler. Han forstår dei som fryktar livet kjem til å endre seg grunna klimaendringane, og er redde for det ukjende. Difor meiner 21-åringen det viktig med iherdig opplysingsarbeid og at tilpassinga er sosialt rettferdig. Foto: Privat

– Om vi held fram med å leve slik vi har til no, vil klimakrisa verte eit av dei største problema som møter menneskeslekta dette hundreåret og påverke oss alle.

Det fortel 21 år gamle Corvin Drößler frå Tyskland på e-post til Framtida.no.

Han har likevel ikkje gjeve opp håpet – det er ei krise som vi framleis kan unngå, trur han, men det krevst at politikarane er villige til å forstå kor mykje det hastar. 

 Under pandemien beviste dei føderale styresmaktene at dei kan handle raskt. Men kortsiktig profitt ser ut til å vere viktigare for politikken enn liva til framtidige generasjonar og folk frå det globale sør. Det må endrast og det er mogeleg! seier Drößler.

Den største hindringa for tysk klimapolitikk meiner han er aksepten for og lobbyismen til kolindustrien, og nettopp viljen til å sjå vekk frå vitskapelege fakta for å tene pengar.

– Tyskland vil ikkje fase ut kolenergi før 2038, noko som er altfor seint.  

Ta vitskapen på alvor

I regionen der 21-åringen bur, er landbruk ei viktig næring, men klimaendringar har allereie sett spor:

– Mangelen på nedbør kombinert med stadig høgare temperatur har gjort jorda altfor tørr, noko som betyr at færre plantar veks og mange fleire døyr.

Dei siste åra har det vore stadig lenger tørkeperiodar i Tyskland, noko som har tæra på landbruket. Bilete frå Bad Lauchstädt i Tyskland i slutten av april 2020. Foto: AP Photo/Jens Meyer

Dette gjeld også for skogane, som ikkje kan absorbere like mykje regn når jorda er knusktørr. Då aukar flaumfaren. 

– Dei meir hyppige tilfella med ekstremnedbør vil vere vår største klimautfordring, spår Drößler. 

Han peikar på at dei vitskapelege bevisa som syner menneskeskapte klimaendringar, og konstaterer at politikarane må ta dette meir på alvor.

Har mista vennar

21-åringen har streika for klimaet sidan 1. februar i fjor, og møter ulike reaksjonar på aktivismen. Nokre rosar han for å gjere noko som er viktig og støttar streiken, medan andre synest det er latterleg. Corvin Drößler seier klimamedvite er tilstades i heile landet og har vorte mykje sterkare, særleg det siste året.

– Likevel er krisa ofte med vilje skjult for å sleppe å handtere den, fordi det er meir lettvint å ignorere den. Viljen til å handle manglar, sjølv når medvite er skapt.

Vennekrinsen hans har endra seg mykje sidan den første streiken, og han har også motteke trugslar frå klimafornektarar.

– Men eg har ikkje tenkt å la det hindre meg, for eg står for det eg gjer og eg gjer det for alle, sjølv om dei ikkje set pris på det, seier Drößler.


Iohana (16) frå Brasil

«Landet står i flammar»

Namn: Iohana Santos
Alder:
 16 år
Frå: Aracaju, Brasil
Første streik: 8. mai 2020.

I tida etter Iohana Santos bestemte seg for å streike har omgangskrinsen hennar endra seg. Ho brukar tid på klimasaka, og fortel at ho ikkje har like stort overskot til dei som ikkje vil anerkjenne at kloden held kurs mot ei sjette masseutrydning. Foto: Privat

– Landet er nesten dekka av røyk, og situasjonen er desperat. 

Iohana Santos (16) kjem frå Aracaju, nordaust i Brasil. Det er eit år sidan bileta av Amazonas i fyr gjekk verda rundt, men framleis herjar skogbrannane i heimlandet hennar. 

