Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.12.2020 21:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Safina de Klerk, 27, Kristiansand

Mitt første «registrerte» møte, altså då eg skjønte at nokon meinte det var noko feil med meg på grunn av min utsjånad og etnisitet, var då eg var 10 år i Kristiansand.

Me var den einaste mørkare enn melkekvite familien i gata, og mamma var tydeleg på at vi ikkje var kristne då naboen spurde.

Naboungane fekk streng beskjed om å ikkje leike med «pakkisene oppi gata», ein beskjed eg og min fem år gamle veslebror tydeleg høyrde.

Safina de Klerk. Foto: Benjamin A. Ward/Privat.


Rebecca Linn Storevik, 29, Bergen

Då pappa sin kjæraste kalla meg og brørne mine for halvkast. Til mamma. På tekstmelding.

Eg trur eg må ha vore ni, kanskje? Eller litt yngre.

Dei var heldigvis berre saman i ti år til…

Rebecca Storevik. Foto: Privat


Tracy Osei-Mensah, 20, Bergen

Det har skjedd mykje, men det eg hugsar aller best var då eg var 10 år og på overnattingsbesøk hos ei venninne i 4. klasse. Ho hadde invitert nabojenta også, men då ho kom var ho musestille og sa ikkje eit pip.

Venninna mi spurde henne kvifor ho ikkje svara oss. Nabojenta peikte på meg og sa: «Eg snakkar ikkje med svartingar».

Eg fekk den jævligaste klumpen i magen. Eg hadde blitt kalla bæsj og meir i barnehagen før, men det at ho faktisk hadde fått beskjed heimefrå om at ho ikkje kunne snakka med nokon med ein annan hudfarge enn ho, var noko heilt anna.

Tracy Osei-Mensah. Foto: Privat


Sony Kapoor, 45, Oslo

I i 2007-2008 pendla eg mellom London og Oslo, og flaug stadig inn til Gardermoen flyplass. Av dei omlag 30 turane det første halvåret vart eg stoppa i tollen over halvparten av gongane.

Under eit foredrag med norske diplomatar spurde eg kor mange av dei som ALDRI hadde blitt stoppa i tollen – 98 prosent rekte opp handa.

Eg kledde meg i dress, jeans, barberte meg, lot vere å barbere meg, såg i augo til tollarane, såg vekk, hadde lite bagasje, mykje bagasje, kort hår, langt hår – uansett kva eg gjorde vart eg nestan alltid teken ut av køen og stansa.

Eg har budd i India, USA, Danmark, Sverige, Belgia, England, Frankrike, Noreg og Tyskland.

Men på spørsmålet: kor i verda skal mine «engelsk-indisk-svensk-norske barn» vekse opp og aldri måtte møte sjølv den mildaste form for rasisme som eg har møtt på? – er svaret: ingen plass.

Sony Kapoor. Foto: Privat


Mona, 19, Moss

For nokre veker sidan nekta ein kollega å jobbe med meg. Han sa han ikkje ville «bli smitta av korona av dykk flaggermus-etarar».


Anonym, 25, Oslo

Det første året eg budde her var det fleire studentar på skulen min som hadde ei framsyning med black face. Alle i publikum lo.


Arthur Xavier Wonder Samma, 21, Bergen

På ein jobbfest før eg hadde fått kontrakt blei eg trua med vald og kalla n-ordet av ein kvit kollega. Han fekk inga åtvaring og sa aldri unnskyld for det.

Sjefen ba meg legge det bak meg fordi han som gjorde det hadde gløymt det og meinte det var historie. Sjefen sa at han ikkje kunne sjå at noko av det som skjedde på fritida, påverka jobben. Aldri sette han oss saman for å snakka ut om det. Det vart dytta under teppet, og han spurde aldri korleis eg hadde det. Alt eg fekk vite var at han som hadde gjort det skulle sei unnskyld, noko han aldri gjorde.

