Dei risikerte livet for demokrati: – I det augeblikket vi stoppar er alt bortkasta

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.11.2020 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vart skremt første gongen eg vart arrestert. Men eg innsåg at i det augeblikket vi stoppar, så er alt bortkasta. Dei arresterer oss for å få oss til å slutte, fortel Lindah Chido Matsapa på telefon til Framtida.no.

25-åringen frå Zimbabwe hamna i fengsel for første gong i 2016. Då demonstrerte ho for retten til utdanning, og det kosta ho sjansen til å fullføre graden i heimlandet.

Då mor hennar kom til fengselet byrja ho å strigråte.

– Når ho hadde roa seg ned spurde ho meg: «Er dette livet du vil ha?» Eg svara at eg kan ikkje seie dette er det eg vil, men eg kan ikkje love eg stoppar, fortel Matsapa.

– Aktivisme krev mykje mot. Dei prøvde å vatne ut aktivismen, men di meir vi står på, di fleire endringar kjem, fortel Lindah Chido Matsapa. Foto: Privat

Sex for 6’ar

Lindah Chido Matsapa har aldri vore typen til å sitje stille og sjå på urett. Som 14-åring stod ho andlet til andlet med opprørspolitiet for første gong, etter at rektor ringde politiet fordi elevar demonstrerte for betre kår på skulen.

Då ho nokre år seinare byrja å studere biologi ved Chinhoyi teknologiske universitet melde ho seg inn i den nasjonale studentforeininga i Zimbabwe (ZINASU).

Ho vart ein av dei få som aktivt arbeidde for endring, som organiserte møter, kampanjar og demonstrasjonar, ikkje av dei mange som i det stille støtta sakene med underskrifta si.

25-åringen brann for utdanning, for likestilling mellom kjønna og for kvinneleg empowerment.

Dei arresterer oss for å få oss til å slutte

Ho ville få bukt med høge skuleavgifter som ikkje stod i stil til det studentane fekk att for pengane, og som vart stadig høgare.

Ho ville få ei slutt på utnyttinga av studentane.

–  Hovudproblemet – og dette er ikkje berre eit problem på universitetet der eg gjekk, men på alle universitet i landet – er det vi kalla thigh for a mark-systemet, seier Matsapa.

25-åringen fortel at forelesarane såg seg ut unge kvinner i forelesingane sine, og ba dei verte att etter timen.

Dei kravde sex for betre karakterar.

– Om dei nekta, så strauk dei.

– Men i realiteten kunne ingen nekte, for då laut dei betale fleire avgifter for å ta oppatt fag, og det hadde ingen råd til.

Fire dagar med store følgjer

Medan Lindah Chido Matsapa sat fire dagar og fire netter i arresten, gjekk ho glipp av tre eksamenar på universitetet. Ho fekk ikkje ta dei på nytt, og laut gå oppatt eit semester.

Utdanningsvegen vart stadig tyngre.

Matsapa fekk erfare kor mykje det kosta å vere studentaktivist i eit land der universitetsleiinga, styresmaktene og politiet helst såg at ho teia. Dei ville gjere eit eksempel av ho.

– Eg fekk eit dårleg rykte, fortel 25-åringen.

Ho vart utsett for stadige trugslar, og til slutt vart det vanskeleg å halde fram med utdanninga.

Heilt til ein uventa mogelegheit dukka opp frå eit land ho ikkje kjende til.

Ho hadde vorte nominert til Students at risk, ei ordning som hjelper studentaktivistar som vert politisk forfølgde og nekta tilgang til høgare utdanning på grunn av engasjementet sitt.

Matsapa trudde først det var svindel. Dette var for godt til å vere sant.

Dersom ho vart akseptert fekk ho høve til å fullføre grada si i Noreg.

SAIH: – Utanriksministeren må gripe sjansen

Sidan oppstarten i 2015 har 52 unge aktivistar frå 16 forskjellige land fått høve til å fullføre utdanninga si gjennom Students at risk, ordninga som vart kjempa fram av Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Norsk Studentorganisasjon.

Til no har Students at risk vore eit pilotprosjekt som har vorte finansiert først i tre år, deretter eitt år av gongen. Ordninga er førebels berre sikra ut året og framtidsutsiktene er difor uklåre. Ei ny evaluering, utført på oppdrag frå Diku, tilrår no at ordninga vert vidareført.

Leiar i SAIH, Sunniva Folgen Høiskar, meiner evalueringa er den siste stadfestinga som trengst for å gjere ordninga til ein permanent del av norsk utanrikspolitikk.

– Menneskerettsforkjemparar er blant dei viktigaste menneska i verda, og studentaktivistar er blant dei med minst vern. Det er ei investering i ei demokratisk verd å gje desse studentane ein mogelegheit til å utdanne seg, seier ho på telefon til Framtida.no.

– Studentar er utruleg viktige menneskerettsforsvarar. Dei utset seg sjølve for vald, og risikerer liv og helse for å skape eit betre samfunn. Det er ikkje risikofritt, seier Sunniva Folgen Høiskar frå SAIH. Foto: SAIH

Ho får støtte av 14 rektorar frå norske utdanningsinstitusjonar, som for to veker sidan gjekk saman for å be om at Students at risk vert permanent.