– Brasil vert forsømt av Bolsonaro-regjeringa, som nektar for at landet står i flammar, fortel Santos på melding til Framtida.no og utdjupar:

– Vi har fleire brannar i landet. Nokre av dei trugar heile biomangfaldet i bioma som er avgjerande for å stabilisere planeten, som Amazonas, og bevaringa av endemiske artar i Pantanal og atlanterhavsskogen mata atlântica. 

Ein frivillig freistar å sløkke ein brann ved Transpantaneira-vegen i våtmarka Pantanam, den 11. september 2020. Talet brannar har vorte meir enn dobla om ein samanliknar første halvår i 2020 med same perioden i fjor. Foto: AP Photo/Andre Penner

Brasil i flammar

Brannane i Amazonas er truleg dei verste som har råka regnskogen på eit tiår. I Pantanal, som er verdas største våtmark og på UNESCO si verdsarvliste, har det aldri før vore registrert så mange brannar som i år.

Forskarar er uroa for at det sjeldne økosystemet i Pantanal, som også er heim til mange truga dyreartar, ikkje kjem til å kome seg att etter dei «apokalyptiske» brannane som herjar.

Bolsonaro forsømmer stadig dei største skogområda i landet vårt med gruvedrift og avskoging, seier Santos. 

Jair Bolsonaro tok til som president i Brasil første januar 2019. Antonio Cruz/Agência Brasil [CC BY 3.0 br], via Wikimedia Commons

I ei tale til FNs generalforsamling hevda den brasilianske presidenten Jair Bolsonaro likevel at Brasil er offer for ei brutal misinformasjonskampanje. Bolsonaro meiner kritikken miljøpolitikken hans har møtt, er skulda europeisk proteksjonisme – Europa vil ikkje måtte konkurrere med brasilianske varer.

– I den nasjonale konteksten er der også eit forsøk på å skulde urfolka sjølv for det katastrofale tapet av biom skogbrannane fører til, supplerer Santos.

– Det minste vi kan gjere

Iohana Santos har streika sidan kvar veke sidan byrjinga av mai for å tvinge fram klimahandling i Brasil. 16-åringen fortel at flesteparten av befolkninga ikkje er klar over omfanget av klimakrisa, heller ikkje dei som kjem til å verte hardast råka.

– Difor vert det endå meir komplisert å få på plass dei effektive endringane som trengst for å snu prosessen.

Men ho held fram med å streike. Det hastar for mykje med endring til å late vere, forklarar ho og seier andre si grådigheit har gjort unge studentar til aktivistar.

– Eg trur vi er på ei utruleg skjørt punkt, der handlingane våre vil definere retninga klimakrisa tek. Eg held fram med å handle fordi for ein stor del av befolkninga i verda, så har planet slutta å vere heimen vår men heller vorte ei kjelde til profitt.

Iohana Santos drøymer om ei verd utan dagens kaos og øydelegging, der menneske og planeten lever i harmon.

– Planet vår gjev oss ein absurd mengd rikdom og minneverdige landskap, og det minste vi kan gjere for å betale den tilbake er å ta godt vare på den.


Kevin (24) frå Kenya

«Den kenyanske regjeringa handterer ikkje klimaendringar som ei krise»

Namn: Kevin Mtai
Alder: 24 år
Frå: Soy, Kenya
Første streik: 2016.

Kevin Mtai. Foto: Privat

– Mesteparten av folk, inkluderte lærde politikarar, her i Kenya forstår ikkje kva klimaendringar er. Dersom dei gjorde det, hadde dei starta å støtte miljøgrupper og gjort problem knytt til klimaendringar til sin topp-prioritet.

Det fortel Kevin Mtai på e-post til Framtida.no. 24-åringen frå Soy i Kenya har derimot gjort klimasaka til sitt hovudfokus.

– Fordi den kenyanske regjeringa og verdsleiarar ikkje handterer klimaendringar som ei krise. Spesielt her i Kenya fokuserer leiarane våre og media hovudsakeleg på politikk, forklarar han. 