Han som gjorde dette var leiar i mi avdeling, og den som skulle gi meg jobbvakter. I starten gav han meg nesten aldri vakter, noko eg også tok opp med sjefen min.

Han sa «om du føler deg forskjellsbehandla på ein annan måte kan vi sjølvsagt diskutere og finne ut av det».

Arthur Xavier Wonder Samma. Foto: Privat


Kvinne, 25, Sogn og Fjordane

Eg og familien min var dei einaste mørkhuda i nabolaget, og heile barndomen min var prega av mobbing.

Eg hata rett og slett hudfargen min. Eg blei slått og spytta på fleire gonger på skulen. Uansett kor rasistar dei andre var, stoppa ikkje lærarane det.

Eg vart aldri invitert på noko som helst. Ikkje jentekveldar eller festar.

Ein gong sa ein gut til meg at han hadde tenkt å slå meg, men at mor hans hadde fortalt han at «det er nok at ho er neger». Det var visst straff nok i seg sjølv.

Eg har ikkje fortald venene mine i Oslo at eg har opplevd rasisme. Eg er framleis ganske flau over det, sjølv om eg veit at det ikkje er min feil.


Sara, 24, Oslo

Eg pleidde å jobbe som servitør på Karl Johan. Ein dag var det lang kø for å få bord ute. Ein mann i 30-åra kjem bort, går forbi heile køen og set seg ved eit bord eg ryddar av.

Eg fortel han fint at han må vente i køen, og han spør «Kvifor det?». Eg svarar at me har eit køsystem og at det er dårleg gjort for dei andre som har stått lenge i kø.

Han reiser seg opp og seier høgt: «Kan ikkje du pelle deg heim der du kom frå!»

Eg var heilt sjokkert over kommentaren og enda med å berre stå der i sjokk. Då han såg at folk rundt byrja å følgje med, gjekk han.

På veg bort ropte han til meg at det var sånne som meg som var Noregs største problem, og at eg burde passa meg.


Nadia Sassi, 22, Fredrikstad

Som servitør opplevde eg at fleire kundar heller ville at «ho andre norske» servitøren skulle ta betalinga deira, fordi det såg ut som ho visste betre kva ho dreiv på med, sjølv om eg gjorde alt rett. Og då eg skulle ta betalinga, berre lo dei av meg og kom med kommentarar.

Nokre nekta til og med å betala, og dei hevda eg somla så mykje at dei ikkje gadd vente på meg. «Ein ser godt at sånne som deg ikkje klarar jobben sin» fekk eg høyre fleire gonger medan dei lo.

Dette såra ekstra mykje med tanke på at eg er halvt norsk. Til slutt blei eg berre skjelven og hadde gråten i halsen, så eg lot den andre servitøren ta over.

Eg enda opp med å gråte på bakrommet og drog heim kort etter.

Nadia Sassi. Foto: Privat


Winifred Nanang, 29, Asker

Lista er lang, men dette var då eg først vart utsett for rasisme:

Eg gjekk i 5 klasse i Asker i 2001. Her opplevde eg mykje rasisme både frå foreldra og frå elevane. Som ein mørk afrikanar var det heilt jævleg å vere der.

Eg blei blant anna spurt om eg hadde blått blod og blei kalt neger i friminuttet.

Den hendinga eg aldri gløymer var ein dag då ein av elevane sende ein lapp rundt i timen. På lappen hadde ho skrive om meg. At eg var ein parasitt og at hudfargen min hadde same farge som avføring.

Då rektor skulle løyse problemet var det beste han greidde å kome med at «teoretisk sett så kan kvite også ha same hudfarge som avføring, for enkelte sjukdomar kan gjere at ein får kvit bæsj»… Eg følte meg ikkje særleg mykje betre etter det.

Eg budde her i to år, men det føltes som 20 år.

Winifred Nanang. Foto: Privat


Kvinne, 41, Hedmark

Dotter mi blei ikkje invitert på bursdagsfest til ein i klassen. Guten sa til dotter mi at det var fordi ho var neger og fordi foreldra hans ikkje ville ha mørke folk hos seg.