«Det er ikke bare studentene som går styrket ut av ordningen – den gir også en merverdi til  høyere utdanningsinstitusjoner her i Norge,» skreiv dei.

Høiskar poengterer at mangelen på føreseieleg finansiering over lenger tid har halde programmet tilbake, og er årsaka til nokre av svakheitene den nye evalueringa peikar på.

Om Students at risk vert meir og tydelegare integrert i Noreg sin utanrikspolitikk, så opnar det for eit større nettverk – og større mogelegheiter til å fange opp studentaktivistane som treng det mest.

– Det er eit sentralt ynskje i norsk utanrikspolitikk å vere ein mekanisme for meir demokrati i verda. Mange land har prøvd å få det til på ulike måtar med hell og uhell, men den mest effektive og beste måten er ved hjelp av lokale krefter. Utanriksministeren må gripe sjansen til å gjere Students at risk permanent, slår Høiskar fast.

Å leve i konstant frykt

Då Sait Matty Jaw (34) fekk vete at han var føreslegen til Students at risk sat han i det berykta Mile 2-fengselet i Gambia.

– I utgangspunktet var ikkje hensikta mi å delta i noko program, men berre å kome meg ut av Gambia for min eigen sikkerheit, fortel Jaw på e-post til Framtida.no.

Året er 2014. Sait Matty Jaw studerer statsvitskap. Han kjempar for demokrati og likskap, og mot skadelege tradisjonar som kjønnslemlesting.

– Eg kjem frå eit patriarkalsk samfunn. Eg har sterk tru på at tradisjonelle praksisar som kjønnslemlesting ikkje berre er barbariske, men at dei også nektar kvinner og unge jenter deira fulle menneskerettar.

Sait Matty Jaw. Foto: Universitetet i Bergen

Sidan den no unge studenten var 9 år gamal har Gambia vore styrt av den autoritære Yahya Jammeh, og han lengtar etter eit alternativ.

Men Sait Matty Jaw var fullt klar over at det var risikabelt å kjempe for demokrati i eit autoritært samfunn.

– Vi levde i konstant frykt sidan folk vart arresterte og nokre gongar forsvann, berre for å kritisere styresmaktene, fortel Jaw.

Samstundes var massakren av 14 unge studentar i 2000 friskt i minne. Studentane vart drepne av gambisk politi då dei protesterte mot drapet, og politihandsaminga etterpå, av ein 19 år gammal student og valdtekta av ei 13 år gamal jente.

Men ønske om å endre vilkåra og omgjevnadane sine var sterkare enn frykta for kva som kunne hende.

– Redda livet mitt

Då Sait Matty Jaw vart arrestert første gong i november 2014, var det fordi han støtta ei Gallup-undersøking i landet. Den skulle granske kva gambiarar syntest om regjeringa og korleis dei styrte landet. Det var ikkje styresmaktene begeistra for.

– Eg vart arrestert og halden i sju dagar, i staden for dei 72 timane som står nedfelt i grunnlova, fortel han.

I desember vart han arrestert igjen, og faren og onkelen betalte kausjon. Men fridomen var avgrensa, og Jaw måtte melde seg til styresmaktene fem dagar i veka heilt til rettsaka hans kom opp i april våren etter.

Mile 2-fengselet i Banjul, Gambia var lenge berykta for å vere staden der tidlegare president Yahya Jammeh sende sine politiske motstandarar.
Foto: Stringer / Scanpix

Den unge aktivisten var på veg heim frå domstolen i Banjul, hovudstaden i Gambia, då han fekk e-post om at han hadde kome gjennom nålauget til Students at risk.

Framleis var det ei veke att til domstolen skulle avseie dom i saka hans, og Jaw heldt difor nyheita for seg sjølv i frykt for at den kunne hamne på feil hender. Ikkje ein gong familien visste om det.

Sait Matty Jaw vart frifunnen. Då styresmaktene truga med å anke dommen flykta han til Dakar, hovudstaden i Senegal, som omkransar Gambia på alle kantar.

Den unge gambiske studenten kunne reise til regntunge Bergen, og fullføre studiane sine der.

Students at risk redda livet mitt og gav meg håp.

34-åringen er levande bevis på at ein ikkje kan måle verknaden av å redde ein student, som han sjølv seier.

Då han reiste attende til heimlandet i 2017 var presidenten i Gambia avsett og Sait Matty Jaw hadde ei mastergrad med seg i kofferten.

Sait Matty Jaw er tilbake på universitetet i Gambia, men no er det han som underviser. Samstundes driv han Center for Research and Policy Development og er heimlandets prosjektansvarlege i forskingsnettverket Afrobarometer Survey.

– Hadde aldri lyst til å reise

– Eg hugsar at eg hadde blanda kjensler då flyet omsider tok av. Eg grein fordi eg aldri hadde lyst til å reise, og eg visste at dette kanskje var den siste gongen eg fekk sjå Egypt.

– På den andre sida var eg utruleg glad for at alt hadde ordna seg, og at eg klarte å dra.