Sjølv vart 24-åringen inspirert av den kenyanske økologen og miljøaktivisten Wangari Maathai, og hennar kamp for å verne miljøet. I 2004 vart Maathai den første afrikanske kvinna til å motta Nobels fredspris, som ho fekk for sitt bidrag til berekraftig utvikling, demokrati og fred.

«Uromakarar»

Kevin Mtai har streika for klimaet i over 100 veker, og fortel at han som oftast vert møtt av negative og umotiverande reaksjonar.

I år har han vore aktiv i kampanjen #SaveNNP, for å redde nasjonalparken i Nairobi. Nasjonalparken er den eldste i heile landet, og husar både gnuar, sebaraar og den truga masaisjiraffar.

Nasjonalparken i Nairobi, Kenya, ligg berre nokre få kilometer sør for byen. Foto: AP Photo/Carolyn Kaster

Dei siste åra har likevel Kenya Wildlife Service gjeve etter for press og lete kinesiske selskap bygge motorveg og jernbane gjennom parken.

Mtai vil hindre at også eit hotell vert bygd der:

– Dette ville forstyrre biomangfaldet av ville dyr i parken.

Endå kampanjen skapte merksemd på sosiale medium, vart den ikkje møtt positivt av styresmaktene:

I staden for at kabinettsekretæren for tursime støtta oss, så ende han opp på nasjonal tv for å kalle oss «uromakarar», fortel Mtai. 

Kevin Mtai har vore klimaaktivist og miljøvernar sidan 2010. Foto: Privat

Landeplage

Kevin Mtai fortel at dei i Kenya opplever konsekvensane av eit varmare klima allereie, og at landet i år har stått overfor tre store utfordringar: invasjon av ørkengrashopper; flaum; og tørke.

Frå slutten av 2019 har Kenya vore plaga med den verste svermen av grashopper på 70 år, og forskarar er uroa for at det seinare i år vert endå verre. Éin grashoppesverm kan ete like mykje mat på ein dag som 35.000 menneske, og trugar ytterlegare mattryggleiken i den aust-afrikanske regionen og deira levebrød, åtvarar FN.

Ei bondedotter freister å vifte vekk grashoppene med sjalet sitt i landsbyen Katitika i Kenya, 24. januar 2020. Foto: AP Photo/Ben Curtis, File.

Richard Munang frå FNs miljøprogram peikar på studiar som syner samanhengen mellom eit varmare klima og meir øydeleggjande grashoppesvermar. Munang fortel vidare at grashopper trivst i vått vêr, og frå oktober til november i fjor opplevde Kenya opptil 400 prosent meir nedbør enn vanleg.

2020 har òg vore prega av mykje nedbør i Kenya, og i vår mista nesten 200 personar livet og 100 000 heimen sin etter flaum og jordskred vest i landet.


Mitzi (22) frå Filippinane

«Miljøaktivistane og -vernarane våre vert drepne, trakasserte og fordrivne»

Namn: Mitzi Jonelle Tan
Alder: 22 år
Frå: Manila, Filippinane
Første streik: 24. mai 2019. Har vore arrangør sidan 20. september 2019.

Mitzi Jonelle Tan streikar for klimarettferd på Filippinane, der miljøvernaktivistar vert drepne for engasjementet sitt. Foto: AC Dimatatac

– Styresmaktene våre tek oss ikkje alvorleg, og i staden for stillar den oss aktivt og trugar aktivismen med ei lov som kan sidestille ytringsfridom og ansvarleggjering, handling og rettferd med terrorisme, fortel Tan.

Det fortel Mitzi Jonelle Tan (22) på e-post til Framtida.no. Ho har streika for klimaet i halvanna år, og har det siste året teke på seg rolla som arrangør.

Lova ho siktar til er den nye antiterrorisme-lova i heimlandet Filippinane, som styresmaktene hevdar vernar om fridom ved å omdefinere kva som vert rekna som terrorisme. Kritikarane meiner lova derimot er ein trugsel mot fridomen, og åtvarar mot at den kan føre til omfattande menneskerettsbrot.

