Framtida.no og Magasinett søkjer sommarvikarar

Framtida
Publisert

Har du ei god nynorsk språkføring, er engasjert i samfunnsdebatten og brenn for å laga engasjerande og viktige nyheitssaker på nynorsk for unge lesarar i alderen 15-25 år?

Framtida.no og nettmagasinet Magasinett søkjer sommarvikarar til sommaren 2024. Me søkjer både deg som er journalistutdanna og deg som har lyst å læra meir om yrket.

Kvalifikasjonar:

  • Idérik
  • Sjølvgåande
  • Engasjert
  • Språksterk
  • Nyfiken
  • Effektiv
  • Erfaring med skriving for og publisering på nett er ein fordel
  • Erfaring med film, foto, redigering i Photoshop eller anna grafisk framstilling er ein fordel

Journalistisk utdanning og erfaring er ein fordel, men er du skrivekyndig med teft for gode saker som kan engasjera unge lesarar og skapa debatt, er du riktig person.

Framtida.no kan tilby eit positivt og lærerikt journalistisk miljø, der du får ansvar og høve til å forma eigne saker og arbeidskvardag. Me gjev grundig opplæring og rom til å forma eigen arbeidskvardag utifrå evner og interesser.

Arbeidsoppgåvene består i å finna og produsera eigne saker, lesa korrektur på eksternt eller internt produsert stoff, sosiale medium og deskarbeid.

Framtida.no har kontor i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Redaksjonen tel i dag fire fast tilsette og éi deltidsstilling.

I tillegg samarbeider Framtida med Framtida Junior, som har delt kontorplass mellom Stord og Oslo.

Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Magasinett er eit nettmagasin som samarbeider med Framtida.no og er integrert på nettsidene våre.

Framtida.no er opptekne av representasjon og oppmodar alle kjønn, personar med funksjonsvariasjon og andre med minoritetserfaring til å søkja stillingane.

Spørsmål om stillingane kan rettast til redaktør Andrea Rygg Nøttveit, tlf.: 48140342

Søknadsfrist: 25. februar 2024

Søknad med cv og arbeidsprøvar sendast til e-post andrea @ framtida.no. Presiser gjerne kor lenge og i kva tidsrom du kan jobba.