Nestleiar i AUF: – Nærmare stemmerett for 16-åringar enn nokon gong

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.08.2020 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dersom 16-åringane får stemmerett i lokalvalet, betyr det også at dei som styrer må lytta til dei unge, seier nestleiar i AUF, Astrid Willa Eide Hoem, på telefon til Framtida.no.

AUF jobbar for å få innført stemmerett for 16-åringar i lokalval, og vil løfta dette inn i arbeidet med nytt partiprogram for Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet har programfesta at dei er for forsøk med stemmerett for 16-åringar i lokalval, men landsmøtet til partiet har tidlegare gått mot innføring av allmenn stemmerett for 16-åringar.

Les også: Vil endra Grunnlova: – Det er nesten eit klimatiltak

Støtte frå vallovutvalet

Eit fleirtal i vallovutvalet vil også innføra stemmerett for 16- og 17-åringar i lokalvala, men dei gjekk ikkje inn for å senka aldersgrensa for å stilla til val.

Arbeidarpartiet sin representant i utvalet, tidlegare justisminister Knut Storberget, var blant dei som gjekk inn for å senka stemmerettsalderen ved lokalval.

AUF går også inn for at det skal vera mogleg for 16- og 17-åringar å bli valde til kommune- og fylkesting.

– 16-åringar kjenner miljøet i kommunen og fylkeskommunen betre enn mange 40-åringar. Dei går på vidaregåande skule, bruker kultur- og fritidstilbod i kommunane og ser om bussane ikkje går nok eller er for dyre, seier Eide Hoem på telefon til Framtida.no.

Astrid Willa Eide Hoem håpar Arbeidarpartiet no vil opna for stemmerett for 16-åringar i lokalvalet.

– Det er eit stort engasjement. Eg trur me er nærmare no enn nokon gong, seier ho.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud vil ikkje senka stemmerettsalderen. Foto: FpU

Usemje blant dei borgarlege

Blant dei ikkje-sosialistiske partia er det berre Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne som ønskjer å innføra stemmerett for 16-åringar.

Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud, meiner stemmerettsalderen bør følgje myndigheitheitsalderen.

– Er det riktig at ein skal kunne bestemma korleis kommunen skal styrast, men ikkje ha lov til å køyra bil, kjøpe alkohol og ta opp lån? sa han i eit intervju med Framtida.no for nokre veker sidan.

LES OGSÅ: Jublar for innstilling om stemmerett for 16- og 17-åringar: – Eit stort gjennomslag for demokratiet

Press-leiar Mina Vinje gler seg over at vallovutvalet vil  la 16- og 17-åringar stemme ved kommune- og fylkestingsval. Foto: Andrea Rygg Nøttveit