Menneskerettsadvokaten Neri Colmenares seier til NPR at lova hindrar ytringsfridomen, fri tale, pressefridomen og organisasjonsfridomen. For Duterte-administrasjonen alle formar for dissens terrorisme, seier ho.

Verdas farlegaste land for miljøvernarar

Den ideelle organisasjonen Global Witness publiserte ein rapport i 2019 som synte at Filippinane er det farlegaste landet for miljøvernarar.

I 2018 vart 30 aktivistar drepne, og sidan president Rodrigo Duterte kom til makta i 2016 har 113 miljøaktivistar mista livet.

– Men denne krisa, ville fornufta tilseie at klimaendringar ville vore på toppen av dagsorden og at dei som allereie vernar miljøet vert lytta til. I staden for har vi ingen konkrete klimaplanar, miljøaktivistane og -vernarane våre vert drepne, trakasserte og fordrivne, fortel Tan.

22-åringen fortel at ho likevel vågar å streike grunna sin djupe kjærleik for folket og miljøet. Sidan verdsleiarane bevisst latar att augo, lyt ho sjølv verte klimaaktivist for å streike for klimarettferd og sosial rettferd.

– Ofte vert vi fortalde at vi er for unge og at vi bør halde oss i skulen og respektere våre eldre. Folk i maktposisjonar ler av oss og seier vi er idealistar som er naive fordi vi ynskjer ei tryggare og grønar framtid, seier Mitzi Jonelle Tan. Foto: AC Dimatatac

Særleg utsett

– Filippinane er det andre mest sårbare landet for klimakrisa, men bidraget vårt til dei globale drivhusgassutsleppa er så minimale, seier Mitzi Jonelle Tan.

Filippinane står for berre 0,35 prosent av verdas CO2-utslepp, sjølv om trenden er stigande. Landet er likevel eit av dei som kjem til å merke konsekvensane av klimaendringane mest.

Ifølgje Global Climate Risk Index 2020 frå den tyske organisasjonen Germanwatch, er Filippinane nummer to på lista over land som er truga av klimaendringane.

Rapporten poengterer òg at Filippinane er eitt av landet som kontinuerleg vert rangert blant dei hardast råka, både det siste året og på lang sikt. Landet risikerer stadig fleire naturkatastrofar, som jordskjelv, tsunamiar og flaum.

Foto frå 27. juli 2017, etter den tropiske stormen Nesat førte til flaum i Manila. Foto: AP Photo/Aaron Favila

Mitzi Jonelle Tan fortel at heimlandet opplever stadig sterkare og meir hyppige tyfonar kvart år, tørkene vert varmare og lengre, og at dette trugar mattryggleiken og heimane deira.

– Det største problemet er likevel vår manglande evne til å tilpasse oss, fordi det manglar planar og handlingar og fordi vi manglar teknologien og prioriteringane for å finansiere forsking og teknologi som kan hjelpe oss.

Men sjølv om mange filippinarar kjenner effektane av klimaendringane på kroppen, er det ikkje så mange i folket som heilskap som er klar over klimakrisa, fortel 22-åringen.

– Det er fordi kvalitetsutdanning ikkje er tilgjengeleg eller oppnåeleg for majoriteten filippinarar, og sjølv dei som har privilegiet med ei god utdanning får ikkje den klimautdanninga som trengst for å gjere dei i stand til å verte klimaaktivistar.

Ho poengterer at klimautdanninga på Filippinane er veldig vestleggjort, teknisk og framand, noko som gjer at mange filippinarar kjenner seg framande frå temaet. Samstundes meiner ho politikarane ikkje bryr seg nok til å i det heile lære om klimautfordringane:

– Dei kan orda, dei veit det eksisterer, men dei lyttar ikkje til vitskapen og dei prøvar ikkje å forstå kvifor det er slik ein stor trugsel i dag.

Bilete frå 13. november 2013, ettr at kystbyen Tanawan vart råka av tyfonen Haiyan. Foto: AP Photo/Wally Santana, File