Dette var naboane våre og ho stod ved vindauge og såg alle frå klassen på veg til fest. Ho gret og spurde meg: «Kva har eg gjort?»

Eg gret saman med henne.

Vi opplevde så mykje vondt og rasisme at vi flytta før det var gått eitt år etter dette. Eg kunne ikkje vere der meir. Eg følte meg utrygg.


Kvinne, 23, Rogaland

Eg er frå Litauen og kan ikkje seie at eg skil meg så veldig mykje ut frå dei norske utsjånadmessig.
Sidan eg byrja på ungdomsskulen og mine medelevar fann ut kor eg kom frå, byrja dei å kalle meg for tjuv, å seie at dei må halde auge med meg fordi eg kjem til å stele frå dei, sånn som alle andre litauarar gjer osv.

Eg slutta å fortelje at eg var utanlandsk, og heilt fram til eg flytta til Austlandet torde eg ikkje å seie det til folk. Eg orka ikkje å få stygge blikk og stygge kommentarer om det.


Iman Derras, 18, norsk skule i Spania

I fjor fortalde eg kontaktlæraren min at eg leita etter somarjobb, sidan vi skulle flytte tilbake til Noreg.

Ho sa «det vil bli vanskelig for deg å få jobb, fordi du har mørkt hår, mørke bryn og brune auge. Det vil ikkje vere mogleg for deg».

Eg var sjokkert for eg hadde ikkje opplevd rasisme så direkte før.

Iman Derras. Foto: Privat


Arslan Younus, 38, Moss

Eg har vakse opp med mykje rasisme rundt meg, så eg er såpass vand til det at eg ikkje legg merke til det lenger. Det eg la merke til sist er faktisk nokre år sidan no. Ein bil stoppa rett ved sidan av meg medan eg gjekk på fortauet.

Sjåføren rulla ned vindauga og ropte: «Go home, pakkis!» og gassa vidare.

Dette var vanleg då eg vaks opp og eg opplevde dette nestan kvar veke.

Då vi var små pleidde vaksne menneske å slå etter oss då vi sykla forbi dei, medan dei ropte «svarting» og andre liknande ord.

Arslan Younus. Foto: Privat


Sude Acet, 19, Buskerud

For nokre år sidan, då det var mykje IS-terrorisme i Europa, stod eg og mamma å venta på toget. Då me kom til togstasjonen fekk me stygge blikk av to damer som stod ved oss.
Dei gjekk vekk frå oss og byrja å sei at me var terroristar, fordi mamma hadde på seg hijab og me var muslimar. Dei sa me skulle reise tilbake der vi kom frå.

Rebecka Solbakken, 20, Skien

Det var ein gong eg og ei anna  utanlandsk jente sat og venta på bussen. Brått kjem ein kvit mann bort og skrik: «Dra tilbake til der de kom frå, jævla negerar!»

Rebecka Solbakken. Foto: privat


Ayat Majbel Saeid, 20, Vennesla

Då eg var 13-14 år og gjekk på ungdomsskulen hadde me utdanningsvaltime og såg på utdanning.no på kva som skulle til for å få ulike jobbar.

Eg spurde læraren min om han kunne søke opp ambassadør.

Han svarte: «Trur du kongen vil utnemne nokon som deg til det?», framfor heile klassen (som byrja å le på grunn av tonefallet han hadde).

Ayat Majbel Saeid. Foto: Privat


Farah Bouyambib, 29, Oslo

Eg har møtt på så mykje spesielt at eg ikkje kan hugse «første gong» eg opplevde rasisme.
Men eg hugsar godt ein ekstraordinær rabiat kar som på liv og død måtte springe tvers over eit vegkryss (!) for å fortelle meg kor undertrykt og stygg eg var.
Det var meget spesielt.