Det fortel Mostafa Elsayed Hussin på e-post til Framtida.no.

6. juni 2010 vert egyptiske Khaled Said brutalt drepen av politiet. Bilete av den døde 28-åringen – banka til det ugjenkjennelege – vert delt på sosiale medium, og det spreier seg som eld i tort gras.

– Det heimsøkte meg, fortel Hussin.

I dag er han 26 år gammal og bur i Tromsø. Den gongen gjekk han på vidaregåande i heimbyen, Alexandria, byen også Khaled Said kalla heime.

Hundrevis av menneske møtte opp for å demonstrere mot drapet på Khaled Said. Bilete er teke i Alexandria den 25. juni 2010. Foto: AP Photo/Amr Nabil

Det bestialske drapet tente ein flamme i Hussin. Han melde seg inn i Facebook-grupper, byrja gå på demonstrasjonar mot politibrutalitet og kravde at menneskerettane vart overhaldne.

Året etter var Mostafa Elsayed Hussin blant røystene som ropte på revolusjon i Egypt.

Presidenten vart sett av, og Det muslimske brorskap kom til makta. To år etter vart brorskapet kasta i eit militærkupp.

– Bit for bit endra militæret landet til eit diktatur, fortel Hussin.

Opposisjonstrugselen

Innan militæret kom til makta hadde Mostafa Elsayed Hussin starta på universitetet i heimbyen, kor han studerte sosiologi. Der hadde han vore med å stifte ei studentrørsle som heldt fram kampen for menneskerettar og akademisk fridom.

Men det nye militærstyret i Egypt oppfatta rørsla som opposisjon, og forbaud den. Regimet tillet ikkje politikk innanfor universitetsveggane, sa dei.

– Vi bestemte oss for å utfordre forbodet, fortel Hussin.

Dei organiserte ein konsert for berømte revolusjonære songarar, og Hussin heldt tale. Det gjekk ikkje upåakta hen.

Mostafa Elsayed Hussin under ein demonstrasjon. Foto: Privat

Hussin vart utvist frå universitetet og banka opp av sikkerheitsvaktene der. Då han gjekk til politiet for å melde julinga vart han i staden arrestert.

– Eg flykta frå Egypt før dommaren gav den siste dommen i saka mi.

Hussin reiste til Kairo i håp om at han «enklare kunne forsvinne i mengda» i hovudstaden. Han byrja arbeide for ein menneskerettsorganisasjon, og det var dei som nominerte han til Students at risk, og som gjorde det mogeleg for Hussin å setje seg på eit fly mot Noreg.

– Gløymt i eit egyptisk fengsel

Til no har 26-åringen fått rett i spådommen sin.

Han kom til Tromsø i 2015, og fullførte ei bachelorgrad i Creative and Cultural Entrepreneurship hjå UiT. No er han i siste innspurt på masteroppgåva i visuell antropologi ved same universitet.

Han har enno ikkje vore attende til Egypt. Passet hans har gått ut, han får ikkje fornya det på ambassaden, og han har vorte råda til å ikkje reise til heimlandet.

– Eg veit ikkje kvar eg ville vore no om eg ikkje hadde fått denne mogelegheita, men eg hadde nok vore gløymt i eit egyptisk fengsel, spekulerer han.

Mostafa Elsayed Hussin

Men Mostafa Elsayed Hussin held fram med å kjempe for demokrati i Egypt, sjølv om han lyt gjere det frå ein kald nord-norsk by.

– Å vere relativt trygg her i Noreg, har gjeve meg meir styrke til å støtte saka mi, forklarar 26-åringen.

Han arbeider tett med ideelle organisasjonar og andre egyptiske aktivistar både i eksil og i heimlandet. Dei gjer sitt yttarste for å dokumentere menneskerettsbrot i Egypt, og å spreie ordet til verdssamfunnet.

Hussin frilansar som kommentator hjå den Londonbaserte TV-kanalen Al Araby TV, og som journalist. Sakene han publiserer er sensurerte i Egypt, Saudi Arabia og Emiratane, men han har tru på at nokre finn ein veg rundt sensuren, og at røysta hans når fram.

Alt ho kjempa for

Lindah Chido Mastapa valde også å gripe mogelegheita då ho fekk den.

– Det betydde at eg kunne reise ein plass der eg kunne studere utan å vere uroa for at nokon kom og banka på døra mi for å skremme meg.

I 2017 sette ho kursen mot Bodø, og no går ho tredje og siste året av ei bachelorgrad i biologi hjå Nord Universitet. Ho håpar å halde fram på ei mastergrad innan molekylær bioteknologi.

Samstundes har ho starta prosjektet Inspired to admire som skal løfte fram historiane til kvinner verda over, og drive lokalt arbeid i Zimbabwe.

Ho har ikkje vent seg til kulda i Bodø enno, men der kan ho studere utan å vere uroa for politi med vasskanoner og tåregass.

– Alt eg kjempa for i Zimbabwe var her. Eit trygt læremiljø der du slepp kjempe heile tida. Eg var trygg.

– Det gjorde dei fleste draumane mine til realitet.