Omar Majid, 38, Kirkenes

No er det faktisk ei stund sidan eg opplevde kvardagsrasisme. Men eg var på eit standup-show i  Kirkenes, der det kanskje var 2-4 av oss med mørkare pigment i puben.

Utpå kvelden kjem ei dame i 50-åra og spør om me har hatt det fint, seier at showet var morosamt og spør kor eg kjem frå.

Eg svarte Oslo, fekk eit smil tilbake og så spurde ho på nytt: «Nei, eg meiner, kor kjem du frå?».

Eg tenkte, at okei ho vil ha meir detaljar, og svarte Stovner.

No vart ho utolmodig og spurde igjen: «Nei, eg lurer på kor du eigentleg kjem frå?»

Eg svarte: Kor mykje meir konkret skal eg vere? Eg kjem frå Oslo og er vaksen opp på Stovner. Vil du ha adressa også?

Svaret var visst ikkje godt nok for henne. Ho vart irritert, snudde seg og ropte «Jævla utlending».

Omar Majid. Foto: Privat


Selina Ilincic, 21, Agder

Då eg vaks opp fekk me og alle andre utlendingar brev i posten: «Saddam Hussein-terroristar».

Me opplevde også mykje mobbing. Eg blei aldri invitert på vennekvelder og til å leike med nokre av dei i klassen, fordi foreldra ikkje ønska at dei skulle leike med meg som ikkje var norsk.

Bror min blei skoten i ryggen på nært hald med softgun av klasseelevane. Mamma og pappa drog til politiet for å melde saken, og viste fram ryggen til bror min med blod og merker etter kulene. Men politiet brydde seg ikkje.

Me flytta til slutt fordi ingenting hjelpte.

Selina Ilincic. Foto: Privat


Fathia Ibrahim, 23, Ryfylke

Då eg kom til Noreg i 2011 enda eg og familien i ei lita bygd med hyggelege folk. Men det var ikkje enkelt på skulen. Eg blei mobba og utsett for rasisme på grunn av hijaben min og hudfargen min.

Ein gong i gymtimen bomma eg på mål då me spelte fotball. Ein medelev ropte framfor dei nesten 50 elevane i rommet: «Din svarting!»

Som ein mørk 14-åring som allereie sleit med å passe inn, fekk dette meg til å føle at eg hadde hatt venner viss eg berre var kvit.

Når nokon ropar slikt på ein negativ måte, gjer  det at ein føler at det å vera mørkhuda er negativt og mindre verdt.

Rasisme finst i Noreg, og dei fleste av oss med mørk hud opplever det uansett kor vi går.


Marian Hiram Bendu, 18, Oslo

Det er mange hendingar, men denne hugsar eg spesielt godt:

Eg og veninna mi leikte saman ute. Me var rundt 6-7 år gamle, sprang rundt og lo. Vi var berre barn som leikte på ein leikeplass. Brått kom naboen til veninna mi. Ein høg stor, kvit mann. Han skreiv til oss med full hals: «Hald kjeft jævla negerunger!»

Han kom mot oss som om han skulle slå oss. Me skreik og ropte om hjelp. Det fekk vi heldigvis.

Det føltes så uverkeleg og skremmande på same tid, at det gløymer eg ikkje.

Marian Hiram Bendu. Foto: Privat


Kvinne, 21, Kvinnherad

Eg har ikkje opplevd rasisme sjølv, men opplevd det fleire gonger i ulike jobbar. Det er mange vaksne som snakkar veldig stygt om folk med ein annan hudfarge og om muslimar.

Eg har sjølv muslimske foreldre, og då pappa jobba som taxi-sjåfør vart han spurd om han var terrorist!

Då søster mi var russ ville ho inn på  ein russebuss med venene sine. Ein gut ropte: «Utlendingar får ikkje kome inn på bussen!»

Eg jobba også i ein klesbutikk der eg fekk beskjed om å følgje ekstra godt med på folk med mørk hud eller minoritetsbakgrunn. Det gjorde ekstra vondt fordi eg fekk stadfesta at det også var sånn dei ville ha behandla mine foreldre.


Ida Mari Njie Rølvåg, 25, Bergen

Eg stod i ein samtale med ein kompis.

Brått tek ei dame tak i flettene mine slikt at ho dreg hovudet mitt bakover. Ho ville berre kjenne på rastaflettene mine.

Det skadar ikkje å spørje liksom…

Ida Mari Njie Rølvåg. Foto: Privat


Kvinne, 20, Bærum

For to år sidan jobba eg i ein kiosk. Ein dag kom ei dame og ein mann inn for å kjøpe kaffi. Dama byrja snakka drit om meg til mannen, og sa ting som «For ein treig unge som ikkje kan norsk».

Mannen brydde seg ikkje noko særleg, og min jobb hadde ein regel om å vere hyggeleg med kundane, så eg valde å ignorere kommentarane hennar. Så ville ho ha vatn. Me hadde fått beskjed om at me ikkje skulle gi ut gratis vatn, men at kundane kunne kjøpe ein kopp og så kunne me fylle den.

Ho blei ikkje glad då eg fortalde dette. Ho byrja banne og kalla med «svarting» og «drit-utlending», og sa «gå tilbake til landet ditt, dette er eit norskt land og det er folk som deg som øydelegg landet vårt».

Eg var i sjokk og greidde ikkje seie eit ord. Det var ein kopp ved kassa, ho tok den opp og ville slå meg med den gjennom kiosk-luka.

Heldigvis rakk eg å flytte meg og ho klarte ikkje treffe meg. Ho tok med seg koppen og sa: «Dette tilhøyrer Noreg.»

Eg sa skjelvande at eg skulle ringe politiet om ho ikkje gjekk, ho svarte: «Dette er mitt land! Politiet er på mitt lag!».

Eg hugsar dama i detalj, og opplevinga som om det skjedde i går.

Mannen hennar brydde seg ikkje og det var ingen vitne der. Eg ringte sjefen og han ringte politiet.

Politiet ba meg beskrive henne, og svarte at eg skulle ringe om det skjedde igjen. Dei gjorde ingenting meir, sjølv om ho hadde prøvd å slå meg.

Noreg latar som om rasisme ikkje er ei greie her, men det er det. Det er bare at ingen bryr seg nok til å vise det fram.


Mohamed Halane, 17, Trondheim

Eg spurde sjefen min kvifor eg ikkje får jobbe nattevakter.

Han svarte: «Eg stolar ikkje på neger-tjuvar.»

Eg sa at det ikkje var greitt å seie, men han svarte: «Det er berre humor. Slapp av.»


Kvinne, 21, Ryfylke

Eg og veslebror min skulle vere med barnebarnet til naboane våre. Medan me var ute og leika i snøen, sa ho at besteforeldra hadde spurt om me var muslimar. Me svarte at me ikkje var det.

Då sa ho at dei ikkje likte muslimar, så det var bra. Ho sa også at ho ikkje fekk lov å ta med seg «svarte» heim. Heile familien var veldig kristne og heilt norske.

Eg hadde også ein ven som måtte spør stefaren sin om tillating til å ha meg på besøk fordi han var imot utlendingar frå Midtausten.

Det hjalp ikkje å fortelje han at eg er fødd og oppvaksen her, at eg ikkje er religiøs osv. Kvar gong eg var der sa han aldri eitt ord til meg.


Arzoo Ali. Foto: Privat

Arzoo Ali, 20, Drammen

For nokre år sidan tok eg og familien ein hyttetur på sommeren. På vegen fekk vi litt problem med å finne fram, så vi stoppa opp og spurde eit gamalt norsk par. Vi vart møtt med spørsmålet:«Åja, dere er kommet for å vaske?»

Den gamle mannen antok automatisk  at vi var vaskehjelp. Denne automatikken er rasisme. Kan ikkje utlendingar ta ein tur til hytta?